Klatring på Skurvefjell
klatrekurs
Hemsedal og Skurvefjell var staden for det vidarekomne klatrekurset arrangert av Prosjekt villmark. I løpet av 4 dagar lærte me utruleg mykje og blei mange erfaringar rikare. Det til dels kalde og sure været la ingen demning på motivasjonen. Høgdepunktet for dei fleste var nok å lede taulengder på naturlege sikringar heilt sjølv
Av Ragnar Fjeld 30.06.2003

Thomas Andrè Thorkildsen med Skogshorn i bakgrunnen

Det var fredag den 20. juni og sola varma godt ved klatrefeltet "Høllet" like utanfor Gol. Her var det klart for litt oppvarmingsklatring og innføring i det å bruke naturlege sikringar ved klatring i fjellet. Anledningen var Prosjekt villmark sitt vidaregåande klatrekurs og 6 motiverte klatreinteresserte, i tillegg til 2 erfarne instruktørar, var ivrige etter å koma igong. Det varte ikkje lenge før alle var godt inne i klatresikkringstekniske ord og uttrykk. "Friends", "Camalots", "kamkiler", "hexer", "nuts" og "kiler" var bare noko av det som blei snakka om i løpet av ettermiddagen. Klatringa foregjekk først på topptau, men etter kvart blei det også til at nokre leda opp sjølve. Det var då betryggande å ha Rune og Stian hengjande ved sida av å gje gode råd. 


Skurvefjell


Skurvefjell
 
I kveldinga forflytta kursdeltakarane seg oppover til Hemsedal og Skurvefjell. Ein times kjøretur og ein times gange tok det før den flotte fjellveggen stod framfor oss. På vegen hadde me også fin utsikt oppover til Skogshorn, som var eit aktuelt klatremål den siste dagen av kurset. Teltleiren blei etablert 100 meter frå veggen. Denne dagen var det teltlaget mitt som laga felles middag. Det blei eit godt og sosialt måltid inne i teltet til klatreinstruktørane, alt i god "Folkehøgskuleånd".  
  
   
  
  


  
Klatretur 
Morgonen etter var det klart for skikkeleg klatring. Målet var å klatre opp den ca 100 meter høge veggen. Me var alle litt spendte, sidan dei fleste av oss ikkje hadde klatre fleire taulengdar før. To taulag tok to ulike ruter oppover, begge gradert til 5-. Instruktørane leda oppover, så kom me etter. Det var veldig lærerikt å sjå korleis det blir ting blir gjort når ein klatrar høge fjellveggar. Det varte ikkje lenge før alle var ganske så komfortable med klatringa og opphalda på standplass, til tross for at me stod midt i ein høg fjellvegg og at det var litt langt ned. Første standplass blei etablert ca 25 meter opp i veggen, og låg på ei fin hylle. Vidare gjekk ruta opp i ein kamin, som var svært kjekk å klatre. Kommunikasjonen mellom dei som klatrar er veldig viktig, og det blir difor nytta standardiserte klatrekommandoar. Dette viste seg å vera lurt, sidan det til tider var vanskeleg å få med seg kva som blei sagt. Etter ca 3 timar stod me alle på toppen, ganske stolte over å ha kome opp! 
 

  
  
Sette eigne sikringar 
Hovudtemaet på kurset var å sette eigne sikringar. Det blei masse prøving og feiling med å få rett storleik av kilene til å sitje forsvarleg. Neste dag gjekk med til å lede oppover sjølve og setja eigne sikringar på vegen opp. Instruktørane Rune Abrahamsen og Stian Ulberg hang i tau ved sida av oss og sjekka at alt gjekk bra. Me fann fort ut at det tar lang tid å klatre. I det til dels kalde været blei det både vått og kaldt for både dei som klatra og dei som sikra den andre i veggen. Dette var nok ein erfaring for oss, og nyttig å huske på seinare klatreturar 
Sola dukka opp innimellom og varma oss opp igjen. Ellers var soveposen god å ha når temperaturen kraup nedover i teltleir på ca 1100moh. Det blei dessverre ikkje godt nok vær den siste dagen til at Skogshorn blei aktuell, men det gjorde ikkje noko. Me fortsatte å klatre på Skurvefjell og var godt nøgde då me pakka saman og forlot staden. Kurset blei avslutta med pizza på Peppes i Hemsedal, før me satte kursen heimover. 
 



  


Lyst til å reise på klatrekurs eller på tur? 
Prosjekt villmark er ein organisasjon som samarbeider med bl.a. Nordfjord folkehøgskule om ulike turar og kurs. I tillegg til klatrekurs arrangers det bla.a. brekurs, kajakkkurs telemarkskurs, turer på Jostedalsbreen, turer i Molladalen og i Jotunheimen for å nemna noko. Turane og kursa er opne for alle og har ein særs låg pris samanlikna med kommersielle aktørar. For meir informasjon om Prosjekt villmark, sjekk ut prosjekt-villmark.no 
 
Relatert til artikkelen
Album
Klatrekurs
11 bilder
[20.06.2003 - 23.06.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no