Tur på Svalbard
Kort artikkel om Svalbard tur-2004
Påsken 2004 la 4 studentar ut på tur på Svalbard. Turen gjekk stort sett i området kalla Atomfjella, eit område eit godt stykke nord frå Longyearbyen. Her er turen raskt og kort forklart, med litt tekst og bilder
Av Ragnar Fjeld 20.04.2004, oppdatert 19.06.2004
Dette er ein kort artikkel om svalbardturen. For lengre artikkel, sjå her. Bilder finn du under "Relatert til artikkelen" oppe til høgre
 
 
Førebuingane til Svalbardturen hadde pågått i lang tid. Det er utruleg med ting som må ordnast til ein slik tur, men så er det også viktig å vera godt forberdt.
 
 
Det var folksomt på flyet nordover. Eit heilt følge med golfspelera frå inn og utland skulle opp på golfturenering i Longyearbyen (!). Med ekstra post på dei bakerste 24 plasssne og med utrulege mengder bagasje og frakt, landa vi på Svalbard lufthavn, Longyear.
 
Longyearbyen
Så var det bare å koma igang med alle ting som måtte ordnast. Det bar rett opp til Sysselmannen, deretter til Unis (Universitetsbygget), vidare for å hente ein pulk og deretter siste innkjøp i Svalbardbutikken. Det tok si tid å få ordna alt. Pakkinga stod nå for tur, noko som tok lang tid. Når vi halv fire la oss, var det meste gjort. Klokka halv åtte blei det klart at været var for dårleg til at vi kunne bli kjørt ut på snøscooter og dermed måtte turen utsettast.
 
Fredag morgon blei været lettare og litt over klokka ti suste vi innover Adventsdalen. Turen gjekk så inn Billefjorden, der vi skilte lag med Unis-følget som skulle på ekskursjon. Eit stykke oppå Mittag-Lefflerbreen blei vi satt av
 
 
Pulkane var ganske godt lessa, anslagvis 60 kg i kvar. Likevel var det ikkje så veldig tungt sidan det gjekk slakt nedover mot Austfjorden. Vi gjekk stort sett i kanten av  - eller i sidemorena til - breen. Det var heilt greit å gå der, men det hadde nok vore raskare å fulgt den vanlege scootertrasèen på breen. Klokka var passert ti om kvelden før vi nådde ned til fjorden. I nord lyste himmelen opp orangefarga og skyene trakk seg vekk.
 
 
 

Austfjorden

Morgonsola steika på teltet. Utsikten frå teltplassen var det bare ”å ta av seg hatten for”,  dette var noko av det beste Svalbard har å by på. I sør låg Mittag-Lefflerbreen å speilte seg i sollyset, mens austfjorden strakk seg så langt auga kunne sjå nordover. På kantane var det mektige fjell og innimellom blåskimrande breer som pressa seg ned i fjorden. I tillegg var det heilt vindstille, noko som nok er litt uvanleg på denne forblåste plassen


På Austfjorden. f.v. Alexander Jønsson, Thomas tohkildsen. Ragnar Fjeld (bak)

Turen på fjorden blei difor udsedvanleg bra. Det var bare å ta det med ro å nyta inntrykka. Isoverflata var noko ujevn, så det var nødvendig med feller for å få godt nok feste. Pulkane var raske på isen og det var slik at det nesten var tyngre å gå med sekk
 
Dagsformen var imiddlertid ikkje like god for alle, så det var godt å krypa inn i teltet om kvelden. Leiren blei satt opp eit stykke nedover Tryggvebreen, eit par kilometer frå austfjordneshytta.
 
 


Leif Einar Støvern koser seg på Austfjorden

Tryggvebreen

Det skulle bli tungt opp Tryggvebreen. Frå ca 5 meter over havet gjekk vi opp til vel 700meter over havet. Dagen starta også med ein lang reperasjon av ei skifelle, som løsna i tuppe. Det tok litt tid å få den iorden igjen.
Leif Einar var ikkje heilt i form etter å ha ”sniffa” litt white sprit ved eit uhell, så han kunne ikkje gå med sekk. Dermed blei pulken min godt lasta på vegen oppover, minst 80kg. De blei ikkje betre av at pulken ”gravde seg ned” i snøen pga denne vekta.
Sidan store deler av nedre parti på breen var fri for snø, blei det brukt stegjern oppover.
Ein leirplass blei etablert med tanke på å kunne vera der 2 dager
 
 
Perrierttoppen
 

Perriertoppen

Det var skya og tåke då me la i veg mot Perriertoppen. Det lova ikkje godt og så var det dette med skredfare. Pga mildvèret som tidvis har vore på Svalbard denne vintaren, var det generelt stor skredfare. Dette blei i høyeste grad bekrefta når vi gravde snøprofil, så kombinasjone tåke og skredfare stoppa vårt forsøk på å nå toppen. Seint på ettermiddagen letta skyene i eit par timar, slik at vi iallefall fekk sett toppen og dei utruleg facinerande fjella i området.
 
 
 

Gallerpasset

For å koma vidare, må ein opp eit bratt pass mot Gallerbreen. Med tanke på skredfaren var vi lenge i tvil om det var forsvarleg å gå opp der. Etter lengre tids vurdering av alternativ, kom vi likevel til at vi kunne gjera eit forsøk, men vi var litt i tvil. Like etter dette, kom 4 snøscootere hylande ned fjellsida. Det gjekk heldigvis inget skred og det viste seg at snøen var hardpakka i det brattaste partiet (heldigvis...). Så då var det bare å få alt utstyret opp. Dette hadde tatt så lang tid at leiren blei plassert på toppen
 
 

Mot Newtontoppen

Vidare gjekk vi over tvers over Veteranen (bre). Vidare mot Newtontoppen slo vèret plutseleg om. Frå å blåsa ein lite trekk, blei det stiv kuling og temperaturen dropp også. Det blei difor ein tung tur i motvind på Newtontoppen. Vi var glade då vi skimta den mektige fjellsida gjennom snøføyka og gjekk igang med å bygge ein solid leir. Det var meldt storm og dårleg vèr i mange dager framover, så her gjaldt det å forbereda seg godt.
 
 
Vidare
For meir av det som vidare skjedde på turen, sjå her
 
Thomas Andrè Thorkildsen og Alexander Jønsson vèrfast på Svalbard
 
Relatert til artikkelen
Album
Svalbard turbilder
63 bilder
[31.03.2004 - 15.04.2004]
Vis album

Artiklar
Svalbard 2004 [20.04.2004]


©2001-2004 Breogfjellsport.no