Finse-Haukeliseter
Tidenes påske på vestvidda
Det blei ein klassisk påsketur i år. Vestvidda frå Finse til Haukeli.Med mykje unyttig i sekkane, starta følget på 3 på vegen sørover. Det skulle bli tidenes påskevær og det blei mange og lange pausar for å nyte turen. Påskeegga frå Freia blei opna påskeaften, langt til fjells!
Av Ragnar Fjeld 20.04.2003, oppdatert 08.05.2003



På Finse var sola i ferd med å gå ned. Det ekstra lange NSB signaturtoget hadde mange påsketurister ombord, og var akkurat kome fram frå Bergen. På toget hadde eg gleda av å sitta ved siden av ein irakar som også skulle på påsketur, men han skulle til Oslo. Han likte ikkje snø så godt, og syntes nordmenn med ski på beina var modige. "Ali" kom til Norge for eit år sidan, og dreiv eigentleg ein antikkvar-butikk i Bagdad. No håpa han på å reise tilbake så fort som mogleg, og fortalde at folk hadde hatt det dårlig dei siste åra. Både pga Saddam, men også pga dei omfattane sanksjonane som ramma folket hardt. Han meinte det var difor amerikanarane var så upopulære; det var dei som hindra dei å få tak i livsnødvendige ting. No var han imiddlertid opptimist og hadde gode forhåpningar for framtida.
  

  


God mat

På stasjonsområdet stod turfølget mitt å venta. Thomas og Ingunn hadde kome dagen i førevegen, og laga til ein finfin leirplass eit stykke i retning mot Hardangerjøkulen. Med sola lågt på himmelen og Hardangerjøkulen bada i det fine lyset, bar det bort til teltet. Middagen blei (som vanleg må eg vel legga til) tilberedt med stor innsats og nøysom tilsmaking av "mester turkokk" Thomas. Eit rikt utval av eksotiske grønsaker og stofekjøtt, tørka og førebudd på eigehand, kombinert med ekte jasminris, stod på menyen denne dagen.  
  

   



Første etappe  

Klokka blei langt over 12 før me endeleg, etter ei sein natt og lang morgon, tok fatt på dagen etappe. Sola varma såpass at solkremen raskt blei tatt fram og ullskjortene bretta opp. Utsikta var det ingen ting å klage på, og himmelen var knall blå. Finse forsvann raskt i horisonten. Føret blei etter kvart ganske så treigt, og ein lengre lunsjpause var nødvendig for å kjøla oss litt ned. På toppen av Helvetesjuvet var utsikta utover Hardangervidda bare heilt fabelaktig; Milevis med opne, kvite flater. Rett på sida av oss ruva Hardangerjøkulen med sin glinsrande blåis i brefalla. Nedover bakkane var det skikkeleg "tryneføre" og med tunge sekkar blei det knall og fall nedover. Eit lite stykke etterpå, tok me "kvelden", og slo opp teltet. Dagens distanse blei 15 km av ymse grunnar.  

 
Thomas og Ingunn nyter den seine frukosten
  

Camp ved Helevetesjuvet

Neste morgon stod vi litt tidligare opp, men langtpå så tidleg som dei første som passerte oss. Allereie litt over 7 kom det nokon forbi teltbasen vår like sør for Helvetesjuvet (du var nok ikkje heilt aleine i Helvetesjuvet denne morgonen Lars...) Turen sørover gjekk som ein leik samanlikna med dagen før. Skareføret varte ganske lenge, og det tok kort tid på den mila bort til Kjeldebu. På vegen trefte me på 2 skottar, som no var på slutten av ein 2 vekes skitur. Dei hadde bare blå swix skismøring med seg (!) og dette hadde fungert supert den første veka. Dei siste dagane hadde det imiddlertid vore vått og plussføre. Dermed var skia ganske så bakglatte. Med rødt klister frå oss tok dei fatt på alle bakkane me nett hadde runne ned, forhåentlegvis med litt midre bakglatte ski  
  

Skispor
Dyranut

På Dyranut stoppa me for å fylle vatn, kjøpe meir solkrem og nye solbriller. Alt pga av det fine vèret. Den neste mila sørover mot Sandhaug gjekk unna i ein fei, og teltet blei slått opp like ved eit kvisteløypeskilje, nokon kilometer nord for hytta.  



Kvisteløype til besvær? 

Etter ein fin kveld i teltet, vakna me opp til fortsatt finvèr. Sidan me alle var overtyde om at kvisteløypa til Sandhaug gjekk rett fram og løypa til Rauhelleren gjekk til venstre, bar det i retning rett sørover. Etter ei stund skrådde kvistane mot vest. Kva slags løypetrasè var dette? Uten kvistekart eller inntegna vinterruter, var det bare å gjetta. Det viste seg å vera kvisteløypa til Hadlaskard, men det var eigentleg bare fint. Me hadde utrulege område heilt for oss sjølve. I løpet av dagen såg me 4 andre folk på ski, i tillegg til eit par snøcootre.   



Flott utsikt

På vegen ned til Hadlaskard var utsikta til Hårteigen og dei tøffe fjella rundt, overvelmande. For å ta inn den tid på den litt lengre trasèen me no måtte gå, blei det til at hytta blei valt som overnattingstad. Bergen Turlag hadde utstyrt sjølvbetjeningshytta utmerka, og det var på ingen måte trongt om plassen.  
   
Lang dag

Klokka ni dagen etter starta ein lang dag mot Litlos. Denne strekninga hadde me også omtrent for oss sjølve, og det var ein fin plass å gå. På Litlos var det ganske så folksomt, og her traff me då også andre kjente. Dagen var endå ikkje slutt, så me tok fatt på turen mot Hellevassbu. Føret over dei totalt 6km lange vatna sørover, var føret frykteleg treigt. Etter dette venta ein kraftig motbakke. På toppen av denne satt me å kosa oss med Freia sjokoladepåskeegg, mens sola gjekk ned over fjella og Litloshytta, som såvidt kunne skimtast 6,5km borte. 
 


Turisthytta Litlos



Under open himmel

Teltet blei kutta ut og det blei ei natt i det fri. Nattetemperaturen må ha vore fleire minusgrader, og kulden kjentes tilogmed inn i dei varme vintersoveposane. Temeperaturforskjellen på natt og dag var nok nesten oppe i 30 grader! Dei første skiløpararne frå Litlos passerte oss før me kom oss avgarde morgonen etter. Det skulle ikkje vera lovleg å "utnytte" skareføret på denne måten etter den laaaange turen vår på trått føre frå same stad. Bakkane mot Hellevassbu blei forsert og ein lang nedkjøring venta på oss. Så bar det opp igjen og kursen blei satt mot Haukeli. Totalt var det 30km å gå denne dagen, og siden terrenget er nokså kupert til tider, blei det ein lang dag før me kom fram til Haukeliseter. Det går først ganske langt nedover, men så går det oppover igjen i ein lang bakke, før den eksepsjonelt lange nedkjøringa til Haukeliseter tar til. Dette blei ikkje heilt lett med tunge sekkar, men med ei blanding av ploging og veldig forsiktig telemark kom vi då oss ned. Den siste bakken var spesielt vanskeleg i den rotne snøen.  




 
 
  
Haukeliseter

På Haukeliseter vaia det norske flaget fint i vinden, mens Kitesurferane lekte seg på vatnet rett nedfor. Det blei tid til ein liten matbit før Haukeliekspressen brakte meg mot Haugesund og (etter ein litt lang stopp...) vidare til Stavanger.   


 
Turen over vestvidda, frå Finse til Haukeli, tok 5 dagar. Då tok me det ganke med ro ein del av dagane og hadde forholdvis mykje (unyttig) i sekkane. Lenge hadde eg eit mål om å ikkje bruka jakke, vottar, hue eller andre "ekstra" klær frå sekken. Dette måtte eg gje opp den siste dagen då me overnatta under open himmel, men det forteljer sitt om været som var på turen. Sjølvom nesten ingenting av sekkens innhold blei tatt i bruk, er det uansett godt å veta at ein klarar seg sjølve om uvèret skulle koma! 
  


Det norske flagget vaier i den lette brisen ved Haukeliseter 
 

Relatert til artikkelen
Album
Påsketur over vidda
22 bilder
[15.04.2003 - 20.04.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no