Helgetur
Svartenuthytta i Setesdalsheiane
Ei helg i slutten av august tok eg turen innover til turisthytta "Svartenut" i Setesdalsheiane.
Av Ragnar Fjeld 28.08.2005, oppdatert 26.09.2005


Utsikt sørover frå Svarteløkfjellet til blandt anna Kyrkjenostjørnin og Kyrkjeknausen


Brokke - Suleskardsvegen

Det var allereie langt på dag då eg parkerte bilen like ved Vardsvatn, omtrent midtvegs på fjellvegen mellom Suleskard i Sirdal og Brokke i Setesdal. Parkeringsplassen rett nord for Øyuvsbu er fin som utgangspunkt både om ein skal nordover eller sørover i Setesdalsheiane og ilag med ein god del andre bilar, parkerte eg her.

Turen innover til Kristiansand og Opplands turistforening (KOT) hytte "Svartenut" var oppgitt til 5 timar i boka "Til fots i Norge". Med lett sekk og friske bein håpte eg at det ikkje tok så lang tid, då klokka hadde passert halv fem i det eg traska innover den merka stien.

Terrenget er òpe og drøyt tusen meter over havet betyr at det ikkje finnes eit tre i vid omkrets. Men blankskura snaufjellet er det definitivt ikkje, her er det mykje lyng, gras og myr. Det går også mykje sau på beite i området. Haustfargane hadde akuratt byrja å gjera seg gjeldane, mens blåbær og molter var godt modne. Ein liten kjøleg bris blafra imot meg då eg såg ut mot Rosskreppfjorden og Everdalen frå skaret i Svarteløkkfjellet. Innimellom skyene dukka solstrålene så vidt fram eit par gonger, før det tykna til igjen.

Ruta innover mot Svartenut var rimeleg lettgått og ikkje mange stigningar eller bakkar å snakke om. Det var imiddlertid litt vått i nokre områdè. Stien var stort sett greit merka, men det var greit å ha kartet for å vera sikker på at ein gjekk på den rette stien, då fleire av skilta var i dårleg forfattning. Ved Skrubbsåni passerte eg eit par teltarar og like etterpå kom det ei regnbyge. Det siste stykket opp Sisåkvæven var veldig fint å gå og eg ankom hytta etter litt over tre timar. Like før hytta var det bygd ei solid bru over den lumske Risåni, men denne dagen var vassføringa beskjeden.



Utsikt nordover frå Svarteløksfjellet


Svartenut turisthytte, 975 moh.


Svartenut turisthytte

Hytta såg mildt sagt liten ut på litt avstand, men var i realiteten ganske stor og hadde omtrent 20 sengeplassar. På hytta var det ialt sju andre vandarar, deriblandt nokre som hadde plukka med seg ein del kilo molter. Kvelden vart nytta til å lesa i ei bok om kvinners situasjon i Nepal.

På hytta fekk eg tips om at det var fint å gå om Beinleiheii i staden for den merka stien. Gjekk omtrent rett sørover frå hytta opp til Beinleidalen. Vidare over til vestenden av Beinleivotni og inn på umerka sti søriver Piksteinheii. Det kom nokre kraftige regnbyger og det var tendens til tåke. Hetta var god å ha! Etter ei stund letta skyene litt og det vart betre vèr. Kom inn på den merka stien igjen ved Øvre Kleivi og tok den tilbake til parkeringsplassen.

Ein grei helgetur på fjellet.


Bru over Risåni, like ved Svartenuthytta


Utsikt eit stykke nedanfor Beinleiheii. Svartenuthytta kan skimtast mellom dei to vatna litt til høgre i bildet


Kyrkjeknausen


Blåbær

Rutekart

Start ved parkeringsplass like nord for Øyuvsbu, på Brokke-Suleskardvegen. Den vestlege ruta inn til Svartenuthytta er merka, mens den ausltege om Beinleiheii er umerka. Øyuvsbu-Svartenut oppgitt til 5 timar av KOT, men mange vil nok gå noko raskare.

Relatert til artikkelen
Album
Svartenut
11 bilder
[27.08.2005 - 28.08.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no