Landmannalaugar - Þórsmörk (Laugavegurinn)
Populær fottur på Island
Island – sagalandet med vulkanar, varme kjelder, store fossefall og Geysir. Det er utruleg inspirerande å gå på tur i denne kontrastfylte naturen. Laugavegurinn er ein superklassisk tur gjennom eit surrealistisk landskap, der heile fargespekteret er representert. Alt frå kruttsvart sand til brunskimrige sanddyner, irrgrøne sletter, blåis, fjellblomar og krittkvit snø. Bli med på ein flott liten fjelltur på Island
Av Ragnar Fjeld 05.09.2004
Laugavegurinn
 
Laugavegurinn er Islands desidert mest populære fottur, der den går frå Landmannalaugar i nord til Þórsmörk i sør. Det er ikkje utan grunn at Lonely planets bok ”ICELAND” (2004)  beskriv turen som ”One of the worlds greatests hikes”. Det er verkeleg ein fin tur! Motstykket til turistforeningen i Norge, Ferðafélag Íslands, opplyser om at turen er like populær blandt tilreisande som Islendarane sjølve. Sessongen er frå midten av juni til utpå hausten.
 

Utsikt mot Landmannalaugar

Landmannalaugar

Etter å ha kjørt vestover frå Skaftafell nasjonalpark på ringveg 1, bar det med Landroveren innover mot Landmannalaugar på ein heller lang og spanande veg. 10–12 elvekryssingar og adskillige kilometer seinare, openbara den fantastiske Islandsnaturen seg med full tyngde. Landmannalaugar låg i enden av ei enormt elvedelta, kloss oppi eit stort lavafelt. Fjella var brunaktige og ulikt noko anna eg har sett. Eg kunne nesten ikkje la sjansen gå frå meg. ”One of the worlds greatests hikes” lokka med formidabel kraft. Det måtte bli ein improvisert tur i denne enorme naturen. Sidan min reisekammerat ikkje var så veldig begeistra for å gå ein slik tur, så måtte det bli åleine. Utan å ha proviantert med tanke på tur, kunne det bli ein interessant tur. Klarte til slutt å skrape saman ein skinkeboks, 1 pakke pasta, ein pakke pannekaker, eit tørt brød, litt pålegg og 1 sjokolade. Det skulle holde for 2-3 dager. Sidan ruta går høgt til fjells tok eg med meg godt med varme klær, samt utstyr til å evt kunne tilbringe ei natt under open himmel om nødvendig. Teltet blei lagt igjen fordi eg då måtte ha tatt med gryter, brennar mm. som ville gjort sekken endå tyngre.
 

Trollsk landskap ovanfor Landmannalaugar
 

Landmannalaugar-Hrafntinnusker

Etter ein fin kveld med bl.a. avslappning i den fine varme kjelda ved hytta på Landmannalaugar, blei det natt og etter kvart morgon. Det var tydeleg at mange av turistane var frå alpene. Her var det opp å avgårde i fem-tida. Drøya det litt lenger for min del og gjekk ikkje før klokka var 9. Ingen grunn til å haste avgårde. Gjennom lavafeltet og oppover mot røyken frå nok ein varm kjelde. Vidare bar det oppover slake bakkar opp til eit platå. Med heile fargespekteret representert, var utsikten bare utruleg. Dette må vera eit av dei finaste områda på Island, eller kanskje i heile verda. Oppe på høgfjellet var det mindre vegetert og snøen kom gradvis. I 1100 meters høgde var det ganske mykje snø. Tåka kom også sigande og eg fekk raskt inntrykk av å vera ”høgt til fjells”.

Hrafntinnusker og isgrotter

Litt over 3 timar tok til Ferðafélag Íslands’ turisthytte Hrafntinnusker innpå fjellet. I det litt sure vèret blei eg invitert inn av den hyggelege hyttevakta. Ho hadde mykje å fortelje om området og var også veldig interessert i Norge, etter å ha arbeida der 1 år. Hyttevakta var litt i tvil om vèret var godt nok til å gå åleine bort til Isgrottene, men med lovnad om å vera forsiktig så ville eg prøva. Det er bare 1 1/2km bort til desse grottene, som er danna av varme kjelder under ein lite isbre. I tett tåke er det ikkje ein stad å gå sidan det ikkje er nokon referanse på breen/snøfelta som går ned og endar i eit drop på 10-20meter. Heldigvis var ikkje tåka så tett og eg såg lett kor eg skulle gå. Det regna godt frå taket i isgrotta i det eg ”lista” meg inn. Eit flott syn der inne, men ikkje ein blivande stad. Flott var det iallefal. Utanfor var det fleire oppkommer med kokande vatn!
 

Isgrotte
 
Hrafntinnusker – Álftavatn
 
Eg hadde planlagt å gå til Álftavatn, for å kunne gå heile turen på 2 dagar. Difor bar det straks vidare ut over ei enorm ”vidde”, også her med fantastisk fargefulle fjell. Her var det mange elveløp som hadde forma landskapet og resultatet var mange små opp og ned pasasjer. I det karrige landskapet var det få vekster, men gradvis endra dette seg. Etter kvart kom det fleire store grupper i motsatt retning, bl.a. ei speidargruppe frå Norge. I det som til tider såg ut som ørkenlandskap fortsatte eg på den ”breie stien” mot Álftavatn, det er tydelege spor etter folkeferdselen. Likevel framstår landskapet her som heilt urørd. Ikkje nokon inngrep av noko slag var å sjå før Álftavatn. I det skiftande vèret kom det etter kvart ei skikkeleg regnbyge. Den litt spesielle leira på bakken blei til tider meget glatt! I bakken nedover mot Álftavatn passerte 3 syklistar med lett oppakning. Dei såg ut til å ha ei stri tørn på sykkelsetet. Ei elv måtte vadast lenger nede, noko som tok litt tid. Det siste stykket før hytta gjekk unna i ein fart og det varte ikkje lenge før eg var framme. Området rundt Álftavatn er ein ”grøn oase”. Ein fin kveld blei tilbrakt på hytta, som på ingen måte var full. Utanfor låg det 15-20 stk i telt.
 
Frå ruta mellom Hrafntinnusker og Álftavatn
 
Álftavatn - Emstrur (Botnar)
 
Dagen starta med to elvekryssingar før det bare vidare oppover mot Hvanngil, ein stad der det også er turisthytte (nyare enn Álftavatn) . Vidare gjekk her stien langs vegen eit stykke – det går veg inn til både Álftavatn og Hvanngil. I det eg skulle til å vada over ei heller stor elv, blei eg tatt igjen (!) av 3 Islandske jenter som gjekk nøyaktig samme tur. Dei skulle få henga seg på ein bil som skulle over. Ein typisk Islandsk 4x4 kjøredoning med store hjul kom kort tid etter. Med føtene på stigbrettet og hendene med eit fast grep på takbøylen bar det over elva. Ei ganske fornøyeleg oppleving. Vidare mot Emstrur og Þórsmörk fekk eg tilbod om å gå ilag med desse Islandske jentene, som var frå Selsfoss og Reykjavik. Dei viste seg å vera veldig hyggelege. På hytta ved Emstrur laga dei til ein meget god pastablanding. Eg hadde eigentleg kun sjokoladen min til lunsj denne dagen, så det passa ganske fint.



Ragnar Fjeld

Utsikt mot Mýrdalsjökul

Emstrur (Botnar) – Þórsmörk
 
Den siste etappen mot Þórsmörk var både lang og fin. Først blei ei stor breelv kryssa på bru før det bar vidare nedover. Heile tida var det fin utsikt til breen Mýrdalsjökul. Sola titta også fram etter kvart og det var herleg etter regnvèret tidlegare på dagen. Det er ei langstrakt utsikt nedover mot Þórsmörk og til tider kan ein nesten lura på kor langt det er igjen. Elva Þröngá måtte vadast før ein kom inn i det frodige området rundt Þórsmörk. Her er det ”ekte” skog, noko som det er lite av på Island. Dei siste bakkane over mot Langidalur i Þórsmörk var litt tunge. Eg hadde fått tilbod om å sitte på ut til Hella, men eg fann til slutt ut at eg heller ville slappa av på hytta den kvelden og ta ein dusj, for å så ta bussen dagen etter. Tidleg neste dag stod eg opp å gjekk til Husadulur, ca 20 min frå Langidalur, og tok bussen ut til Hella, der Islandsturen fortsatte med bil.
 
Alt i alt, ein kjempetur!
Relatert til artikkelen
Album
Fottur på Island
45 bilder
[02.07.2004 - 05.07.2004]
Vis album

Fakta Laugavegurinn

Laugarvegurinn går frå Landmannalaugar til Þórsmörk på Island. Dette er ein svært populær fjelltur med enorme kontrastar. Turen er ganske lett, iallefall i fint vèr. Imiddlertid skifter vèret fort og det kan bli veldig surt.

Turbeskriving
Det er vanleg å bruke 2-4 dager på ruta, alt etter form og forhold. Ferðafélag Íslands har ei fin webside med god forklaring av sjølve ruta, inkludert gps posisjonar.
Gå til Ferðafélag Íslands

Iceland travel guide (www.nat.is) har også ein fin oversikt over rute, inkludert bussruter og oversiktskart
Gå til Iceland travel guide

Kart
Landmælingar Íslands har eit turkart som dekker turen, som er ganske bra, i målestokk 1:100 000. Det er fordelaktig å ha med kart sjølv om ruta er godt merka.
Meir om kartet
Gå til Landmælingar Íslands



Overnatting
Ferðafélag Íslands har 5 hytter på turen:
Landmannalaugar, Hrafntinnusker, Álftavatn, Hvanngil, Emstrur (Botnar) og Langidalur (Þórsmörk). Overnatting på desse koster 1600-1700 ISK for ikkje medlemmar og 1100-1200 ISK for medlemmar. DNT medlemsskap gjer lik rabatt som for Islandske medlemmar, men ikkje alle hyttene er klar over det. Husk å ta med medlemskortet! Det kan vera nødvendig å førehandstinga overnattingar på hyttene, dei kan ofte vera ganske fulle. Likevel har eg inntrykk av at hyttevaktene stapper inn "alle" viss det er nødvendig.  
Gå til Ferðafélag Íslands


Hyttene har radiokontakt seg mellom, så spør på første hytte om status på dei andre hyttene

Alle hytter har hyttevakter, henved deg til denne ved ankomst. Kjøkkenutstyret er meget sparsommeleg, ta med ting som bestikk, tallerken, boksåpnar, litermål, stekespade og visp. Det er iallefall gryter, gassbluss og andre småting.


Overnatting i telt koster 500/600 ISK ved hyttene og inkluderer bruk av sanitæranlegga (men ikkje hytta). Telting utanfor hyttene kan kun skje ved avtale med vernemyndighetene (sidan området er verna) og det koster uansett 600 ISK pr. overnatting for å få lov til dette. Sjekk ut dette på førehand!

Transport
Det går buss inn til Landmannalaugar og buss ut frå Þórsmörk om sommaren. Det blir nytta kraftige bussar som tar seg fram meget godt og som kan krysse strie elver. Desse er ein del av eit landsdekkande bussnett, som korresponderer seg mellom. Små distanser er forholdvis dyre, lengre distansar ikkje så mykje dyrare enn korte. Det er mogleg å kjøpe ulike busspass for rundturer mm. Sjekk ut dette på www.bsi.is.

Til Landmannalaugar går buss nr 11/11a frå Reykjavik (BSI terminalen) og frå Skaftafjell. Selskapet som kjører heiter Austurleid, www.austurleid.is. Sjå også www.bsi.is.

Det går også ei rute frå Myvatn til Landmannalaugar, rute 14. Sjå www.austurleid.is

Frå Husadulur i Þórsmörk går det buss 2 gonger dagleg i kvar retning om sommaren. Sjå rute 9/9a på www.austurleid.is. Bussen går ikkje direkte frå Langidalur der turisthytta er, men frå Husadulur (privat turisthytte)

For bussoversikt, sjå også
Iceland travel guide si side om Laugavegur

Inn til Þórsmörk og Landmannalaugar er også 4x4 terrengbil eit alternativ. Å krysse elva inn til Þórsmörk kan vera svært krevande. Sjekk forholda med vegmeldingssentralen på tlf. 1777. Vegen til Landmannalaugar frå vest har grei standard og her kan ein "vanleg" og robust bil nyttast under gode forhold. (Utan 4x4 må du parkere eit stykke frå hytta pga ei elv like ved). Frå aust er det ein fin tur med 4x4 terrengbil.

Det er også mogleg å sykle på mange av fjellvegane, men det kan vera ganske slitsomt og tungt. Husk at det er lange avstandar. Ein god 'mountainbike' er nødvendig.
 

Andre turar i området
Frå Þórsmörk kan ein fortsetta over fjellet til Skogàr. Dette skal vera ein meget fin tur, og kan kombinerast med Laugavegurinn. Frå Skogàr går det også buss (er like veg ringveg 1).
Sjekk ut Ferðafélag Íslands' beskriving av denne turen

Andre nettressurser
Outdoors.is
Fjalamennska.is

Tips oss om eventuelle feil. God tur!








©2001-2004 Breogfjellsport.no