Påvegheim2002 Etappe1:Vereide-Gjerde
Over Myklebust- og Jostedalsbreen
På veg heim2002 starta 11.mai kl 23 frå Nordfjord Folkehøgskule, ved Vereide i Nordfjord. Målet var å gå og sykle heim til Drammen, Haugesund og Bryne. Første etappe, gjekk over både Myklebustbreen og Jostedalsbreen Det blei ein spesiell start; rett frå avskjedsfest og ut på langtur. Det blei ein lang, utfordrande, krevande og ikkje minst spanande tur i majestetisk natur. Det blei eit skikkeleg eventyr!
Av Ragnar Fjeld 01.06.2002

I lang tid hadde Thomas, Alexander, Leif Einar og Ragnar planlagt langturen som skulle gå i frå Nordfjord Folkehøgskule og heilt heim. Alle mulige scenario, ruter og uforutsette ting hadde vore diskutert. Nøye pakking og planlegging av utstyr hadde pågått dei siste vekene før avreise. Her skulle vi spara så mange gram som mulig, men ha nok og riktig utstyr med oss. Planen var å ha sekkar på ca 22 kg, så vi måtte kutte ut ein del ting. Ved å bare ta med mat til 5 dager, sparte vi mange kilo. Skulle vi bruke fleire dagar på etappe1, ville vi kun ha ein pose Real turmat kvar i reserve.                 

Avsluttning på Nordfjord Folkehøgskule

Så var avreise dagen der. 11.mai 2002 var datoen, og det var avsluttningsdag etter eit år på Nordfjord Folkehøgskule. Det var ikkje lett å skilja lag etter eit så kjekt år i lag. Vi 4 skulle halda lag ei tid framover på tur                 

Avreisedagen blei hektisk. Heile dagen gjekk med til avsluttningsfest og pakking av ting som skulle heim. Dei siste dagane hadde det blitt lite søvn og det var svært mange ting som skulle gå i orden før me kunne starta på turen. Det var nok ikkje den beste oppladninga me kunne hatt                 

Eigentleg hadde vi tenkt oss av gårde så fort som mulig etter at avsluttningsfesten, på Nordfjord Folkehøgskule, var over. Slik blei det ikkje. Vi måtte ta forvell med alle. Så måtte vi få pakka dei siste tinga, passa på at transporten av syklane gjekk i orden, og mange andre ting. Først blei avreisa utsatt pga at vi måtte ha meir tid til å ta forvell. Så var det datatrøbbel som utsette avreisa heilt til kl 23…

Leif Einar utanfor Gamma
Start

Klokka 23 var vi klar til å gå. Vi fekk veid sekkane og tatt startbilde. Så blei vi ønska god tur av dei som var igjen på skulen. Så bar det av gårde med omtrent 24kg på ryggen. Det var ikkje lange biten vi skulle gå denne kvelden. Vi skulle overnatte på Gamma til skulen oppe under Haugsvarden. Frå skulen er det forholdsvis bratt stigning dei 530 høgdemetrane opp, og med sekkar tok det derfor litt under 2 timar. På Gamma slo vi oss ned og fekk i oss god mat og ei god natts søvn. Siden vi ikkje la oss før i 3 tida, bestemte vi oss for å sove så lenge vi ville dagen etter. Det var nok lurt..                 

                  

                  

Første natt på  Gamma

                 

Vi vakna ikkje før i tolvtida. Det viste seg å vera ein fin morgon. Etter ein god frokost, tok vi turen ut i sola og traska til fots oppover mot Haugsvarden. Vi starta vell å gå omtrent klokka 2.  Det var lite og ingen snø før vi var på omtrent 700m. Så tok vi på oss skia og følgte snøfelta vidare innover. Det gjekk fort og det var bare ein gong vi måtte av med skia. Stemninga var bra. Etter at Thomas gjekk gjennom ei lita snøbru, til ein liten bekk, starta vi statistikk turbyrå. Vi starta å tella fall, snøbruer osv. Planen var å rapportera statistikken etter kvar etappe. Dessverre blei dette litt vanskeleg å halda styr på  og det blei aldri til at vi rapporterte nokon statistikk, men vi hadde det i alle fall morosamt med oss sjølv!                 

                  

                  

Alexander vandrer over eit område uten snø ved Utviksfjellet
Stemninga var forholdsvis god der vi traska langs fjellsidene. Over Gloppefjorden, la det seg ei meget svart sky. Det såg ut til å regna godt der nede. Heldigvis passerte skysystemet sørvest for oss. Det var stort sett overskya og litt vind heile dagen. Snøen var på ingen måte råtten, slik som vi hadde frykta. Muligens pga vinden som kan ha tørka snøen                 

                  

                  

Då vi var ved Fløtravarden, var det omtrent slutt på snøen. Den siste kilometeren gjekk til fots. Klokka var omtrent 8 i det vi var nede ved vegen.                 

Etter litt fram og tilbake, slo vi oss ned under eit halvtak som stakk ut frå skisenterets varmestue. Middagen var det eg som skulle laga denne dagen. Det gjekk dårlig, mest pga at hurtigris var blanda med vanleg ris. Det blei aldri ferdig, og smakte grusomt… Det blei seint før vi kraup ned i soveposane og vi sov godt etter ein lang dag…                 

    

Kjempefin dag

Fin utsikt i det fantastiske været

Dag 3 vakna vi opp til solskinn og kjempevær. Det blei ein kjempemorgon med god frokost i sola og kjempemotivasjon. Vi måtte fram med solfaktor 16 allerede i det vi gjekk kl 10! Turen gjekk til fots, rett sør for skitrekktrasèen. Det var steikandes varmt å gå oppover. Ved den første støylen, hadde vi kjekspause. Så trudde vi at skia kunne brukast vidare. Der tok vi grundig feil. Fjellsida vi gjekk vidare over, var ei solside som var ganske godt smelta. Det tok derfor lengre tid enn berekna inn til Sandalsstøylen. Her rant elva stri, men så var det då også ei bru over som vi ikkje viste om. På Støylen var det lunsj. Vi var godt svoltne etter 3 timar oppover i sola.                  

Lunsjen bestod av ca 200g Havregrynskake(Som sjølvsagt var litt knapt). Dette er svært næringsrikt og kjempegodt. Litt merkelig konsistens var det alikevell på endel av kakene. Thomas og eg hadde laga 4 dobbel oppskrift og muligens tatt for lite havregryn og altfor mykje sukker. Uansett så gav det oss gode krefter vidare. Men dagen skulle bli svært lang…                 

Hard stigning opp til Myklebustbreen

 Vi tok av gårde oppover mot brekanten etter pausen. Vi var på ca 835MOH og skulle opp på 1736MOH, så det blei ein lang bakke. Då vi nærma oss kanten, fant vi ut at det var best å gå i tau inn på breen, sidan vi var litt usikre på sprekkene som vi tydelig såg. Det viste seg å vera litt unødvendig, men vi ville ikkje ta sjansar så tidlig på turen (eller forsåvidt aldri…) Det gjekk uansett fort å koma seg opp til 1736 punktet. På ein to tri, blei sommar og 20 grader omgjort til –5 og bikkjekaldt. Ganske utruleg å gå frå sommar og tilbake til skikkeleg vinter igjen. På breen var det litt nysnø. Første del på breen, var slakt nedover. Det var elendig glid, så det gjekk ikkje fort. Så gjekk det litt opp og ned og det var også dårlig med feste.                  

Myklebustbreen

Vi går over Myklebustbreen

Det tok ei god stund å gå over breen og det er jo tross alt ein del kilometer. Det var til tider kjempefin utsikt og det var kjekt å gå. Vi hadde imiddlertid dårlig tid. Det begynte å hella mot kveld og vi var langt frå Oldeskaret. Den siste bakken for dagen på 80høgdemeter var hard å ta utan feller (For vi ville ikkje bruke tid på å ta dei på, ganske uklokt)  På toppen tok vi sjokoladepause. Nå var det bare 500høgdemeter nedover igjen. Det var blitt betraktelig kaldare og det blei gjennomslagsskare. Det var totalt umulig å svinge og det gjekk dårlig nedover brefallet. Dette var ein plass som Hallgeir ikkje hadde gått før, og det var få eller ingen som kunne seia heilt sikkert korleis det var å gå ned her. Det var til tider mykje brattare enn kartet tilsa. Brefallet hadde også ein del skumle sprekker, så vi tenkte å ta ryggen rett ved sida av. Her såg det slakare ut. Det viste seg å bli svært bratt og sidan skiføret var dårlig, var det bare å setta skia på sekken og tråkke nedover. Heldigvis var vi ikkje på breen. Då vi omsider trudde vi hadde klart å koma oss velberga ned, viste det seg at vi sto på kanten av ei snøside som var omtrent 60grader bratt. Dette var ingen bra plass å stå på, med tanke på at snøen raser vekk frå slike sider. Så vi kryssa raskt vekk og ned ei side som kanskje bare var 40 grader bratt. Uansett så var det lite kjekt å koma seg ned denne fjellsida.                  

                  

            

Helsport Svalbard5 teltet i Oldeskaret
          

              

Vi var trøtte, etter 12 harde timar på ski, då vi slo opp teltet i Oldeskaret. Det var bare å koma seg i posen, få seg mat, og få seg litt søvn.                 

                  

           



Hanekammen

Her skal vi opp! Ruta går opp kammen og krysser over det skråe snøfeltet


Morgon og dag4 i Oldeskaret
Vi fekk i oss godt med frokostblanding og var spente på dagens oppstigning til Jostedalsbreen. Det såg fryktelig luftig ut å krysse over det skrå snøfeltet langt oppe på Hanekammen. Snøfeltet er ein hengebre som du veldig tydelig ser sprekker i. Den heng midt i fjellsida og er lodrett ytterst.  
  

Turen oppover starta med klyving opp på bart fjell, fordi snøen var ustabil i den bratte sida. Det var litt laust, så vi måtte vera forsiktig med tanke på steinsprang. Vell oppe på ryggen, tok vi pause på ein vindskjerma plass. Det var rart med vinden her oppe. Vinden kom og gjekk plutselig. Det blåste ofte oppimot kuling i eit halvt minutt, for å så vera vindstille rett etterpå. PGA kastevindane og pga at det var så skrått, hadde vi ikkje lyst å gå på ski over det luftige snøpartiet. Derfor tok vi å bandt oss inn i tauet, og starta på å kryssa hengebreen. Alexander tråkka spor fremst, såg kom meg sjølv, Laffen og Thomas aller bakerst. God å ha litt tyngde bak. I stort tempo kryssa vi over og det gjekk bra. Omtrent midt på kom det ein sterk kastevind, men vi holdt oss på beina. Så var det vare å runde over kanten og vips så var vi oppe. Det kosta mange krefter å ta denne stigninga, og lunsjen var kjærkommen.                  

 

Jostedalsbreen

Leif Einar, Alexander og Thomas på Jostedalsbreen
Oppe på breen, blei vi litt i tvil om vegvalget. Vi var lenge litt uenige om kva for fjelltoppar vi hadde i sikte og om kor Hallgeir hadde meint at vi skulle gå. Eigentleg hadde vi tenkt å passere rett ved Slingsbyvarden og gå opp der. I plassen gjekk vi ein litt lengre veg rett opp på breen. Føret var merkelig. Nysnø på toppen som skia gjekk gjennom og grovkorna snø under. Ein blanding av rød, blå og rødt klister ga kun til ein viss grad feste. Det hadde også begynt å blåsa godt. I alle fall liten kuling frå sør aust. Dagens mål var eigentlig å gå så langt som mulig mot avstigningspunktet. Det blei tungt å gå på breen. I det vi runda rundt ved Ramnane, fekk vi den utsikten mot Hurrungane i Jotunheimen. Fantastisk! Her såg vi også spor etter ein teltleir frå folk som hadde gått Josten på langs. Ved Ramnane, var sidevinden så kraftig at vi heller gjekk opp ein bakke i staden for ned.                  

                  

                  

Eit fantastisk syn møter oss i det vi runder Ramnane

 
Då klokka nærma seg halvåtte, sa Leif Einar i frå om at han hadde begynt å gå vondt i den eine foten. Uansett så hadde vi tenkt slå leir omtrent på det tidspunktet. Eit stykke nedfor, fant vi ein passe plan plass og satte opp teltet. Det blåste kuling, men Helsport Svalbard5 teltet stod støtt som fjell utan levegg av noko slag! I teltet tok vi fram radioen og ut strømma det fin musikk. Thomas mekka som vanlig middagen og som alltid smakte det godt!                  
   

Tåke tjukk som graut

 I løpet av natta regna det godt. Då vi såg ut om morgonen såg vi ingen ting. Alt var kvitt som kvitt. Ei stor og tett sky måtte ha parkert over Jostedalsbreen. Det regna også litt i morgontimane. Vi var midt på breen og burde koma oss ned. Vi hadde kun ein lite nødrasjon viss vi måtte ligge lenger. Det blei til at vi tok det med ro og såg været litt ann. Skulle vi gå, så måtte det vera på GPS. Alternativet hadde vore å telle taulengdar, men dette ville bli vanskelig pga fleire bakkar, svingar og ville ikkje minst ta lang tid.                    

Denne magiske GPSboksen skulle eg endelig få bruk for. Vi la inn 10 punkt som vi måtte innom. Her måtte vi på ingen måte gå feil. Litt spesielt å sjå sine egne skispor forsvinna bak ein, ut i ingenting. Det blei ein opplevelse å gå på GPS denne dagen. Vinden hadde blåst nysnøen heilt plan. Det var ingen referansepunkter i snøen. Ingen vindpakka formasjonar. Absolutt ingen ting. Det blei til at eg gjekk å såg ned på mine egne ski, og slavisk følgte pila på gps’en. I tillegg sjekka eg posisjonen på kartet ganske så ofte. Vi tok også ut eit par kompasskurser for å vera på den sikre sida og for å sjekka at vi gjekk rett veg.                 

Ruta vi skulle gå, var på ingen måte ei rett linje. Vi måtte først svinge opp i ein bakke. Denne hadde vi sett på dagen før, men i tåka var det umulig å føle om det gjekk opp eller ned. GPS’en tok oss opp bakken og vidare i ein lang, og slak, høgrekurve. Det gjekk eigentleg veldig bra. UTM kordinatane frå GPS’en viste oss heile tida kor vi var på kartet. Punkta vi hadde lagt inn, gav oss retninga. Etter ei stund blei eg ganske så svimmel av å gå aleine i front. Det hjelpte å ha nokon på sida av seg.                  

Det var rart korleis synet oppførte seg. Eg ”såg” heile tida ein kant og det føltes som om me aldri kom på toppen. Dei andre hadde lignande ”synsbedrag”.  Plutselig virka det som om tåka letta. I horisonten såg vi det vi trudde var fjell, kanskje 4-5 kilometer borte. Då vi gjekk nokon meter til, såg vi at det heile var ei bresprekk som var omtrent 5 meter frå oss. Denne hadde ein ganske så brå kant og såg stor ut.                  

Det satte ein støkk i oss at vi kunne møte på sprekker her og vi blei svært forsiktige vidare nedover. Ingen av oss vill renna noko fort i tåka nedover. Vi heiv snø framover for å sjå korleis det såg ut framover. Vi kom oss ned til avgangen av breen, som var ved Tverrfjellet. Vi var omtrent kome oppå dette fjellet, før vi såg ein liten stein som stakk opp. Her blei det litt lettare å sjå, pga litt bare parti. Tåka var imiddlertid like tjukk, og orienteringa var litt vrien. Vi skulle følga ein smal egg nedover, og det var bratt på begge sider.                  

Då vi endelig kom under tåka/skydekket, var vi på ca 1100MOH. Klokka var blitt litt over 5. Butikken i Gjerde skulle stenge kl 6. Vi kom inn i dekningsområdet for mobilsendaren ved Nigard, og kunne derfor ringe til Edvin’s Kolonial. Edvin var svært hjelpsom og la alt vi ba om i bæreposer utanfor butikken. Betalinga kunne vi ordne dagen etterpå. Dessverre hadde han ikkje pizza, men det kunne vi få på motellet!                  

Alexander og Leif Einar kjørte i forvegen nedover, mens Thomas og eg ordna med kommunikasjonen. Sendte bl.a. meldingar om dagens etappe til breogfjellsport.no.  Då vi tok dei igjen, hadde dei stoppa på ein bratt plass. Vi meinte det var for bratt og gjekk litt opp og rundt. Alexander meinte at det burde gå. Det viste seg å vera 40-50 grader bratt og masse sprekker i snøen som låg oppå glatte svaberg. Alexander fant seg ein litt mindre bratt veg ned, til fots, litt lenger borte. Alikevell raste det store mengde overflatesnø i det han gjekk neover. Snøen var skikkeleg ustabil etter alt regnet                 

Nedover mot Gjerde var det tett skog og lite snø. Vi fekk ringt å bestilt hytta på Gjerde camping og var svært glade då vi kom ned til bebyggelsen. Vi såg at skyene låg tungt over Jostedalsbreen. Bra at vi kom oss ned, for skyene parkerte der heilt til natt til 17.mai                 

                  

Etter 4 knallharde døgn er det godt å slappe av!
                  

Vi blei tatt vell imot i Gjerde. Hytta var stor, billig og fin. Vi fekk låna eit stort tørkerom, dusja, og slappa av. Sjokolade, cola og aviser henta vi hos Edvin. På motellet bestillte vi kvar vår store, heimelaga, pizza. Det var skikkeleg mettandes.                 

                  

Turen over Myklebustbreen og Jostedalsbreen, var opplevelsesrik og krevande. Det var ein spanande etappe! Herleg følelse å koma ned til Gjerde, etter ein lang og strevsom tur over breen.

Påvegheim2002                 

Thomas, Leif Einar, Alexander og Ragnar
 
Turdato: 11.-15.mai 2002
Relatert til artikkelen
Album
Påvegheim Etappe1 Over Breane
24 bilder
[11.05.2002 - 16.05.2002]
Vis album

Artiklar
Påvegheim2002 Etappe5: Vi cruiser heimover [01.06.2002]
Breheimen, 17.mai og nye utfordringar [01.06.2002]
Over Filefjell [01.06.2002]
Jostedalsbreen på langs [30.05.2002]
Flott i Jotunheimen [01.06.2002]

Artikkelen er del av TEMA:
På tur heim frå folkehøgskule
-På ski, til fots og med sykkel

Etter eit år på folkehøgskule, bestemte 4 elever seg for å koma seg heim på eigenhand. Frå Gloppen i Sogn og Fjordane bare det over både fjord, bre og fjell. Då det blei lite snø igjen, blei ski bytta ut med sykkel. Gjennom tekst og bilder kan du følgja turen

18 fine dagar i mai 2002!

Gå til tema-framside: PÅVEGHEIM 2002


Bilde i album "Påvegheim Etappe1 Over Breane"

























©2001-2004 Breogfjellsport.no