Fin tur!
Preikestolen
Ein søndag midt i november var fin for å besøke Preikestolen igjen. Med snødryss på toppane og fare for regn, tok vi turen opp frå Preikestolhytta. Den godt tilrettelagde stien opp er kanskje ikkje så utfordrande, men utsikta og opplevinga på kanten av stupet til den 604meters høge preikestolen, er i verdsklasse. Vi hadde heile området for oss sjølv og kunne sitte å dingla med føtene med fjorden langt under oss
Av Ragnar Fjeld 18.11.2002

På kanten av Preikestolen
                        

                 

                 

Langt nede under oss flyr ein stor flokk med fuglar. Fjorden strekk seg innover så langt eg kan sjå og sola skin i dei sukkerkvite fjella i horisonten. Litt spent tar eg dei siste skritta ut mot kanten. Ein frisk og lett bris suser gjennom håret i det eg bøyer meg over kanten. Eg føler eit lite sug av den svimlande høgda ned mot fjorden. Tenk om eg snublar her. Eg slår tanken frå meg . Så løfter eg synet mot horisonten og nyt den haustlege utsikta, heilt på kanten av Preikestolen.                                

                                

 

                 

 

                 

Preikstolen

Vi hadde ikkje rekna med å treffe noko særlig med folk på vår tur opp til Preikestolen i midten av november. Det gjorde vi då heller ikkje. Etter 1 ½ times roleg gange opp frå Preikestolhytta hadde vi ikkje sett snurten til nokon andre. Vi går over dei store granittsvaberga og ut mot fjorden. Litt etter litt får vi auga på Preikestolen. Den er kanskje litt beskjeden sett frå denne vinkelen, men den imponerer desto meir frå andre sida. Vi stopper ved kanten av stien som går på stupet ned mot Lysefjorden. Langt i det fjerne kan vi skimte Lysebotn omringa av snødekte fjelltoppar. Eit lett skydekke har lagt heile fjorden i skygge, men på dei kvite snøtoppane glitrar sola frimodig. Vi knipsar eit par bilete og går ut på sjølve preikestolsplatået.                                

                  

Ragnar sit med beina ut på kanten av Preikestolen
                             

                  

Polske turistar                               

Her nøyt vi matpakka i det kalde haustvêret. Etterpå sette eg meg på kanten og dingla med føtene, mens Thomas jakta på ”det gylne snitt” med kameraet. Så tar vi fatt på tilbaketuren. Nokon få glatte parti må forserast, men ingen nemneverdige problem. Eit stykke på nedvegen, kom ei gruppe polske turistar oppover og dei var vist ikkje dei einaste som hadde tenkt seg oppover denne ettermiddagen. Like etterpå kom det fleire andre. Vestlandsveret tok etter kvart over og lettskya opphaldsvær, slo om til sildrande regn. Dette var akkurat som metrologane i Oslo og i Bergen hadde fôrutsett, så noko overrasking var det ikkje.                                

                                

Utsikt ut over Lysefjorden
                                    

Kjent i utlandet                               

Preiktestolen er kanskje Noregs mest kjende turistattraksjon. Bileta av denne fantastiske fjellhylla er svært  kjent i utlandet. Preikestolen pryder fleire av dei norske reiselivskatalogane kvar år og er beskriven i nesten alle reisehandbøker.                                

Ein gong trefte eg på ein kar frå Chile, busett i Sveits, som var på veg oppover her. Han hadde sett bildet av Preikestolen og var fast bestemt på å koma seg opp her. Han reiste rundt i Noreg på måfå og hadde verken reisebøker eller kart. Likevel hadde han klart å ta seg frå Trondheim og heilt sør til Stavanger, fått haika seg opp til Preikestolhytta og tatt turen opp, utan noko særleg med pengar. Han kunne fortelja at bileta av Preikestolen, eller ”The Pulpit Rock” som den blir kalla på engelsk, var kjent hjå dei fleste i Chile.                               

                            

 

 

                            

Fakta om Preikestolen  

                     

                              
      
  • Preikestolen ligg i Forsand kommune i Rogaland, Norge.                               
  • Fjellplatået er 604 meter over Lysefjorden og er ca 25 x 25 meter stort og tilnærma heilt flat på toppen.                                
  • Namnet "Preikestolen" blei oppfunnet av Stavanger Turistforening rundt 1900. Det opprinnelege namnet er Hyvlatonnå - som viser til tanna som blei brukt i gamle trehøvlar                               
  • Det mest vanlege er å ta turen opp frå parkeringsplassen ved Preikestolshytta(Strand kommune). Turen er då ca 6km kvar veg og tar i underkant av 2 timar. Det er opparbeida ein forholdsvis god sti, med sviller over myrene. Det er ingen problem å gå  med joggesko.                               
  • Frå Stavanger tar du Tau-ferja over kjører eit stykke forbi Jørpeland. Det er godt skilta.                               
  • Frå E39/Sandnes, følg du skilt mot Lauvik og Sand/Røldal og tar båten over til Oanes (kvart på, kvart over), og kjører mot Jørpeland. God skilting.                               
  • Sesongen er frå mai til september, men det er mogleg å gå heile året. Vegen opp til parkeringsplassen blir ikkje brøyta. I sesongen kostar det kr 50 å parkere (går til Norsk Folkehjelp).                               
  • Det går buss. Ta Tau-ferja/hurtigbåten over til Tau. Herfrå går det buss i sesongen.
         

Preikestolen slik dei fleste kjenner den!
                               

                                

                                

                                

                                

                                

                                

 

Relatert til artikkelen
Album
Preikestolen
9 bilder
[17.11.2002 - 17.11.2002]
Vis album
Album
Preikestolen mai2001
11 bilder
[24.05.2001 - 26.05.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no