1658 moh i Ryfylkeheiane
Vassdalseggi, Rogalands høgste topp
Vassdalseggi ligg heilt nord i Ryfylkeheiane, på grensa mellom Rogaland og Telemark fylker. Både toppen og naturen i området er verkeleg verdt turen.
Av Ragnar Fjeld 08.07.2006


Tidleg laurdag morgon bar det innover Ryfylke. Vi kom oss med første ferje over Høgsfjorden og parkerte ved Sandvatnet, inn av Nesflaten i Suldal kommune. Sola stod høgt på himmelen og det var varmt oppover mot Holmavatn. Etter snaue to timar var vi ved turisthytta Holmavassbu og her vart det meste i sekkane lagt igjen. Planen var å gå til Vassdalseggi og deretter returnere til hytta om kvelden. Å finna informasjon om ei grei rute opp frå sør var ikkje så lett, då dei aller fleste tar denne toppen frå nordsida. I ei av Stavanger turistforenings årbøker var det nevnt ein umerka sti frå Holmavatn mot Kvanndalen og denne passa det greit å følge eit stykke. Vi starta rett opp bakken frå hytta og såg aldri noko til denne stien, men vi fann likevel ein temmeleg grei rute mot toppen. Etter å ha runda vestsida av Fitjanuten, haldt vi høgda forbi Djupe tjørnane og Isvatnet. Deretter gjekk vi vest for vatn 1364 og aust for vatn 1352 før vi satte kursen rett mot toppen. Terrenget var småkuppert heile tida og det bar nesten konstant opp eller ned, slik det ofte er i Ryfylkeheiane! Og fint var det iallefall i desse traktene. På avstand var det ikkje så lett å sjå kva for rute opp til toppen som var best. Det løyste seg imiddlertid veldig greit, siste stykke mot toppen var det enkelt å ta seg opp på ein liten rygg, rett aust for fylkesgrensa.


Vassdalseggi, med det høgste punktet litt til høgre for midten av bildet. Vi gjekk omtrent rett opp opp mot toppen.


Ragnar Fjeld på toppen av Vassdalseggi.



På toppen

Den store varden på toppen hadde vi gått å sett på lenge og utsikten derfrå var ganske fin. Vi kom til toppen omtrent klokka 18, etter litt under fire timar frå Holmavassbu. Litt skyer kom sigande og ein liten bris var det også der oppe. Nødlinga/vardinga mot Haukeliseter var godt synleg, men ruta frå den kanten er vel bare delvis merka etter det eg forstår. Mot Kvanndalen var det også varder som gjekk nedover, så eg reknar med at det er fint å gå opp sør-vest flanken også. Etter nokre brødskiver, samt litt sjokolade og tørka aprikoser var det klart for returen. Sidan ruta rundt Fitjanuten var relativt småkuppert, fekk vi lyst til å heller gå ned litt sør for Turistskaret og ta den t-merka stien tilbake til hytta. Rett ved punkt 1410 tok vi sør-austover og her var det også nokre vardar. Det var enkelt å ta seg ned, men vi kunne nok med fordel ha gått utanom det einaste bratte partiet nedover, spesielt sidan det var godt synleg på kartet.

Heile dagen hadde det vore relativt varmt og utpå kvelden forsvann også skyene. T-skjorte og shorts var absolutt å fortrekka denne dagen!

 

*
Flotte blomar, 1320 moh


Ein edderkopp i aksjon, ca 1300 moh



Blomster, einerbærbusk og ein artig edderkopp

Omtrent 1320 moh på veg nedover, kom vi over ei sørhelling med mykje flotte blomster. Her var det også ein einerbærbusk, noko som var litt overraskande med tanke på høgden. Men fjelleiner veks visst heilt opp til 1730moh i Norge fann seinare ut. Ikkje langt frå hadde ein edderkopp laga til eit flott nett i steinrøysa. Her var det utøvd stor ingeniørkunst og det er igrunnen utruleg korleis edderkoppen klarar å laga til slike nett i ei ulent steinur høgt til fjells.




Stavanger turistforening si hytte "Holmavassbu" ligg i eit utruleg flott område sør av Haukeliseter


Holmavassbu

På turisthytta til Stavanger turistforening var det kome oppe eit par frå Sandefjord som var på sin første reale fjelltur. Dei hadde tatt turen opp frå Haukeliseter og syntes det hadde vore langt inn, men også opplevingsrikt i det fine vèret. I turistskaret var det fortsatt ein del snø og eit par småelver måtte vadast fortalte dei.

Etter ein fin kveld på hytta, vakna vi opp til nok ein fin dag. Utpå formiddagen kom eit sveitsisk par forbi hytta. Dei hadde vore på 14 dagars tur opp frå Lysebotn! Vi satt alle utpå trappa beundra utsikten; Frå dei grøne grasslettene rundt hytta til det store Holmavatnet og resten av den store fjellheimen.

Vi hadde god tid og bestemte oss for å ta turen bort til Bamsebu. Meir om denne turen kan du lesa i artikkelen Bamsebu

(Turdato: 01-02.07 2006)


Kart


Kart over ruta vi tok frå Holmavassbu til Vassdalseggi og tilbake igjen. Forutan det siste stykket tilbake til hytta, er det ikkje merka. Turen vest om Fitjanuten tok lengre tid enn returen aust om Fitjanuten.
Kart: Copyright States Kartverk. Gjegjeve på denne sida med med tillating.

Relatert til artikkelen
Album
Vassdalseggi
27 bilder
[01.07.2006 - 02.07.2006]
Vis album
Album
Bamsebu
8 bilder
[02.07.2006 - 02.07.2006]
Vis album

Artiklar
Bamsebu [07.07.2006]



Oppover frå Holmavassbu


Vassdalseggi, 1658 moh


Utsikt sør-austover frå VAssdalseggi. Holmavatn i bakgrunnen


Anne Jorunn Hodne ved toppvarden







Blomar i sørhelling, ca 1320 moh


Vidstrakte grassletter ved Holmavassbu


Flott morgonstund på Holmavassbu
©2001-2004 Breogfjellsport.no