Frafjord til Røssdal i Ryfylkeheiane
Gjennom ville dalar og flotte fjell
Fitjadalen og Røssdalen er to ville dalføre opp av Frafjord i Rogaland. Ei helg i juni tok vi turen innover desse flotte og varierte heiene.
Av Ragnar Fjeld 24.06.2006

Det var lørdags morgon og endeleg var det klar for helgetur. Turen skulle gå i sørlege delar av Ryfylkeheiane, i området mellom Frafjord og Espedal, omlag ein times med bil frå Nord-Jæren og Stavanger. Her er det flotte fjell- og dalføre og du kan vandre nesten heilt frå sjøkanten og opp på snaufjellet. Det som venta oss var vill og urørt natur med fleire høge fossefall, frodig skog, enorme steinurer og bratte fjellvegger. Men det var også vidstrakte sletter, snaufjell, idyllske vatn, eit rikt dyre- og planteliv og samt fleire kulturminner frå ei svunnen tid. Det var igrunnen ikkje min idè med denne turen, det var søskenbarnet mitt, Lars Erik Hoff, som lenge hadde ymta frampå om ein real fjelltur. Han ofra glatt fotball VM for ei helg, til tross for utruleg fotball-engasjement. Eg vart meir med som turfølge, men fekk dog både bestemme ruta og ta meg av telt, transport og mat.



Utsikt sørover frå enden av Månvatnet. Noko ulent terreng eit stykke, men greit merka sti

Med solskinn oppover Fitjadalen

Sola kom som bestilt då vi spente på oss sekkane og gjekk oppover den nye stien mot Månafossen. Denne fossen med fritt fall på 92 meter er litt av eit skue, der den stuper loddrett ned! Stien opp til fossen og vidare inn til fjellgarden Mån er nyleg satt i stand av Jæren friluftsråd. Litt turister kjem det også for å sjå Rogalands høgste, og Norges 7.høgste, fossefall, men særleg mange er det ikkje. Etter å ha forsert ein del høgdemeter, flater dalen ut oppe ved Mån. Her ved den gamle garden er det store grassletter og flott utsikt oppover Fitjadalen. Bygningane er i den siste tida satt i stand og i våningshuset tilbys det overnatting (må bestilles på førehand). Det er også ei open varmestove i kjellaren som kan vera grei å ha på dagar som ikkje er så fine som denne. I elva like ved fekk vi fyllt vassflaskene før vi rusla vidare over slettene innover dalen.

Den merka stien svinger over på motsatt side av dalen like før Månavatnet og går gjennom ei stor steinur. Her passerer elva under steinane, så det er vanlegvis ingen vading. Ved liten vassføring som det var no, kan det nok vera greiare å følge følge vasskanten innover, men då må elva vades lengre oppe. Vi holdt oss på stien og tok oss fram i den skogkledde sida eit godt stykke opp frå vatnet. Det er til tider litt kronglete oppover dalen og ein liten utilsikta avstikker frå stien kan fort skje, sjølv om den er godt merka. Innimellom er det nokre få fine teltplassar, særleg nede ved elva. I vinter har det tydelegvis gått ein del ras frå dei stupbratte fjellsidene og fleire tre var velta over stien.



Høge fjell og ville dalar!



Ved det mest lettgåtte partiet innover Fidjadalen


Barføtt

Ved bredden av Fitjavatnet var det på tide med lunsj. Og så varmt det var i sola! Av med sko og sokker for her var det bare å sprade rundt barføtt i graset. Det var fristande å ta eit bad, men det fekk holde med litt vassing; Vatnet var nok ikkje så varmt som det såg ut til å vera.

Vidare er landskapet meir òpe og terrenget meir lettgått. Fleire pausar må til på denne flotte dagen og vi sit lenge å nyt inntrykket av den fine naturen. Eit stykke ut på ettermiddagen kjem vi opp til Fidjastølen og tar av stien, som fortsetter opp til turisthytta Blåfjellenden. Først skal vi vade over elva og det er ikkje spesielt utfordrande med den relativt beskjedne vassmenga. Ved større nedbørsmengder kan det nok vera meir enn vanskeleg å ta seg over skulle eg tru.





Ingen problem å krysse elva like nedfor Fidjastølen denne dagen. Ragnar Fjeld er på god veg over




Telting på snaufjellet

Nokre høgdemeter og ei kronglete bjørkeli langs ein bekk ventar oss, før vi når over tregrensa. Så ventar snaufjellet på oss. Då det lir mot kveld er det på tide å sette opp teltet tenker eg, men turfølge mitt kunne gjerne ha tenkt seg å fortsatt eit stykke til. Lars Erik Hoff har nemleg nyleg vore å traska ein del kilometer i Nepal, så formen hans er upåklageleg. Det vesle Rondane teltet blir satt opp på eit passe flatt område ved Lunnarvatnet. Litt stein må til for å få teltet til å stå i det skrine jordsmonnet. I mens sola er på god veg bak skyene, kryp vi inn i teltet og fyrer opp primusen. Vi har tatt med oss meir enn nok med pølser, ferske pølsebrød og ketchup, så det blir eit realt festmåltid. Etter ein lang dag blir det ein tidleg kveld og underteikna slukner iallefall temmeleg fort. Skyene kjem innover frå kysten i løpet av natta og det regner godt ei stund. På morgonkvisten, eller rettare sagt utpå formiddagen, så er imiddlertid sola der igjen. Frokost ute i det fri med utsikt nedover Indre Dalen er ikkje å forakte!



Telting på snaufjellet




Indre Dalen og Røssdalen

I ti-tida rusla vi vidare. Langt der framme kunne vi sjå dei grøne jordene til bøndene nede i Espedal og no venta ville og vakre Indre Dalen og Røssdalen. Det er på ingen måte ein merka sti nedover, men av og til var det nokre små vardar som visar veg. Litt ulent var det til tider, men vi tok oss greit fram. Regntunge skyer kom farande inn og det byrja snart å dryppe litt. Varmt var det, så det var først då regnet verkeleg tok til, at jakken måtte på. I regnvèret vart det temmeleg sleipt på steinane og det vart raskt nokre litt ukontrollerte manøvarar. Langs Indravatnet kom vi heilt av stien eit stykke, viss det i det heile er ein sti der. Her passerte vi også ein flott foss, som stupte ned den loddrette fjellsida like ved oss. Praktfullt! Eit lite stykke ned i Røssdalen kom vi innpå den merka stien, men først hadde vi då tatt oss gjennom ei litt ulent steinur med store steinblokker. Det er imiddlertid ikkje noko i forhold til den store steinura som ligg like ved, men vi tok heller stien som går rundt (begge er merka). Nede på dei flotte grasslettene like ved Røssdalsvatnet var det på tide med lunsj igjen og her var det også eit par familiar på søndagstur. Det siste stykket ned til parkeringsplassen går på veldig god sti og til slutt ein kjerreveg. Kanskje for godt tilrettelagt for enkelte, fordi turfølget mitt insisterte på at vi måtte følge militær disiplin og småjogge det siste stykket...

Etter ein halv time vart vi plukka opp og satt snart i ferjekøen på Oanes, der vi fekk kjøpt oss ein is i kiosken.


Lars Erik Hoff i lett regnvèr på veg nedover Røssdalen

 

Kart


Kart: Statens Kartverk

Kort ruteskildring Frafjord - Røssdalen

Frå Eikeskog i Frafjord opp og forbi Månafossen til garden Mån på opparbeida sti. Vidare langs t-merka turiststi oppover Fitjadalen. Elva krysses to gonger i steinur (elva renn under steinane). Til dels litt kronglete og ulent fram til Fitjavatnet. Lettare terreng vidare oppover dalen. Ved Fitjastølen, ikkje langt frå Blåfjellenden turisthytte, tar du av frå stien og vader over elva. Ved stor vassføring kan det vera problemtatisk og ikkje å anbefala. Også mogleg å krysse elva eit stykke ovanfor Fitjastølen.

Mot Indre Dalen og Røssdalen er stien ikkje merka og til dels veldig utydeleg. Like aust for Lunnarvatnet er det eit punkt på stien som kanskje må omgås eller vadast (lett å omgå).Nokre vardar visar veg nedover, men stien er ofte nesten heilt vekke. Likevel er det ikkje så alfor vanskeleg å finne fram. Også nokre parti som er ganske kronglete, moderat bratt og gjennom store kampesteinar. Det blir fort sleipt i regnvèr. Litt vest for Indravatnet kjem ein innpå den merka stien. Den deler seg i to: Gjennom steinura (enorme steinblokker) eller i skogen med mogleg vading over elva. Ved meget stor vassføring kan nok elva vera problematisk å vade.

Kart og kompass er nødvendig.

Transport

Til Frafjord er det ca 1 times bilkjøring frå Stavanger. Ta av E39 sør for Ålgård og følg rv45 mot Sirdal. Ved Gilja tar du av til Frafjord og kjører gjennom tunellen. Følg så skilting til Månafossen og parker på Eikeskog (20kr P-avgift til Jæren friluftsråd). Det er mobildekning på parkeringsplassen, om ein noko svak. Også noko dekning fram til Månavatnet.
Det går rutebuss inn til Frafjord på vekedagar.

Til Espedal må du frå Nord-Jæren enten ta ferja Stavanger-Tau eller Lauvik-Oanes. Deretter forsett du over brua mot Forsand og følger skilting til Espedal og parkeringsplass for Røssdalen. Det er ikkje mobildekning på parkeringsplassen, du må evt eit godt stykke nedover i Espedal før du får sikt over mot Høgsfjorden der basestasjonen står.

Relatert til artikkelen
Artiklar
Tur til Røssdalen [23.05.2001]

Jæren friluftsråd
www.jarenfri.no
Jæren frilfutsråd tilbyr overnatting ved Friluftsgarden Mån, like ovanfor Månafossen. Må bestilles på førehand

Blåfjellenden turisthytte
Stavanger turistforening driv ei ubetjent turisthytte ved Blåfjellenden. Meir informasjon om denne hytta hjå Stavanger Turistforening eller på denne sida

Månafossen
- Informasjon frå Gjesdal Kommune
- Bilde på Wikipedia

Kart
Turkart Frafjord- og Bjerkreimsheine, 1-50.000. Utgitt år 2000. Har markert både merka og umerka stier, samt ein del anna turistinformasjon.Til sals i lokale bokhandlere, sporstbutikker og hjå Stavanger turistforening. Også tilgjengeleg frå kartbutikken.com



Månafossen, 92 meter fritt fall



Friluftsgarden Mån



Myrull



Utsikt sørover Fitjadalen med Månavatnet såvidt synleg



Langs Fitjavatnet



Fitjadalen




Idyllisk langs elva i Fitjadalen



Bratte fjellsider. Legg merke til den vesle fossefallet.



Utsikt mot Fitjastølen og Blåfjellenden turisthytte



Sol


Teltet er satt opp ved Lunnarvatnet



Utsikt nedover Indre Dalen og Røssdalen



Flott fossefall i Indre Dalen



Røssdalen og Indre Dalen med den store steinura



Glad gut; Lars Erik Hoff i Røssdalen
©2001-2004 Breogfjellsport.no