På sykkel frå Hemsedal og sørover
Påvegheim2002 Etappe5: Vi cruiser heimover
Vi står på Hemsedalsfjellet og ser snøen forsvinna rundt oss. Så setter vi oss på sykkelen og tråkker nedover. Sola skin og vi suser avgåre. Slik starta sykkeldelen av Påvegheim2002. Det var fint å kunne sykle etter 13 lange dagar på ski i fjellet. Tross mange tekniske sykkelproblem, kom vi oss til slutt heim alle mann.
Av Ragnar Fjeld 01.06.2002

Ruteendring                  

Thomas fikser litt på sykkelen
Det var blitt morgon og dag 14. Dagen i forvegen hadde vore stri. Det var altfor lite snø igjen i fjellet og flomstore elver. Thomas hadde hatt mellom 38 og 39 i feber på turen ned i frå fjellet. Vi var ikkje så veldig lystne på å fortsette opp på andre sida. Det var dårlig med opne hytter og på kartet telte vi ikkje mindre enn 8-10 småstore elver og bekkar som måtte forserast. Etter det vi hadde sett dei siste dagane, kunne det bli vanskeleg.                    

Konklusjonen blei at vi burde få syklane opp hit i staden for på Hardangervidda. Etter ei stund fekk vi tak i Laffen, og han skulle prøva å ordna det.                   

Vi pakka i saman teltet, satte skia på ryggsekken og tråkka på vegen sørover. Vi hadde blitt einige om å møtast like ved fylkesgrensa. Etter eit par timar såg vi ein stor bil koma. Det var Laffen og onkelen hans. Det var eit godt gjensyn!           

Vi hadde eigentleg ikkje planlagt nokon ting som helst på sykkelturen. Det einaste vi hadde stressa med, var transporten av syklane. Vi takkar Onkelen til Laffen, for å ha ordna dette problemet. Tusen takk!                   

   

Alexander liker seg på sykkelen
                    

Vi pakka det vi trengte i sidevesker og slengte alt anna inn i bilen. Syklane var i fin stand. Ein liten reperasjon var likevel nødvendig på min sykkel. Bagasjebrettet hadde losna. Sikker pga at det mangla fleire skruer. Laffen tapa heile greia i saman med sportstape og det satt veldig godt. Etter ei stund, bar det avgåre mot Hemsedal. Skydekket hadde letta og sola varma oss gått i det vi suste nedover bakkane. Her gjekk det skikkeleg unna og det kjentes herlig ut å sykla. I Hemsedal stoppa vi for å kjøpe diverse ting. På ein MIX kiosk hadde vi oss ein stor 333grams burger. Så sykla vi vidare.                   

                

Alex spiser frokost
Vi kom tidleg til Gol sentrum og fekk god tid til å sjå oss rundt. Sidan dette blei siste kvelden i lag, hadde vi ein stor pizza i lag. Vi overnatta i ein liten skog, omtrent 150meter frå Gol sentrum.  Det starta sjølvsagt å regna kl 4. I åttetida var vi oppe og åt frokost. Etterpå var det klart for å sykla kvar vår veg. Thomas skulle sørover, mens Alex og eg skulle vestover. Rett før vegdelet, oppdaga eg at hjulet til Alexander kasta litt på seg. Ei spile var knekt. Etter ein god time hadde ein kar på G-sport klart å retta på det. Vi sykla derfor ikkje frå Gol før kl 12.        

Gol-Hardangervidda                   

Alexander på Hardangervidda
Frå Gol til Hardangervidda var det bare oppover. Det viste det seg at vi var i supergod form etter alle dagane på ski. Sjølv med den oppakning bakpå sykkelen, var det ingen problem å tråkke godt på i oppoverbakkane. Det kom eit par kraftige regnbyger, og vi blei ganske våte. I Geilo stoppa vi for å handle mat til dei neste dagane. Då vi var på veg mot Haugastøl, røyk plutseleg fremre gir-wire til Alexander. Det førte til at han bare hadde tunge gir. Derfor gjekk vi opp ein bakke. På Haugastøl hadde vi tenkt å overnatte, men så fant vi ingen bra plass. Då vi sykla forbi hotellet, såg vi at dei leigde ut syklar. Kanskje dei då og har ein gir-wire liggande? Heldigvis hadde dei det og etter ei stund hadde vi fått bytta den ut og justert girene.                                    

Så bar det oppover bakkane igjen. Då vi syntes vi hadde sykla langt nok, slo vi leir like ved ei hytte i enden av innsjøen Ørteren. Her var det fin ly for vinden. Middagen smakte godt på denne fine laurdagskvelden. Uheldigvis så sendte ingen norske radiokanalar Melodi gran prix. Det var vi litt skuffa over sjølv om Noreg ikkje var med.                                  

Vi vakna i åttetida dagen etter. Etter ei stund svinga det inn ein bil. Det var tydelegvis eigaren som kom på besøk til hytta si. Der satt vi med tusen ting rett i hytteveggen. Hytteeigaren hadde tydelegvis trudd at det hadde vore innbrot, men blei glad då det bare var nokon ungdommar som hadde campa rett utanfor hytta. Etter å ha fortalt om turen vår, sykla vi vidare over Vidda. Her var det fint å sykla. Nesten ingen trafikk og langstrakt utsikt. På Hardangervidda var det meir snø enn på Filefjell, så det var tydeleg at det var dei austlege delane av fjellstroka som hadde lite snø. Då vi kom over 1400moh, starta det å gå nedover. Vi suste nedover bakkane i omtrent 60km/t. Det gjekk skikkeleg unna. Eg tok igjen ein bil og hadde nesten lyst til å kjøre forbi han.                   

 

Den mektige Vøringsfossen
                   

Ved Vøringsfossen tok vi lunsj. Så tok vi gamlevegen utanfor alle tunnelane og kom etter kvart ned til Erfjord. Så gjekk det opp og ned mange gonger før vi kom til Kinsarvik. Her kjøpte vi oss is på Esso. Været var fint. Så sykla vi vidare mot Odda. Det var fint å sykla langs fjorden og det var relativt lite trafikk. Det mest irriterande var å måtte sykle utanfor mange tunellar. Vegane som gjekk utanfor var i elendig forfattning og det var ofte lange omvegar.    

 Vi kom til Odda litt over 9. Alexander visste om ein fin plass ved Sanddalsvatnet, så vi sykla opp dit. Etter mykje om og med, fant vi ein plass å ligga nede ved vatnet. Neste morgon, vakna vi av eit ein ”kommunebil” kom kjørande og bytta ut benken like ved oss. Litt merkelig…

               

Ragnar i bakkane nedover frå Hardangervidda

Reperasjonar                 

Vi sykla så ned i Odda sentrum for å få fiksa litt på syklane. Her var det to sportsbutikkar som begge dreiv på med syklar, men ingen hadde noko særlig forståing for at vi hadde det travelt. Etter å ha venta i 2 og ein halv time, hadde ein kar på Sport1 fått sett på syklane. Utan å fått beskjed om det, hadde han bytta dekket mitt og gir wiren. Så viste det seg at han ikkje hadde skifta slangen (den var ikkje god). I tillegg hadde han også fiksa det som skulle fiksast, nemlig eikene. Alexander fekk skifta eit lager i kranken. I den første bakken viste det seg at giren var feil innstilla, pga at wire var feilmontert . Utan umbraco nøkklar var det umogleg giren riktig justert. Vi måtte fikse dette ved å tape hylsa til wiren fast i ein spesiell stilling. Det viste seg også at slangen i bakdekket nå hadde blitt så dårlig at lufta forsvann etter eit kvarter. Då eg skulle pumpe det opp, revna slangen like ved ventilen. Så måtte vi skifte ut slangen. Det forsinka oss ca ein halvtime                                  

Vi var derfor ganske så frustrert etter alle desse problema. Vi tråkka på alt det vi kunne oppover bakkane. Så bar det nedover til Åkrafjorden. Vi slapp å betale bompengar i bomstasjonen. Vidare sykla vi utanom dei fleste tunnellane ved å måtte ta gamlevegen. Det førte oss opp på omtrent 400moh igjen. Så kom vi inn på hovudvegen igjen. Det var mandag og lite trafikk på E134 som vi sykla på. Det gjekk svært fort. Vi hadde eit lit kappløp for å nå fylkesgrensa til Rogaland først. Alexander slo meg med eit halvt sykkelhjul. I Ølen fekk eg endeleg låna ein umbraconøkkel og justert giren skikkeleg. Med vilje ga vi ikkje beskjed om at vi kom til å nå Aksdal i løpet av kvelden. Alexander ville overraske folka heime. 

                   

Siste innspurt                   

Vi kom til Aksdal litt over 23.00. Ved Aksdalstunet lagde vi middag, og Alexander sykla så heimover til Haugesund og kom heim mellom 1 og 2. Eg la meg under eit halvtak til kyrkja like ved. Neste morgon, var oppe halv ni og kjøpte frokost i ein matvarebutikk. Så bar det av sted ut mot Bokn. Litt over 11 tok eg ferga over til Rennesøy og sykla bort til Rennfasttunnelane. Det er ikkje lov å sykle gjennom, så eg måtte ta bussen. Så sykla eg ytre veg sørover og hadde ein liten pause på Solastranda kl 14. Det var sol og fint vær. Så tråkka eg på det eg makta heimover. Frå Bryne og oppover, møtte eg mange andre som sykla heim i frå jobb. Så etter 400timar og 23minutt, kunne eg svinga inn til Lye. Det var kult å ha klart målet!
Relatert til artikkelen
Album
Påvegheim Etappe5 Sykkeltur
16 bilder
[24.05.2002 - 28.05.2002]
Vis album

Artiklar
Flott i Jotunheimen [01.06.2002]
Over Filefjell [01.06.2002]
Over Myklebust- og Jostedalsbreen [01.06.2002]
Breheimen, 17.mai og nye utfordringar [01.06.2002]

Artikkelen er del av TEMA:
På tur heim frå folkehøgskule
-På ski, til fots og med sykkel

Etter eit år på folkehøgskule, bestemte 4 elever seg for å koma seg heim på eigenhand. Frå Gloppen i Sogn og Fjordane bare det over både fjord, bre og fjell. Då det blei lite snø igjen, blei ski bytta ut med sykkel. Gjennom tekst og bilder kan du følgja turen

18 fine dagar i mai 2002!

Gå til tema-framside: PÅVEGHEIM 2002


Bilde i album "Påvegheim Etappe5 Sykkeltur"

















©2001-2004 Breogfjellsport.no