Flott fjelltur het sommarvarme
Frafjordhatten
Frafjordhatten er eit fint turmål i Frafjordheiane. I strålande solskinn og sydenvarme, blei turen opp kjempefin. Vi starta nede ved fjorden og gjekk bratt opp gjennom gamal urskog opp på snaufjellet. Det var flott utsikt og mykje fin natur.
Av Ragnar Fjeld 13.09.2002


Utsikt ut over Frafjorden

Frafjordheiane i Rogaland tilbyr spanande og varierte turopplevingar. Området strekker seg heilt i frå fjordkanten og opp i nesten 1300meters høgde. Det er eit fint område både sommar og vinter. Etter å ha lese ein repotasje om Frafjordhatten i aftenbladet, var turmålet klart. Dette måtte opplevast 

Tropevarme

Det var mandag 29.juli og tropevarmen hadde slått til for fullt. Eg var glad for å endeleg koma meg på ein fjelltur igjen. Det hadde bare vore jobbing den siste månaden. Turen starta i Frafjord og gjekk utover langs fjorden. Her var det flott å gå, men eigentleg skulle vi tatt av på ein sti rett oppover. Det gjorde ingen ting, siden det var flott å gå utover langs fjorden og i tillegg var det forholdsvis raskt å koma seg innpå stien lenger oppe. Det var eit flott og skogkledd område vi gjekk i. Her holdt mange varmekjære treslag til som f.eks. Eik. I tillegg var det også endel bjørk og osp i denne "Urskogen". 
 
Utsikta ut over fjorden var storslagen. Sola stod høgt på himmelen og det var svært varmt. Eit godt stykke oppe i lia, passerte vi ein fin foss. Det var lite vatn, men alikevel var den ganske imponerande med mange små vassdropar som kasta seg nedover. Det var også fint å bli litt avkjølt 
 

 


Blåbær, tyttebær og dådyr
 
Då vi kom eit stykke opp i lia, fann vi store mengder blåbær. Det smakte meget godt og så var det så enorme mengdar av dei. Det var også ganske mykje tyttebær, men desse var ikkje heilt modne. Enda litt lenger oppe, fekk vi øye på eit dådyr som stilt gjekk å beita. Naturen viste seg frå si beste side denne dagen.
 
   
 
Frafjordhatten 

Det var forfriskande med ein dukkert i eit vatn kalla Dybingen, 556moh. Vidare var stien svært utydelig, men det var ingen problem å finna fram. Ved Flætjønn tok vi av direkte mot Frafjordhatten. Det var litt krunglete å finna seg ein veg pga bratte skråningar. Sjølve Frafjordhatten var ikkje så veldig imponerande. Sola steika oss nesten levande der vi gjekk utan solbriller og caps. Då vi nærma oss toppen, var nesten alt vatnet på flaskene drukke opp, og det var svært langt tilbake til sist vannkilde. Uten vatn i den varmen, gjekk det seint oppover. Til slutt kom vi oss opp til toppunktet 815moh og det var fin utsikt. Det var sjølvasagt ei bok på denne toppen. Der låg det også eit termometer og dette viste 33 grader (i skyggen). I mangel av å ha noko anna til å skjerme for sola, tok eg fram den våte badeshortsen og trakk den over hovudet. Det var både nedkjølande og fungerte som skygge for augo. 
   


Frafjordhatten


Vatn

Vi måtte heilt tilbake til Flæetjønn før vi kunne få tak i vatn. Gleden over å 
få slukka tørsten med kaldt fjellvatn etter å ha godt lenge uten noko å drikka, var heilt uttruleg. Det var ingen ting eg ønska meg meir enn kaldt og klart fjellvatn! 
 
Turen nedover var fin. Sola seig nedover i horisonten og farga Frafjordfjella knallraude. I eit av blåbærfelta stoppa vi og henta 1,5 liter blåbær på ca eit kvarter (uten bærhenta..). Så bar det bratt nedover til utgangspunktet. Det virka svært mykje brattare ned enn opp og siste etappe ned føltes lang. Det viste seg at den eigentlege stien opp, var mykje brattare enn antatt. Vi var nesten glad for å ha tatt ein annan veg på turen oppover.
 
  

Utsikt

 
Turen opp til Frafjordhatten var kjempefin. Det er ein lang tur og det kan lønna seg å gå rundturen og på denne måten koma ned ein litt mindre bratt plass lenger oppe i Frafjord. Ta for all del med kart, siden det ikkje er sti dei siste kilometrane opp til toppen. Ellers så er utsikta mot Stavanger og Jæren fabelaktig frå toppen, om det då ikkje er disig. 
Relatert til artikkelen
Album
Frafjordhatten
14 bilder
[29.07.2002 - 29.07.2002]
Vis album

Frafjordhatten

Adkomst: Rv 45 til Gilja, deretter til Frafjord gjennom tunellen.

Parkering:
Ved fjordhyttene i Frafjord eller bedehuset før brua på Molaug.

Om turen
Delvis merka sti i skogs- og fjellterreng. Dette er ikkje ein tur for nybegynnarar.
7-8 timar t/r.

Ved oppgang frå fjordhyttene: Ver obs på at stien svinger oppover før sjøkanten. Stien går ikkje utover "terrasestien" utover fjorden. Første kneika er bratt.

Kart: Turkart Frafjord- og Bjerkreimsheiane dekker området.
Kart: Frafjordhatten

©2001-2004 Breogfjellsport.no