Fint i Suldalsheiane
Fjelltur til Kvanndalen
Heiane inn av Ryfylke i Rogaland, har mykje å by på. Målet denne gongen var Kvanndalen turisthytte i den vakre Kvanndalen. Med fiskestang i sekken var alt klart for nokre fine julidagar i Suldalsheiane
Av Ragnar Fjeld 15.07.2001

Etter litt (for lite?) planlegging fann me ut at me skulle reisa inn i Ryfylke og gå til hyttene Kvanndalen og Bleskestadmoen. Dette pga at me ville ha lite stigning og hytter utan for mykje folk.
Det viste seg imidlertid å ta ganske lang tid å kjøra inn dit og me fekk endel bratte bakkar på turen.

Med bil inn i Ryfylke

Eg og Pål kjørte 13.juli kl 07.45 frå Lye og henta Jan 07.55. Me kjørte først til Lauvik, der me tok båten kl 08.45. Etter ein liten stopp på Rimi på Jørpeland, kjørte me til Hjelmeland og tok båten over til Nesvik kl 10.20. Deretter kjørte me innover Jøsenfjorden og opp til Gullingen og ned til Suldalsosen. Vidare bar det gjennom ein skokk med tunellar til Nesflaten. Her kjørte med av til Roaldkvam. Så kjørte me opp til Bleskestad og opp ein anleggsveg opp til Kvanndalsdemininga.



Kvanndalshytta

Herfra skulle det vera ca 2 timar inn til Kvanndalshytta. ca 12.30 gjekk med innover. Det var overskya, men det regna ikkje. Me passerte ein støl der me hadde ein pause. Så etter ei stund såg med hyttene i Kvanndalen. Området rundt var ganske så flatt.
Me kom fram til hytta ca 14.30 og fann ut at det ikkje var andre folk der. Tidlegare hadde me sitt at det kom 2 andre innover. Etter ca ein halv time kom også dei fram til hytta. Dei skulle imiddlertid bare gå ein dagstur over til Sandvatnet og tilbake til bilen.



Fiske

Me tok oss litt brødmat og ein liten kvil. Etter ei stund gjekk me ut for å fiska i elva. Me hadde hørt at det var fisk her. Det var imiddlertid ganske mykje vatn og lite fisk. Me gjekk deretter ned til stølen som me hadde passert på turen opp. Her var det eit vatn pga oppdeminga. Det var imiddlertid veldig grundt i den enden som me var i. Me gjekk derfor tilbake

Pål fyrte opp i peisen og me satt lenge å snakka i lag. Litt seinare spelte me "Seven up". Her var Jan heilt suveren, mens Pål klarte seg sånn någelunde og hamna eg sjølv havna desidert sist. Litt før ett la me oss i denne koselige hytta.



Mot Bleskestadmoen

Ca 09.30 våkna Jan og i 10 tida stod me opp. Etter litt frokost gjekk me avgarde i kvart på 12. Først bar det over ei hengebru, og deretter bratt opp langs ein bekk. Me tok det litt me ro, og hadde litt pausar oppover. Dette pga at det steig kraftig og me blei varme. Etter ei stund kom me opp i litt over 900 moh. Pål gjekk litt bak meg og Jan, og det varte og rakk før han kom opp til der me venta. Jan gjekk derfor litt tilbake, og såg at Pål kom.
Pål hadde fått veldig vondt i den eine foten. Sansynligvis hadde han "trøtt skeivt" eller overbelasta den. Litt lufting og ein støttebandasje + 3 sokkar utanpå hjelpe slik at det ikkje var så vondt. Turen gjekk vidare i høgfjellsnatur. Me traff på eit illsindt lemen og vèret varierte frå regn til litt sol.


Jan Herigstad (t.h.) og Pål Nesse (t.v.)

Endring i planane

På det høgaste var me oppe i ca 1100 MOH. Pål fekk her ein telefon frå faren, som sa at det var mykje fisk i Tengselva. Pål fekk derfor veldig lyst til å reisa ut dit å fiska dagen etter. Då me kom ned til Sandvatnet bestemmte me at me skulle gå tilbake til bilen i staden for å gå til Bleskestadmoen. Denne turen tok ca 2 timar. Kvart på seks reiste med nedover til Roalkvam og Nesflaten. Då me hadde kome til Gullingen fann me ut at  me ikkje kom til å klara å nå ferga. Me tok oss derfor ein tur inn til Blåsjø. Det viste seg å vera ein skikkeleg asfaltert "motorveg" innover, unødvendig spør du meg. Me det var iallefall fint innover og mykje å sjå på. Då me hadde kome forbi Oddatjerndammen måtte me snu for å rekka tilbake til ferja.
Me kom fram til Nesvik i god tid før ferga gjekk, og fekk tid til å kjøpa pølser i kiosken. Det viste seg at båten skulle til Ombo først og derfor tok det litt lengre tid. På Hjelmeland måtte me fylla drivstoff, og me hadde 1t og 3min på oss til å koma til Oanes. Dette gjekk fint, sjølvom me blei liggande bak 2 campingbilar frå Fister til Årdal. På båten frå Oanes til Lauvik var det fin solnedgang utover Høgsfjorden. 23.15 var me på Kvernaland.

Det blei ein bra tur, sjølv om me kom tilbake ein dag for tidlig.

Relatert til artikkelen
Album
Hytte og fisketur til Kvanndalen
23 bilder
[13.07.2001 - 14.07.2001]
Vis album
Album
Ryfylke
17 bilder
[14.07.2001 - 14.07.2001]
Vis album

Bilde i album "Hytte og fisketur til Kvanndalen"
























©2001-2004 Breogfjellsport.no