På Norges tak
Glittertind
Glittertind er Noregs 2.høgaste fjelltopp 2452moh. Med bre-isen på toppen er høgda over havet for tida ca 2465 meter. Turen opp til toppen er fin, både frå Glitterheim og frå Spiterstulen. Det blei ein kjempefin tur i stårlande vær!
Av Ragnar Fjeld 19.08.2002

Den karakteristiske Glittertinden er veldig kjent. Det var i ein del år litt kniving mellom Glittertind og Galdhøpiggen om å vera den høgste toppen. Dette er føreløpig avgjort til fordel til Galdhøgpiggen, siden breen på toppen av Glittertind har smelta ganske betydelig.            

Vi hadde tenkt å gå frå Glitterheim turisthytte og opp til toppen. Frå hovudvegen tok vi av på ein grusveg og kjørte 23km innover til parkeringa ved nasjonalparkgrensa. Herfrå gjekk vi dei siste 7km inn til turisthytta.   

 

    

       

       

Flott morgon


Då vi vakna dagen etter, var det ein flott morgon. Skyfri himmel og morgonsol. Etter frokost var det klart for å starta oppstigninga til Glittertind. Den flotte turisthytta Glitterheim ligger 1390moh, mens Glittertinds høgste punkt er 2465moh. Vi hadde derfor mange høgdemeter å forsera. Det gjekk for det meste oppover steinrøyser i  nokså lettgått terreng. Etter å gått roleg oppover i litt over 2 timar, kom vi til brekanten. Det var lett å gå det første stykket på breen. Utsikten blei formidabel og det passa fint med lunsj. 
      

       

       

Vidare gjekk vi opp ein bratt snøbakke og opp på ein liten fortopp. Dette året er det svært lite snø på breen og det var derfor veldig glatt å koma seg vidare og brodder hadde absolutt vore å foretrekka. Det gjekk heldigvis fint og så gjestod bare 200meter slak stigning opp til toppunktet. Vi var ikkje åleina på tur denne dagen og på toppen var det samla ein del folk. Sjølve toppen var fin og utsikten måtte nytast lenge.   
   

 
Glittertind sett frå fortoppen 
      

       


Turen nedover føltes litt lang. Det var like mange høgtemeter ned over steinrøysene. llikevel var det ein flott nedtur. På toppbreen hadde det samla seg mange reinsdyr som kjølte seg ned. Det var eit fint skue. Dei held seg visst ofte på snøfelt på varme sommardager
      

       


Glitterheim Turisthytte

      

På Glitterheim turisthytte var middagen klar. Nysteika ørret smakte ekstra godt på ein fin dag som denne. Det var svært hyggeleg på denne tradisjonsrike turisthytta midt i Jotunheimen, og med ein slik tur vi hadde opp til Glittertind, kunne det ikkje ha vore betre      

       

       

Det er også mulig å gå vidare over toppen og ned til Spiterstulen. Dette er også ein fin tur. Det kan vera fordel med vandrestavar viss du går med tung sekk. Det sliter på knær og anklar å gå i desse steinrøysene. Tidlegare på sommaren, er det mogleg å følge eit snøfelt eit stykke nedover. Det hjelr litt og er betydeleg raskare. På seinsommaren er det fordel å ha brodder eller stegjern på toppen, då det kan vera litt glatt. Dette kan du låne på Glitterheim eller Spiterstulen.       

       

       

Transport

      

For å koma deg til Glitterheim, er det best å kjøre til nasjonalparkgrensa. Dette er ein 23km lang grusveg som tar av frå vegen mellom Valdresflya og Lom. Det er skilta frå hovudvegen. Du må betala bompengeavgift for å bruke vegen, parkeringa er gratis. Frå nasjonalparkgrensa er det 7km på grusveg inn til turisthytta. Dette er ein kjempefint strekk å sykle på, så ta med syklar om mogleg. Det er også fint å gå frå Memurubu og inn til Glitterheim. Du kan då kjøre til Gjendesheim og ta båten inn til Memurubu. Det er også mulig å kjøre til Spiterstulen å gå derfra.      

       

Relatert til artikkelen
Album
Glittertind
17 bilder
[07.08.2002 - 08.08.2002]
Vis album

Artiklar
Gjertvasstind 2351MOH [08.09.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no