Flott topptur i Jotunheimen
Mesmogtinden, 2264 moh
Den ærverdige båten "M/B Bitihorn" frakta oss til Torfinnsbu ved Bygdin. Herfrå var det ein lang og fin tur til Mesmogtinden. Artig klyving og flott utsikt venta på oss
Av Ragnar Fjeld 29.07.2005, oppdatert 28.09.2005

Fondsbu


Etter ei god natts søvn på den ellers ganske overfyllte Fondsbu turisthytte ved Eidsbugarden, var eg klar for ein real fjelltur. I det eg rusla ut av hytta høyrde eg lyden av ein dieselbil nede ved vegen, og ganske riktig så var det Morten Helgesen som kom kjørande. I lag skulle vi opp på den ikkje så kjente totusenmeterstoppen Mesmogtinden og utgangspunktet skulle vera Torfinnsbu ved Bygdin.



På båten med Fondsbu i bakgrunnen


M/B Bitihorn

Rett over klokka åtte kunne vi stige ombord i den stilige og ærverdige båten M/B Bitihorn, som straks satte kursen utover den langstrakte innsjøen Bygdin. Og det er nok ikkje få gonger tidlegare denne båten har seilt over innsjøen; Heilt sidan 1912 har M/B Bitihorn gått i fast sommarrute!

Det var ikkje så mange passasjerar denne morgonen, men dei som var ombord fekk oppleve ein fin tur. Etter kvart dukka toppane langs Bygdin opp og etter ein liten time kom dei flotte Torfinnstindane til syne. Ved Torfinnsbu la båten inntil ei trebrygge og vi kunne stige iland. Turisthytta ligg flott til i vasskanten og er eit godt utgangspunkt for fleire fine topp- og vandreturar.

Vi hadde ingen planar om å rekke tilbake med båten denne dagen, då siste avgang mot Eidsbugarden gjekk rett over klokka 15. I sekken låg difor både telt og primus og planen var å ta båten tilbake neste morgon.


Langedalen

Vi følgde den merka stien vestover satte igjen sekkane like ved Nybu. Oppover Langedalen kryssa vi ikkje over elva, men holdt oss på austsida. Her var det grei sti og stigninga opp gjekk ganske raskt unna. Vidare oppover tok vi sikte på Mesmogtind og gjekk inn dalen mellom Langedalstinden og Kvitskardtinden.



Oppover mot Mesmogtinden. Vi tok ryggen på høgresida av toppen opp, mens vi returnerte ned på venstre side.


Mesmogtinden

Oppover til toppen skulle vi klyve sør-austryggen og vi var litt spendte på kor vanskeleg denne var. Først tok vi over den vesle breen som ligg i dalsida og opp til skaret mellom Mesmotinden og Kvitskardstinden. Oppover ryggen var det relativt lett i starten, men etter kvart vart det nokon klyvepassasjar. Det hendte også at vi måtte klyve litt ned igjen for å så finne ei enkel rute vidare. Morten prøvde seg optimistisk på eit lite svaparti, mens eg gjekk ein enklare veg nokre metar til sida. Det endte med at han måtte snu ein meter frå meg og gå ned igjen. Først ganske langt opp på ryggen måtte vi ned i vestresida for å passere eit par hammarar som hadde krevd sikring viss vi skulle gått rett opp. Det var relativt enkelt å passere nede i vestresida, men litt laust kunne det vera. I staden for å gå utpå eit snøfelt (som sikkert var den enklaste frå der vi var), så kløyv vi opp ei lite eksponert renne mot eggen igjen. Her var det eit punkt der det nærmast var umogleg å passere med sekk og det endte med at vi heiste opp desse, mens vi sjølv gjekk usikra.

På det siste stykket opp mot toppen var vi klar over at vi ikkje kunne klyve eggen/ryggen, men måtte litt ut i sida. Her var det ei lita hylle vi kunne følge mot venstre. Morten prøvde seg først opp etter eit stykke, mens eg gjekk heilt bort til ei stor steinblokk, for å så klyve opp på denne og vidare. Det var nok det enklaste, sjølv om Morten kom seg greit opp han også. Klyvinga mot toppen var ikkje særleg eksponert eller luftig, så sikring føltes ikkje nødvendig.

Vi nådde toppvarden like over kl 15 og kunne sitte og nyte panoramautsikta. Morten brukte kameraet sitt både titt og ofte i forbindelse med bokprosjektet sitt.


Liten "nordtopp"

Eit lite stykke nord for toppen, var det ein topp som Morten ville sjekka ut som mogleg totusenmeterstopp. Vi kløyv difor ned i skaret mellom hovudtoppen og denne vesle "nordtoppen". Her var det bratt opp, men enkelt å klyve eit par meter til ei lita hylle. Herfrå var det bare 2-3 meter opp, men ganske vrient. Det var bare mogleg å sette ein meget tvilsom kile og det var lite for å sikre oss begge. Eg prøvde å stå på aksla til Morten, men fann ut at det var litt for risikabelt å "gutse" på opp. Denne "bulderinga" som vi prøvde oss på, må iallefall ha vore 5-, slik både såg og kjentes det ut.

Vi ville opp for å måle denne toppen, og tok oss difor ut eit stykke på austsida. Her var det laust og ein del grums, men enklare å sikre. Eg kløyv forsiktig opp nokre blokker og sikra Morten opp etterpå. Litt nedtur var det då det viste seg at toppen bare hadde 5-6 meters primærfaktor, og dermed ingen "ny" topp på listene.



Retur ned til skaret på eggen som vender mot denne sida, før vi fortsatte ned steinur til snøfeltet. Deretter haldt vi høgda heilt bort til Midtre Langedalstinden, der kor dette bildet er tatt fra


Midtre- og Søre Langedalstinden

Tilbake på Mesmogtinden igjen hadde vi planar om å gå ned vi to småtoppar som er ein del av Langedalstinden. Litt klyving var det nedover mot skaret til Langedalstinden. Herfrå var det ikkje så lett å sjå kor ein burde gå nedover, men nokre små vardar viste at vi var på rett spor. Omtrent rett ned frå skaret i retning av pkt 1812 nede i dalen. Etter ei stund kom vi ned på snøfeltet og tok dette nedover. I staden for å fortsett ned i dalenbotnen, tok vi så heller å haldt høgda mot Midtre Langedalstinden. Over denne og nedover mot Søre Langedalstinden var det flatt og fint. Eit større antall fjellblomar voks også mellom desse toppane, vel 2000 meter over havet. Det var eit flott skyue i kveldssola!

Ned frå Søre Langedalstinden var det steiur, men også eit snøfelt som rakk nesten frå topp til botn. Steinura var noko laus, så vi tok nedover snøfeltet. Det gjekk rimeleg raskt unna og vi sklei fint nedover i den mjuke snøen.


I telt ved Nybu

Ved Langedalstjernet kom vi igjen inn på den umerka stien og tok denne tilbake samme veg. Nedover Langedalen langs Langedalsåne og vidare eit stykke mot Torfinnsbu til Nybu, der teltet venta oppslått. Etter litt justering på primusen fekk eg den igang og lagde enkel fjellmiddag (les Real turmat).

Litt før åtte dagen etter var Morten på farten, då han skulle ta båten i austover til Bygdin for å så gå setta kursen mot Hestbrepiggane i Breheimen. Eg kunne nyta den fine morgonen litt lenger og traska bort til Torfinnsbu litt over halv elleve.

M/B Bygdin kom tøffande fullasta med turistar, men heldigvis skulle ein god del gå tur frå Torfinnsbu, så eg kom meg ombord. I tolvtida var eg igjen ved Fondsbu og kunne traske bort til bilen og kjøre inn Koldedalen. Så venta ein ny flott tur til Uranostind, men det er eit anna kapittel...

Turdato: 29.07.2005 

Rutekart

Båt frå Fondsbu til Torfinnsbu, deretter opp Langedalen og vidare opp til Mesmotinden frå sør-aust.

Relatert til artikkelen
Album
Mesmogtinden
20 bilder
[29.07.2005 - 30.07.2005]
Vis album
Album
Båttur på Bygdin
14 bilder
[29.07.2005 - 30.07.2005]
Vis album





M/B Bitihorn på Bygdin


Torfinnsbu




Mesmogtinden, 2264 moh


Utsikt til Langedalstinden (2206 moh) frå ryggen opp mot Mesmogtinden


Toppartiet på Mesmogtinden. Klyving oppover i området som delvis vises i venstre bildekant


På toppen, 2264 moh


Flott utsikt. Her ser vi ned til Gjende og mot blandt anna Hellstugu- og Memurutinden


Mesmogtinden sett frå Midtre Langedalstinden






Flotte fjellblomar godt og vel 2000 meter over havet. Mesmogtinden i bakgrunnen


©2001-2004 Breogfjellsport.no