 Flott morgon i Giklingsdalen |
Det blei seint før vi kom til parkeringsplassen like ved Nerdal, opp av Ålvundeid i Sunndal. I lyset frå lyktene gjekk vi så innover grusvegen mot Innerdalshytta. Med full oppakning gjekk det ikkje så fort oppover bakkane. På Innerdalshytta var det ein god del folk som satt ute i den milde haustnatta og stemninga syntes å vera god. Vi fortsatte imiddlertid straks vidare etter å ha fått eit par hyggelege nikk. Over myrene gjekk det raskt før det blei ein pause for å samle krefter til dei 340 hødemeterane opp til Giklingsdalen. Etter ein del strev opp bakken og litt roting for å finna fram til ein grei teltplass, så blei teltet satt opp. Klokka var nesten halv to før eit raskt nattmåltid blei inntatt
Morgon i Giklingsdalen
Klokka er litt over sju og det er ein fin morgon i Giklingsdalen. Morgonsola skin på Skarfjellet og Trollamassivet, med ein knallblå himmel i bakgrunnen. Med utsikt til desse flotte fjelltoppane og med frisk fjelluft, smakar brødskivene ekstra godt. Sekkane blir så pakka for ein lang dagstur. Planen er å klatre ei veldig enkel rute opp til Innerdalstårnet og deretter kanskje enda ei rute viss tida tillater det. Det ser ut til å bli ein fin dag.
Mot tårnet
Stien oppover mot Innerdalstårnet snor seg oppover fjellsida, men er ganske lett å følge. Dei første hammerane som passeres, kalles for Hoppet. Her kan ein ta av mot vestre for å gå/klyve opp til Litletårnet. Fleire ryper sit på steinane og tar ein kort flygetur i det vi kjem nærare. Vidare oppover går stien opp til Skjæret, eit framspring mellom to renner. Her er det fleire tråkk og enkelte lause parti. Frå Skjæret er det litt mindre bratt opp til Tårnskar, skaret mellom Innerdalstårnet og Tårnfjellet. Dei rundt 580 høgdemeterane frå Giklingdalsvatnet (Storevatnet) og opp til Tårnskar tok omtrent 1 1/2 time. Frå Tårnskar er det lett klyving normalvegen opp til Innerdalstårnet. Tråkket er imiddlertid lite synleg. Oppover er det eit par svapartier som under dårlege forhold (snø, veldig vått mm) kan kreva sikring, men under vanlege forhold er dette lett og blir gått utan noko form for sikring. Ver imiddlertid obs på at tårnet seint på hausten kan vera nedisa og dekka av snø.

Klatreruta Sydeggen går oppover ryggen frå Tårnskar
Sydeggen - klatrerute
Den enklaste klatreruta på tårnet har gradering 3+ og går opp frå Tårnskar. Det var denne vi skulle klatre. Ruta startar opp litt til høgre for markert hjørne, nesten ute på ryggen. Klatring oppover i starten var fin, utsikta likeså. Mellom klatringa oppover var det lengre etappar med vassing. Fleire av standplassane blei satt i blokker då det var få andre alternativ, så nokre lange slynger kan vera fin å ha med. Klatringa var ikkje veldig eksponert, stort sett koselege, små hamrar. Eit punkt på ruta er gradert til 5-, men dette er bare 2 meter og er ikkje eksponert i det heile. Det er også lett å gå rundt. Klatringa på slutten av ruta går opp eit riss på høgre side av ryggen og er kanskje den finaste delen. Heilt på slutten kan ein velje å anten gå opp, eller klatre ein veldig kort 3'er taulengde. Kun blokker til standplass heilt på toppen av ruta. Vidare var det lett til topps. Kommunikasjon mellom klatrarar kan vera litt vanskeleg enkelte stadar på denne ruta, særleg viss ein klatrar ut tauet. Det er også mykje ekko som slår tilbake frå Tårnfjell.
På toppen av Innerdalstårnet er det ein stor varde og ei vardebok ein kan skriva seg inn i. Utsikt ut over heile Innerdalen samt til dei flotta fjella rundt. Etter ei god stund på toppen, tok vi fatt på turen nedover. Planen var å anten klatre ruta Vesteggen eller gå opp på Litle Innerdalstårnet

Alexander Jønsson mot toppen på klatreruta Sydeggen
Vesteggen
Frå Skjæret i renna nedover mot Giklingsdalen, såg traversen over mot ruta Vesteggen noko lufttig ut. Dette viste seg å vera eit synsbedrag, det var fint og lett å gå dit. Oppover mot innsteget på ruta var det lett. Innsteget var godt synleg og klatringa oppover såg morsom ut. Klokka var halv fem og vi var litt i tvil om kor lenge klatringa ville ta og utan lykter til returen fann vi ut at vi nok måtte utsetta ruta til ein annan gong.

Ved innsteget til klatreruta Vesteggen. Første og andre taulengde ses på bildet
Litle Innerdalstårnet
Ved Hoppet tok vi av og kryssa over renna (det er kun mogleg å krysse over akkurat her). Vidare var det lett bort til renna som kjem ned frå Litle Innerdalstårnet. Her var det ein tendens til "sti" oppover i renna, så vi tok oppover her. Det var imiddlertid mindre lurt. Oppover holdt vi litt til høgre i ei siderenne der det var veldig laust, men hovedrenna var enda verre. Eit stykke opp i denne var det eit vått og mosgrodd parti som ikkje såg bra ut, men det gjekk på eit vis og vi sikra delvis opp eit utsatt stykke. Fordi det sikkert hadde vore verre å gå ned igjen den vegen, så fortsatte vi vidare oppover, ellers hadde vi snudd straks. Toppen blei omsider også nådd, men sola var allerede gått ned, turen opp hadde tatt si tid. I veggen opp mot Store Innerdalstårnet såg vi to klatrere på ruta Nordvesteggen. Nedover tok vi ryggen nedover, denne var stort sett fin, men med litt klyving. Enkelte stadar måtte vi litt ned på ein av sidene for å enkelt koma ned. Det var nesten mørkt då vi kom tilbake til hoppet, og heilt mørt då vi endeleg kom ned teltet.

Renna og ryggen som går opp mot Litle Innerdalstårnet
Regn
Ein bedre middag med pepperbiff og gratinerte poteter smakte godt etter turen. Etter ei god natts søvn kunne vi klokka 7 søndags morgon konstatera at regnet styrta ned . Det blei difor ingen tidleg morgontur på Vesteggen, men heller ein formiddag i teltet. Utpå dagen letta det opp og turen nedover Innerdalen blei fin. Alt i alt hadde det vore ein fin tur, særleg sidan vèrmeldingane ikkje hadde vore så veldig opptimistike på førehand.
Turdato: 10-12.september 2004