Nordre- og Midtre Folgefonna
Pinsetur på Folgefonna
Målet for Folgefonn-turen denne gongen var blandt anna den midtre av dei tre isbreane Folgefonna - Midtrefonna. Det vart ein fint tur under ganske varierte forhold
Av Ragnar Fjeld 10.06.2006

Etter ein tur over deler av Folgefonna for nokre år tilbake, fekk vi lyst til å gå heile turen på langs. Då ville vi ikkje gå direkte frå Nordre til Søre-Folgefonna, men også gå innom den midtre av dei tre isbreane. Dette såg noko vrient ut på kartet, så vi posta eit spørsmål om dette på fjellforum. Etter lang tid fekk vi svar og det viste seg at dette nok kunne gå greit likevel, så då måtte vi bare ut på tur!

Pinsehelga passa godt for ein slik tur, men det vart fort konstantert at "på langs" tur denne gongen vart litt for langt tidsmessig. Den sørlege delen av turen hadde vi jo gått tidlegare, så det gjorde forsåvidt ingen ting. Underteikna og Alexander Jønsson satte så kursen mot Odda i kvar vår bil laurdag ettermiddag. Den eine bilen vart forlatt ved parkeringa til stien oppover mot Holmaskjær, mens vi fortsatte utover langs Sørfjorden. Så bar det oppover ein smal veg med overraskande god standard til den øvste garden ved Reisete.


Ved Reisete mot Veslefjell



Start frå Reisete

Vi fekk til slutt somla oss saman og pakka sakene ned i sekkane. Dei såg litt rart på oss folket på garden då klokka var passert åtte om kvelden og vi la avgårde oppover  - "Å, de kjem nok ikkje så langt opp på fjellet i kveld"  vart fotalt oss på Hardangermål. Det stemte forsåvidt også, og noko anna hadde vi heller ikkje rekna med. Verre var det kanskje at ruta oppover og inn på breen var litt uklar for oss, men etter litt kartkonferering fann vi snart ut kvar vi skulle ta vegen. Det var bløtt oppover, men greit å gå langs ein utydleg sti. Skia var på sekken heile tida og det var først ved 1000 moh vi traff dei første snøfennene.  Då vi endeleg kom opp på flata under Veslenut, venta vinden på oss. Skikkeleg kald vestavind med sludd og sikt på 50-100 meter. Teltet vart satt opp i snøen bak ein liten kolle, i le for vinden. Middagen skulle på panna, men så enkelt var det ikkje skulle det visa seg. Kva var galt med primusen? Heldigvis viste det seg at MSR Dragonfly-brennaren som oftes er å stola på, det var bare å få smurt opp pakningen på pumpa, så gjekk det heile for full guffe. Middag vart det iallefall og vi fekk testa ut konseptet med "Boil-in-bag"-ris, forøvrig noko som ikkje var heilt idèelt på tur.




Ryggen opp til Veslenut



Opp til breen vest av Rjuven


Litt bratt nedover mot Kvitnadalen




Over Nordre- og Midtre Folgefonna

Ein hyggeleg, men sein kveld og ei noko kald natt i sommarsoverposar, vart til ein sein morgon i teltet. Det gjorde lite, då det ikkje var særleg tegn til at skyene skulle letta før utpå ettermiddagen. I tolvtida gjekk vi oppover ryggen på Veslenut til fots og fann enkelt ruta inn på breen litt vest av Rjuven. Litt av og på med skia vart det, men det låg bra med snø. Skydekket og sikta varierte og til tider var det definitivt godt hjelp i gps'en. Det var altså lite å sjå frå Nordre Folgefonna og etter ein kort lunsj, tok vi fatt på nedturen. Vi rota litt ved punkt 1472, men såg etter kvart at vi burde halda høgden rundt. Her var det også skispor etter ei gruppe som passerte 1-2 dagar før oss. Vidare skulle vi ned til Kvitnadalen og dette var vi ganske spendte på. Skydekket tetta seg igjen til, men vi kom etter kvart under dette og tok oss greit nedover. Snøen var som slusj lenger nede og det einaste som fungerte var horisontal gange nedover med skia. Det siste stykket var bratt og her tok vi av skia og tråkka gode spor.

Nede i Kvitnadalen sattes kursen straks oppover dalen. Snøen byrja å lave ned og vi venta stadig på at skyene skulle letta, slik metrologane hadde lova. Vi gløymde å fylla på vassflaskene nede i dalen, men fann heldigvis eit vannsig lengre oppe. Flanken vi skulle ta oppover mot Midtrefonna såg vi ganske raskt og vi tok oppover denne. Litt brattare enn det først kunne sjå ut til, men det var greit å ta seg opp. Så var det bare å traske over breen og sanneleg så letta ikkje skyene også i kveldinga. Etter ein lang dag på tur, vart teltet satt opp på sørsida av breen, og ein bedre middag kunne nytast. Litt småfrysing i posen om natta, men litt ekstra ulltøy - og litt sjokolade - gjer underverker.






Utsikt mot Hardangervidda
 

Sol og super dag på breen

Vi ga opp forsøket på å stå tidleg opp. Litt før ni var det varmt i teltet og på tide å koma seg ut i finvèret- Skyfritt og sol! Frokost ute med utsikt mot Hardangervidda kunne omtrent ikkje ha vore betre. Litt over ti tok vi fatt på siste del av turen - bort til Holmaskjær. Det viste seg å vera enkelt terreng og greit å ta seg fram på breen. Oppe på turisthytta møtte vi på nokre karar som hadde tatt seg ein morgontur heilt sør på fonna og så tilbake igjen - på raskt skiføre. Då det lei utpå dagen, vart snøen igjen ganske slusjaktig på turen nedover mot Odda. Frå 1350 moh tok vi skia på sekken og rusla nedover den flotte stien. Skikkeleg sommarvarme!





På veg frå Midtrefonna til Holmaskjær



Utsikt frå Holmaskjær mot Midtre- og Nordre Folgefonna





På ski nedover mot Odda




Kartskisser og ruteskildring

Ruta vi gjekk er innteikna for hand på karta nedfor, så det er ikkje heilt nøyaktig og detaljnivået er avgrensa. Området er ganske "villt" til tider og er kanskje litt meir "knotete" enn det kartet indikerer, så det gjeld å vera særdeles obs ved nedsatt sikt. Vi hadde med breutstyr, men gjekk turen utan bruk av tau. Det kan godt hende at taulag er nødvendig visse delar av denne ruta under andre forhold. Turen om Midtre- Folgefonna er kanskje for dei mer interesserte, då det er betrakteleg lengre enn å gå direkte frå Nordre- til Søre Folgefonna, slik ofte  "Folgefonna på langs"- turar gjer.

Vi starta frå frå Reiseter, ca 400 moh. For å komme hit, kjører du f.eks. til Odda og så vidare eit stykke langs Sørfjorden. Parkeringsplass ved den øvste garden. Vidare på til dels utydeleg sti oppover, nokre gamle merker her og der, men stort sett samme trasè som er innteikna på kartet. Opp veslenuten gjekk vi til fots på sjølve ryggen og det var enkelt. Bort til liten kolle og delvis rundt denne. Ned til vatnet og vidare oppover mot punkt 1490. Enkelt inn på breen (Nordre Folgefonna). Ved motsatt ruteretning, ver obs på skavler ved vatn 1351.

 

Etter å ha passert høgste punkt på Nordre Folgefonna, tok vi retning på høgda 1635 og kjørte så nedover mot høgde 1472. Her havna vi først litt for langt oppe og det viste seg at det enklaste var å halde høgda rundt kollen ved å krysse ei skrå side, noko som ikkje var så enkelt å sjå i tåka. Etter å ha runda toppen, tok vi av den "vanlige" trasèen og fulgte ein snøbakke nedover mot Kvitnadalen. Gradvis litt brattare og relativt bratt heilt nedst, akkurat der bekken svinger nedover. Her tok vi av skia og gjekk ned eit stykke. Bratt fjellvegg rett ovanfor, så evt skredfare må vurderast (det meste var smelta/rast vekk då vi passerte).

Vidare oppover Kvitnadalen i kanten av eit vatn og så opp i skaret. Herfrå er det ein slags flanke som strekk seg oppover i sørleg retning og denne er godt synleg. Det var greit å ta seg opp denne til Midtre Folgefonna på ski, men kanskje ein liten tanke brattare enn det først såg ut til

 



Etter å ha gått over Midtre Folgefonna, kjørte vi ned til enden av breen. Herfrå holdt vi omtrent 1400 meterskurva rundt ein liten topp. Greit å ta seg ned på til breen igjen og så tok vi den slakaste vegen oppover mot Holmaskjera. Det var ingen problem å ta seg opp her. Frå Holmaskjær var det stikka/merka rute ned til Odda. Frå Holmaskjær er det også ganske vanleg å fortsette vidare over Søre-Folgefonna, men det gjorde vi ikkje på denne turen

Turen dekkes av M711 kartet  "Odda" eller turkart "Folgefonna", begge 1:50 000

Turdato: 03-05.06 2006

Alle foto: Alexander Jønsson og Ragnar Fjeld. Kart: Statens Kartverk

Relatert til artikkelen


Midtre Folgefonna



Utsikt mot Hardangervidda



Mot Holmaskjær



Holmaskjær



Utsikt frå "Øvste kvilebu" mellom Holmaskjær og Odda



Utsikt frå fjorden oppover stien mot Holmaskjær


©2001-2004 Breogfjellsport.no