Skieldoradoet Harpefossen
Vansindig mykje pudder
Heile Nordfjord Folkehøgskule tok turen bort til Harpefossen skisenter ved Nordfjordeid. Ei heil fjellside med opptil 1 meter perfekt puddersnø. Det blei ein kjempedag, ein dag som vi aldri vil gløyma. Det var bare ein fantastisk oppleving!
Av Ragnar Fjeld 02.03.2002

Sola skin i bakken og skia er klare for heftig mykje pudder. Følelsen på den første meteren når snøkrystallane bare fyk rundt deg, og du bare suser avgårde, er bare heilt utruleg. Etter eit par meter graver skia seg ned, og eg landar i den silkemjuke snøen. Ein heilt fantastisk følelse         

I løpet av dagen blir det mange skikkelege tryn i det fantastiske pudderet, men det gjer ingen ting. Snøen er mjukare enn det finns ord for. Det er altså bare kjempekult og det er nok ikkje bare eg som er hekta på laussnøkjøring, etter denne eventyrlege dagen. Å flyta oppå snøen og se snøskya bak seg samtidig som sola skin og det er kjempeutsikt, er noko alle bør få oppleva!         

Thomas kjører telemark

 

Midt på dagen er det felles lunsj ute i det fri. Her går nista fort ned og kjeks og andre godsaker smaker ekstra godt.         

I ein liten pause midt i bakken får eg auga å ein stor fugl som nærmar seg. Det ser ut til å vera ei Fiskeørn. Vingespennet er enormt. Den brungyldne ørna svever omtrent 20 meter over oss. Etter å ha passert oss, tar den seg eit par svingar over eit lite skogholt og glir ut mot Nordfjorden. Eit syn av dei sjeldne. I dag har naturen vist seg frå si finaste side. Så suser me nedover bakken med både korte, lange, ultrakorte og ekstralange telemarkssvingar.         

På Nordfjord Folkehøgskule er telemarkskjøring satt i fokus i vinterhalvåret. Dei aller fleste har no blitt ganske så gode på telemarkskjøring. Dette er ein fordel på vinterturane framover, for her blir det mange fjellsider som skal få fine telemarkspor. Det er også ein god del som har skikkleg god peiling på både telemark og snowboard, og dei lærer villig vekk til oss andre.          

Flott sving
Ein del av elevane tar Trener1 kurs i telemark, og ein del av den praktiske delen blei kjørt denne dagen. Det blei sett opp porter og bl.a øvd på kortsvingar og på å kjøra teknisk riktig.          

Harpefossen skisenter ved Nordfjordeid, i Sogn og Fjordane, er absolutt verdt eit besøk. Er det bra med nysnø, så er dette plassen for telemarksfrelste.         

2 kjappe trekk tar deg i alle fall 300høgdemeter opp i fjellsida. Det er masse bjørkeskog som er perfekt å kjøra i.         

          

Harpefossen skisenter ved Nordfjordeid

 

Fakta:     
-Barnetrekk 
-2 stk Tallerkentrekk (Av den typen som hekter seg på i det du går på) 
-Ny og kjempefin varmestove med kafé og skiutleige. I varmestova er det ein stor TV. 
-Stor parkeringsplass   
-Skibuss i helgene            

        

Relatert til artikkelen
Album
Pudder i Harpefossen
15 bilder
[02.03.2002 - 02.03.2002]
Vis album

Nordfjord Skisenter, Harpefossen
Tlf: 57 86 25 50 / 908 28 623

Fakta:
Heisar: 2 (+2 små)

Nedfartar: 5
Høgdeforskjell: 504m


"Eit stort og allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett.
*Fylkesanlegg for alpine greiner
* Stort område for laussnøkøyring 
* Mange kilometer preparerte turløyper
* Ny varmestove med rimelig servering.
* Flomlys både i alpinbakken og   langrennsløypene. 
* Eit ideelt utgangspunkt for turar innover dalen eller i fjellet.
* Arena for skiskyting
* Utleige av skiutstyr og snøbrett"

(harpefossen.no)

Adkomst: 
Nordfjord Skisenter ligg på Harpefossen i Hjelmelandsdalen, utanfor Nordfjordeid.


Parkering:
Ved skisenteret, kr 30,-

Opningstider:
Sjå nettside

Prisar (2005): 
Dagskort: 210,-/150,-
(Voksen/barn)

-Webkamera

-
Føremelding Harpefossen

Gå til Nordfjord Skisenter


©2001-2004 Breogfjellsport.no