Bok
En historie om klatring i Norge
Det er nok mange som veit litt om tide- og klatrehistorie, men det er nok få som verkeleg har fått med seg korleis klatringa har utvikla seg sidan starten og heilt fram til våre dager. Geir Grimelands bok tar deg verkeleg inn i tinde og klatremiljøets atmosfære her i Norge. Alt frå Slingsbys kjente bestigning av Storen til dagens moderne sportsklatring. Ei bok som bidrar til motivasjon og glede
Av Ragnar Fjeld 23.06.2004
Boka "En historie om klatring"
Dette er ei bok som først og fremt er retta mot klatreinteresserte, men som også vil vera svært interessant for andre som er glad i den norske fjellheimen. Forventningane då boka blei opna, var kanskje ikkje for høge. Inntrykket av boka i ettertid er imiddlertid noko anna. Her var det verkeleg mykje å få med seg. Dette er på ingen måte ei ordinær historiebok, Geir Grimeland fører er ein lett og lystig tone gjennom det heile. Det moneleg klødde i fingrane etter å koma seg ut, etter å ha lese nokre av dei mest spanande skildringane. For her er det verkeleg mange interessante historier. Dette gjer på mange måtar ein ekstra dimensjon til dagens klatrarar, ved at ein forstår korleis det må ha vore for dei første tindebestigerane, med dåtidas utstyr og kunnskap. 
 
Klatringens vugge
No er det ikkje slik at boka omhandlar einkvar toppbestigning i Norge, det er på ingen måte ei liste over slike bragder. Imiddlertid dekker boka godt det meste som skjedde i tinde og klatremiljøet tidlege ”vugge”.  Turtagrø har gjennom tidene vore ein arnestad for klatring og tindebestigning her til lands og Grimestad skildrar verkeleg korleis stemninga var på fjellhotellet under Hurrunganes majestetiske toppar. Det er ikkje bare Jotunheimen som boka tar føre seg, men mykje av dette langsstrakte landet og i tillegg ein del norsk klatring i utlandet. Boka dekker ikkje over alt som har skjedd opp gjennom åra, men det er meget godt det som er tatt med.
 
Norsk Tindeklubb
Eit eige kapittel tar seg av Norsk Tindeklubb sin betydning i klatremiljøet, denne eksklusive og – for mange - litt myteomspanande klubben for tindebestigarar. I boka kjem det fram mykje interessant om aktiviteten som nok få har visst om. Alt frå klatreturar i Jotunheimen, styremøter med nitidig møteprotokoll til generalforsamlingar med tilhøyrande aktivitetar av sosial art. Boka har også med fleire utdrag frå NTK sine ”Norsk Fjellsport”-bøker, noko som tilfører mange fine klatre historier.
 
Det er verkeleg tøft å sjå bilde av tidleg 1900-tallets klatreutrustning. Med spikersko på beina, nikkers og hamptau er det utruleg kva som blei klatra. Regelen var då at førstemann ikkje måtte falle og mellomforankringer var det få av. Eit kontroversielt tema blei etter kvart bruk av bolter, ein diskusjon som pågjekk over fleire tiår. Dette drar også visse paralellar til dagens litt meir beskjedne diskusjon om bruk av boreboltar på fjellruter.
 
Norsk klatring i Himalaya blir også fint presentert i boka. Den første norske ekspedisjonen til Tirch Mir og dertil klatring i stor høgde, viser at nordmenn var tidleg ute også i Himalaya. Ein prestasjon som nok mange ikkje er klar over. Mange store klatre-personlegheitar blir også grundig presentert, både historiske personar som William C. Slingsby, klatrefilosofen Arne Næss og kanskje meir ukjente personar som t.d. Ulf Geir Hansen.
 
Klatring ikkje bare i fjellet
Klatrefeltet på Kolsås utanfor Oslo er sentral i boka. Dette klatrefeltet blei tidleg på 1900-tallet ein opplæringsstad for mange, før ein la ut på meir seriøse tindebestigningar i fjellet. Etter kvart blei det her klatra statig vanskelegare ruter, ettersom både utstyr og klatreinteresse utvikla seg.
 
Alt i alt skildrar Grimeland klatre- og tindemiljøet på ein særs god måte. Kildematerialet er imponerande stort og alt verkar til å vera grundig gjennomgått. Det er ikkje bare store milepælar som kjem med i denne boka, men også meir kvardagslege ting er teke med – som ein del av den store heilheita. Likvel er dette på ingen måte ein komplett klatrehistorie for Norge, noko som forfattaren ikkje legg skjul på. Det er som Grimeland skriver: ”En historie om klatring”. Sjølv på godt 250 sider er det avgrensa kva ein får med, og fokuset har nok vore konsentret på nokre felt. Hurrungane står sentralt, det samme gjer klatremiljøet som utvikla seg rundt Oslo. Litt fleire bilde hadde nok gjort seg i boka, men det er teksten som er det sentrale. Uansett er det ein utruleg fint verk som Grimeland har fått gitt ut.
 
Tittel: EN HISTORIE OM KLATRING I NORGE 1900-2000
Forfattar: Grimeland, Geir
ISBN: 82-419-0308-1
252 sider
298kr frå forlaget eller i bokhandelen
Relatert til artikkelen

©2001-2004 Breogfjellsport.no