Skitur i Frafjordheiane (Ryfylkeheiane)
Blåfjellenden
Ved Blåfjellenden i Frafjordheiane ligg ei mykje nytta turisthytte, Denne helga gjekk turen imidlertid inn til ei gjetarbu som ligg like i nærleiken.
Av Ragnar Fjeld 01.02.2005


Jon med hundane Odin og Tora


Hunnedalen

Starta i 13-tida frå Høgaleite i Hunnedalen. Turen det første stykket følger omtrent sommarruta og etter kvart kom vi opp den første kneika.
Dei to hundane som var med skulle eigentleg ta pulken heile vegen, men det gjekk ikkje så godt i bratte oppoverbakkar. Difor blei det litt strev med å trekke den med seg oppver. Vidare innover var føret brukbart og hundane fekk etter kvart meir dreis på å trekke med seg pulken.

Ruta mot Blåfjellenden var ikkje kvista, men det var nyleg kjørt med snøscooter innover, så det var brukbare spor å følgje. Etter vatn med høgde 786, gjekk det oppover til omtrent 880 moh. Her gjekk det så nedover mot Leitesvatnet. Den siste bakken ned mot vatnet, var kort og litt bratt. Isen på vatnet såg ut til å vera god, men eit lite område såg ut til å ha overvatn heilt i nord. Frå vatnet holdt vi oss på nordsida av Leitesåna, mens snøscootersporet til turisthytta svingte over denne eit stykke nede i bakken. Føret var litt tungt, men nokre telemarksvingar vart det ned mot gjetarbua (privat), som ligg litt nord for turisthytta ved Blåfjellenden.


Gjetarbu


Gjetarbua var av den gamle sorten og bestod av eit rom i tillegg til ingangspartiet. Dette var ein fin lita fjellhytte utstyrt med det som var nødvendig. Etter kvart blei det god fyr i Jøtulovnen og varmt i hytta. Middagen bestod av biff, grønnsaker og gratinerte poteter, alt tilberedt på ovnen. Ellers gjekk kvelden med på utallige rundar med kortspelet Amerikanaren.




Mildt

Særleg kaldt var det ikkje ute og utpå natta slo det skikkeleg om til mildvèr. Det var sikkert smelta 10cm snø frå dagen før og endå meir smelta i løpet av dagen. Tilbaketuren gjekk i konstant regn, sjølv oppe på nesten 900 meter. Vi var vel alle meir eller mindre våte då vi kom ned til Hunnedalen igjen.


Isforhold

Isen på lågareliggande vatn og elver var ikkje trygge. Ein del overvatn og inn/utosar som var heilt opne. Vidare innover var vatnet som ligg 786 moh samt Leitesvatnet på 795 moh heilt greie, men på sistnemnde var det antydning til overvatn enkelte stadar. Leitesåna og bekken forbi Blåfjellenden var delvis open, men det gjekk greit å kryssa på ski.



Turisthytta ved Blåfjellenden

Turdato: 29-30.01.2005

Relatert til artikkelen
Album
Skitur til Blåfjellenden
20 bilder
[29.01.2005 - 30.01.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no