Mellomlanding Tromsø
På veg til Svalbard
Me valgte å få ein mellomlanding i Tromsø på vegen opp til Svalbard. Det blei ein fin tur i Tromsø før me reiste vidare til Longyearbyen.
Av Ragnar Fjeld 31.01.2002


Tidleg morgon på Oslo lufthavn, Gardermoen


Reisa starta tidleg ein fredag morgon på Stavanger lufthavn, Sola. Braathens sitt morgonfly til Oslo var i rute og det var enda ganske mørkt då Boing 737-700 flymaskinen tok av frå Sola. Ut vinduet kunne me sjå alle lysa frå Sandnes og Stavanger, men ferden gjekk raskt vidare til meir ubebudde område. Etter ein liten sightseeing i luftrommet over Holmenkollen og Tryvannstårnet, landa Braathensflyet i rute på Gardemoen.
 
Litt venting og så ombord på flyet til Tromsø. Her var det ikkje mange passasjerer! Turen gjekk nordover og me kryssa fram og tilbake over grensa mellom Norge og Sverige. Av og til var det litt gløtt i skydekket og fjorder og daler openbara seg. Like før landing i Tromsø var det fint sollys over skyene. I Tromsø var det naturleg nok ikkje sol, men det var ganske lyst. På Gardermoen var det ca 15 minusgrader og me hadde derfor godt me klær på. Det var derfor litt overaskande at det var pluss 5 grader i ishavsbyen.   
 


Utsikt mot Ishavskatedralen


Tromsø

Me tok bussen inn til sentrum og gjekk ned på havna for å se over til ishavskatedralen og brua. Me fekk gode råd om kva som var verdt å se på hos Trafikkanten. Dei anbefala å besøka Polaria museet. Dette viste seg å vera kjempa bra. Dei viste ein film på 5 store lerret, som Ivo caprino hadde laga på svalbard. Dei hadde også masse informasjon om svalbard og polare strøk. Utstillingane her var laga slik at ein fekk prøva mykje av det, og ikkje slik at det bare var å sjå på.  

Ein sel

Polaria

På Polaria var det også eit stort basseng med sel i. Dette var laga slik at du kunne gå under det, stikke hodet inn i glasskuler slik at du fekk skikkeleg nærkontakt med selane. Det var også mange akvarium med ulike fiskeslag. Alt var lagt opp til at det skulle vera spanande, samtidig som det skulle være lærerikt  

Tromsø sentrum hadde eit rikt utvalg av butikkar og spisestadar. Me fann også ein "Army shop" som hadde mykje utstyr frå forsvaret. Her var det ganske mange spesielle rariteter. Av meir praktisk nyttige ting hadde dei bl.a. ein veldig bra ullstilongs kalt "Anna" i forsvaret. Ulvang har laga ein kopi av denne som kostar over 500kr. På Army shopen kosta forsvaret sin modell bare 150,-. Perfekt til bruk på Svalbard 
Me tok oss også ein tur over brua og bort til Ishavskatedralen. Frå brua fekk me bra nattbilder av Tromsø. Ishavskatedralen viste seg å vera finast på avstand, men det var absolutt verdt turen bort dit.  



Tromsø


BU 462 til Longyearbyen

Då det nærma seg tid for avgang til Svalbard, tok me bussen bort til flyplassen og venta på å få gå ombord på BU 462. Flyet kom i frå Oslo og hadde masse passasjerar ombord. Det var derfor ganske fullt då me tok av. Svært mange på flyet var fastbuande og studentar som skulle opp igjen etter å ha feira Jula i fastlandsnorge.


Relatert til artikkelen
Album
Mellomlanding Tromsø
13 bilder
[04.01.2002 - 04.01.2002]
Vis album

Artiklar
Svalbard i mørketida [01.02.2002]
Flytur til Svalbard i mørketida [08.01.2002]



Braathens' "Håkon V Magnusson" (B737-405 LN-BRE) har landa i snøvèr på Svalbard lufthavn, Longyear.
©2001-2004 Breogfjellsport.no