Hægefjell
Det er sol og det er sommar. Iallefall er det slik når eg ser ut teltopninga i klatrecampen ved Hægefjell. Dagen igår med regnvèr, sleipe fjellveggar - og ikkje minst uhorvelege mengder med knott - er gløymt. Ein rusletur i skogsterreng tar oss fram til innsteget. Ruta er den som ligg lengst vekk - mot høgre - frå parkeringa, så det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Allereie på innsteget er utsikta upåklageleg. Den enorme svaveggen forsetter nedover under innsteget, så litt høgdeføling har ein med ein gong
Klatring
Første taulengde går på svaet, litt oppover mot høgre til eit markert riss. Første delen av risset er ikkje så lett å sjå frå innsteget, men ein ser lett risset lenger oppe. Dei neste taulengdane går i risset, som er veldig godt sikra. Det er mogleg å klatre ut nesten heile tauet og sette standplass nesten kor som helst. Vår 4. og 5. taulenga gjekk i den litt brattare delen og det blei ein standplass som vart noko hengande. Klatringa oppover var insiperande. Her var det bare å leika seg!
3.taulenge på "Via Lara"
På standplass var det bare å hiva av seg skjorta og setta seg godt til rette. Utsikta utover Nisser var meget fin. Veggen var nesten knusk tørr, ganske tøft sidan det hadde regna godt kvelden før.
Det er eigentleg ikkje nødvendig med førar for denne ruta. Føraren er forresten også utseldt, men ved Nissedal klatresenter (campinga som du passerer på veg opp) kan du kjøpe kopiar viss du spør fint. Nokon ruter står i steepstone sin nettførar (sjå link nederst på denne sida). I føraren står det ikkje mykje fornuftig, bare ei skisse av ruta. Ruta tilsvarer omtrent 3+ i norsk gradering (den er gradert til 4+ tysk grad)
Returen går ned over fjellet
Retur
Returen er lett å finne, men forholdvis lang. Tar iallefall 1 time ned. Gå først heilt opp, følg deretter delvis sti slik at du kjem ned heilt til venstre av fjellet, eit godt stykke inne i dalen. Anleggsvegen følges tilbake til klatrecampen. Ingen rapellar nødvendig. Det er heller ingen ruter med bolter, så rapell krev gjensetting av ustyr, iallefall etter det vi blei fortalt.