Bli kjent tur for linja friluftsliv/Breogfjell ved Nordfjord FHS
På tur inn Traudalen
Den aller første linjeturen med Breogfjellklassen, gjekk inn i Traudalen i Nordfjord. Her overnatta me under presenning og koste oss!
Av Ragnar Fjeld 16.12.2001

Turen starta med buss frå Norfjord Folkehøgskule, ved Vereide i Gloppen. Me vart kjørte heilt opp til parkeringsplassen eit stykke ned av Traudalen. Her hadde me lunsj. Etterpå gjekk med innover Traudalen. I byrjinga var det mykje sorpe pga traktorar som hadde kjørt opp materiale til ei hytte. Det var litt overskya. Anne trokka over ankelen og fekk litt vondt i denne. Ganske fin tur langs vatnet og fin spegling i vatnet. Me la leirplassen ute på ei lita øy, dvs med elv og vatn på alle kantar, i enden av det første vatnet (334 MOH). Her var det ganske fint. Nokon tok å bygde ”bru” over, slik at me ikkje tron gå bli våte når me skulle kryssa elva. Presseninga blei satt opp og me flytta litt på bålplassen.                  

Traudalen er ein utsedvanleg fin plass. Grøn og frodig. Litt seinare prøvde me å fiska, men det var svært lite aktivitet i vatnet denne dagen. Utpå ettermiddagen hadde me fleire ulike bli kjent leikar. Bl.a ”PIP PIP – WÆÆ”. Me hadde også ein oppgåve der me skulle finna igjen eit tre som me hadde funnet med bind foran auga. Seinare hadde me gruppeoppgåver. Den første bestod i å få ned ein pose med eit knusbart innhald. Denne var hengt opp mellom 2 tre, og det var ikkje lov å gå under eller kutta tauet. Dette løyste med ved å laga to lange pinnar. Den eine med kniv og den andre med spiss. Så tok me å ”spidda” posen og skar han ned. Den neste oppgåva bestod i at alle tod på ein trestokk. Alle skulle skifta plassar slik at nr 1 blei sist osv. Dette viste seg å bli vanskeleg…                 




Til middag hadde me med oss pannekakerøra. Det viste seg at det blei svært lite pannekaker av denne røra. Alle fekk ca 1 pannekake kvar. I tillegg hadde me altfor litebrød med oss. Til saman fekk med mellom 2 og 3 skiver kvar. Det som redda turen, var Antekaka til Michael og Lillan. Dette var ei kake med 500g smør, sukker osv.                 

Om kvelden hadde me bål og snakkte litt om kva forventningar med hadde til året. Rune hadde gløymt å ta med seg Flodhesten Frode…                 

Alle la seg litt over halv 12. Seint på kvelden begynte det å regna litt. Dette fortsatte utover natta. Thomas Andrè låg heilt i den ein enden og fekk store mengder vatn frå sidepresseninga, då denne letta på seg pga vinden. Me stod opp i 9 tida trur eg og hadde ein liten frokost (Maks eit par skiver)                 

Så braut me opp leiren og gjekk ned til Ryggjastøylen. Her leier Rune og Gunvor ein liten støl. Her fekk me litt suppe og varm drikke. Etterpå gjekk med ned til rygg og blei henta av bussen.                 

Ruta me gjekk:                 

Ryggjastøylen-Traudalen og Traudalen-Ryggjastøylen-Rygg

Relatert til artikkelen
Album
Traudalen
9 bilder
[23.08.2001 - 24.08.2001]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no