Topp opp av Giljastølen
Vallresknuten, Frafjordheiane
Frå toppen av Vallresknuten 884 m.o.h. er det storslagen utsyn over dei omrkingliggjande fjell og dalar. Toppen er eit greit dagsturmål frå Giljastølen, sommar som vintar.
Av Ragnar Fjeld 09.05.2004


Vallresknuten i Frafjordheiane, 884moh.


Vallresknuten

Vi parkerte bilen nede ved Giljastølen og tok fatt på bakken opp av skitrekket. Her går det ein traktorveg oppover. Vegbeskrivinga hadde vi frå Stavanger turistforenin si årbok 2000: "Høgt og lågt i Gjesdal". Denne foreslo å ta Leirbødalen oppover, men vi kom innopå ein sti like ovanfor skitrekkets siste mast og fulgte heller den oppover. Først var det litt småkupert, men det opna seg veldig opp då vi kom opp til Måkevatnet. Her var også toppen i sikte. Det var fint og fredleg innover heia. Fleire fjellryper trippa forsiktig rundt og det var god vassføring i bekkar og små fossefall



Ved Måkevatnet. Vallresknuten i bakgrunnen

Toppen

Etter eit par timar roleg gange var vi på toppen. Det var fint utsyn i alle retningar, båe til dalføra og heiene rundt. Sjølv om høgda over havet ikkje er noko imponerande, så er det ein fin utsiktstopp på ein klårvèrsdag. Etter ein pause på toppen, bar det nedover samme veg.

Vallresknuten egnar seg ypperleg som dagsturmål. 5 timar tur/retur i makeleg tempo.


Fotruta

Det er fleire ulike alternativ på veg opp. Ein kan anten følgja Leirbødalen opp frå skitrekket, eller finna ein veg gjennom litt småkupert terreng rett ovanfor toppen av skiheisen. Det er også mogleg å gå på båe sider av Måkevatnet.

I følge turistforeningens årbok, følger vinterløypa omtrent samme trasè som sommarløypa: Leirbødalen opp frå skitrekket og vidare over Måkevatnet nordlige del, før ein går mot toppen.

Løypene er ikkje merka. Ta som alltid med kart og kompass.



Fjellrype


Artig vannsprut

Turdato: 09.05 2004

Relatert til artikkelen
Album
Valressknuten, Frafjordheiane
12 bilder
[09.05.2004 - 09.05.2004]
Vis album

Kart: Vallresknuten

©2001-2004 Breogfjellsport.no