Flott topptur i Hurrungane, Jotunheimen
Gjertvasstind 2351MOH
Gjertvasstind 2351MOH var målet. Turen blei lang, spanande og utfordrande. Å finna vegen opp blei ein utfordring i seg sjølv når sikta ikkje var meir enn 10meter. Breutstyret kom godt med opp dei bratte snøfelta. Den store utsikten kom ikkje før vi var på toppen, men då var det ganske så luftig å sjå ned i Midtmaradalsbreen, godt tusen meter under deg!
Av Ragnar Fjeld 08.09.2002

Målet med turen i Jotunheimen var å koma seg opp på Gjertvasstind. Været var derimot ikkje på vår side, så vi hadde eigentleg bestemt oss for å droppa heile greia. I staden tok gjekk vi opp til Olavsbu. Då vi kom tilbake til Skogadalsbøen dagen etterpå, virka det som om det skulle letta. Lyset frå solnedgangen var fantastisk. På hytta traff vi ein engelskmann som hadde stor erfaring med tindebestigningar, og han hadde svært lyst til å prøva seg på toppen. Og slik blei det.                         

                         

Tidleg opp                        

Klokka 05.30 blei vi vekka av morgonfuglen Peter (engelskmannen). Han var tydelig vandt med å stå tidleg opp, men det var ikkje vi. Kvelden før blei klokka litt over 2 før vi la oss. Dette skyldtes at vi satt oppe og snakka med masse andre folk på hytta. Frokostblandinga blei inntatt rett utanfor hytta og litt over 6 var vi klar til å gå frå Skogadalsbøen 830MOH. Det var ein fin morgon og morgontåka var i gang med å lette. Det var flott å sjå toppane som så vidt stakk opp av tåka                        

                         

Første utfordring var å krysse elva i Gjertvassdalen. Dette hadde regna godt dei siste dagane og elvene hadde stor vannføring. Etter lang tids leiting, meinte Thomas at han hadde funne ein plass der det kunne gå. Det blei absolutt ikkje ein tørrskodd kryssing, men vi kom oss over. Det var bare å tømma støvlane å koma seg vidare. Det er ikkje noko sti eller tråkk opp frå Gjertvassdalen og vi var litt usikre på kor vi skulle gå opp. 3 dagar før hadde det sett fint ut å gå rett opp dalsida som vi nå var i. I mens vi gjekk oppover, fortalte Peter villig om mange klatreturar, toppturar, isklatring i Frankrike og masse anna.                         

                         

Vi har rota oss oppi eit område med blankskurte sva, men vår engelske turkammerat finn ein god veg vidare
                        

Fast på ei fjellhylle                        

Då vi nådde toppen av fjellsida, viste det seg at det blei litt bratt. I tillegg låg tåka tett rundt oss og det var veldig sleipt. Vi kom fram til at vi skulle prøve å gå litt mot venstre og så vidare oppover. Sidan vi ikkje såg nokon ting, var det også vanskeleg å planlegga vegen vidare oppover. I tillegg var det litt vrient å finna den eksakte posisjonen på kartet. Til slutt hamna vi ut på blankskurte, bratte, svaberg. Å gå vidare her såg vanskeleg ut det føltes som om det var ganske så bratt ned under oss. Sikten var omtrent 10 meter. Det var i tillegg vanskeleg å gå ned same veg vi hadde gått opp fordi det var masse klyving og svært glatt. Vi kom fram til at det bare var å venta å sjå om tåka ville lette littegrann. Vi venta i over ein time. Peter kokte te og vi satt og prata om Noreg og norsk økonomi. Til slutt så letta det såpass at vi såg eit par hundre meter. Det viste seg at vi satt ganske utsatt til . Vi var midt i eit kjempestort, bratt, svabergområde. Det var ganske bratt nedover og like bratt oppover. Det som redda oss var at friksjonen på denne type fjell er svært god og at det ikkje grodde mose/lav her.                        

                         

                         

Tåka letter litt og vi ser mot Styggedalstind
Vi gjekk på vidare mot toppen. Ein og anna varde viste oss på rett veg. Over eit bratt snøfelt måtte vi bruke stegjern. Så gjekk turen over nok eit bratt snøfelt og inn til ein bratt fjellvegg. Her brukte vi litt tid på å finna ein bra veg oppover. Det blei litt småklatring opp eit par små skrentar. Vi var heile tida innpakka i tåke, så det var null utsikt.                         

                         

                         

På toppen                        

Etter langt om lenge, var vi komen opp til den siste bakken. Her er det mest vanlig å gå opp eit bratt snøfelt som er toppen av Gjertvassbreen. Imiddlertid skulle dette vera vanskeleg i år siden det var så lite snø. Vi tok derfor å gjekk opp svaberga på sida av. Første delen var lett, men lenger oppe måtte vi klatre skikkeleg for å komme opp. Til slutt så var vi ved toppen og tok dei siste skritta opp til toppunktet i lag. Vi hadde nådd målet og var 2351MOH! Sjølve toppen var ganske stor og fin. Plutseleg opna tåka seg og for forbi i ein forrykande fart og vi såg 1000 meter ned i den ville Midtmaradalsbreen. Vi såg også vidare bort til Dei andre Skagastølstindane. Det var plutselig svært luftig å sitte på toppen.

Ein skikkeleg engelskmann koker seg te på toppen!
Det føltes luftig då tåka letta og vi såg ned i Maradalsbreen 1000 meter under oss
                        

                         

Flott retur                        

Nedturen blei absolutt ikkje ein ”nedtur”. Siden tåka letta ganske godt, var utsikta utruleg. I staden for å ta svberga nedover, tok vi heller snøbakken. Øvst var det svært bratt og ganske så eksponert. Derfor sikra vi oss med tau heile vegen nedover. Peter lærte oss ein bra teknikk for å gå ned bratte snøbakkar. Lenger nede gjekk vi på kanten av Gjervassbreen. Denne spektakulære breen stuper nesten loddrett nedover og ender opp nede i Gjertvassdalen der vi kom opp frå. Det var også eit par sprekker som vi hoppa over. Turen vidare ned til Gjertvassdalen gjekk fort og det var mindre vatn i elva.                         

                         

                      

 

Den ville Gjertvassbreen
Her er det brattare enn det ser ut som. Thomas er på veg ned
                     

                      

Nede i Gjertvassdalen, var det ganske spektakulært å sjå oppover mot Gjertvasstind i det fine kveldslyset. Det var utruleg å sjå den ville breen kasta seg utfor fjellsida ikkje minst med tanke på at vi bare nokon få timar tidlegare hadde stått på toppen.                        

                         

Vi slo opp teltet litt lenger oppe i dalen, mens Peter gjekk tilbake til Skogadalsbøen. Då var klokka blitt åtte.                        

                         

                         

                     

Gjertvasstind sett frå Gjertvassdalen

 

Utruleg fascinerande tur sjølv om været ikkje var det beste. Kan absolutt anbefalast i fint vær. Det er nødvendig å bruke stegjern og issøks. På toppen var det bratt, så eit tau og eit par isskruer er å anbefala. I tillegg var det langt å gå, så berekn god tid. Gjervasstind er første topp på Styggedalsryggen som strekker seg bort til Store Skagastølstind. Denne er det mulig å klatre.                        

       

 

Relatert til artikkelen
Album
Gjertvasstind
30 bilder
[13.08.2002 - 14.08.2002]
Vis album
Album
Vest jotunheimen
12 bilder
[08.08.2002 - 15.08.2002]
Vis album

Artiklar
Skogadalsbøen og Olavsbu [12.08.2002]
Glittertind [19.08.2002]
Nordre Skagastølstind og bandet [14.09.2002]
Norges høgstliggande turisthytte [22.09.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no