3 dagers vintertur på sørsida av Utviksfjellet
Basistur vinter
Ei gruppe på omtrent 20 ungdommar er på 3 dagers skitur over Utviksfjellet, i Sogn og Fjordane. Sekkane er lasta med god mat og vinterutstyr. Erfaringa er varierande i gruppa: nokon har vært på utallige vinterturer, mens det for andre blir den første skikkelege turen med overnatting i telt og iglo
Av Ragnar Fjeld 08.02.2002




Utsikta er flott; fjorden ligger under oss med små skyflak som seiler langs fjellkanten på andre sida. Sola gjer eit intenst lys gjennom skydekket. Eg går midt i rekka av ca 20 ungdommar på tur i frå Nordfjord Folkehøgskule. Kunne det ha vore betre? Etter ein bratt oppoverbakke venter ein lang og slak utforkjøring med masse nysnø. Fjellsida blir kunstnerisk dekorert med lange telemarksvinger. Eit lite fall i den luftige snøen er ikkje til å unngå i blant, og særlig ikkje når det er ein tung sekk på ryggen. 

Snøsaga glir lett ned i snøen og store blokker er klare til levering. "Nordnorsk Iglokompani" har store byggeplaner; ein stor iglo med plass for omtrent 7 personer. Blokker blir levert og kutta til. Igloen vokser sakte men sikkert. Spenninga stiger i det buen på taket virkelig blir stor. Her må det passes på, for ellers raser alt ned. Blokker i ulike størrelser blir bestilt og raskt levert. Toppblokka forsiktig kilt ned og vips så er igloen klar for innflytting.
 
Soveposer og liggeunderlag har stor plass inne i igloen siden kun 4 stk tar sjansen på å overnatte inne i det praktfulle byggverket. På utsida siger lyset frå lommelyktene ut mellom blokkene. I den betraktelig mindre igloen som resten av gruppa har bygd, har 4 trivelige elevar stappa seg tett saman. Inne i igloen er det ein koselig atmosfare; stearinlys lyser opp og smørbukk-karameller blir delt ut til besøkande. 

Inne i soveposen er det godt og varmt. Blått, svakt, lys siver inn i mellom dei kraftige snøblokkene som ganske symetrisk svinger seg opp til toppen. Fra utsida kan eg høyra at vinden har auka ganske radikalt. "Drypp!" Ein vanndråpe løsner frå taket og lander inne i soveposen min. Ut over natta drypop det ganske godt, siden det er blitt ganske mildt ute. Men utan å bli altfor våt, blir det ein ny dag. Ute har det i løpet av natta bygd seg opp fleire halvmeterhøge snøfenner. Eit av telta blaffrer godt i vinden. Dei fleste er godt i gang med frokosten.  

  




Bygging av Iglo. Nedst: Toppluggen blir satt inn.


Ned frå fjellet

  
Dagens mål er å koma seg tilbake til Skulen, via gamma. Været er ikkje så altfor godt; omtrent kulig rett i mot oss, sludd og nullføre. Kjetil (lærar) foreslår Lilla med rødt eller blått. Dette viser seg å gje bakglatte ski til heile flokken. På kompasskurs beveg vi oss sakte mot punkt 728. Sikten er nesten lik null, men av og til kommer siluetter tilsyne framfor oss. Frå toppen blir ny kompasskurs tatt ut og nedkjøringa tar til. Tung, våt snø gjer dette litt utfordrande. Kompasskursen leder oss rett til målet, men ingen vil ha pause ved den snødekkte gamma. Ettersom metrane går unna nedover, minker snøen og skia blir festa på ryggsekken. Nedover følger vi ein smal sti som sor seg gjennom skog og kratt. Bekker sildrer nedover stien. Lett duskregn kombinert med sol, tegner opp ein stor og finn regnbue frå bakken vi står ved og opp i lufta. Er det blitt vår? Ja det ser nesten slik ut ned på 300 meter over havet. Det er grønt og frodig, men vinterer kommer nok tilbake. Det er jo tross alt februar. Den siste etappen, krysser hovedveien og virker uendelig lang. Med godt humør og rike på minner, runder vi svingen og trasker ned på skuleplassen.

Relatert til artikkelen
Album
Basistur vinter (utviksfjellet)
20 bilder
[08.02.2002 - 06.02.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no