Seint torsdag kveld blei ski bytta ut med fjellsko etter anmodning frå fastbuande langt der oppe i nord. Så var det bare å sette seg på flyet nordover for å tilbringa vinterferie i meir alpint terreng. Strålande vær og plenty med snø møtte meg i Tromsø. Mystisk eller? Det hadde seg slik at det snødde kraftig heile natta og kong vinter overtok igjen.
Leif Einar, Sigrid, Karoline og Mikael |
Skitur måtte det likevel bli. Slik føre må jo utnyttast. Så med lånte ski og ikkje minst lånte stavar, tok vi "universalbuss 42" til Kvaløya. Herfrå gjekk turen opp mot Kjølen. Føret var bare fantastisk, så flatene mot toppen blei bytta ut med ein ekstra tur nedover bakkane.
Fortoppen blei nådd og utsikta var upåklageleg med kjente toppar, tromsøya og ishavet i siktet. Ikkje mange andre stadar i landet har ein storby slike naturopplevingar rett utanfor bykjerna.
Vår kjentmann og innfødte troromsøværing, alias puddersnuseren, guida oss gjennom utsikten. Namn som Lille Blåmannen, Lyngsalpane, Tromsdalstind og Soria Moria ble nemnt.
Medbrakt lunsj og solbærtoddy blei intatt mens forventningane steig til taket. Vi måtte bare setta utfor. Karolines nye pudderski i lag med diverse andre ski av varierande kvalitet (Nansen?), likte seg godt på slikt eit føre. Beste føre siden "vinterturen" i fjor. Turen blei ein einaste lang opptur og sjølvtilita kom tilbake. Det blei arrangert fotoseanse midt i bakken, og Mikael varta opp med telemarkskjøring i norgesklasse.
Sigrid suser nedover bakkane |
Vi andre følte også at vi for ein gongs skyld fekk til ein del tøffe ting. Dei berømte kortsvingane satt lausare ein vanleg.
Ein lang og fin dag i snøen blei avslutta med god middag og skibilder til langt på natt.