Ekstremt bra tur
Tur til Hyeneshesten
Fire spreke ungdommar frå Norfjord Folkehøgskule bestemte seg for å bestiga Hyeneshesten. Denne toppen rager 1276 majestetiske meter over Nordfjorden og ligg svært utilgjengeleg til. Den einaste måten å koma seg til foten av fjellet er ved å ro båt ut Gloppefjorden og litt inn Hyenfjorden til Skjærdalen.
Av Leif Einar og Ragnar 22.10.2001
Hyeneshesten
 
I lang tid hadde me higa etter å nå denne toppen. Seint ein laurdags kveld la me derfor i vei i ein liten robåt, ein såkalt færing kalla ”Gloppen”. Målet var å koma seg inn Skjærdalen for så å bestiga toppen "Hyeneshesten" dagen etter.  Dette er ein topp som ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane.                            

I blikkstille vær satte vi i veg utover gloppefjorden. Mørket la seg over fjorden etter at bare halve distansen var tilbakelagt, og vi rodde i stummande mørke. Akkurat i dét vi svingte inn Hyenfjorden, oppdaga vi eit lys som raskt nærma seg oss med stø kurs. ”Hjelp, ein båt!”. Det blei nå kaos om bord i båten. Alle fomla etter lyktene, kor er dei, og korleis får ein slått dei på? Båten nærma seg. Avstanden var kanskje 30meter. Anders fant endeleg ut korleis han skulle få på lykta si. Den nærmande båten satte motoren i revers og gjorde ein krapp unnamanøver og klarte så vidt å unngå å treffe oss… 

Leif Einar Støvern og Anders Hestmann monterer ror og årer på "Gloppen"

        

                                             

Etter den dramatiske nestenulykka nådde vi endeleg Skjærdal etter ein  3 timars lang rotur. Vi satte nå kursen innover dalen mot Skjærdalsstøylen, i bekande mørke. Vi slo leir i utkanten av ein gamal setervoll. Her spiste vi pannekaker til kvelds og la oss ned i soveposane under stjernehimmelen.                                                      

                         

                    

                    

Den majestiske Skjærdalen om morgonen 21.oktober 2001
                    

Solglimt i vatnfall med mektige Skjærdalen i bakgrunnen
                                       

Anders Hestmann framfor ein liten foss på oppstigninga til Hyeneshesten. Sol og fint vèr!

Skjærdalen

Vi vakna opp til blå himmel og strålande sol. Det lova godt for fin utsikt. Litt over kl. 10 begynte me på oppstiginga mot toppen. Den første biten gjekk vidare innover den majestetiske Skjærdalen.  

Midt i motene hadde vi ein pause ved ein bekk. Sola laga her eit utruleg fargespel i vassdråpane. Då me kom over kanten, openbara det seg eit landskap svært likt det som er på månen. Dette er den einaste plassen i Noreg det eksisterer eit slikt landskap beståande av store mengder hard sandstein og sandsteinsfjell med tydelege spor etter Gjegnalundsbreens raske tilbaketrekking. Her i dette landskapet var rypene og vi den einaste formen for synleg liv, bortsett frå kartlaven da, som hadde slått seg ned på enkelte steinar. Ryper var det til gjengjeld flokkevis av.                                              

    

         

Toppen                                            

Toppen blei nådd litt over klokka 14. Her blei me møtt av ein formidabel utsikt. Her såg vi heilt til Stad og vestkapp mot vest og Jostedalsbreen i aust. Mot nord såg vi så langt som til dei høgtliggande Sunnmørsalpane og mot sør raga Gjegnalundsbreen og dei omliggande fjella. Toppen blei feira med cola og kvikklunsj.  Vi så også tilbake til Nordfjord Folkehøgskule på Vereide, som låg der som ein liten kvit prikk og vi tenkte: ”dit har vi lova å vera klokka 20”.                                                       

F.V.: Anders Hestmann, Aleksander Jønsson og Leif Einar Støvern på Hyeneshesten 1276MOH

Etter vel ein time på toppen var det på tide å starta nedturen. På vegen nedover traff vi på ein lokal rypejeger som dessverre ikkje hadde sett nokon ryper. Vi fortalte at vi hadde skremt opp utallige ryper på veg mot toppen. Rypejegern begynte då å le og sa ”jaja, då valgte eg feil område i dag då” . På veg ned var vi også innom ”Borga”, ein liten namnlaus fjelltopp som vi gav namn etter dens utsende, nemleg akkurat som ei borg.                                                      

Resten av vegen ned tok sin tid. Å gå raskt ned er verre enn å gå raskt opp. Før roturen tilbake, spiste vi middag ved båten i Skjærdal. Mens vi spiste og mørket falt på, dukka det opp eit vannvittig nordlys på himmelen. Nordlyset dansa over himmelen i både grønt, rødt og kvitt i alt frå formasjonar som dekka heile himmelen til små striper i horisonten. Dette fortsatte med same intensitet heile roturen. Så pausane blei mange for å nyte denne eineståande naturopplevinga. Eit stykke inn i Gloppefjorden knakk den eine av våre 4 årer noko som førte til redusert motorkraft det siste stykket. Klokka blei derfor langt meir enn planlagt før me nådde tilbake til skulen. Noko som ikkje førte til noko problem siden vi hadde gitt beskjed på vegen om at vi blei forsinka grunna tekniske problem og ekstreme naturopplevingar, kombinert med kraftig tidevannsmotstraum.                                                      

Dette var ein eineståande tur der naturen viste fram alle sine finaste og mest fargerike variasjonar på ein gong. Ein tur som denne er av slike som festar seg godt fast på netthinna i lang, lang tid.¨

(Oppsett av bilde/tekst oppdatert 12.08 2004)

Relatert til artikkelen
Album
Tur til Hyeneshesten
25 bilder
[20.10.2001 - 21.10.2001]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no