Pilgrimsvandring
Ei ferd for kropp og sjel
Ei pilegrimsreise er ei reise på fleire plan. Sjølvsagt er det ei vandring over avstand og i tid, men vel så viktig er den åndelege opplevinga av ei sånn reise. Vår vandring starta i kapellet i ei lita bygd som heiter Ervik.
Av Frank Brovold 16.12.2001

  
- Hæ? Pilegrimsvandring? 
Det var jo sånn ein gjorde i mellomalderen. 
- Ja, det er sant, men det er ingenting i vegen for å gjere det samme i dag. 
- Men kva er poenget med ei sånn ferd? 
Ei pilegrimsreise er ei reise på fleire plan. Sjølvsagt er det ei vandring over avstand og i tid, men vel så viktig er den åndelege opplevinga av ei sånn reise. Vår vandring starta i kapellet i ei lita bygd som heiter Ervik. Den ligg yttarst på Stadtlandet, heilt uti havgapet. Elevar og lærarar, kring åtti pilegrimsfarande, gjekk over slake lyngheier, under ein knallblå himmel, ei varmande sol og nesten utan eit vindpust. 
I kveldinga kom me fram til Dragseidet, staden der Heilag-Olav kristna fire fylke i samme slengen i fordums tid. Der overnatta me fyrste natta. 


Morgonen etter vakna me av at telta byrja blåsa overende, og kleda me hadde lagt til tørk på somme av steinane kvelden før, letta og flaug som panikkslagne høns utover landskapet. Så fekk me oppleva det kjende Stadtveret og. 
Vidare gjekk me frå Dragseidet over nokre beskjedne toppar, tok ein liten båttur, og enda opp på den sagnomsuste øya Selja. Til minne om St. Sunniva, vart det her på 1000-talet bygd ei kyrkje, og seinare eit kloster. No står berre ruinane att. Det var i skuggane av desse ruinane me låg siste natta. Det var ei særs spesiell oppleving å sitja på ein så til de grader historisk grunn og skode utover sjøen, sjå sola gå ned over dei ytterste holmane, og kjenna eit ørlite vinddrag frå havet. Morgonen etter vart det feira gudsteneste med nattverd i kyrkjeruinane på Selja, og det vart ei naturleg og fin avslutning på pilegrimsferda.

 
 

Solnedgang
Relatert til artikkelen
Album
Pilgrimstur Stadlandet
28 bilder
[19.09.2001 - 21.09.2001]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no