Tjukk Stålis
Skøyteis
Kva er vel finare enn ein tur på skøyter, i klårvèr og med fin solnedgang? Kulden har festa grepet i Rogaland og fleire vatn har no fin skøyteis. Ein liten kveldstur til Melsvatnet skulle visa seg å bli eit blinkskot!
Av Ragnar Fjeld 13.12.2002



Det er ikkje så altfor ofte isen legg seg på vatna i Stavanger distriket. Det skjer iallefall ikkje kvart år. Dei to siste vekene har vore prega av kuldegrader og klårver, og det er no fin skøyteis på fleire vatn.  
  
 
 
Melsvatnet 

Vi tok turen opp til Melsvatnet, i Time kommune, på Jæren. Her var isen blitt nesten 15cm tjukk og i tillegg var det krysstallklar stålis. Dermed kunne vi legge ut på dei store flatane. Sola forsvann ned frå horisonten etter ei lita stund, men det fine kveldslyset vara i lang tid. Med behagelege -10grader og ikkje noko vind, var det fint å få prøvd skøyteformen. Det var vel omtrent 2 år sida sist eg hadde hatt på meg hockey-skøytene mine, men teknikken kom fram etter kvart. 
  
 
Dette er absolutt tida for ein skøytetur viss du bur i Stavanger- regionen. Her må vi utnytte isen mens han enno ekisterer. På tirsdag er det meldt om fønvind og +10grader! 
  
God tur!  


Relatert til artikkelen
Album
Skøyteis på Melsvatnet
7 bilder
[13.12.2002 - 13.12.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no