Den klassiske turen i Jotunheimen
Besseggen i strålande vær
I strålande vær var det ein kjempetur å gå Besseggen. Kvart år går ca 35000 denne turen langs eggen mellom Gjende og Bessvatnet, og det er kanskje ikkje så rart; Utsikten er utan sidestykke til noko anna i Norge. Bare heilt idyllisk. Sjølvklart var vi ikkje åleina denne fine dagen, men det blei aldri kø og siden det tross alt var 12km å gå, fordelte ”trafikken” seg fint
Av Ragnar Fjeld 16.08.2002

Fin utsikt ut over Gjende
Klokka var blitt litt over 22 i det vi svingte inn til Gjendesheim turisthytte, i enden av Gjendevatnet. Det var ein fin kveld med flott kveldslys. På Hytta var det masse folk og det var bare så vidt vi fekk plass inne på den eine sovesalen.       

       

       

Dagen etterpå var vi tidleg oppe. Planen var å ta første båt til Memurubu. Klokka 7 var det frokost på hytta. Etter eit godt måltid stillte vi oss i køen for båtturen. Her var det mykje folk! Kvart over 8 kom båten og vi var blant dei siste som kom med på denne turen.      

       

       

Morgonen var så absolutt nydeleg. Den grøne og nydelege Gjendesjøen og dei mektige fjella som reiser seg opp, var ei oppleving. Etter 25 minutt la vi til ved Memurubu. Herfrå starta turen oppover i det fine været.       

       

Etter kvart som vi steig høgare i dei fine grasbakkane, fekk vi utsikt mot den spesielle toppen Surtningssui. Ellers så raga Besshø mektig like ved oss. Det var kult å sjå den lange rekka av folk som var på veg oppover.       

 Etter kvart fordelte folk seg litt utover, og det var ingen ”køproblemer”      

Besseggen
       

       

Etter ein lang bakke oppover, blei det litt meir opp og ned. Vi paserte langs eit par fine vatn og fekk slukka tørsten i eit par sildrandes bekkar. Vi fekk også auge på sjølve Besseggen. Denne tynne eggen som går mellom den Grønne Gjendesjøen og det blå Bessvatnet. Langt der oppe på eggen kunne vi sjå folk bevega seg sakte oppover.      

       

Etter 3 timer roleg gange, var vi ved foten av eggen. Det var eit mektig syn og utsikten var god heile vegen. Oppover eggen var det litt klyving eit par plassar, men det var ikkje vanskeleg. Sjølve eggen brukte vi omtrent 45 minutt på å nå til topps på.       

       

Så var vi på toppen, ca 1700MOH. Litt kjøligare der oppe. Så rusla vi nedover mot Gjendesheim. Stor sett fint tråkk, men ein plass var det littegrann bratt.       

 Etter 7 fine timar på tur, kom vi tilbake til Gjendesheim      

       

       

       

På toppen av Besseggen

Absolutt ein fin tur, sjølvom det er mange folk. Det er lurt å ankomme Gjendesheim tidleg på ettermiddagen, siden det fort blir fullt. Det er også lurt å stilla seg i båtkøen så tidleg som mulig. På fine dager er det vanleg med ettermiddagsbyger mellom 14 og 16.       

       

Turen er ca 12km lang og har omtrent 1000 meters stigning, men det er ein tur for heile familien.       

       

 

Relatert til artikkelen
Album
Besseggen
16 bilder
[06.08.2002 - 06.08.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no