Sol, minusgrader, frosne fingre og tær
Haustklatring i Bø
I Bø er det mange fine og varierte klatrefelt. Vi tok turen ut i haustkulda for å prøve desse fine klatrefelta. I vakker haustsolksinn blei det ein fin dag utan så mykje seriøs klatring. Klatring skal vera utfordrande og kjekt, og det var det så absolutt i Bø!
Av Ragnar Fjeld 31.10.2002

Med store klatreforvetningar kom eg til Bø i Telemark. Området er kjent for sine mange og varierte klatrefelt. 
 
 
Eriksten   
 

  
    
  



Laurdags morgon reiste vi ut til klatrefeltet Eriksten, ca 9km frå Bø i Telemark. Det var ganske kjølig og delvis snødekke. Heile natta hadde det regna og det var få ruter som var tørre. Relativt enkle ruter blei vanskelige når det var bløtt. Enkelte riss bestod av små bekker og det sildra vatn rett gjennom ulltrøyene. Vi klatra derfor på dei enkle rutene og øvde på å sette naturlige sikringer. Sola varma etter kvart godt og det blei fin varme i veggen. 

 

Espedal 

Sola var gått ned og det var kaldt i det vi rusla opp til klatrefeltet Espedal. Etter lunsjpause med varm te og kaffe, var planen å varme opp på ei lett rute. Dette slo heilt feil. Eg leda oppover på ei klassisk rute med namnet "smågodt"(4+). Mykje fin klatring men med "forfrosne" fingertupper blei det utfordrande. Det blei med denne ruta. Thomas tok turen opp på topptau utan særleg føling med fingrane! 
 
Klatrefelta i Bø levde absolutt opp til forventningane. Det er utgitt ein fin og illustrert fører for området og med denne er det lett å finne fram. 

Relatert til artikkelen
Album
Haustklatring i Bø
9 bilder
[26.10.2002 - 26.10.2002]
Vis album

Artiklar
Sort/hvitt bilder fra klatring i Espedal [02.10.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no