Historierik turisthytte i Ryfylkeheiane
Heibergtunet Storevatn
Helgetur i Sirdalsheiane til den historierike turisthytta "Heibergtunet Storevatn". Ein fin tur i herleg septembervèr, med flotte haustfargar i fjellet
Av Ragnar Fjeld 25.09.2005, oppdatert 01.10.2005


Heibergheiene

Lørdag formiddag gjekk turen med bil opp til Sirdal. Ådneram var utgangspunkt for turen og eg parkerte like ved vegbommen ein liten kilometers avstikkar frå riksvegen. I det eg rusla innover den private anleggsvegen, passerte det 5-6 bilar, så det var tydelegvis ein del som hadde ordna seg med nøkkel. Haustfargane hadde slått til i fjellet og det var ganske fint å gå innover Flatstøldalen. Etter vel ein time og 6km trasking på asfaltert ved, så var eg ved Elsavatnet. Her tok eg innover den merka stien mot Taumevatn. Stien bar preg av nedbøren som hadde vore dei siste dagane. Ein del plankar var lagt ut over dei verste "gjørmehòla".

Denne fine septemberdagen varma sola godt og turen gjekk stort sett i t-sjorte. Turisthytta "Taumevatn" vart passert i halv fem-tida, etter totalt to og ein halv times gange. Eit stykke oppforbi Taumevatn fann eg ein fin plass i sola og tok ein lengre pause. Den fine dagen i fjellet måtte nytast.


Storevatn

Stien mot Storevatn steig oppover over tregrensa og her var det veldig fint å gå. Mellom vatn 959 og Storevatn (også 959 moh), kryssa eg over på brua. Denne var imiddlertid ikkje i så veldig god stand. Det mangla nokre plankar i tillegg til ein wire å halda seg i. Det gjekk imiddlertid greit å koma seg over, men Stavanger turistforening bør nok fikse litt på denne.

Inn langs vatnet var det eit flott skue; Sola var på veg ned og fjella i bakgrunnen fekk seg eit fint kveldskjær. Fotoapparatet vart nytta både titt og ofte fram mot hytta, då det var ein veldig fin kveld. Etter fem timar kunne eg ruse inn på tunet der eg før bare hadde vore innom vinterstid.




Storevatn med turisthytta i nordenden


Heibergtunet Storevatn

I nordenden av vatnet ligg dei litt spesielle hyttene. Vegger og tak er kledd med sinkplater og bølgeblikk og sjølve turisthytta er bygd i "trappetrinn" oppover i terrenget. Hyttene stammer frå Thv. Heibergs tid då han kjøpte opp store område i fjellet.

Sjølve hovudhytta vart bygd i 1916 på grunn av det gode og svært populære jaktterrenget. Hytta inngjekk i eit omfattande område i heiene som Thv. Heiberg kjøpte opp. Eigendommen hans bestod av ialt 14 jaktområde med tilhøyrdane hytter. Jakta vart marknadsført i England som "Reindeer Shootings in South Norway".

Det vart både jakta og fiska, men reinsdyrsjakta var det mest sentrale. Planen var å bygge opp ein stor reinsdyrsstamme på omtrent 50.000 dyr, derav ca 10000 kunne beskattast kvar åt. For å få til dette, vart mykje av rovdyra skutt ut. Reindyrstammen auka frå ca 1200 dyr til omtrent 15000 dyr frå 1928 til 1937. Imiddlertid var 50.000 dyr ikkje mogleg fordi det ikkje er vinterbeite til så mange.

Turistforeningen leigde hytta frå 1960-1970, mens den fram til 1985 vart nytta av jegarar. Frå 1986 overtok Stavanger turistforening igjen, og 1996/1997 vart hytta totalrenovert. Dei to andre hyttene på Heibergtunet Storevatn er flytta og gjenoppbygd frå andre stadar i heiane. Den minste av hyttene er føringshytta frå "Gyvatn", mens den litt større hytta er hovudhytta frå "Holmevatn". Dei to mindre hyttene vart ferdig satt opp i 2002 og 2003. I samband med dette vart ei nyare hytte riven.

Heibergtunet Storevatn framstår no som ei meget hirstorerik og interessant turisthytte. Veggane innvendig er dekka med spor frå gamle tider, både med oppslag av proviantlister, avisutklipp, dokumenter m.v.

Turisthytta går under litt forskjellige namn; "Storevatn", "Heiberghytta Storevatn" og "Heibergtunet Storevatn". Det siste er nok det mest korrekte og iallefall det Stavanger turistforening nyttar, mens det på mange kart bare står "Storevatn".


På hytta


Denne laurdagskvelden var det 6 andre besøkande på hytta, i tillegg til eit jaktlag som låg i den mindre hytta "Holmevatn". Nokon hadde tatt turen inn via Godfardalen, dei andre hadde kome samme veg som meg. Kveldens middag vart pannekaker med syltetøy. Utpå kvelden auka vinden på og det var ganske kjøleg utanfor. Dagen etter hadde det skya til og vinden auka til frisk bris. Regnet kom dalande ned i regnbyger, men det letta litt utpå dagen.

For å ikkje gå samme veg tilbake, tok eg ruta om Endefiske tilbake mot Taumevatn. Denne ruta går på nord og vestsida av Taumevassknuten og vidare nede lags Tauemevatnet. Storvassåni må vadast og det var heldigvis ingen problem denne dagen. Stien krysser over heilt nedst der elva har delt seg i tre løp, der det nordlegaste hadde mest vassføring. Ved flom eller store nedbørsmegder anbefalar turistforeningen den andre ruta, aust for Taumevassknuten.

Turen tilbake til Ådneram tok i underkant av fire og ein halv time timar.

Turdato: 24.-25.09 2005

Rutekart

Start like ovanfor Ådneram i Sirdal, deretter på anlegsveg og vidare på sti til Tauemvatn turisthytte. Herfrå den austlege ruta fram til Storevatn. Retur via den vestlege ruta (om Endefiske)

Relatert til artikkelen
Album
Heibergtunet Storevatn
28 bilder
[24.09.2005 - 25.09.2005]
Vis album



Innover anleggsvegen langs Flatstølåni. Hausten har kome i fjellet


Å gå 6-7km på veg innover fjellet kan virke laaangt...Her sett nedover og sørover frå Kregdalen


Ruta innover mot Taumevatn turisthytte går eit stykke langs Store Holmavatnet


Taumevatn turisthytte


Utsikt ut over Taumevatn, 784 moh. Taumevassknuten i bakgrunnen.


Storevatn med turisthytta såvidt synleg.


Heiberghytta Storevatn, 959 moh.


Heiberghytta Storevatn, 959 moh.


Ei av dei tre hyttene som nyleg er blitt rekonstruert


Hovudhytta. Legg merke til blikkplatene


Utsikt ut over Storevatn. Litt vind og grått vèr


Storevassåni nede ved Taumevatn. Elva må vadast viss du tar ruta til Storevatn om Endefiske.
©2001-2004 Breogfjellsport.no