Flott fjelltur med luftig utsikt
Kjerag i Lysefjorden
Vi beveger oss ut mot kanten. Tåka farer oppover frå fjorden, og den skinnande grøne Lysefjorden, openbarar seg 1000meter under oss. Ein foss slenger seg ut den lodrette fjellsida og vinden tar tak i vatnet og slenger det utover. Kjeragmasivet og Lysefjorden er eit mektig syn når vi ligg på kanten og ser utover!
Av Ragnar Fjeld 17.06.2002, oppdatert 12.08.2004
Tåka letter og Lysefjorden openbarar seg

Værmeldinga var ikkje altfor god, men vi la alikevell ut på turen til Kjerag etter ein 2 timars biltur frå Jæren. Vi er dette tilfellet: Jan, Ingvar, Tolleiv og meg sjølv (Ragnar) 
På Øygardsstølen var det ganske øde, men vi såg 2 andre som rusla oppover bakkane.  
 


Turen oppover gjekk veldig greit. Det er i hovedsak 3 oppoverbakker, med nedoverbakker mellom desse. Så er terrenget ganske flatt. Snøen var totalt smelta, og det er litt uvanleg i midten av juni. Mellom bakkane renn det fine bekker, som er perfekte til å fylle vannflaskene i. 
 
  
 
  
  
  

 


Panoramautsikt
 
Etter nesten 1 1/2 time, var vi framme ved kanten. Skyene brøyt etter kvart opp, og sola stakk litt fram innimellom. Ein fin foss slenger seg ut i frå andre sida av Kjeragplatået og stuper mange av dei 1000 metrande nedover. Imponerande. Lysefjorden ligg vårgrønn og lodrette fjellveggar stupar ned på alle kantar. På toppen av det heile ligg du og har den panoramautsikta. Vinden kjem lodrett opp frå fjorden og du kjenner den friske lufta som susar rundt deg. Rett under deg stikk Geitaneset ut og ute på fjorden tøffar turistferga inn fjorden. Med denne fantastiske utsikta smakar lunsjen ekstra godt. Det krystallklare fjellvatnet frå bekken under bolten smakar herleg, og i lag med gode vener er turen perfekt. 
 
  

Ragnar på Kjeragbolten

Kjeragbolten 
Kjerag er kjent for to ting: Basehopparar og Kjerabolten. Dette er ein stein som har kilt seg fast mellom 2 fjell. Under steinen er det ein del hundre meter ned, og det ser ganske crazy ut når du ser det frå innsida, fordi du får med deg fjorden under bolten. Det er på ingen måte farlig å gå ut på bolten, men det er jo mange hundre meter ned under så litt forsiktig må du vera. 
Ved bolten tar vi dei obligatoriske bileta og nyter dei mektige fjellvegane frå ein annan vinkel. Det er i grunnen litt vanskeleg å oppfatta korleis det eigentleg ser ut. Det blir ei heilt spesiell 3D virkning frå ulike kantar som bare må opplevast. Fotomulighetane ved bolten er perfekte. Heilt naturleg så ligg det somregel ei stor snøfonn eit stykke i frå bolten. Derfra har du akkurat den rette vinkelen for å få med fjorden under bolten. Det er verken særlig farlig eller vanskeleg å gå ut på bolten. Den er stor og fin og frå baksida er det ingen problem.  
 
Så legger vi ut på tilbaketuren og diskuterer politikk og verdensproblem! 
   

Meir om Kjerag

Oppdatert 12.08 2004

Kjerag har etter kvart vorte eit populært turmål som er overkommeleg for dei fleste. Det er betrakteleg mindre turistar her enn på preikestolen, men det kan bli meget folksomt på fine dagar.

Transport

Det er enklast med bil og det mest vanlige er å starte frå resturanten Øygardstøl (Ørneredet), opp av Lysebotn. For å kome hit, kan du kjøre E39 til Ålgård og så kjøre Rv45 til Sinnes. Her svinger du av til venstre og kjører mot Ådneram. Eit par kilometer før Ådneram, svinger du til venstre mot Lysebotn. Parkering ved Øygardstøl. ca 600MOH. Bilturen tar litt over 2 timar om sommaren frå Stavanger



Du kan også ta Lysefjordferga som går frå Stavanger/Lauvik til Lysebotn, evt kjøre den eine veien og ta ferga den andre vegen. Det er selskapet Stavangerske som trafikkerer ruta, både med kombibåt (hurtigbåt med få bilplasser) og ferje (sommarsessongen)

For rutetider, sjekk http://kolumbus.no og sjå også sidene til fjordhopping lengre nede på denne sida

Rutebeskriving:

Frå Øygardstøl tar turen ut til Kjerag mellom 1.5-2,5 t, alt avhengig av vær og form. PGA stor slitasje i sårbar natur, har turistforeningen "laga" til ein sti som alle oppfordres til å bruke. Dette er på ingen måte likt som på "vegen" opp til preikestolen. Sjølve bolten ligg eit stykke inn frå "platået" du først kjem til. Ver obs på sprekker i dette området.
Du må rekne med å bruke nesten heile dagen på turen i tillegg til kjøringa.


Alternative ruter
Det er mogleg å gå alternative vegar til Kjerag, f.eks. for å unngå for mange andre folk.  Merka sti frå Langavatn turisthytte. Denne kan du nå på fleire ulike måtar. Ver imiddlertid obs på at første del av stien Langavatn - Kjerag går i "uoversikteleg" terreng. Ta med kart eller hold deg slavisk på stien.

Ønsker du fleire dagers tur, så kan du jo ta båten inn Lysefjorden, haike opp til Øygardstøl, gå til Kjerag og vidare inn over Ryfylkeheiane. Du kan f.eks. ende opp i Hunnedalen og ta bussen ned til Stavanger. Ein flott 2-3 dagers tur. Nå er det også mulig med fjordhopping i Lysefjorden, så du kan stoppe omtrent kor du vil og så reise vidare dagen etterpå. 
Sjekk ut
http://www.stavanger-turistforening.no og sjå på rutekarta!

Fjordhopping
Det er mulig å hoppe av og på båtane som går i Lysefjorden. Mange fine turmål langs ruta, som t.d. Fløyrli, Bratteli og Hengjane. Frå Hengjane er det ein fin, men lang, dagstur opp til Preikestolen.
Sjå sidene om fjordhopping: http://www.fjordhopping.com

Nytt av året (2004) er det også at du kan gå rundt heile Lyesefjorden (merka). Sjå http://www.stavanger-turistforening.no  for meir informasjon

Basehopping

Basehopping skjer stort sett i sommarhalvåret, mest på fine dager med lite vind. Dei mest vanlege utspringa ligg heilt ute i venstre kant, altså eit godt stykke ut og forbi sjølve bolten. For meir informasjon, sjå t.d. http://thebasepoint.com

Webkamera Lysebotn (thebasepoint.com)


  


 
 

Relatert til artikkelen
Album
Kjerag
12 bilder
[17.06.2002 - 17.06.2002]
Vis album

Artiklar
Padletur inn Lysefjorden [12.07.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no