Flotte fjell på Sunnmøre
Molladalen
Molladalen - den sagnomsuste og særs kjente dalen på sunnmøre - skulle endeleg bli tatt i nærare ettersyn. Det blei ein helt fantastisk tur der dei fleste toppane fekk seg eit besøk. Det syltynne bladet blei også erobra og det var eit utruleg kick å stå på ein fot på den litle toppsteinen. Utsikten i den ville Molladalen og på toppane kan nesten ikkje måla seg med noko anna. Det er bare den perfekte staden å vera!
Av Ragnar Fjeld 18.08.2003
Molladalen er ein dal inn av Barstadvik, nokre mil sør for Ålesund. Dalen er omkransa av vakre og ville toppar ulikt det meste av andre fjell me finn i Norge. Fjellmasivet er mest kjent for "Bladet", som er ein svart tynn pinnakkel. Klatremessig er dette også eit svært kjent stad, og det er mange klassiske ruter. Nede i sjølve Molladalen ligg Storevatnet og tilbyr gode teltmoglegheitar, i tillegg til god utsikt opp mot toppane. PGA at det er eindel folk her kvar sommar er det viktig å ha så sporlaus ferdsel som mogleg. Ta alltid med søppel og andre uting med ned igjen!  
  
 
 
  

Logistikk
 
Det heile starta med nitidig logitikkplanlegging. Å få 4 karer med sekker og utstyr frå forskjellige stadar på vestlandet og austlandet til Ålesund, til nokolunde likt tidspunkt, var ein ting. Transport måtte også ordnast sørover til Barstadvik. Det enklaste hadde sjølvsagt vore å kjørt opp til Ålesund, men utan bil går det dårleg. Det er også vesentleg raskare, og meir behageleg, å ta fly enn å tilbringe ein varm sommardag i bilen 
Ved å bruke den nyttige tenesta rutebok.no, samt braathens sine ruteopplysningar, fekk me lagt slagplanen. Fly frå vestlandet og autlandet landa med korte mellomrom på Vigra rundt klokka ni, derfrå inn til sentrum med første flybuss, inn på statoil for å kjøpe gass/parafin, vidare til rutebilstasjonen der ein ekspressbuss skulle gå sørover halv elleve. Ankomst Barstadvik klokka halv tolv, derfrå 5km vei inn til Barstadsætra, og tilslutt ca 700høgdemeter og 4-5 kilometer opp til Storevatnet. Sidan det nok hadde blitt tidleg morgon før me eventuelt hadde karra oss heilt opp i Molladalen, var planen å overnatte eit stykke etter sætra. 
   

Barstadvik = greie folk
 
Avreisedagen kom og siste dag på jobb nærma seg slutt. Logistikkplanen blei fulgt til punkt og prikke, men uforutsette ting dukkar sjølvsagt alltid opp. Likevel kom me alle 4 fram til Vigra på oppsatt tidspunkt, til tross for fulle fly og straumstans på flytoget. Litt over halv tolv rusla me oppover vegen i den vakre bygda Barstadvik. Sekkane var heilt fullt til randen med mat, 2 telt, 3 klatretau, friends, kiler og anna utstyr. Kanskje ikkje så rart at bonden som kjørte forbi oss syntes litt synn på oss og tilbød oss skyss opp til Barstadsætra. Men det var ikkje slutt på vennlegheita der. Då me spurde om egna teltplass lenger oppe i dalen, fekk me som svar at me heller kunne låne hytta hans, som låg like ved. Me kunne mest ikkje tru det var sant, og syntes nesten det var for mykje å tilby oss. Me takka og bukka for det generøse tilbudet, og fekk ei god natts søvn i den fine hytta.  
 
På veg oppover mot Jønshorn
 
Mektig syn 
Det tok si tid oppover bakkane til Storevatnet i Molladalen. Det var ein del lenger enn me hadde forestilt oss. Like før me kom opp i sjølve dalen la det seg eit tjukt teppe med tåke rundt oss. Det førte til at det var vanskeleg å vita kor me eksaktleg var, og me gjekk på måfå ei stund. Det lette ikkje før me nesten var oppe ved "Reidulf Steen", ein hidlar eit stykke opp frå den vanlege teltplassen. Synet av dei kvasse tindane som stakk ut av tåka kjem me seint til å gløyma. Det heile var utruleg mektig. Etter å ha beundra dei fabelaktige fjella, vandra me nedover mot det som seinare vart kalla "Den gylne savanne", ei grasslette ved nordenden av Storevatnet. Her vart teltleiren satt opp, før me la i veg oppover mot den høgste toppen av dei alle, nemlig Jønshorn. 
 
Leif Einar Støvern og Anders Hestmann skuer utover frå eggen opp mot Jønshorn
 
Jønshorn 
Turen oppover var verkeleg spanande. Her fekk me super duper utsikt, sol og i tillegg var humøret på topp. Me fekk også gleda av å følge med på eit klatrelag som var på veg opp søraustveggen, og det var også ganske interessant. Etter å ha loffa oppover i ca to og ein halv time, var toppen nådd. Her var det ganske luftig syntes enkelte, men det var bare kult. Det var også eit lite "hol" det gjekk ann å krypa gjennom viss den litt luftige passasjen ikkje frista. Nedturen til teltet ca 700 høgdemeter under oss var kjempefin. Eg trur alle var einige om at det er noko heilt spesielt med Molladalen. 
Ein lang dag var over, og regnbygene kom ikkje for fullt før me hadde fått spurta inn i teltet. 
   
  
utsikt bort mot den mest kjente og mest klatra pinakkelen i Molladalen. Dette er også Molladalens logo
 

Bladet 
Den eigentlege grunnen til at me var i Molladalen var for å koma oss opp på Bladet. Været var rett og slett strålande, og Molldalen viste seg frå si finaste side denne morgonen. Litt over 10 la me iveg oppover mot Mohnsrenna. Etter ca 1 time fekk med den ideen at me skulle prøve å finne renna som ligg til venstre for Mohnsrenna. Denne skulle vera litt brattare i starten, men ellers finare. Me tok derfor av mot venstre over ein skrå grasbakke, og ned i ei ny renne. Denne fulgte me oppover og tok til venstre opp på eit sva. Beskrivelsen passa ganske dårlig med det terrenget med gjekk i, men etter litt utforskning kom me då opp. Det var svært mykje lausmassar i renna, og det gjeld å vera forsiktig (Fleire av rennene har mykje og ustabil lausmasse) 
Alexander Jønnson balanserer på toppen av bladet
Det var eit mektig syn som møtte oss i det me kikka over kanten. Det knivskarpe bladet stod rett opp på ein tynn egg, med stup på den eine sida og ein bratt bre på den andre sida. Heilt øvst var det snø og forholdsvis greit å gå bort til foten av bladet, men sidan me var litt usikre på om det kunne vera sprekk mellom berg og bre, så gjekk me i tau bort. 
Klatringa opp på bladet var ganske enkel. 3 er klatring heilt til den siste delen, som sikkert kan vera 4\'er. Det var også heilt greit å sette gode kiler. Det var ein spesiell følelse å krabba opp på toppen. Etter å ha forankra med to slynger rundt toppen, kom den verkelege utfordringa; å stå på ein fot ytterst på ein flate (som ikkje er særleg flat) som måler 15x20 cm. Hjerta dunka ekstra fort i det eg prøvde å reisa meg opp og eg svimla bare eg prøvde å sjå framover. Til slutt fekk eg mot nok til å reisa meg opp og plutseleg stod eg der på ein fot, midt i dette fanstastiske og mektige landskapet, med svimlande høgder, majestetiske toppar, og blåskimrande brear. Det var ein nesten like god følelse å koma ned på "sikker" grunn igjen. 
Deretter klatra Leif Einar Støvern, Alexander jønnson og Anders Hestmann opp, og klarte med vekslande hell også å balansera utpå toppunktet. Alt foreviga på utallige bilder. Til slutt tok me med oss alle dei gamle slyngene på toppen, og firte oss ned. Igjen stod det då bare 2 slynger og ein skrukarabin. Dei som klatrar her bør nok vera flinke med å ta med (og kaste) gamle slynger på toppen. 
   
  
Anders Hestmann (t.v) og Leif Einar Støvern (t.h.)


Mohnstopp 
Etter bladet gjekk me opp på toppen Mohnstopp, som ligg like ved. Her er det 3 luftge passasjar som nokre sikrar med tau. Dette er spesielt viktig i dårleg vær/sikt og med større gruppe. I det fine og tørre været var det ingen problem å hoppa/klyva over dei utsatte punkta. Så var toppen der! Her møtte me 2 svenske klatrelag som kom opp ruta "1954" og "sofaruta". Utsikta var upåklageleg. Humøret var på topp då me rusla nedover Mohnsrenna, som egna seg svært godt for returen nedover. Kvelden blei brukt til å tilbereda ein god middag og til å nyte den fine kveldstemninga i dalen  
  

Randers topp og Kruttårnsrenna 
Dagen mål var Randers topp. Denne kan nås ifrå både Mohnsrenna og Kruttårnrenna, men sidan me allerede hadde utforska førstnemnde, blei det til at me gjekk opp mot Kruttårnrenna. Å finna inngangen til denne var ikkje heilt lett, men me kom oss likevel ganske raskt oppunder kruttårnveggen. Her låg også pinakkelen som går under namnet "H3", som straks blei vurdert til å vera eit fint klatremål. Oppover i sjølve renna var det svært laust, og til tider var det heilt essensielt at kun 1 person gjekk om gongen. Her må det utvisast stor forsiktighet! Oppover til toppen var det lettgått terreng. Været var litt overskya, men det la ingen dempar på den imponerande utsikten. Det er nesten tøffare å sjå ruvande pinakklar stikke ut frå tåka, samanlikna med finvèr. På veg nedover blei det tjukk tåke og regn; det er slik det er, og skal vera, på vestlandet! 

 
 

 
  

Skrenten bar
 
Høgt oppe mellom Mohnsrenna og kruttårnrenna ligg det nå ein nystarta bar. På nesten 1000moh, og med utprega utsikt samt uteservering, er dette noko for seg sjølv. Skrenten bar\'s spesialitet er sjølvsagt drinken "
H2O on the rocks", men menyen blir straks sprita opp når medbrakt drikke nytes. Eit besøk her er absolutt å rekomandera, og skulle du vera i tvil om vegen skal du her få eit godt råd; Gå opp i Mohnsrenna, på venstre hand vil du etter eit godt stykke få ein liten flate med gras (like etter bratt område), her tar du til venstre, fortsett over grasbakken og går vidare ca 20 meter. Bardisken vil nå stå rett framfor deg. Åpningstidene er som følger: Medio juni-prio september - 12.00-18.30. Ellers er den stengt. (sjå også bilde) 
  
 
 

Bamsemums 
Etter at den verste regnbøya hadde gitt seg, kom sola atter fram og idyllen råda rundt telta. Våre overvåkne blikk la straks merke til den auka aktiviteten i området rundt "Molladalen camping", som ber serpreg av å ha betrakteleg fleire teltinnbyggjarar og eit meir travelt liv enn hjå oss på den "Den gylne savanne". Dei "små" personane på den andre sida av Storevatnet blei etter kvart omtala som "rød-jakke", "blå-jakke", samt ukjente. Kunne dette vera nye forsyningar på veg til oss? Ein bestilling på Bamsemums (m/mums) hadde tidlegare på dagen blitt kringkasta ut i den vide verda, men var bodskapen verkeleg nådd fram i tide til rett mottakar? Til tross for vårt moderne samfunn, og det faktum at det svevar lavbanesatelitter fleire hundre kilometer over oss og, som med handhalte terminalar bare litt større enn ein vanleg nokiatelefon, kan formidla ein datastrøm til kva for helst anna punkt på kloden (nesten iallefall...red anm.), så hjelp det aldri så mykje når det visar seg at mottakars status er som følger: "mobiltelefonen er slått av eller befinn seg i et område uten dekning". Enden på visa blei iallefall at ingen bamsemums blei slukt av 4 sultne karar, og lærdommen er som følger: "Ta alltid med ein pakke Bamsemums". 
 
F.R.Y.S 
Grunnen til alt ovenfor var at ei spesiell gruppe var venta. Bak den mystiske forkortinga F.R.Y.S skjuler det seg ein gjeng særdeles tøffe og flotte jenter, som liker det meste av utfordringar anten det gjeld ekstreme turar, telemarkskjøring, ekspedisjonar, lange sykkelturar, havpadling, klatring eller aktivitetar av meir kunsterisk art. Uansett så viste det seg etter kvart at våre mistankar var rett. Eit stort Helsport Svalbard 5 telt stod solid tjora fast i det karrige landskapet, og middagsmaten såg ut til å vera klar der gjengen satt rett utanfor teltet. Vestlandshimmelen viste seg derimot ikkje frå si beste side, så det varte ikkje lenge før skybruddet var over oss og det blei ein våt tilbakemarsj. (Må bare beklaga at ingen av oss oppdaga at bmw hadde bursdag, gutta gratulerer på etterskudd :)) 
Dagen etterpå bar det på ny opp til Bladet, men først la Alexander Jønsson på veg nedover mot Barstadvik/Ålesund og tilbake til si suksessbedrift "Mesta" i Haugesund. På Bladet trossa FRYS-gjengen sterk vind og kraftige regn/hagl/tordenbyger og kom seg alle opp på toppen. 
Planen vår var egentleg å klatre på H3 nåla, men alle som ein pingla ut i regnvèret. "Ingenting er så galt at det ikkje er godt for noko", seier eit ordtak og Leif Einar Støvern fekk då også erfart dette då det plutseleg dukka opp små fjellrypeunger, som med nyinnkjøpt 300mm linse gav sylskarpe og flotte bilde. 
 
 
 
 
Vemodig farvell
 
Det var med litt vemod teltet blei pakka saman den siste dagen. Molladalen er verkeleg ein fin stad å vera, og det som er heilt sikker; det er ikkje siste gong dalen får seg eit besøk. Det mest aktuelle er å klatre klassiske klatreruter neste gong :) 
Etter å ha besøkt den lokale og ganske originale lokalbutikken, bar det med buss innover til Moa. Herfrå var det meir venting før flybussen tok oss ut til Vigra, for å så ta kveldsflya tilbake igjen. 
  
 
Relatert til artikkelen
Album
Molladalen
25 bilder
[18.07.2003 - 23.07.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no