Frå fjord til fjell
På tur rundt Utladalen, Jotunheimen
Utladalen er kanskje ein av dei villaste dalane her til lands. Dalen er omkransa av nokre av dei høgste fjella i Norge og her finn du også Vettisfossen med sitt utrulege fall
Av Ragnar Fjeld 10.08.2006, oppdatert 28.01.2007

Det var i slutten av juli, nærare bestemt 25.juli, at eg til slutt kom fram til Hjelle utanfor Øvre Årdal, etter ein lang kjøretur frå vestlandet. Sekken vart pakka med det mest nødvendigaste, samt telt og primus. Planane var ikkje heilt klare, så eg tok det meste på sparket. Klokka nærma seg 4 i det eg gjekk avgårde, så eg fekk no sjå kor langt eg kom i løpet av ettermiddagen

Først bestemte eg meg for å gå opp til turistgarden Avdal. I varmen var det godt å få litt påfyll av vatn. Tenkte så å gå opp på stien mot Stølsmaradalen. Etter endå fleire høgdemeter oppover, flata det ut og eg gjekk på ein måte på eit platå langt over dalebotnen. Traff forøvrig snart på eit par turistar som tydelegvis hadde lagt ut på ein kanskje litt for lang dagstur. Dei såg rimeleg trøtte ut etter å ha gått opp frå Vetti og det var framleis eit stykke for dei ned til Hjelle igjen.


Stølsmaradalen
Eg kom meg i løpet av kvelden heilt fram til den fantastiske Stølsmaradalen. På den vesle turisthytta var det eit par familiar som hadde gått inn frå Avdal. Etter eit svært forfriskande bad i elva (ver litt obs med tanke på strømmen), så fekk eg opp teltet på ei flott grasslette like ved.

Eg vakna til lyden av den skummande elva og den friske fjellufta i Stølsmaradalen. Sola steig opp og skyene trakk seg unna; For ein flott dag i denne utrulege naturen!

Etter kvart kom det tuslande ein vandrar som hadde tilbragt natta oppe ved Snørestedet, mellom Midtmaradalen og Stølsmaradalen. Seint om kvelden hadde han mista stien, då den er ganske usynleg til tider i dette området. Sjølv om planen var å gå fram til hytta, var det ikkje så farleg, han var godt utstyrt.



Underteikna (Ragnar Fjeld) på Store Midtmaradalstind


På toppen av Store Midtmaradalstind. Legg merke til boksen med toppboka. Storen i bakgrunnen


Store Midtmaradalstind (2056 moh)

Då denne turen ikkje var planlangt i det heile, og eg hadde gløymt å ta med/sjå i toppboka "Norges topper over 2000m", så viste eg lite om toppen. Ut frå kartet såg det ikkje så veldig vanskeleg ut, så det var bare å prøve seg. Det var litt mobildekning i området, så eg gjorde eit kjapt google søk, og fann ut at toppen burde vera overkommeleg.

Det var eit godt stykke oppover til toppen, først eit langt, langt stykke slakt oppover. Så litt klyving til fortoppen, ned over eit snøfelt, og så litt enkel klyving igjen til topps. Du all verda for ei utsikt der oppe! Med flotte tinder, isbrear og djupe dalar i eit 360 graders panorama. Borte på Store Skagastølstind kunne eg høyra taulagsropa, så rolege var det på toppen! Varmt var det også og heldigvis var det ein snøsmeltebekk like under toppen. Sjølve toppen byr på ei toppbok og kasse lagt ut av sjølvaste Anders Heen for mange, mange år sidan.



Midtmaradalen


Midtmaradalen - bandet

Eg returnerte tilbake til omtrent like ved Snørestedet og tok så fatt på nedturen til Midtmaradalen. Også dette er ein svært flott dal. Denne delen av Hurrungane er det svært få som legg turen sin til, så eg hadde dalen "for meg sjølv".

Eg hadde lenge lurt på denne stien som går ned frå Hytta på bandet (Skagastølsbu) og ned til Midt Maradalen. Hadde høyrt at den var litt utsatt/vanskeleg og eg fekk veldig lyst til å sjekke den ut. Telt og utstyr la eg igjen og så var det bare å loffa innover dalen. Det var eit stykke opp dit og eg gjekk å tenkte på førstebestigninga til Slingsby på Storen, då tok han faktisk denne vegen og vidare opp breen. Idag er breen betrakteleg mindre, så det er nok litt vanskeleg frå denne kanten.

På avstand var det vanskeleg å sjå kor stien skulle gå oppover mot Bandet, men når eg kom nærare viste det seg enkelt at det var først heilt til høgre, så gradvis heilt over til venstre. Det var også restar etter t-merker. Det første partiet var enkelt å passere, over eit svaberg med gode tak. Lenger oppe var det også svaberg, men her var det litt meir utsatt. Her ligg det også restar etter ein gammal wire. På grunn av eit vannsig var det også litt vått, men eg kom meg greit over første del. Med tung sekk ville eg nok vurdert behovet for å sikre. Vidare var det lett klyving, der det hadde vore fordel å ha vore to personar for å få eit lite "puff". Det såg ikkje så veldig vanskeleg ut, men eg såg ingen poeng i å gå lengre enn det eg hadde gjort. Eg tok samme veg tilbake og var kjapt nede i Midt Maradalen igjen.


Det mest "utsatte" punkte tpå veg opp mot bandet. Frå høgre bildekant og over mot venstre, deretter opp på skrå mot høgre igjen på sva


Mi meining er at ruta Bandet-Midtmaradalen er framkommeleg, men at ein bør vera stødig på foten for å gå ned der, spesielt med tung sekk. Sikring kan vurerast, i alle fall å ha med ein taustump, det er ein godt hjulpe med. Det kan hende det er enklare når det ligg meir snø i skråninga. I vått vêr kan det vera temmeleg sleipt ser det ut til.



Ned i Utladalen og opp igjen

Etter å ha henta sekken, bare det vidare nedover i Utladalen. Her var det ikkje så lett å følge stien først, så eg havna inn i bjørkekrattet eit par gonger. Lenger nede var det også temmeleg bratt! Imidlertid lite problematisk å ta seg ned, sidan det bare var å ta tak i greiner å sno seg ned. Klarte å miste vassflaska mi på turen ned, og difor var eg vannvittig tørst då eg endeleg var nede ved Utla. Det smakte godt ja! Vidare oppover i Utladalen var det tett vegitasjon til tider. Stien var ikkje så veldig tydeleg, men sidan det hadde gått ein del personar i løpet av sommaren, var det ingen problem å finne fram. Overgangen frå å stå på Store Midtmaradalstind til å gå ned i ville Utladalen var spektakulær. Eg kryssa over elva like sør for Vormeli og tok så fatt på oppoverbakken til Skogadalsbøen. Ein god kilometer derfrå kom eg innpå stien og kunne rusle bort til turisthytta for ein bedre middag.


Underteikna (Ragnar Fjeld) nede i Utladalen. Utla i bakgrunnen


Herleg avsluttning

Turen ned frå Skogadalsbøen gjekk på austsida av Utladalen. Eg passerte det enorme vassfallet Vettisfossen, med eit fritt fall på 275 meter! Fantastisk å sjå på. Stien ned til Vetti var ganske bratt, men nokså enkel å gå ned. Så venta ein times tid på grusvegen ned til Hjelle, heile tida omkransa av høge fjell og fleire fossefall. Tøft område!

Vel nede i Øvre Årdal kom eg til å tenka på dette badeanlegget eg besøkte for mange år sidan. Årdal kommune har eit gratis stort svømmebasseng midt i sentrum som er opè for alle. For ein herleg avsluttning på Jotunheimturen!

Dagen etter gjekk turen vidare til Hardagervidda og 1 veke med teltliv og fisking. Det er imidlertid ei anna historie.



Kart


Eg parkerte nede ved Hjelle, ikkje så langt frå Øvre Årdal i Sogn og Fjordane. Herfrå på grusvegen eit stykke innober, før eg tok oppover mot Gravdalen, deretter på stien mot Stølsmaradalen. Frå Stølsmaradalen tok eg ein topptur opp på Store Midtmaradalstind, 2056 Moh. Eg var også nesten oppe på bandet for å sjekke ut stien som går opp dit frå Midtmaradalen. Turen ned i Utladalen igjen var fin og kronglete, nede i dalbotn var det svært frodig. Avslutta turen med overnatting på Skogadalsbøen og turiststien ned til Vettisfossen og Vetti. Ein fin rundttur, men ver obs på at stien Hjelle-Stølsmaradalen-Midtmaradalen-Vormeli-Skogadalsbøen ikkje lenger er merka og kan vera noko uframkommeleg til tider.

Umerka stiar
Stiane på vestsida av  - og nede i - Utladalen i Jotunheimen er ikkje lenger merka eller vedlikehaldt. Stort sett er det greit å finna fram, men innimellom må kartet studerast for å finne riktig veg. Nede i Utladalen er det svært mykje vegitasjon, nesten som ein liten jungel! Like ved Vormeli er det ei privat bru over elva (Utla). Elva er ikkje kryssbar utanom på bru.

Relatert til artikkelen




Vettisfossen, 275 meter fritt fall


"Mannen" og "Kjerringi" sett frå Store Midtmaradalstind


Store Skagastølstind sett nedanfor Slingsbybreen


På veg frå Midtmaradalen mot Bandet. Ruta går frå høgre mot venstre.


Bru over Utla ved Vormeli


Kratt og tett vegetasjon nede i Utladalen


Utsikt mot Falketind


Stølsmaradalen sett frå Maradalstindane


Kjempeflott i Stølsmaradalen


Symjebasseng/friluftsbad i Øvre Årdal
©2001-2004 Breogfjellsport.no