Varmekroheia og Kjerag
Vårleg skitur i Frafjordheiane
Snøen låg enda godt i høgda og planen var difor å ta ein rundtur på ski ut til Kjerag i Lysefjorden. Turen gjekk først opp på Varmekroheia og deretter ut til stupet ved fjorden.
Av Ragnar Fjeld 22.05.2005, oppdatert 16.09.2005


Enda ein del snø. Her frå starten av turen


Starta litt seint på kjøreturen oppover søndags formiddag. Var oppe ved Øygardstøl kvart over ett, etter ein fin tur over fjellet frå Sirdal.

Varmekroheia
Det var lite/ingenting med snø nede ved Øygardstølen, så det frista lite å bære skia oppover mot Kjerag. Det blei difor til at eg gjekk innover anleggsvegen mot Akslaråtjørna/Store Tjodanvatnet eit par kilometer lenger oppe. Her var det også godt med snø. Gjekk så vidare mot linkstasjonen oppe på Varmekroheia. Måtte gå eit stykke rundt ein bekkedal, men kom opp på toppen kvart på tre. Her blåste det godt! Bak den eine hytteveggen var det imiddlertid ganske varmt i sola, og nistepakken blei opna.



Utsikt frå Varmekroheia. Ruta mi til Kjerag gjekk først litt utanfor venstre bildekant, så ned i markert dal og opp på motsatt side. Deretter mot Kjeragplatået i høgre bildekant


Mot Kjerag
Vidare tenkte eg meg mot sommaruta som går mellom Langavatn turisthytte og Kjerag, og alt etter forholda, følge den i den eine eller andre retningen. Landskapet i dette området er ikkje alltid like lett å ta seg fram i, med ein mengde med kryssane smådalar og bekkedalar. Det er også mange bratte skrenter. Utfrå kartet såg det greit ut å kome ned mellom vatn 1076 og 1081. Det viste seg lettare tenkt enn gjort, då det her var svært bratt ned. Fann imiddlertid ein stad der det bare var 4 meter ned, litt for langt til at eg ville hoppe! Litt irriterane å måtte gå samme veg tilbake, så eg prøvde meg ned ein snøbakke ned til vatn 1076. Det viste seg å vera greit. Vidare måtte ein del av vatnet kryssast, då det var umogleg å gå langs land. Isen såg grei ut og det var eit godt snølag over overvatnet. Det var ingen problem å gå over, men lite kjekt å gå åleine over slik is...

Sommarruta mot Kjerag går ned eit lite, men litt bratt parti, og eg tenkte eg vill sjekka ut om det var greit å ta seg ned her. Området der stien gjekk ned var delvis avsmelta og det var lett å ta seg ned. Det kan kanskje vera betre å gå opp/ned ca 100-150 meter lenger søraust, der det er litt slakare og antydning til ein liten rygg (synleg på kartet).

Vidare mot Kjerag tok eg opp sida vis-a-vi nedstigninga og ikkje nedover mot vatn 1018. Oppover var det antydning til skispor, så det har sikkert gått andre her for ikkje så altfor lenge sidan. Gjekk eit stykke for å krysse bekkedal og deretter vidare mot pkt 1132. Deretter ganske direkte nedover mot Kjeragbolten, og kryssa over den siste bekkedalen like ovanfor



Skrent ved vatn 1076. Måtte ut på isen for å passere


Kjerag
På kjerag var det stille og roleg, då turgåarane var på veg tilbake. Ikkje spesielt mykje snø, men fonna framfor bolten var ganske stor. Flott med mykje vatn i fossane. Og suget med å kikke over kanten er artig. Det er laaaangt ned...
Tilbake mot Øygardstøl var det greit å gå på ski i starten. I den første nedoverbakken var det bra med snø, og eg kunne stå på ski ned mesteparten av bakken (det var ei snøfonn heilt ned, men den såg eg ikkje før eg var nede). Herfrå og ned var det med ski på sekken, sjølv om det var nokre snøfenner nedover.

Tok snarvegen til svingane ovanfor Øygardstøl og sklei ned snøfeltet som låg der det siste stykket. Traska så opp nesten 2km på vegen opp til bilen.

Kjempeartig tur!


Kjeragplatået. Bolten ligg i søkket til høgre, mens Nesatinden er høgda rett fram.


Kjeragbolten


Rutekart

Kart med ruta innteikna. Ver obs på skrent ved vatn 1076 som kan vera vanskeleg å passere på ski og til fots viss isen er usikker.


Relatert til artikkelen
Album
Vårskitur til Kjerag
19 bilder
[22.05.2005 - 22.05.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no