Villt og vakkert
Skomakarnibbå
I Hjarta av Ryfylke, nærare bestemt i Hjelmeland, ligg den sagnomsuste Skomakarnibbå. Nibbå stuper 700meter ned i den vakre Jøsenfjorden og utsikta er upåklageleg. Ein roleg og fin tur som kan passe for dei fleste.
Av Ragnar Fjeld 11.08.2004


Skomakarnibbå

Lite besøkt

For lokalbefolkningen i området er dette eit meget ynda turmål, men for andre er det kanskje meir ukjent. På fine dagar kan det nok vera ein del som tar turen opp, men som oftest er det eit roleg å fin tur uansett. På mange måtar kan denne turopplevinga ofte måla seg med mykje av det Lysefjorden har å by på, iallefall på fine dagar. Her er det verkeleg storslagent. Sjølve Skomakarnibbå er eit utstikk som har nesten lodrette fjellveggar på 3 sider. Det er litt luftig og laust ned til sjølve nibbå og det er heller ikkje anbefalt. Det er ikkje nødvendig å ta seg ned for å oppleve sjølve nibbå, i og med at det er fleire tøffe utstikk like ved om ein ønskjer å oppleva skikkleg luft under beina. Like ovanfor nibbå er det også eit stort platå - som er overhenganede. Dette er ein fin stad å nyte utsikt frå! For meir informasjon om Skomakarnibbå, sjå nederst på denne sida under "meir informasjon"


På veg oppover

Tidleg junidag

Ein tidleg junidag la 7 speiderleiarar frå Bryne KFUM-KFUK speidere oppover fjellsida frå Breidlandsvatnet i Hjelmeland kommune. Sola glimra med sitt fråvèr, men temperaturen var upåklageleg i den flotte Ryfylkenaturen. Etter å ha vandra gjennom skog og lyng ei tid, kom me omsider opp over tregrensa. Her var det tid for mat på skikkeleg speidarvis. Sjølvsagt vil det seia pølser på bål! Svartkjelen til troppsleiar Rolf Heskestad var snart på plass og praten gjekk livleg. Turen vidare gjekk raskt. Tåka kom sigande oppover frå fjorden og sikta var nedsatt då vi gjekk langs fjorden det siste stykket ned til Skomakarnibbå. Eit par av "ustikka" blei testa og fotografier blei tatt. Utpå platået openbara Skomakarnibbå seg, mens tåka låg som eit teppe under.

 

 

Ned på nibbå

Harald Tjøstheim, som tidlegare hadde tatt turen utpå nibbå, ville absolutt ta turen ut. I lag med 2 andre, deriblant med sjølv, tok vi fatt på turen ned. Første bakken var av gras og gjekk greit. Vidare var det bjørketre, lyng og gras i forskjellige mengder. Vi havna først feil, like oppunder platået (som har eit ganske karakteristisk ansikt - med nase. Sjå bilde i album). Det var bare å snu og gå tilbake eit stykke, for å deretter å klyva ned mellom nokre tre. Vidare var det ei smal hylle ut til nibbå. Turen gjekk greit, men i regnvèr ville eg ikkje ha gått her. Opp på sjølve nibbå tok vi rett fram og ville klyve opp på nokre store steinar som ligg der. Her losna det ei stor blokk, som heldigvis ikkje traff nokon av oss. Oppe på nibbå var det mykje laus stein - og ein varde. Tåka letta til tider og Jøsenfjorden kom til syne langt der nede. Oppe på platået kunne vi sjå omrisset av personane der oppe, som stakk hovuda framfor kanten av platået - som synes å vera ganske overhengande sett frå undersida.



Skomakarnibbå i profil

Nydeleg

Området rundt nibbå byr på mykje fint. Ei vandring langs fjorden bortover er nydleg, her er det roleg og fint. Det er ikkje eit lite sus ein kan få i magen ved å vandre langs kanten, mens fjorden - og ferjekøen - ligg langt under ein. Området er nok finast i fint vèr, men det kan også vera ganske stiling når skyer og tåke plutseleg opnar seg.


Relatert til artikkelen
Album
Skomakarnibbå
24 bilder
[06.06.2004 - 06.06.2004]
Vis album
Album
Skomakarnibbå 2001
12 bilder
[19.07.2001 - 19.07.2001]
Vis album

Fakta Skomakarnibbå 

Transport / rutebeskriving

Anbefalt rute: Hagalid
Bil er det lettaste transportmiddelet, men det går også buss og hurtigbåt til Hjelmeland (litt langt å gå frå sentrum) Kjør rv 13 til Hjelmeland sentrum. Herfrå er det skilta opp til Hagalid, der ein kan parkere (grei parkeringsplass). Dette er den anbefalte ruta opp. Lengden er ca 8km og tur retur tar ca 5-6timar. Rutebeskriving unødvendig då den er godt merka. Ruta går til dels i myrområde, så støvlar/fjellsko kan vera greit å ha. Første del går på traktorveg


Hagalid

Alternativ rute: Breidlandvatnet
Kjør vidare mot Tøtlandsvik. Sving inn ved eit stort vatn kalla Breidlandsvatnet. Parkering ca 100 meter etter gård med andedam (lite parkeringsplass) eller på "lomme" ved sperra traktorveg opp til høgre nedfor Bjølland (like ved gården Vigane). Det er få parkeringsplassar. Ikkje gå på dyrka mark eller beitemark og parker skikkeleg. Dette var den tidlegare vegen opp og er ikkje skilta lenger. To alternative (minst) umerka stier opp. Den eine går frå innerste parkeringsplass opp Kjenndulen og til Nordstøl, deretter opp på Høgeheia og Skomakarnibbå. Den andre følger traktorveg opp til Bjølland (nedlagt gård, hytte). Herfrå til venstre opp til Bjellandsåsen og vidare på delvis sti opp til Øksnafjellet. Deretter vidare til Høgeheia og Skomakarnibbå. Denne stien står bare delvis på kartet. Rundtur også mogleg ved å f.eks. gå opp frå Bjølland og ned via Nordstøl, men ta sti/traktoverveg på "skrå" tilbake til Bjølland (sjå 1:50000 kart). Sistnevnde tur var anbefalt i Stavanger turistforenings årsbok 1992 "Hjelmeland"


Kart
1:50000 kart er å foretrekka. Sjå etter Øksnesfjellet like nordaust for Hjelmeland.
På internett gjer Norgesglasset tilgang til mellom anna denne kartserien.

Kart med rutene innteikna kjem seinare på breogfjellsport.no

Ned på sjølve Skomakarnibbå
Det går eit "tråkk" ned til nibbå, men det er ikkje veldig vanleg å gå ned dit. Hjelmeland kommune anbefalar i sine brosjyrar at ein ikkje går ned dit. 

Skulle du likevel ville gå ned, så gå til platået ovanfor nibbå. Gå så 30-40 meter til venstre (når du ser utover mot fjorden) til du kjem til eit smalt "innhykk" med ein grasbakke. Du kan også sjå restar etter ein wire her, men desse er bare delvis til å stola på. Gå ned her og hold nedover mot høgre langs wire. Så må du gå lenger ned gjennom lyng og bjørk. Her er det lett å havne for langt oppe (du skal ikkje opp under "platået"). Siste del er ein smal passasje på ei hylle bortover, også her er den ein wire. Gå forsiktig! Så er det bare å gå ut på nibbå. Ute på nibbå må du ta til høgre for å koma opp, eller klatre opp på steinen rett fram (litt vrient). Ver forsiktig i forhold til lause steinar!  Oppe på nibbå står ein lite varde. Lenger nede er det også ein varde. I regnvèr kan det bli svært glatt, både ned til nibbå og på sjølve nibbå. Då er det nok ikkje forsvarleg å gå ut i det heile. Sjå også bilde i albumet for forklaring av ruta ned.


©2001-2004 Breogfjellsport.no