Fjelltur opp av Lysebotn
Hytte til hytte i Lyseheiane
Ein fin julidag loffa eg innover fjellet frå Lysebotn. Målet var nokre av Stavanger turistforenings fine sjølvbeteningshytter langt innpå fjellet. Det vart tre flotte dagar i fjellet.
Av Ragnar Fjeld 19.07.2005, oppdatert 16.09.2005

Lysebotn

Dagen starta med ein litt over to timars biltur frå Jæren. Rv 45 til Sinnes og vidare til Ådneram, før den smale fjellvegen over fjellet og heilt ned til Lysebotn innst i Lysefjorden. For å sleppe å traske langs vegen, så kjørte eg 3km opp til rett nedanfor garden "Tangen". Her var dei ein parkeringslomme for 3-4 bilar.


Ved Heimra Vauletjørn, på stien mellom Lysebotn og Litle Aurådal


Lysebotn - Litle Aurådalen

Den merka stien gjekk først oppover i relativt tett bjørkeskog. Alle buskar og tre var våte etter regnvèr tidlegare på dagen og eg var etter kvart ganske våt. Stien var heller ikkje altid like vid; Ikkje alfor mange som legg turen sin oppover desse bakkane.  Eg prøvde å ikkje somle altfor mykje, sidan eg ikkje hadde starta før 15.15. Ved
heimra Brudtjørna gjekk landskapet over til å bli meir opè. Like ovanfor bekkeinntaket, var det her eit svaparti som måtte forserast. Ikkje særleg vanskeleg, men dog.

Vidare innover fjellet var stien litt meir lettgått forbi både store og små vatn. Av og til måtte ein eit stykke opp i fjellsida for å passere. Merkinga var brukbar, men det gjaldt å følge med litt på kartet. Lang og tung stigning opp ved Heimra Vaulatjørn, opp i godt 1100 meters høgde. Ned til Kamsbrekka var det ei noko bratt snøfonn. Her var stidelet til Grautheller turisthytte, men sidan eg låg bra ann til å nå Litle Aurådalen, så fortsatte eg nedover til Kamsdalen. I Kamsdalen var det store å flotte grasmarker. Sola titta også fram og det var verkeleg nydeleg! Oppover dalen var det litt steinrøys og stien var ikkje alltid like god. Stien går nesten heilt ned til Svartevassmagasinet, før den tar av oppover igjen. Så var igjen ein lang stigning, frå ca 820moh til 1100moh. Tåka kom nå sigande og ved eit stort snøfelt tok det litt tid før eg kom innpå stien igjen. Kartet var veldig nyttig ein periode. Vegen vidare var forholdvis lettgått, med opè og fint fjellterreng. Ein bekk som rann over svaberga ved Tverråflærne måtte kryssast. Dei siste 3-4kilometrane fram til hytta måtte eg gå litt ekstra på for tida gjekk fort. Etter 7,5 time var klokka blitt 22.45 og eg var framme ved hytta. To andre turvandrarar vart litt forundra når det kom folk så seint. Hyggelege folk var det iallefall.



Litle Aurådalen turisthytte


Morgon i Litle Aurådalen



Litle Aurådalen - Storevatn - Eidavatn

Vakna til flott sommarsol på fjellet. Etter ein roleg frokost rusle eg av stad litt over kl. 11. Turen gjekk ganske rett mot nord, mot turisthytta Storesteinen. Eit par hundre høgdemeter oppover og så var eg oppe på Auråhorten. På dette vide fjellplatået var det verkeleg fint å traske. Stien holdt høgda oppe i sida ved Ytra Storavatnet og gjekk så slakt nedover. Nord for Sjonaråsen måtte elva vadast. Ganske breidt vadested, så vatnet rakk ikkje lenger enn eit godt stykke opp på leggen. Eg tok lunsjpausa ved Storesteinen turisthytte i solskinn, men det var litt vind.

Mot Eidavatn lag eg så iveg. Opp på Storsteinsheii var det ein del snøfelt. Ved kryssinga av Kvilldalsdalen måtte ei bratt snøfonn forserast, men det var uproblematisk. Stien er nok ikkje blandt dei mest lettgåtte og det vart nokre sjokoladestopp for å fylla på med litt ekstra energi. Tåka kom også sigande. Nokre få hundre meter før hytta kom eg til ein bekkedal som var fyllt av ei stor snøfonn som det nærmast var umogleg å gå rundt. Det var relativt bratt opp denne fonna og nesten øvst var det ei nesten samanhengande sprekk som ikkje såg så bra ut å havne i. Sparka spor oppover i fonna og gjekk forsiktig over. Kom fram til turisthytta Eidavatn i såpass tett tåke at hytta ikkje var synleg på 40 meters avstand. 4 1/2 time frå Storesteinen og totalt 9 timar frå Litle Aurådalen. På hytta var det to danske familiar som begge hadde gått opp frå Nes i Årdal.

Seinare på kvelden var det ein fantastisk fin solnedgang over Eidvatn. Stemninga var verkeleg magisk; Isflaka duppa i vatnet, små tåkeskyer letta forsiktig og ein blåorgange himmel lyste opp i bakgrunnen. Ei flott skue som eg også fekk tatt bilde av.


Ved Storesteinen. Storesteinen turisthytte midt på bildet. Storesteinsheii i bakgrunnen



Magisk kveldstemning over Eidavatn


Eidavatn turisthytte. Idyllisk


Eidavatn - Nilsebu - Kleggjardalen - Lysebotn

Vakna opp til ein meget flott morgon. Det var noko spesielt ved stemninga på Eidavatn, dette var verkeleg "langt inne på fjellet". Frukosten vart inntatt utanfor hytta i morgonsola, med utsikt ut over Eidavatnet som spegla seg i den blå himmelen.

Eg hadde tenkt meg frå Eidavatn og heilt ned til Lysebotn. Eg visste på førehand at det var ein lang tur. Det var relativt enkelt å ta seg sørover på Lusaheia. Litt snø låg det igjen enkelte stadar og dette gjorde at det ikkje alltid var like lett å halde seg på stien. Relativt bratt nedover til Grønahola og Storådalen. Vidare tenkte eg at det var relativt lettgått ned til Nilsebu. Der tok eg iallefall litt feil. Det viste seg at det var mykje våte parti i dalen og stien gjekk sikk-sakk gjennom desse. Så skulle Storåna kryssast. Ein liten varde viste sansynlegvis vadeplassen, men det såg ganske djupt ut. Traska litt rundt for å sjå etter alternativer, men kom fram til at eg fekk prøva meg likevel. Pakka tinga oppi den vasstette bagen oppi sekken så eg eventuelt kunne symja utan at alt vart vått. Det viste seg å vera ca 1,20m djupt og sekken gjekk akkurat klar vatnet. Sidan eg praktisk talt allereie hadde bada, tok eg å hopp uti igjen på den andre sida. Skal ikkje klage på temperaturen. (Seinare fekk eg vite at det var mogleg å krysse over på ein sandbanke i sjølve vatnet, der det ikkje er særleg djupt)

Ankom Nilsebu etter fem timar og her var det ein del folk. Tok ein rastepause før eg igjen la i veg oppover. Stigninga frå 730 til nesten 900 meter gjekk forholdvis greit. Ned mot Heiavatnet var det ganske bratt til å vera ein turiststi. Det er nok kanskje difor ein del tar båt inn til Nilsebu. Vidare var det eit stykke ned til Kleggjardalen, men dette partiet var lettgått. Skifta over til sandalar ved anlegsvegen og byrja å traske nedover. Det var anslagsvis 12-13km ned til bilen, ca 15km til Lysebotn. Etter litt over ein time og fem kilometer tilbakelagt, stoppa det ein bil som spurde om eg ville ha skyss ned. Det kunne eg ikkje seia nei til, to timar til på anleggsveg var ikkje å trakta etter. Ein hyggeleg islending, busatt på Karmøy og ansatt i NCC, snakka ivrig om opprustninga av Lysebotn kraftverk, som skulle ferdigstillast i oktober. Eg takka for turen og gjekk av ved parkeringa.

Alt i alt ein flott tur! Kanskje noko lange dagsetappar, men med lett sekk gjekk det bra.

Turdato: 16-18.juli 2005


Lusaheia


Vading over Storåna


Turisthytta Nilsebu. Ruta mot Kleggjardalen går opp på fjellet i bakgrunnen


Nilsebu

Rutekart


Kart over turen

Relatert til artikkelen
Album
Hytte til hytte i Lyseheiane
30 bilder
[16.07.2005 - 18.07.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no