21 timar ute i snø og minusgrader
Aleinenatt
Er det mulig å overnatte utan sovepose og liggeunderlag når det er minusgrader, vind og snø? Dette ville eg testa ut på aleinenatta. Eg tok derfor bare med ein liten dagstursekk. Eg tok heller ikkje med mat, bare eit nødsett i tilfelle det skulle skje noko uventa
Av Ragnar Fjeld 31.01.2002
Det blåser kald vind over kroppen. Eg ligg å hutrar og synes det er litt småkaldt. Det er mørkt. Små snøkrystallar finn vegen mellom furu og grannåler og har blitt til eit glinsande snølag  over meg . Klokka er bare litt over 9. Dette er ikkje bra             

 Eg ligg der å tenker på alt mulig og er ganske rolig. Har følelsen av at eg klarer meg. Egentlig er det kjedelig å ligge slik; bare å vente på at det skal bli ein ny dag.             

Eg tenker på det som har skjedd før i dag. Strabasiøs tur i råtten snø, ikkje fyr på bålet og eit lite krypinn som vinden og snøen lett spaserer gjennom. Men det hadde vore ein ganske bra dag. Eg hadde vore med godt mot. Eg hadde holdt meg i bevegelse mens eg prøvde å  huska  teksten på kjente og kjære sangar. Her var det jo ingen som hørte meg, så det var bare å synga ut! Stjernene titta fram av og til mellom skyene som fòr raskt forbi. Ulinga frå vinden blei bare avbrutt av eit og anna Widerøe fly som skulle lande på flyplassen eit stykke unna. Værmeldinga hadde vært dårlig; stiv kuling, snø og kaldt. Alikevell hadde eg valgt å droppa det vanlige utstyret på denne turen, som f.eks sovepose, liggeunderlag, mat, og ekstra klær. Tøyet eg hadde på meg var fuktig  og eg var kald på føtene. Fjellskoa var fuktige og det var blitt fleire minusgrader. Skoa blei bytta ut med vindvottar, utan at det hjelpte særlig. Eg var nok litt uroleg.             

Det er litt spesielt å ligge ute under litt einer og furugreiener, langt vekke frå folk flest. Det er ganske mørkt, men eg er ikkje spesielt mørkredd. Alikevell er du litt på vakt.             

 Litt over elleve snødde det fortsatt og vinden var blitt kraftigare. Hmm… kva gjer eg nå? Kapitulerer og prøver å finna fram til andre i området? Nei det var ikkje aktuelt…men det var svært kaldt. I tillegg hadde eg ikkje tatt i meg noko næring dei siste 12 timane.              

Heldigvis hadde eg tenkt på at ein slik situasjon kunne oppstå. Eg tok derfor fram ”emergency bag’en” frå topplomma på sekken. Dette er ein tynn varmereflekterande folie som er forma som ein stor pose. Denne er laga av MPI outdorproducts i USA.             

Eg tenkte at dette var det einaste eg kunne gjera utan å risikiera å forfrysa meg. Tok derfor å la meg ned i posen og lukka heilt igjen. Posen var heilt vindttett vantett og lufta inne i posen blei etter kvart litt oppvarma. Alikevell vart det VELDIG kaldt. EG måtte rissta skikkeleg godt på meg omtrent kvar 5 minutt. Føtene hadde eg opp i vottane mine. Det var her eg var kaldast. Eg masserte dei mot kvarandre heile tida.              

Dette var tross alt mykje betre enn å stå ute i vinden og snøen.             

Etter ei stund begynte eg å  bli tungpusta. Klokka var då ca 02.00 og det var ikkje eit godt tegn. Eg tok derfor å åpna nødsettet eg hadde med meg. Dette var også laga av MPI outdoor products i USA og bestod av ein liten hermitisk boks. Oppi var det ein liten varmetablett brennar med 4 varmetablettar, 2 pakkar med 10g sukker, 4 drops, 1 energi drikk, 2 stk posar med pulver mat, 2 posa te, liten plastpose, fyrstikker, og litt aluminiumsfolie. Eg blei svært overraska då eg opna boksen. Eg tok straks ein drops og helt i meg den eine pakken med sukker. Det smakte himmelsk!!             

Eg kan ikkje påstå at det var direkte varmt å ligga i posen siden eg ca kvart 10 minutt måtte rista skikkeleg på meg. Føtene masserte eg kontinuerlig. Men av og til duppa eg nok av eit lite minutt. Eg såg på klokka sånn ca 1 gong i timen og tenkte at nå var det bare x antal timar igjen til eg kunne stå opp.             

Dei 4 dropsa blei rasjonert slik at eg tok ein ny etter 2 timar. ca kl 5 prøvde eg å tenna på varmetabletten. Den tok fyr, men slokka pga vinden. Fyrstikkene blei våte og det var etter kvart umulig å få tent på igjen.             

Då eg skulle legga meg ned i posen igjen revna blei det ei stor rift som gjekk heilt frå enden og opp.I revna påse satt eg oppe til omtrent kl 06.30Då bestemmte eg meg for å komma meg avgarde.Overalt var det eit 5cm snølag.             

Måtte leita for å finna øks og sag.Gamasjane var stivfrosne. Det same var vottane eg hadde hatt rundt føtene.Kvart på sju var eg klar for å traska tilbake igjen. Fjellstøvlane var superkalde oppi og det blei ikkje betre av å gå i snø. Me hodelykt lyste eg meg nedover slik at eg fant spora mine. Det siste stykket var drygt. Balansen blei dårlegare og det blei til at eg måtte konsentrera meg for å gå rett fram.             

Då eg kom meg inn på rommet igjen, var det bare å riva opp ein pakke med Bamse mums og stappa i seg. Så var det å få varmen i tærne igjen. Først varme tepper og litt massasje, deretter ein varm dusj, og så varmt fotbad i eit par timar. Det såg heldigvis ut til å gå bra.Eit par timars søvn hjelpe også på.   

    

Ein absolutt minnerik tur som eg lærte masse av, men eg har kanskje ikkje så veldig lyst å prøva på nytt…

Relatert til artikkelen

©2001-2004 Breogfjellsport.no