Sol og 17.mai
Tromsdalstind på nasjonaldagen
Årets 17.mai tur gjekk til Tromsdalstinden, i Troms. Toppen passa perfekt til nasjonaldagen og kunne tilby uimotståeleg utsikt utover dei kvasse tromstindane. Sola skein frå klar himmel og temperaturen kunne minna om ein god nordnorsk midtsommarsdag
Av Ragnar Fjeld 17.05.2003

Det er den 30.april, og dagen for å bestemma seg for årets 17.mai mål. Tradisjonell feiring, Vestlandet (over Folgefonna) eller kanskje dei nordnorske tindane? Hmm...Korleis var no vèret i fjor? Jo, knallfint i sør og sikker ikkje like bra i nord, men i år? Ei værstatisikkbok, i tillegg til aftenbladets oversikt over 17.mai vèret dei siste 10 åra gjer svaret; det blir "sikkert" fint i nord dette året på 17.mai. Ok, då blir det nordnorge  
Det er blitt 15.mai. Etter eit par telefonar til flyselskapa ser det ut som om det er mykje folk ute å fartar i dag, men får likevel tak i biletter. Prisen er det ikkje mykje å utsetta på; fint at det er konkurranse på flymarkedet. Eit stappfullt fly tar av frå Oslo og landar på rutetid i Tromsø tidleg samme kveld.  


 
17.mai på Tromsdalstind

17.mai morgonen visar seg å vera praktfull med fantastisk vårvèr. Midtnattsola er omtrent tilbake i desse traktene, og forskjellen mellom dag og natt er ikkje spesielt stor. Litt døgnvill startar dagen med ein busstur (ja, et gjekk buss 17.mai!), før turen mot toppen startar. Det er i alt 5 av oss, inkludert ein Tromsøværing som for tida passar på at ingen "kastar" papir, eller andre ting, inn i Russland, med forsvarets nye handhaldte personellradar.    
  
  

Alexander Jønnson (t.h.) og Leif Einar Støvern (t.v.) blir møtt av norsk flag på toppen 
 

Toppen 

Ein lang lunsjpause blir tatt i den bratte bakken oppover. Vi tar sommarløypa oppover og planen er å ta ein modifisert utgåve av vinterløypa nedover. Siste del av turen går opp langs den karakteristiske skavelen, før toppen blir nådd. Utsikta kan ta pusten frå einkvar "søring", og det er lite i sørnorge som kan stille opp mot dette. 360 grader med topper av alle slag og former. Frå dei ville toppane i Lyngen, til dei spisse toppane på øyene, til knudrite og forvridde toppar som hiv seg ned i fjorden. I toppboka blei det obervert at heile 11 andre også hadde vore innom denne dagen.  
 

Flotte telemarksforhold 

Etter nesten 2 timar på toppen for å nyte 17.mai, sol, varme og utsikt, bar det nedover. Litt tungt føre til tider, men utruleg morosamt. For undertegna, som nok ikkje er så god på telemark, var det litt småvanskeleg i starten, men etter kvar blei det bedre. Vårsnøen var til tider litt ustabil, men aldri slik at det var fare for flakskred; totalt gjennomsmelta. Vårskred var det derimot ein del stadar, men ingenting av stor bekymring. Med lange svingar susa vi nedover, og hadde det gøy!

I bånn var det bare å skli over nokre flatar før ein lang, og delvis snødekk traktorveg venta. Så var det blitt kveld og ein fin dag var over.



Karoline Barflod har god kontroll nedover


Fabelaktig utsikt når Mikael Frogum susar nedover
 
Relatert til artikkelen
Album
17.mai tur til Tromsdalstind
13 bilder
[17.05.2003 - 17.05.2003]
Vis album

Artiklar
Litje-Blåmannen i Troms [19.05.2003]


©2001-2004 Breogfjellsport.no