Fine dager i sola
Klatring på Sotra
Sotra er ei øy utanfor Bergen og byr på mange fine klatrefelt. Rutene er svært varierte og det er noko for nesten alle nivå. Nokre dagar i juni blei tilbrakt på eit knippe av desse klatrefelta
Av Ragnar Fjeld 14.08.2004, oppdatert 16.10.2004

Ørnenipa

Klokka nærmer seg 12 i det vi rusler mot Ørnenipa på Sotra denne fine junidagen. Dette er eit lite felt med fleire taulengders ubolta ruter. Planen er å klatre ei 4+ rute, som skulle vera ganske fin.

Med ein gamal ringpermførar, og ikkje den nye "bolteføraren", så melder det seg straks eit problem. Kor er starten? Skissa i føraren er ganske grov, så det blir litt gjetting. Der vi gjekk opp, var dei 3 første flytta litt utfordrane, men forseres greit etter eit par forsøk. Så er det fin rissklatring oppover og sjølvsagt sol på standplass. På toppen er det veldig fint. Returen går frå ei blokk som ligg på eit platå. Denne blokk ser litt suspekt ut, men vistnok så er det vanleg å ta rapeller herfrå. 50meters rapell hadde nok vore å foretrekka, sidan vi med enkeltrapell bare kom halvegs ned. Med litt klyving kom vi då ned utan ein ekstra rapell.


Siste taulengde på "Sofakroken ad klemblokken"

Liafjell

Liafjell ligg ikkje så langt frå Ørnenipa, men er eit betrakteleg større klatrefelt. Her er det mange litt lengre ruter på 3-5 taulengder. Anmarsjen er litt lengre her, men ikkje verre at den er unnagjort på 15-20minutt i roleg tempo. Vel framme steika sola godt.

"Sofakroken ad klemblokken" heitte den forholdvis lette ruta vi ville gå. Dette var ei 3 taulengders rute opp ved ei klemblokk til ein "sofakrok". I første taulengde var det ganske trangt ved klemblokka. Andre taulengde var valfri; vidare opp i renne eller ut på sva. Gjekk ut på svaet og opp til Sofakroken. Herfrå var det litt spanande klatring eit par flytt før toppen blei nådd. Alt i alt ei fin klatrerute som ikkje var for vanskelg.


Ragnar Fjeld på Lokøy

Lokøy

Lokøy eit klatrefelt med kortare, bolta ruter. Det starter på omtrent 4+ i høgre del, og blir gradvis vanskelgare mot venstre del. Fleire fine 5'er og 6'er ruter. Etter ein bomtur her eit par dagar i forvegen, då det styrtregna, var det imiddlertid veldig fint vèr på feltet.  4+ rutene blei unngagjort i ein fart, men viste seg å innehalda fin klatring. Fleire av 5'er rutene var meget morosamme å klatre, mens det blei meir slit på svake 6'er ruter for oss som ikkje er så veldig gode i klatring. Stort sett var cruxet i samme nivå i veggen og klatring over dette nivået ganske lett. Då det lei mot sein ettermiddag var vi fornøgde med dagens fine klatring og satte kursen mot Bergen igjen


Kamilla Dahle Hammervoll klatrar på Lokøy

Relatert til artikkelen
Album
Klatring på Sotra
13 bilder
[08.06.2004 - 10.06.2004]
Vis album

Meir om klatring på Sotra
Sotra er ei forholdvis stor øy vest for Bergen by og er landfast med ei hengebru. Øya er kjent for spesielt fint og fast fjell som egner seg veldig godt for klatring. Mange ulike klatrefelt er tilrettelagt

Transport
Bil er det enklaste, men det går også buss ut til mange av felta. Sykkel er eit meget godt alternativ for folk i Bergen sentrum eller nærare. Føraren gjer fine og detaljerte informasjonar om vegen ut og parkering

Førar
Føraren "Klatrefører for Bergen" (2004) er utgitt av
Bergen klatreklubb og  dekker dei fleste felta på Sotra, med unntak av ein del naturleg sikra ruter. Føraren er i sal i fleire sporstbutikkar i Bergen

Ruter
Svært allsidig. Fleire felt har enkle ruter, t.d. Lokøy. Naturleg sikra ruter finn du mange av på Liafjell, både lette og vanskelege

Bilde i album "Klatring på Sotra"














©2001-2004 Breogfjellsport.no