Opp Ångsdalen i Nordfjord
Basistur
Heile Nordfjord folkehøgskule reiste ut på tur på ein såkalla "Basistur". Eg gjekk med eit gruppe turen om Ångsdalen til Storevatnet, der alle til slutt vart samla.
Av Ragnar Fjeld 16.12.2001



Fellestur til Storevatn

Turen begynte med buss etter frokost. Me gjekk av eit stykke frå parkeringsplassen til Langedalen. I eit Naust lånte me ein båt og eg var blant 3 stk som rodde denne bort til andre sida av Arnestadstøylen. Her blei dei andre frakta over i skytteltrafikk.  

Etter ei lita innføring i kart og kompass gjekk turen vidare mot Ångsdalen. Det var litt dyssregn og tett skog. Etter ei god stund kom me inn på stien som førte opp til Ångsdalen. I bakken opp hadde me fleire pausar. Det var litt regn.    

Etter kvart letta været og me fekk flott utsikt. Vidare oppover til Ångsdalen og Ångsdalsklypet. Dette skulle vistnok vera litt bratt, men det viste seg å ikkje vera det.            

Stoppa og hadde matpause på toppen. Her var det sol og vedig fint. Me sang Nordfjords nasjonalsang og var i veldig godt humør. Vidare gjekk turen i lett terreng nedover. Me stoppa ved ein stor stein og tok bilder av alle på denne.   

Etter dette skulle det eigentleg bare vera å gå nedover til Storevatn. Det viste seg imiddlertid å ikkje vera så lett. Buskar, myr og mange elver og bekkar førte til at det blei ein kronglite veg nedover. Me kryssa bl.a. den same elva 2 gonger og brukte til saman lang tid. På toppen var det imidlertid fin utsikt utover Storevatnet.   

Me kom oss til slutt ned til leirplassen. Fiskegruppa var allerede her. Me slo opp presenningane etter ei heftig planlegging for å hindra at vatnet kunne koma inn. Om kvelden hadde me bål og mange låg ute den natta. Det var kjempeklar himmel og me såg mange stjerner. Det blei også eit par minusgrader og det var rim på bakken. 
Dagens rute: Langedalen- Ångsdalen/Ångsdalsklypet – Storevatn  

 


Rundt bålet

Denne dagen skjedde det eigentleg ikkje så mykje før klokka 17, då alle skulle vera på plass. Kokkane kom også og lagde til eit flott måltid med fisk som hovudingrediens. Til dessert var det blåbærpai med blåbær. Desserten var kjempe god. Dei aller fleste synes også at fisken var utruleg godt tilberedt.   

Om kvelden satt me rundt bålet og sang ein del sangar. Det var også ord for natta. Også denne natta låg eg ute ved bålet. Litt over 5 begynte det å regna. Dette fortsatte ei god stund. Grevlingen tok av for det meste.   




Retur


Me kunne velga kva for tur me ville gå tilbake. Eg gjekk over Salen. Dette blei ein kjempetur med fint vær og utruleg bra utsikt ned i Traudalen. Det var en del stigning (ca 800M) og eg opna nok litt hardt og kjente det svært godt i låra etter ein litt for lang pause ved Dyrkinnfjellet.    

Etter ei god stund hadde me lunsjpause. Eg hadde kun 2 små skiver… Vidare bar det enda lenger opp og så delte me oss. Dei som ville kunne gå opp på toppunktet,  mens eg gjekk på kanten til Traudalen. Her tok eg anslagsvis over 100 bilder på ca 1 time. Skikkeleg bra utsikt altså!   

Etterpå tok me eit gruppebilde før me tok fatt på dei 1250 høgdemetrane ned til Rygg.   

Det var ganske bratt nedover og masse blåbær. Me kom til slutt ned til Breidalen. Dette er ein svært fin
og brei dal.
Dagens rute: Storevatn – Salen – Breidal – Rygg 

Turdato: Tysdag 28.08 - tordag 30.august  2001.



Relatert til artikkelen
Album
Basistur 2001
25 bilder
[28.08.2001 - 30.08.2001]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no