Informasjon om blåisvandring
Vandring på blåis er ei fin oppleving. I Norge har vi mange storslåtte brefall som det er mogleg å ferdast i. For å ferdast er det nødvendig med breførar eller at ein tar seg eit brekurs
Av Ragnar Fjeld 16.02.2005

Bli med på blåisvandring

Å gå i blåisen er ei fin oppleving. På mange norske breer er det daglege turar med erfaren guide i sommarsessongen. Slik føring har lange tradisjonar i Norge og er ein utruleg fin måte å oppleva breen på.  Du får også prøvd litt tøft utstyr, som stegjern, isøks og tau. Viss du finner ut at breaktiviteter er noko for deg, kan kanskje eit brekurs vera tingen. Her får du både kunnskap og opplevingar.
 
Kven kan bli med på blåisvandring?
Du treng ikkje å vera i spesielt god form for å bli med på ei dagsvandring i blåisen. Blir du med på ein guida bretur, så er ingen spesiell erfaring nødvendig. Breføraren tar seg av alt det sikkerhetsmessige og sørger for at det blir ein trygg og opplevingsrik tur. Brevanring passer også for barn frå 10-12år og oppover (Meir krevande turar har ofte 15års aldersgrense)
 
Litt praktisk
Det er viktig å ha gode fjellsko (kan ofte leigast) og god fjellbekledning. Det er forholdvis kjølig på breen, ta difor med lue og vottar. Husk også solbriller og fotoapparat. Det er ikkje tilrådeleg å drikke vatnet på breen, så stor vannflaske er lurt å ha med. Ein stor nistepakke bør ein også ta med seg.
 
 
 
 
Pris
 
Dei ulike breførerselskapa fører litt ulike priser. Ein dag på bre (2-4t) koster typisk frå 250-500 kr pr person. Lengre turar er generelt dyrare, men det er mogleg å få rabatt for grupper (og familiar).
 
 



Innhold
Breføring i Norge
     Informasjon om blåisvandring

Relatert til denne sida

©2001-2004 Breogfjellsport.no