Spanande klyving opp til Uranostind
Uranosryggen
Ein flott sommardag i slutten av juli, tok eg turen inn Koldedalen med Uranostind som mål. Den luftige Uranosryggen skulle forserast på veg til toppen.
Av Ragnar Fjeld 31.07.2005, oppdatert 18.09.2005

Eg vakna opp til ein fin morgon, med sol og nesten skyfri himmel. Teltet var slått opp eit lite stykke frå Torfinnsbu ved Bygdin.
Det vart ein varm frukost denne dagen og litt før 11 rusla eg bort til Torfinnsbu for å ta båten til Eidsbugarden. Båten var heilt full, men heldigvis skulle mange av for å gå tur frå Torfinnsbu, så eg kom meg no ombord.

Litt over kl 13 kunne eg parkera bilen inne i Koldedalen for å så rusle oppover den merka stien Uradalsvatnet. Uranostind viste seg fram med sin skarpe egg, og det var opp dit eg hadde tenkt meg. Kryssa så over elva der stien tar av til Fondsbu/Eidsbugarden og la i veg oppover mot sørtoppen på Uranostind. Her var det først nokre snøfenner og deretter grasfylte hyller oppover steinrøysa. Det var veldig varmt å gå oppover i solsteiken og det gjekk unna ein del drikkevatn. Etter omlag to timars gange frå Koldedalen flata det litt ut, før siste stigninga opp til ein av sørtoppane. Her traff eg på to tinderanglera, der den eine av dei hadde gått opp på toppen og ned igjen på ein time. Eg tok meg nok betre tid tenkte eg og berekna ein time til toppen.



Litt luftig og bratt klyving


Til sørtoppen var det lett klyving og bortetter til den andre sørtoppen var det eit litt smalt og luftig punkt. Ved sørtoppen openbara sjølve hovudtoppen seg og eggen bortetter såg bratt ut. Hadde høyrt om at ryggen vart veldig smal eit stykke og det var forsåvidt tilfelle. Først var det eit stykke på 3-4 meter der eggen var veldig smal, men det var fottak på sida som vendte ut mot breen. Litt lenger oppe var det eit tilsvarande parti der eg måtte klyve på ein skarp egg 5-6 meter. Ikkje veldig vanskeleg, sidan det var gode fottak på sida ut mot breen og gode handtak på sjølve eggen. Litt luftig, men eigentleg ganske enkelt syntes eg. Like etter dette var det bratt klyving oppover. Gjekk nokre meter til venstre for å så klyve på skrå tilbake til eggen igjen, då det såg noko meir utatt ut å klyve direkte på eggen. Her var det bratt og noko laust, etter mi oppfattning det vanskelegaste punktet på eggen (Kanskje 2+, 2/3). Eg kløyv difor konsentrert og forsiktig oppover. Vidare mot toppen vart klyvinga mykje lettare, sjølv om det var noko bratt. Siste stykket mot toppen var veldig enkelt. Eg var glad for å stå på toppen etter den litt luftige klyvinga på eggen. Korleis det er å klyve ned her, er eg usikker på, det frista ikkje noko særleg


Eggen er tidvis ganske smal


Toppen

På toppen vart eg møtt av ein kar som var noko overraska over at eg kom opp ryggen - og i tillegg aleine. Følget hans hadde vandra opp breen frå Koldedalen. Gjekk så vidare bort til toppvarden og kunne konstatera at eg var på toppen etter godt 3 timar. Ned til Skaret mellom toppen og Slingsbytinden var det ei slak steinrøys. Etter tre brødskiver og litt drikke, tok eg ein rask tur opp på Slingsbytinden. Ganske lett vandring opp og fin utsikt ved toppvarden. Herfrå såg eg ganske godt kor returen skulle gå, det såg ganske bratt ut!


Retur


Starta i skaret og gjekk omtrent ned i midten av dette, over eit lite snøfelt. Ned nokre meter gjennom ei lita steinur til eit nytt snøfelt, der eg stara å halde noko mot venstre, for å runde rundt ein liten kant. Vidare var eg av og til ganske usikker på kor langt oppe i sida eg skulle halde. Fortsatte bortover utan å gå særleg mykje ned slik at eg var eit stykke frå "grunnfjellet" på Uranostinden. Her gjekk ferden over 3-4 snøbakkar, som kunne ha vore ekle ved andre snøtilhøve (Isøks kan vera kjekt å ha viss det er noko hardare enn det var no). Såg etter kvart at svapartiet gjekk over i ein liten rygg, som også vises på kartet. Gjekk litt sikk-sakk nedover denne med den raude knausen som mål. Fann fort ut at det ikkje var mogleg å skrå bortover, då det var bratte sva så langt eg kunne sjå. Ned til knausen med raud stein, gjekk eg ned nokre grashyller med ein del laus masse. Ein liten varde på toppen viste at dette var ein farbar veg. Eg pusta letta ut då eg var komen ned. På den enormt breie hylleformasjonen var det bare å traske bortetter snøfelta, eller gå oppå dei raude steinknausane. Etter ein god kilometer haldt eg slakt oppover på oversida av ein raudfarga hammar. Vidare hadde eg tenkt å klyve litt oppover for å kome inn på ryggen, men det var unødvendig. Fulgte bare sida bortover. Hylla vart litt smalare og det vart litt meir steinrøys, men det var ingen problem å gå bort til ryggen rett på oversida av eit bratt område. Det hadde sikkert også vore greit å klyve opp på ryggen, men det hadde blitt lengre.

Siste stykket holdt eg meg på små snøfelt og var ikkje lenge nede ved Uradalsvatnet. Herfrå speilte Uranostind seg trollsk i vatnet, eit flott skue. Etter omtrent 7,5 time var eg nede igjen i Koldedalen. Seinare på kvelden var det ein praktfull solnedgang over fjella - flott.


Rutekart

Parkering like før bommen i Koldedalen. Første del på merka sti mot Skogadalsbøen.

Relatert til artikkelen
Album
Uranosryggen
23 bilder
[30.07.2005 - 30.07.2005]
Vis album



Utsikt utover mot Koldedalen. Tyin i bakgrunnen


Frå fortoppen og opp mot Uranostind S-2. Enkel klyving til topps


Uranostind 2157 moh, sett frå Uranostind S-1. Ryggen opp til toppen er etter kvart både smal og bratt!



Smal egg på veg ned frå Uranostind S-1 mot hovudtoppen



På toppen!


Uranosryggen sett nednafrå

*
Hylleformasjon som eg gjekk over på returen. Legg merke til dei raude steinane


Trollsk stemning! Uranostind speglar seg i Urdalsvatnet.


Uranostind sett frå Koldedalen




Solnedgang over Tyinvanet, med Uranostind i bakgrunnen

©2001-2004 Breogfjellsport.no