Spanande skitur
Svalbard 2004
15 dagar i april månad blei tilbrakt på Svalbard. Turen vår skulle gå i dei mektige Atomfjella, eit fjellområde eit stykke mot nord på øyagruppa. Turen blei spanande på mange måtar, naturen fekk vist sin styrke, og vi blei mange erfaringar rikare. Les ein utvida artikkel og sjå mange bilder frå turen. No også oppdatert med video!
Av Ragnar Fjeld 20.04.2004, oppdatert 01.09.2004
For mange fleire bilde - sjå oppe til høgre under "Relatert til artikkelen". Ein liten videosnutt frå turen er også lagt ut.

Vi har landa på Svalbard lufthavn, Longyear
Etter ein altfor tidleg morgon, med tilhøyrande bussing og tilsluttningsfly, er vi endeleg på flyet som skal ta oss til Svalbard. Det er god stemning ombord og vi flyr stadig lenger nordover. Den fantastiske nordnorske naturen, ikledd snøkledd drakt, blir nok nøye beundra av fleire av passajerane i den fine formiddaglyset. Etter den obligatoriske ”ut-av-flyet-og-inn-igjen” manøveren på Tromsø lufthavn, der posten til Svalbardianarane blei stabla inn på dei bakerste setene, bar det igjen nordover. Og denne gongen skulle vi langt nord, heilt til den 78 breddegrad. For det tunge og fullasta Braathensflyet, av typen Boing 737-405, var det nok ikkje første visitt på verdast nordlegaste internasjonale flyplass. Etter ei kort innflygning over Isfjordens mange isflak, møtte det bakken med eit bestemt nedslag.
 
På Svalbard lufthavn, Longyear, var aktiviteten stor. Etter å ha studert store koffertar, golfbaggar (!), store kassar og masse anna rart, som for forbi på det meget korte bagasjebåndet, i omtrent ein halv time, hadde vi fått samla saman det meste av utstyret vårt. Ein fullstappa pulk, 2 fulle sekker, samt 3 store skibaggar blei stua inn i taksien, som straks satte kursen mot Skjæringa og Sysselmannskontoret.
 

Sysselmannen

Inn i det storslagne bygget til Sysselmannen tusla 4 studentar. Etter å ha tatt av skoa, som er vanleg i mange bygg på Svalbard, bar det inn i resepsjonen. Det første som møter deg der inne, er store panormavidu frå golv til tak, med fantastisk utsikt utover isfjorden. Her kan Sysselmannens folk lett oppdaga isbjørnar, som ofte kjem vandrande innover fjorden. Etter litt venting kom personen som hadde ansvar for reiseliv ut til oss. Vi fekk ordna meldeskjemaet og eit par andre formelle ting, og blei ønska god tur. Deretter var det bare bar det ut frå den hyggelege og varme atmosfæren hjå Sysselmannen.
 
Dagen gjekk så med til å hadla inn litt forskjellig utstyr og for å pakka. Det tok si tid, og det var ei stund mange ”lause trådar” som måtte ordnast. Kveld blei til natt før vi kunne leggja oss fordi alt måtte vera klårt. Dette sjølvom vèrutsiktene var ganske dårlege. Nokre få timar etterpå kunne vi fastslå at vèret ikkje var vidare bra. For å kunne kjøra snøscooter ut dit vi skulle, måtte vi ha brukbar sikt. Difor blei det ein ekstra dag i Longyearbyen, der vi slappa av og hygga oss.


På Billefjorden

Ut på tur

Det var eit langt følge av snøscootarar som la i veg ut i Advenstdalen. Det var gløtt av sol og golfspelerane såg ut til å trivast på den artiske golfturneringa utpå Isfjorden. Det såg iallefall slik ut i det vi for forbi. Vi var så heldige å få kjøre i lag med ei anna snøscootergruppe, som skulle omtrent samma veg som oss. Vårt mål var å koma oss opp på Mittag – Lefflerbreen, nord for Billefjorden. Med oss hadde vi 3 scootere, 3 scootersjåfører og 3 sleder lasta med vårt utstyr. Sassenfjorden blei kryssa og det gjekk verkeleg unna innover Billefjorden. Eit tydeleg tråkk på fjorden viste at Isbjørnane luska i området, men at dette ikkje var dagen for å sjå noko særleg til desse. Vèret skya litt til og blei litt for grått. Eit stykke inni Billefjorden tok vi forvell med den andre gruppa og dundra avgårde vidare innover fjorden. Opp på Ragnarbreen såg vi at det tetta seg til, men vi kom oss eit stykke ned på andre sida før vi lempa av utstyret vårt og vinka forvell til våre 3 dyktige scootersjåfører.
 
Mittag - Lefflerbreen
 
Ragnar Fjeld ved pulkane
Dagens mål var å ta seg ned til Austfjorden, noko som ikkje burde vera umogleg med tanke på at vi hadde kome så langt som vi hadde håpa på ved hjelp av scootertransporten. Planen var å gå i elveleiet ved morenekanten til breen og på den måten unngå mesteparten av sjølve breen. Det bar difor ganske mykje opp og ned, noko som var merkbart tungt for oss som drog pulkane. Det tok litt tid før vi endeleg kunne setta skia utpå den frosne isfjorden, men slitet var det verdt. Himmelen hadde opna seg og ein raudfarga himmel mot nord, ønska oss velkommen. Eit lite stykke frå Overgangshytta, ei lita bu ved fjorden, slo vi opp teltet.
 

På Austfjorden
 
Då eg stakk hovudet ut dagen etterpå, kunne eg ikkje unngå å legge merke til at det var skyfri himmel og sol. Det var som alle skyene hadde forsvunne. På denne til vanleg forblåste plassen var det blitt blikk stille. I sør låg Mittag – Lefflerbreen mange sprekker å solbada seg, mens tiderekker så langt auga rakk, stabla seg opp langs fjorden nordover. Du all verda for ein dag! No er det absolutt ingen automatikk i at fint vèr betyr ein lett og rask forflyttning, det har vi fått erfara før. Det blir fort litt ekstra med pausar for å nyte ein slik dag, som det nok ikkje er så veldig mange av her oppe. Austfjorden var jo også så formidabel. Etter eit par timars gange syntes det som om vi hadde gått i eit kvarter, om ein då ikkje såg på kartet.
 
 
 
Dagen var flott, fenomenal og alle tiders. På fjorden var det bare å ”loffa” framover, me eit mål som ein etter kvart kunne skimte i det fjerne. Først var det Stubben – Dorffbreens skimrande blåis som facinerte oss, så var det fjellrekkenes spisse tinder. Godt over halvegs passerte vi ei øy i fjorden og på slutten raga fleire toppar på Einsteinfjellet flott.  Sola varma godt og temperaturen var meget god til å vera april på Svalbard. Dagsformen var dog ikkje like god hjå alle, og med feller på skia (nødvendig pga ujevn is og ujevnt føre), så gjekk det litt tungt til tider.
 

Einsteinfjellet ved Austfjorden
 
Etter ein lang og flott dag, lei det absolutt mot kveld i det vi svinga innover mot Tryggvebreen. Røyken frå pipa på fangstasjonen Austfjordeneset steig høgt opp og det var nok ikkje bare vi som snart skulle igang med kveldsmaten snart. Etter å ha sikra leiren med snublebluss, som alltid, krøyp vi alle 4 inn i det vesle teltet. Etter kvart blei middagen satt over og sulte magar bli fylte.
 

Tryggvebreen

Ikkje alle dager startar like bra, og dette var ein slik dag. Først vakna Leif Einar med ei dundrane houvudpine, som ifølge han sjølv, føltes som ”den verste hangover ever!”. Skylden for dette viste seg å vera nokre skifeller som hadde blitt rensa med white-sprit. Desse hadde låge oppi ein jerven-duk, som igjen var rundt soveposen. I løpet av natta hadde nok white-sprit dunsten forplanta seg heile vegen ut. Dette og fleire andre ting, gjorde at vi ikkje kom oss avgårde så tidleg denne morgonen. Som om det ikkje var nok, etter 50meter, bokstaveleg talt, braut eit feste på ei skifelle av. Det skulle visa seg å vera litt vrient å få fiksa denne, men ein tilbøgd ståltråd gjorde etter kvart nytten. Oppover mot brefallet hadde vi eit scooterspor å følgja, så det gjekk rimeleg kvikt. Inne på breen var det eit slit med pulkane. Særleg sidan den eine hadde blitt lessa med ein ekstra sekk, då white-sprit uhellet forsatt gjorde Leif Einar svimmel og uvell. Nedre del av breen var avblåst, og stegjerna blei difor tatt fram. Eit av stegjerna viste seg å vera vrient å bruke i samanheng med å trekke tung pulk (det vrei seg av), så dette tok også litt tid. Oppe på den snødekte delen av breen gjekk det ei stund betre. Likevel var det svært tungt med den pulken som hadde fått den ekstra sekken. Denne ”gravde” seg regelrett ned i snøen og glei særdeles dårleg. Det hjalp jo ikkje at det steig oppover heller.
Etter mykje strev kom vi såpass langt opp på breen slik at vi kunne ligge i ein leir i 2 dagar, istaden for å måtte flytte leiren eit par kilometer.

Perriertoppen

Mot Perriertoppen (i tåka)
Då vi vakna dagen etterpå, såg det ikkje særleg lyst ut med tanke på Perriertoppen. Denne toppen som er på godt 1700 meter, har fleire bratte parti som må forserast. Likvel var det ikkje dette som bekymra oss mest, det var skredfaren. Gjennom vintaren hadde det vore uvanlege temperaturforhold på Svalbard. Dette hadde ført til mykje lagdeling og generelt stor skredfare. Eit stort ras tok ein scooterførar 2 veker før vi la ut på turen, i eit område ein vanlegvis ikkje reknar som skredfarleg. Dei siste 2 dagane hadde det også snødd eindel og eit stykke oppover tok vi difor til å grave ein snøprofil. Topplaget bestod av 15 cm tung nysnø, mens det under var fleire – kanskje så mykje som 8 – ulike sklidelag. Snøen kollapsa også merkbart når ein la tyngde på. Sklidetesten var heller ikkje oppløftande. Skredfaren kombinert med at eit tett skydekke, som såg ut til å ha parkert over heile toppen, slik at sikten var heller dårlig, gjorde at vi valgte å snu. Seint på ettermiddagen, på tilbaketuren til leiren, letta skyene ei stund og vi fekk verkeleg sett det fantastiske landskapet vi gjekke i. Det overgjekk alt anna vi hadde sett frå før. Overalt stakk det opp ekstremt spisse ”spyd” og toppane konkurrerte om å nå høgast. Dei bratte fjellveggane med utallige snørenner strakk seg høgt til topps rett framfor oss. Til slutt fekk vi også eit glimt av Perriertoppens bratte snøside opp til toppen. 
 

Flotte tinder nord på Tryggvebreen

Gallerbrepasset

Det vekslande vèret fortsatte, med store skyer som kom og gjekk. Etter å ha pakka leiren i morgontimane, bar det oppover igjen. Denne dagen var vi mildt sagt litt skeptiske til Gallerbrepasset, særleg med tanke på skredfare. Det er bratt der, heilt sikkert bratt nok til at det kan gå ras. Spørsmålet er då om det er trygt å gå opp dit. Ulike alternativ blei pønska på og undersøkt. Ein mogleg veg utanom blei også undersøkt, men det viste seg å bli litt vanskeleg, sidan ein måtte over ein bratt, kryssande fjellrygg. Til slutt gjekk vi oppover eit stykke i passet for å undersøke forholda. Inntrykket var då meir positivt, og det var ein tanke slakare enn det såg ut for, særleg ved ei steinrøys heilt på toppen. Vi var meir eller mindre sikre på å gjera eit forsøk, då ein snøscooter plutseleg sett utfor i ein forykande fart. Til slutt hadde eit scooterfølge på 4 tatt seg ned den bratte bakken. Hadde det vore skredfarleg, så hadde raset gått nå. Det viste seg at områda som var mest utsatt, for det meste hadde knallhard snø, mens områda like under, hadde den samme lagdelinga som vi hadde studert dagen før.
 

F.V. Leif Einar Støvern, Ragnar Fjeld og Alexander Jønsson. Gallerbrepasset til Venstre

Oppover

Pusten går tungt i det eg sparker spor oppover Gallerbrepasset. På ryggen er det iallefall 25kg. Opp skal vi, men kor langt som er igjen, er ikkje så lett å vita. Tåka kom raskt og har lagt seg som ein sokk over oss og ilag med den kvite snøen, fører det til nesten ingen referansepunkter. Litt etter litt kjem dei første steinane på toppen til syne. På toppen blir det tid for ei pause med litt vatn og ein bit lunsjkake, før det ber nedover igjen – på baken.
 
Så var det tid for å ta pulkane oppover. Hadde snøen vore hard på overflata, kunne pulkane fått ein viss glidning oppover. No er det i nedre del 20cm nysnø, som gjer det tungt å dra oppover, og lenger oppe ganske hardt, slik at det er vanskeleg å få fotfeste. Med to mann framme og to bak, går det greit. Det blir ein del småpausar innimellom og den bratte hellinga merkes godt på toppen. Akinga nedover blir foreviga på video, ein ganske artig seanse. Aking er gøy!
 
Den siste pulken opp er også tung og det var godt å kunne slå leir på toppen. Det blir seint før middagen er unnagjort og det er fyllt varmt vatn på alle termosane. Kvar kveld fylte vi på ca 8 liter varmt vatn. Det tar litt tid å få smelta snø, varma vatnet og få det over på termosane. Vanlegvis gjorde vi dette etter middagen, så det kunne fort bli seint før den siste kraup inn i soveposen



Ragnar på "Veteranen"

Uvèr

På vår Iridium satelittelefon hadde det tikka inn fleire urovekkande vèrmeldingar dei siste dagane. Eit stormsenter såg ut til å treffe øygruppa. Før det blåste opp, hadde vi verkeleg lyst til å koma oss eit godt stykke avgårde. Over Gallerbreen og ned til den gigantiske breen Veteranen gjekk det leikande lett. Opp Kingbreen gjekk det oppover, og dermed også litt tyngre. Like etter toppen kom vèromslaget. På eit blunk seig kalle luftmassar innover og vinden tiltok raskt. Ansiksmasker og briller blei satt på før vi la iveg vidare. Vi ville prøve å nå nordsida av Newtontoppen, der vi trudde vi kunne finne ein leirplass i god le for vinden. Det blei ei lang økt. Vinden gjorde det svært kaldt å stoppe opp og pulkane glei ikkje vidare godt i nysnøen. Sikten blei etter kvart ganske dårleg, men likevel god nok til at gps’en fortsatt låg i sekken. Til slutt kom Newtontoppens nordvegg til syne, men no var vinden såpass sterk at vi ikkje hadde tid til å gå rundt for å finne ein god leirplass. Planen blei då å legga seg heil inntil fjellveggen, der fjellet forhåpentlegvis tok av litt for vinden.


Snømur bygd for å beskytte teltet vårt

Då vi nærma oss veldig, såg vi noko som kunne sjå ut til å vera ein stein – eller var det eit telt? Det viste seg raskt å vera eit telt, ei gruppe frå Austerike som var på veg omtrent motsatt veg av oss. Eit stykke bortanfor det Austeriske teltet, gjekk vi igang med bygginga av ein solid snømur. Sidan teltet vårt helst ikkje burda ha for mykje snøtyngde på seg, og fordi det allereie fokka seg mykje snø, bygde vi den ganske solid. Forhåpentlegvis ville den ta opp mesteparten av snøføyken. Teltet rista godt denne natta, og Helsport må nesten krediterast for at Isfjellteltet gjennom heile stormen, var heilt inntakt. Takk.
 

Teltet vårt i stormen

Thomas Andrè Thorkildsen og Alexander Jønsson i slappar av i teltet under stormen

Redningsaksjon

Det som skjedde så, er kort fortalt følgande:
Vi låg i teltet og slappa av heile dagen, det var ikkje så mykje å ta seg til utanom å lesa i dei tok bøkene vi hadde med. Det var mogleg å gå ute, men vinden var svært sterk. Slik forløp også dagen etter på, for dårleg vèr til å gå, men godt å lunt i teltet. Snøen føyka seg godt ved snømuren i staden for å legga seg på teltet. På vår Iridium tikka det inn melding om at 30-40 andre personar også låg vèrfaste rundt om på øygruppa. Ei dame frå det Austeriske følget kom over å hilsa på oss, og nevnde også at dei var litt kalde og at utstyret var veldig fuktig. Ho fekk også låne satelitt-telfonen, for å ringe til reiseoperatøren som hadde kjørt dei eit stykke ut i felten. Dei ville prøva å få transport ut. Dette kom sjølvsagt ikkje på tale pga vèret og dei dårlege vèrmeldingane. Vi gjekk difor over til det Austeriske teltet for å sjekke ut forholda. Det viste seg å vera veldig bløtt inne i teltet – snøen føyka seg inn i innerteltet via digre luftluker og dalte ned på alt som var der inne. Sjølv med kunstfiberpose utpå dunsoveposen, hjalp det lite. Soveposane var gjennomvåte. Liggeunderlaga var tynne og det var ikkje rart at det følte seg kalde i denne situasjonen. Her måtte noko gjerast.
 
For å få vekk snøføyka inn, bygde vi opp ein meget lang og kraftig snøvegg eit stykke frå teltet. Det viste seg etter kvart at denne fungerte meget bra. Mens dei 3 austerikerane fekk varmen igjen i vårt telt, skifta vi på å sitte å snu på våte soveposar og klede. Varmen fekk vi frå ein av våre bensinbrennar som gjekk på full guffe (dei hadde kun gassapparat som ikkje gav nok effekt til noko slikt prosjekt). Etter 6 timar og nokre liter bensin seinare, var mykje av utstyret blitt forholdvis tørt igjen – iallefall tørt nok til å kunne brukast. Vi såg at gruppa kunne få seriøse problem viss dette vèret skulle vedvare, og at dei også kunne få alvorlege problem viss dei gjekk vidare. Dette var dei sjølv veldig einige i og dei hadde vurdert å bruke nødpeilesendaren før dei kom til oss. Det var ingenting anna å gjera enn å underetta Sysselmannen. Vi fekk forklart situasjonen og han ba oss bli der til dei kunne hente ut gruppa.
 

Våre snøføykemurer kom også til god nytte. Etter nokre dagar var det ikkje mykje som stod igjen.
 
Det nesten halvanna døgnet blei vi rett og slett på staden. Det gjekk betrakteleg betre med Austerikerane og stemninga blei veldig bra. Vèret lett litt og vinden løya til liten kuling, noko vi vurderte som bra nok til å gå – og vi hadde gått då under andre omstendende
 
Til slutt letta vèret og det blei plutseleg kjempevèr. Sysselmannen meldte at det no var fint flyvèr og at eit helikopter skulle plukke oss opp.
 
Vi vurderte vår situasjon slik: tidsmessig låg vi veldig dårlig ann, men vi hadde satelitt-telefon og kunne i verste tilfelle arrangere ”scooter-pickup” etter at vi hadde kome oss ned til fjordane. Verre var det at vi var ein dagsmarsj unna eit eit veldig langt utsatt strekk, som vi burde ha fint vèr på. Vèrmeldingane var sprikande, og no hadde vi iallefall ikkje tid til å ligge fleire dagar vèrfast igjen. Sysselmannen tilbød oss om å også bli med, men vi var usikre. Til slutt kom vi til at det var det mest fornuftige å bli med dei andre tilbake igjen med helikopteret. I ettertid er vi vel både litt glad og irritert på denne besluttninga.
 
Eit Bell 212 helikopter landa framfor oss og tok oss med på ein utruleg flott flytur sørover mot Longyearbyen. Det er nok noko som vi seint kjem til å gløyme
 

Bell 212 helikopteret har landa
 
Dette er den korte versjonen av dei siste dagane, sjølvsagt er ein del detaljar og moment utelatt her, fordi det krever ein god del spalteplass. Kanskje vi skriv litt meir detaljert ein gong seinare.
 
 
Uansett så var det ein alle tiders Svalbardtur!
 
Vi som var på tur:
Leif Einar Støvern
Alexander Jønsson
Thomar Andre Thorkildsen
Ragnar Fjeld
 
Takk til alle som hjalp oss under planlegging og gjennomføring av turen!
Relatert til artikkelen
Album
Svalbard turbilder
63 bilder
[31.03.2004 - 15.04.2004]
Vis album

Artiklar
Kort artikkel om Svalbard tur-2004 [20.04.2004]

Video: Svalbard påsketur 2004
Skitur på Svalbard påsken 2004
Vis video
Video: Snøprofilgraving
Graving av snøprofil ved Perriertoppen på Svalbard
Vis video












Bildeforklaringar:
Øvst på denne sida: Thomas Andrè Thorkildsen på Austfjorden. Foto: Ragnar Fjeld

Heilkopterbilde: Bell 212 (G-BFER) frå Airlift A/S, operert på vegne av Sysselmannen på Svalbard. Begge foto: Thomas Andrè Thorkildsen.

Tredje nedst på sida: Fjell ved øvre del av Tryggvebreen. Foto: Ragnar Fjeld

Nest nedst på sida: Perrièr-toppen. Foto: Leif Einar Støvern

Heilt nedst på sida: Kveld ved Overgangshytta, Austfjorden. Foto: Ragnar Fjeld

©2001-2004 Breogfjellsport.no