Påvegheim2002 Etappe3:Sognefjellet-Sletterust
Flott i Jotunheimen
Vi gjekk vidare frå Sognefjellshytta i eit fantastisk vær. Det var eit fantastisk landskap vi gjekk gjennom. På idylliske Skogadalsbøen slappa vi av ein dag og fekk nye krefter. Så gjekk turen opp til Tyin og vidare til Sletterust.
Av Ragnar Fjeld 01.06.2002

Det var ein som i ein draum å koma Jotunheimen. Sola skein og det var perfekt føre. Det var også mange som hadde tatt turen opp koste seg denne langhelga etter 17.mai.         

På Sognefjellshytta sov vi godt. Vi unna oss sjølv frokost og smurde kjempestor niste. Her måtte pengane utnyttast! Folk var tidleg oppe og mange var allereie på god veg då vi starta å gå litt over halv elleve.Hadde vi hatt betre tid, så hadde vi nok tatt turen oppom ein av toppane i området. Det strøyme folk oppover mot Smørstadbreen og opp mot Fanaråken. Vi talte 30 små ”prikkar” som sakte bevega seg oppover Fanaråksbreen.         

     

Utsikt utover Vetle Utladalen

Då vi stoppa for å legga smurning under skia, kom vi i snakk med ein kar. Han hadde tenkt seg opp på ein av toppane på smørstadbreen. Det viste seg at det var ein tidlegare Nordfjord elev, riktig nok ”før Hallgeir si tid” som han sa det. I 1982 hadde han gått eit år på Nordfjord Folkehøgskule og han kjente derfor godt til ruta vi hadde gått frå skulen og opp på Jostedalsbreen. Han ønska oss god tur vidare.         

Bra føre         

Strekninga mot Skogadalsbøen, var det lettaste stykke vi hadde gått til nå. Lange slake nedoverbakkar på godt føre. Det var også ein litt lengre bratt bakke med godt ”telemarkføre”. Lunsjen blei inntatt på ei hytte oppe i Utladalen. Vi hadde derfrå god utsikt bort mot Skogadalsbøen, og vi gleda oss fryktelig til å koma fram. Det var nydeleg og varmt i sola.          

Skogadalsbøen, Jotunheimens paradis!         

Her var den etterlengta hytta på Bøen. Utruleg fin plass
      

Etter å ha kryssa elva over brua, var det lite snø i skogen bortover. Den snøen som var, viste seg å vera pill ròten og det var umogleg å gå til fots. Dermed måtte vi av og på med skia ca 30 gonger dette korte stykket. Gleda var då ekstra stor då vi jublande kom fram til idylliske Skogadalsbøen. Dette var paradis i Jotunheimen. Mange små koselige hytter med gras på taket og vårgrøne grassletter. Bjørka hadde nettopp sprunge ut og til vår disposisjon stod ei stor sjølvbetjeningshytte med masse mat og sjokolade. Vi hadde heile dette store området for oss sjølv. I eit skur fann vi Norske flagg som vi pynta med. I sola satte vi oss og tok ein boks kvar med tropisk cocktail.          

          

Tunet på skogadalsbøen. Vi pynta med norske flagg på denne fine maidagen
Thomas diska opp med viltgryte og ris til middag. Vi fann oss godt til rette i hytta og var stadige turar innom på proviantrommet. Alexander sin favoritt var 100grams dronningssjokolade. Thomas og meg sjølv, åt for det meste 67g Melkesjokolade, 67g Mirkløver eller 75g Helnøttsjokolade. På denne måten var Alexander litt meir økonomisk av seg sidan dronningsjokoladen var billigare pr. gram. Kanskje ikkje så rart etter å ha gått på økonomi. Det var uansett ufattelig godt.           

          

På hytta var det masse interessant lesestoff. Thomas fant ei tjukk bok, som eigentleg skulle ligge på Slettningsbu, og som han hadde planar om å lesa og ta med seg dit. Det var også mange bra blader og andre bøker. Det gjekk også mykje tid til å skriva i dagbøkene. Sidan eg ikkje hadde skreve eit ord enda, og dei andre bare hadde rabla ned noko om dei to første dagane, så blei det eit stort prosjekt.          

Ganske enkelt genialt         

Pga den geniale beliggenheten har også hytta akkurat passe mobildekning i frå ein sendar som står på eit fjell i Øvre Årdal, 20km i luftlinje. Det som er så genialt er at det bare går ann å senda melingar. Dermed blir det ikkje så mykje mas. Eigentleg var det ingen grunn til å kontakte nokon, men det var jo fint å oppdatera nettsida. Vi fekk også varsla Karoline om at vi var på bøen (Karoline gjekk i BreogFjellklassen vår og jobbe på hytta).             

Etter 8 knallharde døgn, er det godt å slappe av i solsteiken på taket til Skogadalsbøen

Kviledag på Bøen         

Vi vakna opp i ellevetida og det var ein ny fin dag. Til frokost hadde vi skikkeleg risengrynsgrøt laga av langkokt grøtris. Det var vell omtrent første gang vi blei statt mett til frokost og først gang Alexander ikkje klarte å pressa i seg meir mat.

Dagen blei tilbakt ute i sola. På taket av hovudhytta var det fint og ekstra vartm. Her slo vi oss ned i mange timar og slappa rett og slett av. Det var litt uvant, sidan vi hadde gått ca 2 mil kvar dag sidan vi starta.          

Kaptein kjeks og bremykt til lunsj ute i sola. Middagen slo alle tidlegare rekordar. Den bestod av 1kg spagetti, 2 boksar turistproviant, mais og bønner. Forbrenninga hadde auka kolosalt på turen. Vi kunne eta kva som helst.         

Då kvelden kom, trakk vi inn og gjorde oss klar til dagen etterpå. Radioen spela knitrande musikk og stemninga var fin. Vi diskuterte lenge forsvarspolitikk og deretter telemarkskjøring. Thomas summerte opp alt det vi hadde kjøpt. 1028 kr blei det i mat og sjokolade dei to dagane vi hadde vore der. Men dette var inkludert den maten vi tok med oss vidare.          

Det vart natt og stjerneklart. Himmelen var lyseblå og det var eit fint syn og sjå ut over fjellheimen.         

Dag 11 mot Tyin         

Urdanostind. Vi går i skaret til høgre

Det hadde blitt morgon og dag 11 på turen. Dagens etappe var å gå mot Tyin og sletterust. Vi var udsedvanlig tidleg oppe. Klokka 9 var vi pakka og klare. Det var tett skog som var veldig vrient å koma seg gjennom i starten. Så kom vi opp ei kjempestor ur. Så bar det slakt oppover heile vegen. Vi kryssa elva på ei brukbare, men smal snøbru. Det var også sol og varmt fram til klokka 12. I skaret, på 1400 meters høgde over havet, inntok vi lunsjen. Det som alltid var kjedelig med knekkebrød, var at det tok så altfor lang tid å stappe i seg. Vi hadde også ein pakke kornmo på deling.          

 Vidare gjekk ferda over Uradalsvatnet. På avstand såg det veldig blått ut. Det viste seg at visse parti hadde godt med overvatn. Alexander og meg sjølv var litt skeptiske til å gå ut på det som til tiders føltes som issørpe, men Thomas leda ann og fann ein brukbar veg. Isen var sikkert grei nok, men det var til tider 1 meter issørpe over. Så var det bare å renna ned i Koldesdalen og gå mot innsjøen Tyin. Elva som rann i Koldesdalen var stri. Vi måtte derfor eit stykke ned å gå over på ei bru på anleggsvegen. Så fulgte vi skispor som gjekk mot Sletterust. Vi merka at snøen minka godt og isen var i full gang med å bryte opp på alle vatna. Det var omtrent ikkje is igjen på Tyin. Det tok litt tid, men vi var glade for å koma bort til Tyinosen. Herfra heiv vi skia på sekken og gjekk dei siste kilometrane ned til hytta som vi hadde fått lov til å låne.         

Hytta på Sletterust var akkurat passe stor og pass oss bra. Her var det også eit svart kvitt tv. På Sognefjellet hadde vi lese i avisa om ein dokumentar om norsk etterettning, som skulle gå på NRK. Tilfeldigvis så gjekk den denne kvelden og det var jo litt kult.           

          

Vi var litt småslitne og Thomas var ikkje heilt i form. Derfor var det flaks at vi hadde fått låne denne hytta. Vi hadde tross alt gått nærmare 35kilometer denne dagen, så det kjente vi godt.
Relatert til artikkelen
Album
Påvegheim Etappe3 Jotunheimen
14 bilder
[19.05.2002 - 22.05.2002]
Vis album

Artiklar
Påvegheim2002 Etappe5: Vi cruiser heimover [01.06.2002]
Over Filefjell [01.06.2002]
Breheimen, 17.mai og nye utfordringar [01.06.2002]
Over Myklebust- og Jostedalsbreen [01.06.2002]

Artikkelen er del av TEMA:
På tur heim frå folkehøgskule
-På ski, til fots og med sykkel

Etter eit år på folkehøgskule, bestemte 4 elever seg for å koma seg heim på eigenhand. Frå Gloppen i Sogn og Fjordane bare det over både fjord, bre og fjell. Då det blei lite snø igjen, blei ski bytta ut med sykkel. Gjennom tekst og bilder kan du følgja turen

18 fine dagar i mai 2002!

Gå til tema-framside: PÅVEGHEIM 2002


Bilde i album "Påvegheim Etappe3 Jotunheimen"















©2001-2004 Breogfjellsport.no