Fine dagar
Svalbard påske

Påsken 2002 på Svalbard blei kjempebra. I løpet av 5 dager fekk vi oppleva mykje av det Svalbardnaturen har å by på. Først ein 3 dagers skitur i praktfullt vær, deretter snøscooterkjøring i tåke og snøvær og så hundespannkjøring i solskinn og mildvær. Vi fekk også oppleve Longyearbyen og trefte på mange greie folk
Av Ragnar Fjeld 21.04.2002
Flytur

1.Påskedag satte vi kursen nordover. Vi møtte tidleg opp på Gardermoen og fann ein flyplass som nesten var i dvale. Braathens hadde kun 2 innsjekkingsluker opne og lista over flyavganger i løpet av dagen, var ganske så mager. Turen med Boeing 737-705 nordover til Tromsø, blei kjempebra. Knallutsikt over heile landet. I Nordland stakk kjente topper opp som paddehatter og fotoapparatet blei brukt flittig. Vi passerte rett aust for den mektige toppen Stetind og fekk innflygning over ville fjell i Troms. Etter ein liten stopp i Tromsø, bare det vidare mot Svalbard. Det var bare 20 stk ombord på denne parktfulle dagen. Eit høgt skydekke låg over Svalbard-øygruppa, men kapteinen la seg under skyene eit godt stykke før landing og dermed fekk vi se både Van Mijenfjorden, Barentsburg, Isfjorden og innflygninga mot flyplassen. -5 grader og delvis overskya møtte oss på Svalbard.
 


Utstyr

Så var det klart for å skaffe utstyret som trengs for ein skitur på Svalbard. På førehand hadde vi avtala med Svalbard Wildlife Service at vi skulle få låne våpen. På Brakke 102 fekk vi lånt ei gamal rifle frå krigens dager, samt ammunisjon. Ingenør G. Paulsen, som er ein altmuligbutikk, skulle ha resten av utstyret vårt. Ganske imponerande at dei hadde åpent på 1.påskedag. Her blei vi venleg tatt i mot og fekk mange gode råd. Vi kjøpte snublebluss og parafin, samt lånte signalpistol.


Ut på tur

Litt over kl 18 var vi derfor klar til å legga ut på eventyret. Over Adventsfjorden og mot Målardalen. I Solskinn og finvær la vi avgarde og lada rifla eit godt stykke utanfor Longyearbyen. Turen gjekk under det fasinerande Hiorthfjellet. Eit godt stykke inn i Målardalen, slo vi opp teltet og fekk satt opp snublebluss. Ein pakke med real turmat gjorde susen etter ein lang dags reis.


Etter ei god natts søvn tok vi det svært med ro og la i veg litt før kl 14 dagen etterpå. Turen gjekk opp Blekumbreen. Det var blåhimmel og sol, men på breen var det skygge. Med svært tunge sekker blei det ein lang tur opp dei 500 høgdemeterane. Rett før toppen, kom vi inn i inn i solskinnet og tok ein vellfortent lunsj; Superengergirik Havregrynskake med nøtter. 200gram av det og du er ganske så klar til å gå vidare. Nedover Tellbreen gjekk det strålande og i kveldinga runda vi ned i Adventsdalen, etter å ha gått ned Helvetiadalen. Ein kjempeflott solnedgang, var praktful å se på før vi satte opp teltet. Dagens ettappe blei omtrent 22 kilometer, noko som vi var svart godt fornøgd med.
    






Dagen etterpå vakna vi til fortsatt godvær, og la ut på den 2 mil lange turen tilbake til Longyearbyen. Turen gjekk forsåvidt greit, utanom at Thomas fekk vondt i skuldera på grunn av den tunge rifla. Det blei betre når vi feste rifla på sekken. Det blei ein lang tur, men vi kom oss inn til slutt. Ein stor pizza på kroa gjorde godt. Vi traff også på Inger, Pål og Martin, som hadde kome tilbake frå sin tur.
    

Om kvelden satte vi opp teltet eit stykke opp i Longyeardalen, bak ein liten kolle. Vi planla å leige snøscooter dagen etterpå, og sto derfor opp ganske så tidleg. Vi prøvde først hos Svalbard reiser, som hadde alt utlånt. Hos Henningsen Guiding og Transport, som eg hadde leigt skuter av før, fekk vi til slutt låne ein bra snøscooter.

Været var litt grått denne onsdagen, men vi håpa det skulle lette. Først gjekk turen inn Adventsdalen og Sassendalen. Då tåka til dels var tjukk som graut, valgte vi å snu fordi vi ellers kunne få problem med å finne vegen tilbake. Det passa fint med mat i Longyearbyen midt på dagen. Vi var også innom biblioteket og fekk lagt ut ein liten artikkel om korleis vi hadde det på turen.


Thomas Andre Thorkildsen på snøscooteren

I det vi la ut frå Longyearbyen, var været bare dårligare. Vi møtte mange som kom tilbake frå tur, eller som hadde snudd. På Longyearbreen vurderte vi 3 gonger om vi måtte snu. Det var omtrent null sikt, ingen snøscooterspor og umogleg å sjå noko i det heile. Siden eg hadde kjørt  her eit par gonger før, så fann vi fram til slutt og kom oss ned Fardalen. I dalen var tåka tett, men det var ingen problem å følge spora. Det var likevel vrient å sjå humpane og det førte til mange små "hopp", og eit hopp som føltest ganske langt.     

Frå Colesdalen kjørte vi Bødalen og vidare ned til Sørhytta i Reindalen. Det siste stykket var merka med stikker, så det var lett å kjøre. Vi passerte mange reinsdyr og fekk tatt fine bilder. Reinsdyra brydde seg ikkje om snøskuteren i det heile tatt.     

5 dagar etterpå passerte vi på ski gjennom nedre deler av Reindalen, og hadde då gått omtrent 3 dagsmarsjar. Det føltes litt som om vi var litt i villmarka, med tanke på at det var ganske mange mil tilbake til Longyearbyen. Bare tenkt på problema vi hadde fått viss skuteren hadde blitt ødelagt. Turen tilbake gjekk fint i snøværet som kom. I Longyearbyen var det omtrent 10cm nysnø og det var jo heilt perfekt for skigåing seinare. Det blei tid for ein liten snøcootertur seint på kvelden også, inn i Adventsdalen til Gruve6


Hundekjøring i Bolterdalen

Hundekjøring

Seint om kvelden kjørte vi skuteren opp mot leirplassen vår. Det var tett tåke og svært vanskeleg å finna fram, men til slutt fant vi tilbake til teltet. Morgonen etterpå leverte vi tilbake skuteren og blei henta for å bli med på hundekjøing med Svalbard Huskies. Dette blei ei oppleving utanom det vanlega. Med eige 6 spann drog hundane oss innover Bolterdalen, mens sola stakk fram frå skyene. Det var godt å bare sitta å nyta livet i kjelken, mens vi farta oppover den mektige dalen.
    


Skuletur

Om kvelden tok vi ein taxi ut til flyplassen for å møte resten av gjengen frå Nordfjord Folkehøgskule. Taxisjåføren var ein hyggeleg kar, som hadde mykje å beretta. Han kunne fortelja at han dagen før hadde jaga ein isbjørn opp ifrå adventsdalen, omtrent der vi overnatta 2 dager i forveien. På flyplassen var alt stille. Ingen å sjå, sjølv ikkje inne i terminalbygget. Omtrent 10 minutt før det første flyet landa, kom "halve" Longyearbyen ut på flyplassen. Det kan nemnast at det stillte seg opp 3 store flybussar, 4 taxier og kanskje 20-30 andre bilar med folk som skulle på jobb. Det var tøft å se på korleis flyplassen vakna til live på bare 5-10 minutt. 

Frå det første flyet, kom Mikael. Resten kom ein halv time seinare. Så var det slutt på vår eigen tur og start på skuleturen, ein 10 dagars skitur.     


Fine dager

Både Thomas og eg er svært godt fornøgd dei første dagane på Svalbard. Me fekk oppleva utruleg mykje som det ikkje er så lett å få med seg i ein slik artikkel som dette. Vi anbefalar alle til å ta seg ein tur opp til denne koselige øya i nord.



Relatert til artikkelen
Album
Lysbilde: SvalbardTur 2002
26 bilder
[04.04.2002 - 15.04.2002]
Vis album
Album
5 dager på svalbard
19 bilder
[31.03.2002 - 04.04.2002]
Vis album

Artiklar
Svalbard 2002 [23.04.2002]
Blinkskudd: Longyearbyen [14.02.2005]









Bilde øvst på sida: Utsikt frå Mälardalen til Ytre del av Advenstdalen, Indre del av Advenstsfjorden, Longyearbyen, Platåberget, Nordenskiöldsfjellet 1050 m.o.h. (høgaste synlege topp) og Lars Hiertafjellet 878 m.o.h. (Bak til venstre).

Hundebilde nedst: Hundekjøring med 'Svalbard Huskies' i Bolterdalen.

Heilt nedst: Hiortfjellet, 923 m.o.h., sett frå Mälardalen.

Foto denne sida: Ragnar Fjeld
©2001-2004 Breogfjellsport.no