Flotte forhold i Ryfylkeheiane
Snøholetur i Bjerkreimsheiane
Vinterferie og flotte forhold i fjellet. Kaldt klårt vèr, mykje snø frå nyleg snøfall og sol. Det vart ein fin snøholetur i Bjerkereimsheiane, opp av Hunnedalen.
Av Ragnar Fjeld 26.02.2005


12 kuldegrader


Det var kaldt og klårt vèr som møtte oss i Hunnedalen. Med ca 20cm nysnø var det herleg å traske oppover den noko dryge bakken ved Tveitabrekka. På toppen var det bare å suse innover i fine spor langs kvisteløypa mot Tomannsbu turisthytte

Vi var ikkje åleine om å legge turen innover mot Tomannsbu. Både på veg innover og ved turisthytta var det ein god del folk, og alle såg ut til å nyte den fine dagen.


Snøhole

Eit par kilometer innover fjellet frå Tomannsbu fann vi ein grei skavl for snøholebygging. Snødybda var over 240cm, men dei nedre laga var noko harde. Med gode snøspader vart det laga ei stor hole med ståhøgde og god plass. Te-lys og stearinlys lyste opp heile kvelden. Ute sank temperaturen betrakteleg, men inne i hola var det lunt.

Dagen etter gjekk turen tilbake samme veg. Sola skein ikkje gjennom før heil på tampen av dagen og det var ein noko kjølig bris - som det normalt er i desse fjelltraktene



Flott morgonsol ved Tveitabrekka i Hunnedalen, like ved fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder.


Utsikt til Hunnedalen. "Kånedalen" og kvisteløypa mot Sandvatn turisthytte midt i bildet




Turisthytta "Tomannsbu" har plass til fleire enn to (ca 30 sengeplasser)




Snøhola

Turdato: 20-21.02 2005

Relatert til artikkelen
Album
Snøholetur ved Tomannsbu
11 bilder
[20.02.2005 - 21.02.2005]
Vis album

Artiklar
På ski til Tomannsbu [21.04.2001]


©2001-2004 Breogfjellsport.no