Utstyrstestar og rutekommentarar

22.07.2006 21:37


Hei og hå!

Det har gått ei tid sidan eg stod ytterst i havgapet på Knivskjellodden heilt der i nord. Ein avsluttning i t-skjorte, solbriller og eit fantastisk vèr! No som eg har vendt tilbake til sivlisasjonen er det ikkje sjeldan tankane mine flyr opp i fjella til alle dei flotte minnene frå turen.

I det siste har eg lagt ut ganske omfattande rutekommentarar til den ruta eg gjekk. I tillegg har eg lagt ut erfaringar og testar for det meste av turutrustninga eg hadde med meg

Vis rutekommentarar

Vis utstyrserfaringar

Vis Bildegalleri

Vis Artikkel med tekst og bilder frå turen

Les alle innlegg i bloggen –>

Ei veke etter

15.05.2006 18:29

Det er gått vel ei veke etter at eg nådde Nordkapp. Det har vore ein ganske stor overgang å vende tilbake til “det normale liv” igjen, men det har no gått bra.

Frå seint mandags kveld til torsdag morgon var eg hos ein kammerat i Tromsø. Det vart mykje god mat, avslapping og kino. Eg kom også over nokon nye telemarkski til halv pris då vi var innom ein sportsbutikk og måtte bare slå til. Det var heldigvis ungdomsbiletter igjen hos Sas Braathens, så då kom eg meg sørover utan å bli heilt ruinert. På flyet til Stavanger var det ingen tvil om at eg nærma meg; dialektane til folket ombord var utelukkande frå rogalendinger. På Sola hadde fleire frå familien møtt opp med blomar og norske flag! Svært så hyggeleg!

I dagane etterpå har eg besøkt litt venner og familie. Dei aller fleste er ganske nyssgjerrige og vil høyra meir om turen. Litt datafikling har det også blitt dei siste dagane, lista over ting eg bør få gjort snart, er lang. Turutstyret er temmeleg kaotisk for tida og det skal snart bli stua vekk til neste vinter. Imiddlertid er eg igong med ei grundig evaluering av utrustninga som

Hurtigruta

08.05.2006 21:14

Det var ein fin kveld i Honningsvåg igår. Vindstille, sol og t-skjorte-vær. Eg satte opp teltet, for siste gong på denne turen, like utanfor sentrum. Seint på kvelden kom det varsla væromslaget. Vinden endra rettning og kom i sterke kast. Teltet var litt sløvt satt opp og pluggane gjekk bare så vidt nedi. 3 bardunar og nokre steinar hjalp imiddlertid ganske bra, så det stod greit nok. Likevel blafra det ganske godt og det vart ikkje så veldig god søvn. Eg måtte også tidleg opp og like over kl 5 gjekk eg innover til kaien. Hurtigruteskipet “Richard With” kom tøffande innover i bølgene og litt over kl 6 kunne eg gå ombord. Dama i resepsjonen ga meg eit greit tilbod då eg sa eg hadde gått Norge på langs. “Det høyres langt ut…” Etter å ha skrevet ut biletten, kom ho tydelegvis på at det var ein “kulare” måte å ordne det på. Så då fekk eg også lugar og det heile til ein super pris. Takk takk!

Lugaren kom godt med, var ganske trøtt. Det har også vore ein god del bølger, så det har vore fint

Nordkapp

07.05.2006 18:09

Vakna tidleg av sola som skein på den knallblå himmelen. Sidan det hadde blitt ein sein kveld, tok eg det ganske med ro. I ti-tida rusla eg dei siste kilometrane fram til Nordkapp-platået.

Det bar rett ut til den kjente globen og eg kunne feira at turens målpunkt var nådd! Det er no godt å koma fram, men eg kunne gjerne ha fortsatt lenger!

Vimsa rundt i vindkasta ute på kanten av den mektige kystklippen nordkapp-senteret ligg på. Knivskjellodden låg fint bada i sollys like vestafor. Strålande sol og blå himmel gjorde dette til ein herleg av sluttning på ei opplevingsrik ferd.

Seinare bar det inn på senteret og eg fekk med meg Ivo Caprino sin Nordkappfilm. Det var også tid for å sende mange postkort eg har lovt vekk i løpet av turen. Litt souvenirhandling var det også. I cafeen fekk eg meg eit pølser, då det var einaste varmmaten dei kunne tilby. Turistsesssongen er absolutt ikkje igong enda. Utpå dagen kom det fleire busslaster med hurtigsrutepassasjerer og det var rett så folksomt. Eg har også snakka med redaktøren i Finnmarksposten som skulle skrive ein sak for ei lokalavis heime. Ein journalist frå Finnmark

Knivskjellodden!

06.05.2006 16:54

Woohooo!!

Ytterst i havgapet på Knivskjellodden, 71 grader og 11 minutter nord. Blå himmel, sol, skvulpande sjø og hav så langt auga rekk! Sit her og skuer utover og nyt dagen. Nordkapps bratte klippe troner opp og på toppen ser eg den kjente globen. Det blir imorgon, enn så lenge er eg undervegs på denne fabelaktige turen!

Under havet

05.05.2006 20:57

Eg vakna tidleg idag. Klokka 6 var eg oppe og sola stod allereie høgt på himmelen. Først venta den 7km lange undersjøiske Nordkapp-tunellen med lågaste punkt på 212 meter under havnivå. Det var lite trafikk og totalt var det vel ca 25 kjøretøy som passerte i løpet av den halvannan timen i tunellen. Så for det meste gjekk eg uforstyrra og kunne studera korleis tunnellen er laga. Over på Magerøya var det ganske vindfullt, men gaske så sommarsleg i le for vinden. Gjennom nok ein tunnell, Honningsvågstunellen, nesten inn til Honningsvåg. Det var eit stykke inn til sentrum, men det låg ein Rema butikk ganske nært, så eg var innom å handla der. I 18-tida kom eg til Nordkapp camping i Skipsfjord, 5-6 km frå krysset i Honningsvåg. Det var ikkje opna enda for sessongen, men innehavaren var her og pussa opp og det var iorden at eg overnatta her.

No har eg sløva, hatt mat, dusja og slappa av. Imorgon går eg mot Nordkapp, men skal prøve å gå ut på Knivskjellodden. Reknar difor med å kome til Nordkapp tidleg på søndag. Idag: ca 35km, 9,5 timar

Mot nord

04.05.2006 22:58

Kjempevær fortsatt. Traska vidare langs vegen i sol og med nydeleg utsikt ut over fjorden. Gjekk lenge i kortarma sidan det var godt og varmt. Det vart til at eg gjekk ganske langt idag og eg var temmeleg skutt då eg slo opp teltet nede i Kåfjord. Rett ned io sovesekken og har fått eit par timar med søvn før eg no skal ha mat. Det blir kanskje Honningsvåg imorgon og Nordkapp på søndag, henholdvis ca 30km og 60km. Idag: ca 42km, 11 timar

Langs fjorden

03.05.2006 21:28

Strålande fint vær idag. Gjekk først ned til Olderfjord og kjøpte meg ein krone-is på butikken der. Vidare har eg gått langs fjorden. Flott utsikt og ganske idyllisk. Lite trafikk var det også, så stort sett var det bare suset frå havet, måkene og vinden. Små Hestehov-blomar spredt opp i grøftekanten og det er vel eit sikkert vårteikn. Sekken føles litt tung innimellom, så mange pausar er nødvendig. Skoa er gode, men eg hadde allerede nokre gnagsår, så det kjennes jo innimellom. Camper nede i sjøkanten på ei gras- og lyngslette og har ei elv like ved. Det er dessuten veldig fint her! Idag: omtrent 35-39km, 10 timar

Hammerfest

02.05.2006 22:21

Dagen starta med frokost på Skaidi Arctic hotel, eller Repparfjord hotell som det eigentleg heiter. Det såg nesten ut til at eg var den einaste gjesten på dette koselege hotellet, men likevel var det eit rikhaldeg frokostbord som var satt fram.

Litt over ni tok eg bussen innover til Hammerfest. Det var strålande vær og utruleg flott utover. Fjord og snødekka fjell i kombinasjon med blå himmel, er veldig fint. Når ein legg på små hus og spredt bebyggelse langs fjordane, blir det verkeleg nydeleg.

Det tok ein times tid inn til sentrum. Her var det mykje folk og veldig varmt. Gjekk rundt i t-skjorte heile dagen og det var verkeleg herleg! På postkontoret fekk er polstra og pakka inn skia, samt stappa resten av tinga ned i ein norgespakke. Nesten 16 kg vart sendt sørover. Eg hadde god tid fordi bussen tilbake ikkje gjekk før kl 15. Først var eg på jakt etter gode sko. Kom inn i ein skikkeleg sko-butikk og her traff eg ein kar som hadde peiling. Han

Reisebrev Kilpisjavri-Maze-Skaidi

01.05.2006 23:11

21.april starta eg frå Kilpisjavri i Finland. Det var mykje folk i fjellet i området, både på scooter, men også ganske mange på ski! Den første dagen gjekk kilometerane unna i gode spor. I kveldinga traff eg på ei gruppe hollanske skiturister! Dei var på veg til den høgste toppen i Finland, Hilti, forøvrig ein ikkje særleg høg eller vanskeleg topp samanlikna med norske og svenske toppar.

Mot grensa til Norge gjekk eg i få spor og det var til tider litt råtten snø. På grunn av eit dalføre er det bare eit par stadar det er praktisk å krysse over til Finnmark. Eg gjekk til turisthytta like ved grensa og her var det opning i reingjerdet også. Litt kronglete opp eit stykke, men så vart det skikkeleg vidde innover.

Kom inn i scooterløypa mot Kautokeino, men tok snart av i retning Maze. Det var meir småkuppert og mykje meir skog enn eg hadde rekna med. Vidda er på ingen måte flat, men det er ingen store fjell heller. Dagane til Maze var prega av tendens til gjennomslag i

Skaidi

01.05.2006 19:45

Traska vidare ned til Skaidi idag. Sekken har vore litt for tung for asfalt-gåing og det har satt sine spor på føtene. Fekk bruk for alle gnagsårplastera eg har hatt liggande lenge.

Etter eit par timar kom ein syklist med stor oppakning til syne langt der framme. Det første som slo meg var at dette måtte vera ein NPL-syklist på veg sørover. Ganske riktig, det var Rolf-Erik Poppe på veg sydover igjen. Han har i vinter gått på ski nordover…Han hadde Bixit-kjeks å by på og det var hyggeleg å slå av ein prat om turane våre. Han for vidare med Alta som dagens mål. Kom meg inn til Skaidi etter kvart. Her møter E6 vegen mot Hammerfest og det er eit relativt stort vegkryss og dermed også ein del folk. Hadde meg litt mat på kroa før eg gjekk oppom hotellet for å henta eit brev som var adressert dit. Dei hyggelege folka på Skaidi Arctic hotell ga meg ein god pris på overnatting, så eg fann ut at det var godt å slappe av der. No skal eg få sendt vekk det meste vinterutstyret slik at

Ferdig med vidda

30.04.2006 21:06

Då var eg kome over vidda! Det har vore mange opplevingar og inntrykk. Meir om dette kjem seinare.

I går kveld kom eg til innsjøen Bohkosjavri. Der var det to isfiskarar på ski, forøvrig dei to einaste eg har truffe på ski på heile vidda. Av dei fekk eg litt fisk til middag. Skikkeleg godt! Isfiskerane skulle nedover i løpet av natta og dei drog avgårde kl 2. Eg drøyde det litt og gjekk 04.45. Rett framfor oss var reinflokken som skal til Hammerfest, så det var lenge spor. Dei første timane var det delvis skareføre og ganske bra forhold. I åtte-tida gjekk det meir og meir over til slusjføre igjen. Eg skulle eigentleg mot innsjøen Leaktojaure og deretter i ei scooterløype mot Skaidi. Imiddlertid måtte eg då ha kryssa eit svært bløtt dalføre og det såg vanskeleg ut å krysse på ski. Tok difor spora frå isfiskerane ut til Okselv og E6. Det var bløtt nok det, enormt med overvatn og opne bekker. Ein relativt liten bekk hadde stor vassføring og det var ikkje anna å gjere enn

Ny film snutt

30.04.2006 14:36

Dette er nok en av di siste filmen før målet er nådd!

Etappe13 og 14 til maze

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Bohkosjavri

29.04.2006 20:33

Kom eit godt stykke idag.Delvis spor etter reinflytting.Gaar vidare ein gong inatt.Fersk aure og roye til middag.22,5km,8,5t

Slusjfore

28.04.2006 22:48

Ganske vaatt fore.Overnatter pa hytte med trivlege finnmarkinger ved Stabbursvatnet.Inatt 13km,5t, idag 17km,6t

Nattefrosten som aldri kom

28.04.2006 09:03

God morgon! Frosten kom ikkje inatt, men eg la uansett avstad kl 2. Gjennomslag også på Lesjavri-innsjøen og delvis litt overvatn. Bløtt føre, men det gjekk jo. Blaute sko og sokkar så det vart kjøleg på beina. Etter fem timar i veldig roleg tempo, var eg på andre sida av innsjøen. Ved ei hytte traff eg ei gruppe finske isfiskarar. Dei pakka for avreise og skulle nett dra ned. Då dei såg den store sekken, fekk eg tilbod om å få eit sklibrett, omtrent som ein pariserpulk. Denne er lett og eg har bare sekken rett oppå. Fekk også lov til å slappe av på hytta ei stund. Her har eg laga speglegg og hatt det ilag med brød til frokost. Takk til Ole Julius Eriksen frå Karasjokk. Det skal vera spor eit stykke vidare frå nyleg reinflytting, så då er det bare å satse på at desse går i rett retning

Vidare inatt

27.04.2006 17:12

Gjennomslag de luxe idag. Få spor, men fekk litt hjelp av eit gamalt scooterspor eit godt stykke. Kom meg til Lesjavri, turisthytta er visst ikkje her lenger, men greit å ligge ute. Har tatt fram soveposen og camper på ein bar flekk. Prøver å gå seint ikveld eller natt over innsjøen Lesjavri og eit stykke vidare. Idag: 17,5km, nesten 7 timar

Sol over vidda

26.04.2006 22:09

Fint innover vidda igjen. Fulgte scooterløype ein del km, men har tatt av nordover. Ganske mykje gjennomslag utanfor spor. Litt vind ikveld, liten kuling. Idag: 13,5 km + 3 km bort til butikken, 6 timar.

Vidare med sekk

26.04.2006 14:39

Fekk sendt pulken med posten idag. Betjeninga på Oves matsenter i Maze hjalp godt til med å pakke den inn. Billig var det også, ca 200kr for pulken på omlag 23,5 kg! Postens transportavdeling henta pakken like etter, så den er allereie på veg til Tromsø og vidare sørover.

På veg bort til butikken kom eg over ei lommebok. Tok den med for å levere den til politiet. Den viste seg å tilhøyra sønnen til dama i cafeen og som finnarlønn fekk eg reinsdyrsmiddag og tørka reinkjøtt!

No har eg tung bør på ryggen og har gått nokre km til fots. Skal til å spenne på skia, men tar det med ro i finvéret. Kan hende snur eg litt på døgnet å går nattestid, så oppdateringane kan bli litt forskjøve i tid av og til. Vanskeleg å sei kor lang tid det tar til Nordkapp, skal gje nærmare beskjed om det etterkvart.

Sol og vårfullt helsing frå utkanten av Maze

Maze

25.04.2006 20:14

Vakna opp til frisk bris og ganske bra vær. Holdt høgden for å sleppe unna litt skog. Dei første timane var føret bra, sidan det hadde vore nattefrost. Det har vist seg at swix lilla er bra under slike forhold. Utpå dagen går det over i klisterføre, men føreløpig har eg då gått på feller. Var ganske usikker på kva som var best rute ned til Maze, men eg tenkte meg kanskje at det enklaste var å ta gamlevegen. Tok sikte på brua over elva Maze, forøvrig ei stor elt som no var delvis fri for is. Her kom eg inn i scooterløype som stort sett fulgte vegen ned til Maze/Masi. Tok av ned mot kyrkja, som ligg i den nordlege delen. Her var også butikken og eg nådde den akkurat før stengetid kl 16. Den har også kveldsope mellom 19 og 20. Innehavaren av butikken tilbudde seg å kjøra meg 3km bort til turistsenteret, som ligg i den andre enden av bebyggelsen. Snøen er i ferd med å gå nede i dalen, men på fjellet er det bedre.

Flott dag

24.04.2006 21:01

Idag har eg gått gjennom eit område som var litt vrient å orientere seg gjennom på kartet. Ein del skog og små-kuppert. Sola skein i heile dag og det var ganske så varmt ei stund. Det gjekk unna med vatn, litt over 3 liter i løpet av dagen. Tok lang lunsjpause og smelta snø.

No har eg satt opp teltet på ein liten høgde. Det er omlag 25 km til Masi og viss det ikkje er for kronglete, så kjem eg dit imorgon.

Idag: 30km, 10 timar

Rapport fra vidda

24.04.2006 20:49

Dagane frå Kilpisjavri i Finland og over på Finnmarksvidda har vore fine. Mykje bra vær, men ein dag med ein god del vind.

Den første dagen kom eg ganske langt, fordi det var masse spor innnover fjellet. Etter dette har eg bare unntaksvis gått i særleg mykje ski- eller scooterspor. I Finland var det fleire opne turisthytter. Eg var bare såvidt innom, det har blitt teltliv den siste tida

Vidda er ganske flat, men innimellom er det små kupperte område. Det er også ein del skog som gar vore litt knotete å passera. Det er også ganske vanskeleg å få oversikten, så gps og kompass har vore framme heile tida, sjølv under er ein knallblå himmel.

Den største utfordringa på vidda er alle rein-gjerdene som nesten er overalt. Desse er ikkje så lette å krysse med pulk…

Fungerende film etappe 12

24.04.2006 11:21

Legger ut en påmindelse om filmen som ikke funket! Nå funker den!

En film i fra nord! Nå nærmer han seg målet!

http://breogfjellsport.no/Etappe.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Guorbajavri

23.04.2006 19:48

Vind inatt og til utpa dagen.Vidde-terreng med litt skog.Vekslande fore,litt gjennomslag.Masi om 2-3 dagar.31km,8,5t

Finnmark

22.04.2006 19:12

Ganske flatt idag,men litt kronglete.Kryssa over grensa til Norge igjen i ettermiddag.No gar turen over vidda.Brukbart fore,noko gj slag.31km,9t

Finske vidder

21.04.2006 20:24

Spor og merka innover slake fjell.Sol og bra skifore.Har slaatt opp teltet og skal til a lage middag.ca 32km,8,5t

Reisebrev Sulitjelma-Abisko-Kilpisjavri

21.04.2006 01:08

Det var snart påske og torsdag 6.april gjekk turen vidare frå Sulitjelma.

Nokre dagar i forvegen hadde Mads Christensen sendt meg ein epost der han fortalte at han skulle gå mot Abisko samme dag som eg hadde planlagt. Norge på langs nettsida hadde han kome over med ein tilfeldighet, men det klaffa no ganske bra. Litt over kl 10 traff eg brødrene Mads og Morten. Ilag la vi iveg oppover den lange motbakken mot turisthytta Ny-Sulitjelma. Hadde høyrt mykje om denne bakken tidlegare, men denne solfyllte dagen gjekk det veldig greit. Hard føre og gode feller gjorde at det gjekk kjapt opp til hytta på omlag 600 moh, opp frå ca 130 moh. Her traff vi på ein frå Sulitjelma turistforeing og lunsjen vart tatt inne på hytta.

Opp til Sorjus var det eit par lange og tunge bakkar. Her fekk eg godt dyttehjelp av brødrene Christensen og det sparte eg masse krefter på. Fort gjekk det også det siste stykke ned til Sorjushytta. Ny-hytta var det bare plankerester igjen av etter stormen Narve i januar. Gamlehytta bare nokon

Film etappe 12

20.04.2006 22:01

En film i fra nord! Nå nærmer han seg målet!

http://breogfjellsport.no/Etappe.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Reisebrev Hattfjelldal-Sulitjelma

20.04.2006 21:58

Ein lang og fin ettappe har det vore frå Hattfjelldal til Sulitjelma. Dette reisebrevet er litt forsenka, men bedre seint enn aldri.

23.mars la eg avgårde. Sola fulgte meg opp til det store Røssvatnet, men så kom det meir skyer inn. Det var ganske drygt å gå over innsjøen og eg var trøtt då eg kom fram til Steikvasselv. Her var det lite lys, straumen hadde gått. Overnatta i eit flott hus på garden. I løpet av natta hadde det kome ein god del snø. Opp den første kneika fekk eg litt hjelp med pulken. Vidare oppover var det tungt og det var ein del vind. Snøen pakka seg litt etter kvart, så det vart lettare.

Okstindan

Vakna opp til fantastisk panoramautsikt til Nord-Norges høgste fjell, Okstindan, med Oksskolten som den høgste toppen (1916 moh). Over Grønvatnet og til Umbukta var det fortsatt ganske tungt i nysnøen. Slo opp teltet eit stykke før fjellstua. Ein kald og fin kveld i teltet, med nordlys som dansa flott på himmelen utanfor.

Tok ein kviledag i Umbukta. rusla bort til fjellstua og fekk eit flott rom til ein billeg penge. Dagen etter

Kilpisjavri, Finland

20.04.2006 19:43

På Gappohytta var det ein del folk. På gamlehytta slo eit stort følge på fellestur seg ned, mens på ny-hytta var det eit finsk-svensk turfølge.

Idag var det først ein del nedover, så bort til treriksrøysa - grensa mellom Norge, Sverige og Finland. Hadde meg ein runde rundt der, før eg tok fatt på det siste strekket inn til Kilpisjavri. Ganske lite motiverande den siste mila over vatnet, i eit virrvar av scooterspor og dårleg skiføre. Gjekk direkte til Matkailu, ca 5km sør for turistplassen Siilastupa, fordi butikken ligg her og det er også fint utgangspunkt for turen vidare. Sjølv om eg var her allereie 17.30 finsk tid (Finland ligg ein time etter norsk tid), så var butikken stengt. Bensinstasjonen stengte kl 16 og eg måtte leite litt før eg fann ein cafe som var open.Finnane kan visst ikkje dette med opningstider, det går jo ein ganske så trafikkert veg forbi her og dette er også harry-handelstad for tromsværingane. Har fått meg eit rom i eit bygg som ligg ved Lappland hotel, grei standard, men ikkje spesielt billig. Herleg med ein dusj etter mange fine og

Indre-Troms bildespesial

20.04.2006 19:20

Turen gjennom indre-Troms har vore alle tiders; veldig flotte fjell, ein god del bra vær, supre turisthytter i akkurat passe avstand og hyggelege folk! Nokre bilde vil kanskje også bli med i reisebrevet, men det er litt avgrensa kva eg får plass til der. Har høyrt rykter om dårleg påskevær sørpå. Her var det fleire kjempefine dagar, men også nokre dagar med vind på høgfjellet og ein del skyer. Værmeldingane var ikkje så optimistiske i påsken, så det skremte nok vekk ein del folk, iallefall ikkje så folksomt som ein bør forventa i påsken. Fleire oppdateringar følger i løpet av kvelden. Helsing frå Norge på langs vandraren, for tida i Finland

Fin og lang tur

19.04.2006 21:23

Kjempeflott morgon og mykje sol.Mange hogdemeter opp,ned og opp igjen,1000 til saman.Er pa Gappohytta,Kilpis imorgon.35km,10,5t

Daertahytta

18.04.2006 20:55

Opp av bjorke og furuskogen til snaufjellet.Gjenfoyka spor,men ok a ta seg fram.Starta seint og kom hit kl20.Imorgon vidare mot Rosta.29km,8t

Dividalshytta

17.04.2006 17:51

Sol og fin morgon ved Vuoma.Ned gjennom skog og bratte fjellsider vart det eit par basketak med pulken.300 hogdemeter opp til slutt.18km,6t

Vuomahytta

16.04.2006 22:10

Det vart mykje sol utpa dagen.500 hogdemeter opp fra Altevann gjennom utruleg flotte fjell.Gaar til Dividalen imorgon.27km,8t

Paaskespesial

16.04.2006 13:18

På Altevasshytta traff eg på endå ein sørgåande NPler, Åge Lindstad.

Eit bilde av meg ved Gaskashytta

Utsikt nedover mot Altevann fra Gaskashytta

img3

No går eg oppover mot Vuomohytta, midt i dei flotte fjella her i Indre Troms

God påske folkens!

Altevann

15.04.2006 20:53

Tok ein roleg formiddag og gjekk frå Lappjordhytta i tolvtida. Kjell Magne og Geir Erik fortsatte sin ferd sørover, mens eg tok fatt på bakkane i nordleg retning. Frå hytta på omlag 600 moh, bar det opp til nesten 1000 moh. I natt var det 2 kuldegrader, men på morgonen var det plussgrader, så det var litt gjennomslag i starten. Det blåste litt i høgden og skispora frå tidlegare dagar føyka igjen. Likevel var det litt spor å følga, så det gjekk rimeleg greit. På grunn av vindretninga var det meir gunstig å gå ned til vestenden av Altevann, istaden for å gå direkte mot Gaskashytta. Den splitter nye turisthytta ligg i eit digert hyttefelt med fleire hundre hytter. Problemet var å finne ut kva for hytte det var! Søkte opp hytta på turistforeningen.no og fann koordinatane og då var deet ingen sak å finne fram. Forøvrig så kryr det med snøscootere her fordi det er lov å kjøre på såkalla isfiskeløyper. Imorgon går turen over Altevann til Gaskashytta og vidare mot Vuomahytta. Idag 24,5 km, 7,5 timar

Vindsekksegling er artig!

14.04.2006 22:51

Idag blåste det litt og på turen over innsjøen Tornetrask. Vindretninga var nesten i den retninga eg hadde tenkt meg, så då var det bare å spenne opp vindsekken mellom skistavane. Vinden tok godt tak og turen gjekk temmeleg raskt unna! Gøy med litt avveksling frå skigåinga. På den svenske turisthytta Pålnosstugan, traff eg nokre svensker på tur. Dei hadde vore hyttevakter lenger sør i over ein månad og farta no rundt i fjellet. Tok ein lang pause der før eg la iveg oppover bakkane. Litt råtten snø då det er plussgrader om dagen for tida. Nokre skispor gjekk oppover, men det var kronglete gjennom bjørkeskogen - og ganske bratt - opp til Lappjordhytta. Her var det litt folk og også eit par sørgåande NPLere! Kjell Magne og Geir Erik Storesund frå Karmøy. Har hatt ein hyggeleg kveld her på hytta og praten går livleg. Idag: 20 km, 7,5 timar inkludert lang pause

Framme i Abisko

13.04.2006 21:53

Kom idag ned til Abisko turiststasjon. Ein del vind inatt, men utpå morgonen løya vinden og det var stort sett sol og fint resten av dagen. Påsken har til no bydd på mykje fint vær og utruleg fine fjellområde.

Frå Ritsem hadde eg fortsatt følge av Mads og Morten Christensen og dagsetapane har vore akkurat passe. Har hatt fine ettermiddagar med sol og matlaging utandørs. Sjølv om det har vore sol, så har det vore kjøleg å sette seg ned, så dunjakken har vore flittig brukt. Verkeleg herleg å sitte ute i soveposen og sjå på sola som går ned over fjella!

Rundt Ritsem var det fleire snøscootere enn folk på ski, vi møtte bare 5-10 om dagen. I Padeljanta nasjonalpark møtte eg faktisk ingen andre på ski, utanom dei som samtidig med meg kom opp frå Sulitjelma. Kungsleden mellom Abisko og Kebnekaise fjellstasjon virker til å vera hovedruta for påsketuristane her i området. Utruleg

Storinnrykk i fjellet

12.04.2006 20:00

Langs Kungsleden myldra det med svenske skituristar.Fin tur over Keisarpasset idag,sol og paaskestemning.Abisko imorgon.34km,9t

Skyfri himmel

11.04.2006 22:00

Masse sol og fin utsikt til Sveriges hogste fjell, Kebnekaise.Middag utanfor teltet i kveldsola,godt innpakka i dunjakke og sovepose.27km,8t

Nyter paaskedagane

10.04.2006 19:00

Med solkrem i ansiktet og ein real miks av skismorning under skia, nyter eg dagane i fjellet.Fortsatt folge av Mads og Morten.23km,6t

Ritsem

09.04.2006 23:00

Lange og flotte dagar her i Padlejanta. Kom idag heilt til Svenska turistforenings fjellstasjon i Ritsem. Men først litt om dei siste dagane.

Nokre dagar før eg kom til Sulitjelma fekk eg ein epost frå Mads, som hadde planlagt å starte på turen mot Abisko samme dag som eg hadde tenkt å legge iveg. Torsdag møtte eg Mads og Morten, to brødre forresten, og vi tok følge opp til Sorjus. Fekk god hjelp med pulken i dei brattaste bakkane, så turen vart overkommeleg på ein dag. Ved Sorjus traff eg på dei to jentene som også er ute å går Norge på langs. Veldig trivelge NPL`ere! Dei har med seg to hundar som trekk ein stor pulk. Sorjushytta blåste ned tidlegare i vinter, men på gamlehytta låg ein familie frå Molde som gjekk ilag med NPL-jentene. Med arbeidsvillige hundar gjekk det raskt unna for heile dette store følget på tur, raskare enn med meg, men eg fekk no fine spor vidare. Sidan det var lite snø, så tok eg over Virrhaure og ein annan gigantisk innsjø, men det viste seg etterpå at ruta over fjellet hadde

Paaskesol

08.04.2006 20:00

Sol og flott idag.Har gaatt over to store vatn,litt lengre enn ei alt rute,men delvis lite sno der.God paaske til dykk alle! Idag 39,5kn,10t!

Padjelanta

07.04.2006 19:00

Er i Padeljanta nasjonalpark.Fin dag med vekslande ver.Lite sno og avblaast,men ok pa ski.Akkajaure om ca 2 dagar.26km,8,5t

Film etappe 11

07.04.2006 16:21

Da er en ny snutt film klar. Denne gang fra etappe 10.

http://breogfjellsport.no/Etappe11.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Sorjus

06.04.2006 23:00

Tok folge med Mads og Morten idag,god dyttehjelp opp dei brattaste kneikene!Fra 130 til 1000 moh.Telter ved Sorjus, her er ogsa NPL-jentene.16km,8t

Vinnar av quiz-konkurransen

06.04.2006 09:00

Ja, då er vinnaren kåra. Quizen var ganske vanskeleg og det var også meininga. Gratulerer til Åslaug Borgen Harboe som hadde heile 8 av 10 rette svar!

Ellers varierte det mellom 1 og 7 rette

Fasiten blir lagt ut i kommentarfeltet under

Konkurransen finn du her

Sulitjelma

05.04.2006 20:00

Ja, då var eg framme i Sulitjelma. I morges var det 15 kuldegrader, men sola varma godt ganske tidleg. Fin tur ned til Sulitjelma, spor i alle retninger, men eg kom meg forholdvis greit ned. Mindre snø og usikker is her i Sulitjelma, men kjempebra forhold i fjellet. I ettermiddag har eg handla for dei neste ti dagane og er klar til påsketuren mot Abisko. Imorgon bærer det oppover bokstaveleg talt, er nede på 130 moh og skal vel opp mot 1000 moh i løpet av eit par dagar. Idag: ca 20 km, 6,5 timar

For ein herleg dag!

04.04.2006 21:01

Solstrålene skinte ned i den ville Skaitidalen i morges. I den friske fjellufta var det ein fryd å skli oppover dalen. Fine spor, supert Swix blå-føre og nydelege, bratte fjellsider. Var innom den vesle og koselege Argaladhytta. Her var det verkeleg fint! Kun to sengeplassar, men praktisk innreda, så her får ein vandrar verkeleg god hyttestemning. Utpå dagen kom det litt skyer, men stort sett kunne eg gå i bare ulltrøya. Etter 8-9 kilometer over Balvatnet og litt til, så var eg på Coarvi-hytta. Klokka var nesten 17 og eg har bare sløva etter det. Fyrt i peisen, laga middag og til slutt hatt eit par osteskiver med steikt fenalår. Imorgon går turen ned til Sulitjelma, ca 18-19km ned dit. Idag: 26km, 7,5 timar

Trygvebu

03.04.2006 21:29

Dagen starta med ein tur opp på hotellet. Det har minka på frokost- og lunsjbehaldninga i det siste, så ein frokost med kjempestor nistepakke, var godt å få med seg. Ein i DNT-styret sendte også med meg ei sjokoladekake som kona hadde bakt til han . Dette kjem godt med, kan eta store mengder mat for tida, forbrenninga er på topp.

Litt over ti la eg i veg frå turisthytta i Lønnsdal. Første del var prega av glissen skog og mange små koller. Det var fine spor som stort sett fulgte sommarruta oppover. Over Vestre- og Austre Viskisvatnet og over Lifjellet ned til Graddis fjellstue. Eit par personar passerte eit stykke frå meg på veg motsatt veg, så då hadde eg fine spor å følge i nedkjøringa. Litt hardt med snødryss over, men det gjekk ganske fint. På fjellstua i Graddis var det folketomt, så eg fekk ikkje spurt om ruta vidare. Det endte med ein omveg gjennom eit hyttefelt og over eit juv på ei lita hengebru. Men det var ganske lettgått terreng. På vegen innover mot Skaiti var det godt snødekke, så det vart til at eg rusla innover denne. Ganske høge brøytekantar eit par plassar, 2-3 meter. Siste stykke

Polarsirkelen

02.04.2006 21:31

Det vart sein avgang frå Bolna idag. Fekk både frokost og varm lunsj ilag med dnt-styret. Takker for stor gjestfrihet!

Litt før kl 13 rusla eg oppover dalen. Rana turistforening sørga for å transportere pulken min til Lønnsdal, slik at eg slapp å krongle meg opp gjennom skogen med den. Opp til brøytestasjonen gjekk eg langs E6, men etter nokre kilometer spendte eg på skia og holdt meg på gamlevegen. Veldig fint å gå på ski innover dalen og det gjekk raskt på ganske hardt føre. Polarsirkelen vart kryssa og det vart feira med eit lite dykk ned i snøen med ansiktet - eit lite snøbad. Strålande sol og god temperatur, så eg vart fort varm igjen. Eit stykke før Lønnsdal tok eg igjen utpå vegen og rusla ned til Lønnstua. Veldig fin turisthytte som ligg like ved Polarsirkelen høyfjellshotell. Der oppe har eg vore å tatt ein dusj og kjøpt litt sjokolade. Imorgon går turen vidare over til Junkerdalen og eg håpar på å gå til Trygvebu i Skaitidalen. Idag: ca 30km, 6 timar.

Litt problem med å få lagra bildene eg sender for tida, så det

Saltfjellet

01.04.2006 21:06

Det vart folksomt på Virrvasshytta igår natt - vart no påspandert middag og god drikke og det var ein triveleg kveld. Idag var vinden løya litt og turen over fjellet vart ganske fin. Sola kom etter kvart og føret var brukbart. Stort sett vindblåste snøklumpar, så fellane har vore på store delar av dagen. Bratt og vanskeleg nedkjøring til Bolna. Først var det ein bekkedal som var vrien, så venta ei bratt fjellside like ved E6. Med såpass skredfare som idag, så måtte eg leite litt etter ein passande veg ned. Kom ned ein bekkedal som var passe bratt og lite utsatt. Det er første april idag, så det er kanskje ikkje alle som trur at det som no kjem er sant. Iallefall så er heile sentralstyret til DNT - med Kristin Kron Devold i spissen - her på turisthytta i Bolna. Sjølv om det var stappfullt med alle desse folka, så var det bare å koma inn! Har fått servert ein kjempebra reinsdyrsmiddag og god kake til dessert. God stemning og trivelege folk. Stor takk til Rana turistforeing som vartar opp både meg og dnt-styret,og som er så behjelpelige på alle måtar!

Kristin K.

Virvasshytta

31.03.2006 21:04

Opptil lien kuling idag,men bris no.Maske og briller ogsaa idag.Fin tur over fjellet og endel folk pa hytta.Fekk solid rype middag.22,5km,8t

Kvitsteindalstunet

30.03.2006 19:23

Bestemte meg eigentleg i går kveld for å gå nesten uansett værforhold idag. Det var varierande sikt, vekslande vind, opp til stiv kuling og sterk snøfokk imorges. Det tok litt tid å få pakka alt i pulken, men halv elleve var eg klar. Opp til Ivaskaret gjekk det rimeleg greit, sjølv om det var dårleg sikt og sterk snøfokk. Ned frå toppen av skaret var det ikkje så mykje å sjå, men så kom eg under skydekket og sikta vart betre. Skaret var ganske slakt på toppen, men bratt lenger nede. Her var det også isete med vindblåste skavlar innimellom. Ingen god kombinasjon når ein har med pulk. Pulken velta - og velta. Til saman iallefall 10 gonger. I den eine veltet knakk også ei av dei korte stengene, så nå blir det ny spjelk. Til slutt tok eg draget i hendene og manuvrerte pulken forsiktig ned. Det fungerte betrakteleg betre. Vidare mot Kviststeindalstunet var det bjørkeskogsterreng og det vart litt knot. Kom iallefall fram til hytta, som forøvrig ligg 200 meter unna plasseringa på gps-kartet. No har eg fyrt opp i ovnen og skal til å

Fortsatt sterk vind

29.03.2006 16:30

I åttetida idag blåste det like mykje som igår, austleg stiv kuling. Imiddlertid var det godt sikt, delvis skya og litt sol. Fann fort ut at vinden og snøføyka kombinert med 10 kuldegrader var ganske friskt. Kunne nok ha gått vidare, men såg ikkje heilt vitsen i å kave seg fram. Får ta det som ein liten påskeferie. Dagen er blitt tilbrakt her på Sauvasshytta, greit å slappe av, men er veldig klar til å koma meg avgårde snart. Satsar på å ta meg ned Ivaskaret imorgon, men værmeldinga er ikkje kjempebra akkurat. Været ute no er ein tanke betre enn i morges, men fortsatt kuling og snøføyke.

Sauvasshytta

28.03.2006 16:40

Vinden avtok ikkje akkurat i løpet av natta. Nede i Umbukta blåste det liten kuling og det var kolonnekjøring på E12 til Mo i Rana. Vurderte ei stund om eg skulle legga i veg og kom til det det nok skulle gå greit. Vindvotter, hals, ansiktsmaske og stormbriller måtte til med ein gong, utan dette hadde det vore uforsvarleg å ta seg fram. Det føyka godt med snø - på Jæren går det under uttrykket “rennedrev”. Men litt sikt var det no innimellom og kombinert med aktiv gpsbruk, så var det ikkje så vanskeleg å finne fram. Traff på ein snøscooter med med to karar, der han eine satt bakpå sleden. På god nordlandsdialekt fekk dei no sagt at det var blåste ganske friskt idag. Dei hadde vore på Sauvasshytta å rydda vekk gamlehytta. Sporet etter scooteren forsvann omtrent med ein gong, så det var lite hjelp i akkurat det. Nokre gamle spor kom tilnye innimellom - det synes eg er ganske greit, så veit eg at vegvalet mitt er sånn nokonlunde fornuftig. Til høgare eg kom, til

Umbukta fjellstue

27.03.2006 18:05

Seint i går kveld var det fantastisk nordlys! Det verkeleg dansa på himmelen og var eit flott skue. Imiddlertid var det kaldt å stå ute i stilongsen, så eg var snart tilbake i den varme posen igjen. Mildare på morgonkvisten, men vind av grad frisk bris. Var avgårde rett over ni og kom til fjellstua klokka ti. Her opna dei ikkje før 12 og eg som hadde tenkt å ta frokost, fylle vatn og få info om ruta før eg gjekk vidare. Så då var det like godt å ta ein kviledag, lenge sidan sist! (Til opplysning var det i Folldal) Fekk eit kjempefint rom til fjellvandrarpris. Så istaden for å gå i liten kuling på fjellet, har eg slappa av, sett på BBC-World og vaska ulltøy. Det er brukbare vérmeldingar framover, men kanskje litt vind imorgon. Går til Sauvasshytta og vidare til Kvitsteindalstunet imorgon. Idag: 3,5 km, 1 time

Flott og strevsom dag

26.03.2006 21:38

Det blåste friskt inatt, men på morgonkvisten roa det seg. Kikka ut av teltopninga og såg rett opp i dei flotte Okstindan! Makan til panoramautsikt frå teltet opp mot Nord-Norges høgste fjell, Oksskolten på 1916 moh. Strålande sol og ikkje ei sky på himmelen. Snakk om kontrast frå dagen i førevegen (Bildene er lagt ut i større format enn til vanleg)

Kom meg avgårde kl 11 ny tid og fann fort ut at det kom til å bli ein strevsom dag. Snøen hadde pakka seg ein del, men det var omtrent like tungt å få med seg pulken som igår. Grunnen var at snøen var ganske kram og at det øvste laget bremsa kraftig. Det festa seg også snø under pulken, men det tok litt tid før eg fann ut av det. Veldig tungt opp frå Grasvatnet mot Øver-Uman sjølv om det ikkje var så mange høgdemeter. Gjekk over på norsk side igjen og fann ut at det var passe og telta akkurat her, i sørenden av Umbukta. Idag: nesten 17km, 8 timar

Ikkje bare sol

25.03.2006 22:05

Tett snover inatt og formiddag.Ganske tungt i starten,lettare etter kvart.Telter syd for Grasvatnet.Idag 13km,6,5t

Steikvasselva

24.03.2006 22:31

Det vart ein lang og strevsom tur over Røssvatnet. Dagen starta med morgonsol og finvær, men utpå føremiddagen kom det sigande inn bygeskyer. Det kom tilsaman 5-10cm nysnø og skiføret vart ganske trått og tungt. Var ganske paff då eg kom hit til Steikvasselv. Har fått låna eit flott hus av dei trivelege folka på garden. Straumen har gått, så det har blitt brødmat ikveld. Idag: 35km, nesten 11 timar

Film etappe 10

23.03.2006 22:37

Da er en ny snutt film klar. Denne gang fra etappe 10.

http://breogfjellsport.no/Etappe10.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Vidstrakt vatn

23.03.2006 21:49

Etter ganske nøyaktig 1 døgn i Hattfjelldal, så var eg på veg opp bakkane mot Røssvatnet. Pulken var godt lessa med mat for mange dagar, så tempoet var ikkje kjempehøgt. Eg gjekk i ei scooterløype og det var ganske greit, men litt småhumper nesten overalt. Traff på ein hyggeleg same gå scooter. Han stoppa og var interessert i å høyre om turen og planane vidare. Tørka reinsdyrskjøtt måtte eg få meg! Fekk tips om å stikke innom nokre greie folk han kjente til lenger nord. Røssvatnet er Norges nest største innsjø og eg kom no til slutt utpå. Eg gjekk eit stykke og fann ut at eg like godt kunne sette opp teltet der, sjølv om det fortsatt var lyst ein times tid til. Å telte på isen var vanskeleg pga lite snø og det var eit godt stykke over til land på andre sida, så då vart det ein tidleg kveld. Sol og fint også idag, kjøleg no ikveld. Testa ut å ha begge primusane igong samtidig idag. Skal sei det vart varmt då ja!

Imorgon skal eg prøve å nå Steikvasselv, men det er

Reisebrev fra Hattfjelldal

23.03.2006 02:35

Teveltunet - Nordli - Hattfjelldal

Sidan sist reisebrev har eg forflytta meg frå Teveltunet og no heilt til Hattfjelldal. Turen gjennom Nord-trøndelag og Børgefjell har vore fantastisk bra! Mykje har allereie blitt skrive på bloggen, men det er no mykje å fortelja som ikkje har kome med der.

Postbudet kom utpå dagen med pakken eg venta på. Nils Peter Haarsaker på Teveltunet forselo at han kunne ta pulken på scooteren opp til Ahlenstugan, då han uansett skulle over grensa for å fylle bensin. Eg takka ja og regelrett fløyg opp bakkane til Storlien. Utruleg følelse! Ahlenstudan er eit vindskydd og det var eit godt utgangspunkt for turen vidare. Nils Peter kom med pulken i kveldinga og etter litt leiting etter ei spade, kunne eg fyre opp med ein sekk med ved som han hadde med til meg! Jammen grei kar!

Vidare i Sverige tok eg først ei rute over fjellet og ned til scooterleden. Været varierte, men det vart fint etter kvart. Om kvelden hadde eg eit fint bål og det varma godt i natteskulden. Herleg å sitta foran eit bål og nyta lyden og varmen.

Over i

Hattfjelldal

22.03.2006 20:09

Tidleg idag var eg klar til å ta fatt på vegen ned mot Hattfjelldal. Pulken vart sendt med folket på Haugerud som skulle på jobb. Kjøleg var det i morges også, 22 kuldegrader i halv-sju tida. Med bare skistavar og dagstursekk gjekk det radig nedover dalen. Etter bare 5 timar var eg framme i kommunesenteret Hattfjelldal, med det karakteristiske Hattfjellet du kan sjå i bakgrunnen på det eine bildet. Pulken venta utanfor bakeriet og ein varm lunsj vart inntatt på Mix. Oppe på Børgefjell vertshus fekk eg leiga ei fin hytte og på Coop Marked fekk eg tak i det meste.Henta poste restante med nye kart og diverse anna eg har brukt for på den neste tida. I sportsavdelingen fekk eg tak i nye skistavar, det var absolutt nødvendig. Over 60 dagars bruk hadde verkeleg stavane fått kjørt seg. Nye Swix skistavar fekk eg på tilbud, så nå er det slutt på butte piggar for ei stund.

Du kan endå bli med på konkurransen. Quizen går fram til 30.mars og den finn du her

Imorgon går eg vidare over Røssvatnet i retning Steikvasselv. Reknar med å

Susendalen

21.03.2006 22:19

Fine dager på “loffen i Børgefjell”. Er glad for å ha fått oppleva slik fin natur. Ganske aude også, traff ingen andre. Været vart betrakteleg betre enn venta, stort sett solskinn heile dagane. Relativt kjølege temperaturar dog, speisielt om natta, men også på dagtid.

Rutevalget mitt ned frå Børgefjell var nok litt lite gjennomtenkt. Eg kunne ha tatt ei rute som var 15-20km kortare viss eg bare hadde undersøkt litt. Det viste seg at ein burde gå ned til Øyum, istaden for Sjånes/Kroken heilt inne i Susendalen. Når det er sagt, så var eg ganske heldig idag. Ferske ski og scooterspor heilt ned til Sjånes og brukbart føre på vegen. Lenger nede i dalen var det nesten bart, så eg bestemte meg for å prøve å sende pulken innover til Hattfjelldal. Då eg kom til Haugerud fekk eg lånt meg ei hytte og samtidig fiksa transport av pulken til Hattfjelldal imorgon tidleg

Legger ved nokre bilde. Idag: ca 35km, 8 timar

Under Kvigtinden

20.03.2006 22:15

Sol og flott utsikt til mektige Kvigtinden i heile dag.Lav temp dag og natt.Er ved Tiplingelva,spor i retning Susendal imorgon.25,5km,9t

Gaukarvatnet

19.03.2006 21:58

Fint innover Viermadalen,lettgaatt og har fulgt svake spor.Bedre ver enn meldt,kaldt no ikveld. Idag :23km,8,5t

Viermadalen

19.03.2006 14:51

Børgefjell - woohoo! Blå himmel, sol og bris. Utruleg flott! Har hatt lunsj på Viermahytta og går no oppover Viermadalen.

Husk å svare på konkurransen! Den finn du her Kanskje litt vanskeleg, men det er bare å tippe. Fin premie.

Tok vel ikkje med at eg gjekk ca 22km igår, 5 timar utanom pausen i Røyrvik

Namsvatnet

18.03.2006 20:36

Vinden auka på i går kveld og etter å ha blitt underholdt av Radio Lierne til langt på kveld, så måtte eg ut å sette opp fleire bardunar. Vinden kom sidesvegs på teltet, så då bør det iallefall vera 2-3 bardunar på kvar side.

Idag gjekk eg vidare på Limingen fram til Røyrvik. Var litt skeptisk til isen i det som var markert med namnet “Sundet” på kartet like ved Røyrvik. At det er elveutløp og eit kraftverk like innanfor gjorde det ikkje betre. Her var det ope vatn, men ingen problem å gå på det som no er land på grunn av nedtapping. Isen var ellers god og det plar den også vera ifølge lokalkjente.

I Røyrvik tok eg ein lang pause. Var innom butikken og bensinstasjonen. Jammen hadde dei ikkje 4-takts miljøbensin også, så nå har eg iallefall nok for ei stund. Fekk også snakka med ein som var kjent i området. Han kunne fortelja at isen på Namsvatnet var heile 70cm tjukk, men at det som vanleg var ope vatn i området som på kartet er markert med Tjåelmie. Men det var bare å følga scooterløypa på land, den gjekk forøvrig nesten heilt

Halvegs

17.03.2006 22:10

Ja, no er eg nok halvegs på ruta mellom Lindesnes og Nordkapp. Teltet er satt opp ute på ein odde på Limingen, ein diger innsjø. Snart skal eg lage osteskiver, det skal bli godt!

I formiddag kom eg meg enkelt til Tunnsjø senter. Dessverre ser det ut til at denne bygda mister butikken, det var iallefall stengt og opphørsalget skulle starte over helga. Vidare tok eg vegen, men det var mange bare parti, så det vart litt knotete å ta seg fram. Ned til Limingen var det scooterspor. Isen på denne enorme innsjøen er god, ope akkurat ved tunnellinntak rett sør om gården fjellvang. Vidare har eg traska på innsjøen og det har gått greit. Går inn til Røyrvik imorgon og sikkert eit stykke vidare Idag: ca 31km, 8,5 timar

Film etappe 9

17.03.2006 11:21

Da er en ny snutt film klar. Denne gang fra etappe 9.

http://breogfjellsport.no/Etappe9.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Npl-Quiz

17.03.2006 00:11

No er eg straks halvegs og det er på tide med ein ny konkurranse. Nokon av spørsmåla må du nok gjette deg til, mens andre kan du kanskje klare viss du har fulgt godt med på bloggen. Det er 3 svaralternativ, bruk kommentarfeltet for å sende inn svaret.

Du skriv f.eks: 1B, 2A, 3C osv. Du kan gjerne også kommentere og begrunne svara viss du vil

Premien er denne gongen eit par håndlaga ullsålar frå Luss og Busserulleriet i Kve-bua. Dette er dei beste ullsålane eg har sett til no. Den som vinn får sjølvsagt sålane i ønska skonummer!

QUIZ

  1. Kva liker eg best av desse middagane? Dette er tørka middagsmat som eg har på turen. A: Laksegryte B: Rondane viltgryte C: Italiensk gryte

  2. I Kvam kjøpte eg med meg 1 kg vingummi. Kor lenge gjekk det før denne boksen var tom? Kan ta med at ein blir ganske sugen etter snop på ein tur som dette A: 2 dagar B: 3 dagar C: 5 dagar

  3. Kor mange personar er akkurat no ute å går Norge på langs? A: 9 B: 10 C: 11

  4. I kjellaren på Finse 1222 heng det ganske så flotte bilde frå innspelinga av ein av Star wars- filmane. Men kva for

Trivelege folk

16.03.2006 22:52

Den trønderske gjestfriheten er stor og som nevnt igår, så fekk eg overnatta hos ein hyggeleg familie i Nordli. Takk til Arnstein og Berit i Granbakken! Idag starta eg i løypa til flyktningerennet, eit turlangrennsløp.

Klarte å kome innpå eit feil spor, så eg måtte litt tilbake igjen, men det var ikkje så altfor langt. Over mot Kvea tok eg ned på vegen og det gjekk greit der

Kve-bua

Stakk innom Kve-bua, den lokale butikken og møteplassen for dei rundt 140 innbyggerane i bygda Kvea. Her vart eg budd på kaker og kaffi i “Kaffekroken”, ei flott stue med sofa og bord som var innreda med villmarkspanel inne i butikken. Her kom folk for å ta lunsjen og treffe sanbygdingar. Eigentleg ganske genialt opplegg å kombinera butikk og ein slags uformell “cafe”. I rolege periodar dreiv innehavaren å laga ullprodukt. Eg fekk med meg eit par tjukke ullsåler, det ga han til alle NPLere som kom forbi. Han hadde også ei gjestebok spesielt for Norge på langs farande og det viste seg at mange hadde vore innom. Etter

Framme i Nordli

15.03.2006 14:02

Kjøleg inatt, men fin morgonsol då eg pakka ned leiren. Så har eg fulgt brukbare ski- og scooterspor heilt ned til vegen. Her gjekk eg i vegkanten ned til Laksjøen og over denne til Nordli. Her vart eg møtt av ein kar som ofte snakka med npl-farande. Eg kunne få overnatte hos han, det var ingen problem. No har eg bestilt mat på Li-Vert’n som ligg vegg-i-vegg med kommunehuset. Etterpå skal eg bort på Ica for å handle og hente pakke med nye kart og diverse. Imorgon går turen vidare i retning Røyrvik. Ikveld skal eg skriva meir om desse flotte dagane eg har hatt i Nord-Trøndelag! Idag: ca 15km, underkant av 4 timar

Mot Nordli

14.03.2006 22:11

Dagen starta med 400 høgdemeter oppover, men det var spor eit stykke. Litt knot med å ta seg ned i Fossdalen, delvis hardt føre og lite snø. Vidare gjennom skogsområder. Også her litt roting for å koma fram. Kom til slutt innpå skispor og då gjekk det kjapt vidare. Slo opp teltet kl 19. Det er ca 14-15km til Nordli, spor og lett terreng i den retningen. Rauk ein wire på Riva3 bindingen idag. Måtte skifte heile greia sidan det satt bom fast. Flott måneskinn ute no, er vel snart fullmåne. Lyser godt opp i teltet. Idag: 27km, 9,5 timar

Mot Berglia

13.03.2006 22:16

Det var utruleg fint på Gjevsjøen, ein fjellgård opp av Snåsa. Folka som bur der er trivelege og greie. Etter ei god natts søvn, var eg klar til å gå mot Berglia. Solskinn også idag, men ein del vind av varierande grad. Vekslande føre, så eg gjekk med feller ganske lenge. Litt tett skog nokre steder og det tok litt tid å ta seg fram der. Er nokre km frå Berglia og satte vel opp teltet i halv åtte tida.

Meir om Gjevsjøen når eg kjem til Nordli. Idag: 30km, 7,5km

Bilder i album

13.03.2006 15:26

Har lagt ut masse nye bilder i bildegaleriet. Disse er en samling av bilder fra de 4 siste etappene. Altså fra Tyinkrysset til Tevletunet.

For å se bilder

Thomas

Gjevsjoen

12.03.2006 23:22

Kom i skumringa fram til Gjevsjoen etter ein roleg og flott dag pa ski. Veldig trivlege folk her! Idag 30km, 9 timar

Flotte dager i fjellet

12.03.2006 16:25

Etter eit fabelaktig opphold på Gaundalen fjellgård, er eg no på veg til Gjevsjøen. Har hatt ein times lunsj ved Holderen i det svært så fine været. Sol, blå himmel, vindstille, -2 grader i skyggen og temmeleg varmt i solsteiken. Legger ved litt bilde - mykje meir kjem seinare

Fantastisk flott

11.03.2006 19:53

Vakna til varmande solskinn og ikkje eit vindpust.Labba bort til Gaundalen utan jakke.Flott natur og greie folk her pa garden.15km,5,5t

Flott dag

10.03.2006 21:22

Kjempegod frokost pa Sveet, takk for oppholdet!I solskinn og i spor til Lakavatnet midtvegs til Gaundalen fjellgard.Idag: 18km,litt over 6t

Ny film

10.03.2006 13:07

Her er en ny film fra Ragnar Det kommer også flere bilder fra etappene som har vært. Disse kommer i løpet av helgen, så følg med!

http://breogfjellsport.no/Etappe7og8.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Thomas

Sveet gjestgiveri

09.03.2006 22:09

Var ganske sliten då eg kom til Sveet gjestgiveri i Vera. Dette må vel seiast å vera ein klassisk NPL-stad og mange har tatt seg ein kvil her. Dei som driv stedet - og gården - er svært så hyggelege. Har ei hytte for meg sjølv og no etter ein varm dusj, så har det blitt laga middag til meg. Elgkarbonader og fromasj til dessert smaka kjempegodt! Eg er forøvrig den einaste gjesten idag.

Dagen starta med flott morgonsol som skein på teltduken. Det blafra litt i teltduken og varierande vind har det vore i heile dag. Litt kjøleg då eg stort sett gjekk på ski eit lite stykke frå vegen, opptil frisk bris. Sandvika låg i le for vinden og i solskinnet var det varmt. Gjennom spredt skogsterreng over til Vera. Gode spor i starten, litt meir gjennføyka i høgden. Fint terreng å gå i, men litt kronglete der skogen er tett. I morgon går eg mot Gaundalen fjellgård, men det er nok for langt å ta det på ein dag. Idag: ca 31km, 9 timar

Skallsvattnet

08.03.2006 23:04

Dagen starta i tåke, men det letta og vart sol seinare. Tok ruta over fjellet eit stykke nordover, istaden for å gå i scootersporet. Fine forhold! Imorgon går turen tilbake til gamlelandet og vidare mot Vera. Idag: ca 28 km, 8 timar

Leirbaal

08.03.2006 20:09

“Bålets flammer stiger høyt mot sky, her i skogens ly vi glemmer slit og bry, mens nattehimmlens stjerner titter frem, våre tanker går på vandring hjem!”

Over svenskegrensa

07.03.2006 21:28

Venta i formiddag på at postbudet skulle koma med pakke til meg, så eg kunne ta det ganske med ro. I den flotte og store hytta eg hadde fått låne på Teveltunet, kunne eg verkeleg slappe av. Gjorde også litt fornuftige ting, f.eks ved å fikse litt på Bergansbuksa mi. Brukte nesten ein heil nylonlapp for å lappe og forsterke svake område. Fiksa også den eine bukseselen som var laus. Dei nye fellane mine kutta eg til, så nå skal det bli godt feste i oppoverbakkane!

Utpå dagen kom postbudet og eg kunne pakke ned tinga i pulken. Då eg skulle gå, forslo den svært så hyggelege innehavaren av Teveltunet at han kunne ta med seg pulken eit stykke. Han skulle uansett fylle bensin på snøscooteren i Storlien. Snakk om service! Takkar og bukkar for slike hjelpsomme folk. Eg kunne difor sprinte avgårde med bare dagstursekken og det gjekk unna. Var over til Storlien på “no time” og stakk innom Konsum, daglegvarebutikken. Handla brød og diverse, men hadde det meste som trengtes for turen frå før av. Gjekk så opp ein slak stigning opp til Åhlenstugan, ei lita hytte som står open og

Reisebrev fra Teveltunet

07.03.2006 12:50

Ja, no er eg på Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Kom igår kveld ned frå fjellet gjennom skog og kuppert terreng

Turen frå Røros har vore kjempefin. Alexander vart med den første dagen og vi gjekk i 13-tida frå Bergstaden. Heile dagen traska vi i preparerte spor og enda opp like ovanfor Aursunden før vi slo opp teltet. Med full fres på primusen varte det ikkje lenge før det vart godt og varm i teltet. Ein fin kveld og ein roleg formiddag, før Alexander satte kursen tilbake mot Trondheim og studier der. Det vart altfor langt å gå heilt til Stugudal, så det vart til at eg slo opp teltet i vegkanten 14-15 km derfrå. Mykje av dette strekket gjekk på vegen, men inn mot Stugudal var det skiløype. På Stugudal landhandel fekk eg kjøpt brød og godteri og satte på ettermiddagen kursen for Nedalshytta. Dette vart no litt omveg fordi både Nesjøen og Esansjøen hadde sikker is, men det var greit å ligge innandørs.

Nedalshytta

På hytta var det allereie 3 stykker som hadde kome frå Sylstasjonen, ei svensk turisthytte. Hadde ein triveleg kveld på hytta, før

Teveltunet

06.03.2006 23:00

Vakna opp til ein ny flott dag i Sylan. Sola var tidleg oppe og det var nesten vindstille då eg gjekk frå Storerikvollen litt over halv-ni. Termometeret viste 15-16 kuldegrader, men i solskinnet var det til tider varmt. Vidstrakt utsikt i alle retningar og glinsande snøkrystallar då eg kom litt opp i høgden, utruleg flott. Måtte til med litt solfaktor idag, sola tar meir og meir kjenner eg. Det skulle visa seg at turkartet “Sylan” ikkje er heilt på topp alltid. Først va ei skiløype teikna inn som definitivt ikkje eksisterte, tok difor ein lokal veg 2-3 km. Den siste mila mot Teveltunet starta bra, det var fine spor og bra føre. Lenger oppe førte både merking og spor i ein annan retning enn det kartet tilsa. Tydelegvis nokon ny og gamal merking som er miksa isaman (permanent vintermerking). Ned til Teveltunet var det skog og kuppert. Heldigvis var det ganske ferske skispor, ellers hadde det vore vanskeleg å finne fram. Ganske heftig nedkjøring var det når eg hadde ein pulk på slep! Det gjekk no brukbart og eit stykke nedover skogen kom eg innpå ei skiløype. Heile denne delen av ruta var svært

Storerikvollen i Sylan

05.03.2006 21:43

Tok ein litt roleg dag. Starta i ellevetida frå Nedalshytta og gjekk først ned til Nedsjøen. Fulgte denne innsjøen til Esandsjøen og vidare bort til turisthytta Storerikvollen. Flatt og fint og kjempegod utsikt opp mot toppane i Sylan-masivet. For ein gongs skuld var også vinden i ryggen, så den kalde brisen kjentes knapt nok i solskinnet. Omlag 12-14 kuldegarder midt på dagen og 19 kuldegrader no ikveld. Håper å gå heilt til Teveltunet imorgon, ca 32km, så eg planlegg å starte relativt tidleg, kanskje i åtte-tida.

Det er idag den 50.dagen på tur! Då er eg omtrent haldvegs tidsmessig, sjølvom eg ikkje er halvegs i distanse. Dagane bare flyr avgårde og det føles som om eg har vore på tur i bare 2-3 veker. Håper på at dei 50 neste dagane skal bli like innhaldsrike og flotte som dei 50 første!

Det var alt frå ei koseleg og varm turisthytte i Sylan. Og at eg er nær Sverige merkes godt; denne meldingen går via mobilnettet til “søta bror”. Idag: ca 21km, 6 timar

Sylan-bildespesial

05.03.2006 21:22

Sidan det idag er den 50.dagen på tur, så må eg nesten vise nokre ekstra bilde frå ein flott dag i fjellområdet Sylan

Vi starter i dag morges med morgonsol på Nedalshytta

Ute på Nesjøen og Esandsjøen var det flott utsikt til den høgste toppen i Sylan-masivet; Storsylen på 1762 moh. Toppen ligg akkurat på grensa mellom Norge og Sverige.

Eg avsluttar denne bildespesialen med å vise kveldstemninga her på Storerikvollen tidlegare ikveld.

Nedalshytta

04.03.2006 22:27

Litt på veg og litt i skiløype ned til Stugudal. Inatt var det omtrent 17 kuldegrader ifølge lokale folk, omtrent det samme no. Handla litt på Stugudal landhandel og bestemte meg for å gå 15 km opp til Nedalshytta. Litt omveg, men følte for ei natt på hytte. Tok litt tid innover, treigt føre og smørmingen gjekk fort av. Det blåste også frisk bris etter kvart og då vart det kjøleg! Kom til hytta like før 19.30 og då var det nesten mørkt. Hytta var god og varm, 3 hyggelege studentar var her allerede. Idag: 29km, 9 timar

Mot Sylane

03.03.2006 22:49

Tok ein roleg formiddag og gjekk vel frå teltplassen i halv-tolv tida. Etter nokså nøyaktig eit døgn, eller omlag 1% av npl-turen, så returnerte Alexander tilbake til Røros og seinare på dagen med tog til Trondheim. Kjempekjekt med litt besøk på turen!

Eg tok ut på innsjøen Aursunden og gjekk ein del kilometer på denne, før eg tok opp på vegen. Så har eg traska i vegkanten heilt opp hit eg er no, omlag 14km sør om Stugudal. Ikkje like kjøleg ikveld i forhold til dei siste dagane, det har nok med at det skya litt til.

Imorgon går turen først til Stugudalen og Væltarstugu/Tydal hotell. Her skal eg innom ein liten tur for å kjøpe nokre småting. Reknar meg at eg går eit stykke vidare, kanskje opp til ei turisthytte. På mandag eller tirsdag kjem eg forhåpentlegvis til Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Her skal eg henta ein pakke med kart og diverse for den neste etappen. Går kanskje innom Storlien og iallefal bærer det inn i Sverige eit stykke. Krysser så tilbake til Norge og går vidare i Nord-Trøndelag til Nordli

Det er bra med snø og skiføret er ganske godt. Reknar med at det også er ein del spor i

Reisebrev fra Bergstaden

03.03.2006 22:28

Turen frå Folldal virka på kartet litt kronglete då eg planla denne etappen tidlegare i haust. Og det vart det igrunnen.

Etter eit fint og avslappane opphald på Folldal fjellstue, bar det innover Kakkeldalen. Her var det ganske avblåst og snøen hadde minka kraftig etter mildværet dagane før. Kom meg greit over skaret og ned til elva Einunna. Fann også brua, som ikkje var merka av på kartet. Imiddlertid var det ein låst port på brua slik at det vart vanskeleg å få pulken med seg over. Sidan isen såg sikker ut, så kryssa eg over og det gjekk fint. Oppfordrar dei som eig denne brua til å lage ein port slik at personar kan passere. Det visste seg at Einunna hadde stor vassføring og isen såg særdeles usikker ut lengre nede.

Eit stykke ned i Einunnadalen traff eg på 3 damer frå Folldal som var ute på tur med 3 hundar. Dei hadde ei seter lengre nede og meinte også at det måtte vera betre å gå via Savalen istaden for å gå mot Gløta. Vart innvitert inn og fekk elgsteik til middag og fin overnatting innomhus på Romsdalssetera. Til sommaren skulle dei opne opp

Aursunden

02.03.2006 21:28

Starta dagen med ein runde i gatene i Røros for å proviantere og få tak i diverse nødvendige ting. Alexander kom med toget litt over tolv og vi gjekk frå sentrum litt over ett. Fine og preparerte spor over fjellet. Kom ned til innsjøen Aursunden i skumringa og har satt opp teltet på eit jorde. Kjølig vær for tida, sikkert 15-20 minusgrader utanfor teltet, varmt her inne. Imorgon går turen mot Stugudal og Tydal, mens Alexander går tilbake til Røros. Idag: 17 km, 5,5 timar

Bergstaden

01.03.2006 20:16

Starta klokka ti idag og gjekk stort sett til fots på ein brøyta skogsveg til Dalsbygda. Handla lunsj på butikken før eg gjekk vidare. Ganske drøy tur inn til Røros. Tok ein liten veg som til slutt enda opp i enden av flyplassen. Omtrent kl 18 kom eg inn til sentrum og tok ein runde der før eg tok inn på Erzsheidergården, ein overnattingsstad i gamal stil. No er eg på ein italiensk resturant og skal få meg litt mat. Imorgon kjem Alexander (ein kamerat) med toget hit og blir med til fredags morgon. Mange ting å ordne før avgang, så det drøyer nok litt utpå dagen før vi går. Idag: minst 30km, 8 timar

Nord for Vingelen

28.02.2006 22:22

Det har vore ein fin dag. Skyene har holdt seg unna og det var sol store deler av dagen. Ganske kaldt var det til tider, sjeldan eg blir kald medan eg går, men idag vart eg det. Oppkjørt løype omtrent halvegs frå Tynset til Vingelen. Ruta gjekk opp i 1000 meters høgde og det var fin utsikt. Stoppa litt på butikken i Vingelen og gjekk så vidare på ein veg til eit steinbrudd. Gjekk eit par km lengre og slo opp teltet. Vidare over til Dalsbygda ber det på småvegar og det er ca 25-30 km til Røros. Litt kjøleg ikveld, men har det bra i teltet. No er eg trøtt, så eg får avsluta før eg sovner. Idag ca 30km, 9 timar

Tynset

27.02.2006 21:42

Det var langt på dag då eg gjekk frå Savalen. Fulgte småvegar ned til Tynset og fann ut at eg like godt kunne overnatte der sidan det lei på kveld. Billig og bra rom på campinga og her har eg fått god guiding på ruta vidare. Går mot Vingelen og Dalsbygda delvis i skiløype. Det er litt over fem mil til Røros, så det blir nok onsdag eller torsdag. Idag: 19km, 5 timar

Spa-spesial

27.02.2006 13:40

Etter å ha satt opp teltet nede ved eit vatn igår kveld, tusla eg opp til hotellet på Savalen for å finne utav ruta vidare. Savalen spa og fjellhotell var utruleg flott. Og så vennlege folk! Dei ringte og styra for å forhøyra seg om ruta og eg fekk både kaffi og lunsj. Då eg vart tilbudt ein tur i spa-bassenget kunne eg ikkje sei nei. Ein time i basseng og boblebad gjorde underverker! Takk! Traff også ein tidlegare npl kar som hadde mykje å fortelja. No er eg på veg mot Tynset

Vinnar av OL-konkurransen

26.02.2006 23:21

Eg har den glede av å gratulere Jan Herigstad som vinnar av denne konkurransen. Jan tippa 19 medaljar og det vart fasiten etter Torino OL for Norges del. Jotunheimskalenderen er din!

For meg som er ute på tur, så har det vore artig å følge med på OL innimellom. Med lite tilgang på vanleg tv, har det blitt litt radio og wapping. I tillegg har mobil-tv vore flittig brukt. Husker kanskje best då eg såg opptak av Half pipe på Sikildalsetera. Fekk også med meg eit intervju med kronprins Haakon. Så mens eg var ved prinsehytta, var altså kongefamilien i Torino. Då eg var i Kvam hadde eg tv på rommet. Høgdepunktet var eit par av curlingkampane, verkeleg imponerande. Alt i alt synes eg det har vore flotte olympiske leikar.

Snart kjem ein ny konkurranse. Følg med!

Savalen

26.02.2006 21:56

Overnatta på Romsdalssetera i Einunna dalen. Takk til 3 Folldalinger på tur! Einunnadalen er forøvrig norges lengste seterdal og omtrent 25 setere er i full drift om sommaren. På Romsdalssetera var dei i gong med å lage til ein serveringstad med bl.a. produkter frå omkringliggande setere.

Romsdalssetera i Einunnadalen

på morgonkvisten idag var det snøføyke og sterk vind. Ut over formiddagen letta det litt. Glimt av sol innmellom, men stort sett lett snøfall og varierande vind. Fulgte Einunnadalen nedover og tok over Markbulidammem. Vidare mot Savlen tok eg småvegar og det var godt føre for ski, men ikkje så bra for bilar. Kom til hyttefeltet ved Savalen i 19 tida og er no i teltet. Idag ca 24km, 8 timar

Feil på side

26.02.2006 20:04

Det er problemer med noen av undersiden: Ruta, Utrustning,om meg. Dett vil bli fiksa så snart som mulig. Hvis jeg finner problemet!!

Thomas

Einunnadalen

25.02.2006 22:30

Hadde ein fin tur over fra Folldal inn Kakkeldalen. Svært vekslande vér, snøføyke i det eine øyeblikket, sol i det andre. Nede i Einunnadalen traff eg på 3 folldølar på tur. Har fått både middag og overnatting på Romsdalsstølen eit stykke ned i dalen. Går imorgon mot Savalen istaden for Gløta. Idag 24 km, 7,5 km

Video etappe 6

25.02.2006 00:45

Då er ein videosnutt klar igjen frå etappen gjennom Rondane

http://breogfjellsport.no/Etappe6.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Thomas

Folldal fjellstue

24.02.2006 21:01

Har ein ekstra dag her på den flotte fjellstua. Video kjem seint ikveld

Reisebrev fra Folldal

24.02.2006 01:27

Turen frå Kvam til Folldal tok 4 dagar, noko eg også hadde rekna med. Det er ein relativt kort etappe samanlikna med det eg har gått tidlegare.

Til Rondvassbu

Forholda var ikkje optimale på vegen opp frå Kvam. Sleit ganske godt sidan det var stein og sand blanda saman med snøen. Då eg endeleg kom meg til topps, openbara det seg flott utsyn mot Rondetoppane. Fine preparerte spor forbi Rondablikk og ned til Furusjøen, der eg satte opp teltet. Relativt kald natt, men varmare på morgonkvisten. Vakna til strålande flott vèr og det var rett og slett herleg å skli innover fjellheimen. “Blå swix føre”, blå himmel og strålande sol.

Det var vinterferie og mange folk ute i løypene. Tok det ganske med ro oppover dei ca 300 høgdemeterane og 17 kilometerane inn til Rondvassbu. Klarte å gå litt feil like før hytta, fulgte nokre spor som det seinare viste seg tok ein heilt anna retning. Men eg fekk fin utsikt til dei fine 2000-meterstoppane og fekk sendt avgårde ein bildespesial, så heilt unyttig var ikkje den ekstra sløyfa inn til hytta. Utløpet av Rondevatnet var delvi òpe, men det var greit å krysse. På sjølvbetjeningskvarteret på Rondvassbu var

Folldal

23.02.2006 16:48

Skyene letta då eg idag gjekk frå Dørålseter rett over halv ti. Veldig mildt, 3-6 grader, meir i solskinnet. Rød swix satt nokonlunde og det var spor heile vegen. Etter ei mil på veg er eg snart på Folldal fjellstue. Fin utsikt tilbake mot Rondane (bilde nedst). Meir kjem ikveld

(ca 23km, 6,5 timar)

Over stokk og stein

22.02.2006 21:19

Ganske avblåst over fra Rondevassbu. Er pa Dørålseter og går til Folldal imorgon. Ingen bilder pga feil i mobilnettet. Idag 16km, 6t

Rondvassbu

21.02.2006 22:12

Kjempedag i fjellet.Er pa Rondvassbu og har det godt og varmt.Idag 17km,5,5t

Rondane bildespesial

21.02.2006 15:45

Rondane

20.02.2006 20:58

Strålande sol idag. Starta dagen med egg og bacon til frokost. Etterpå var eg borte på Kiwi for å hente pakkar og handle. Fekk satt på ny wire i draget på pulken, så no er den heilt iorden. Gjekk frå den koselege kroa i 13-tida. Istarten gjekk det greit å gå på vegen, men då det vart brattare, så var det mykje sand og stein ilag med snøen. Prøvde å gå i grøftekanten, men der var det skrått og pulken ville bare venta. Då stigningen var ferdig, venta fine løyper og god utsikt til dei flotte Ronde-toppane. Bildet viser utsikten til desse. Måtte skifte wire på skibindingen idag, det er ikkje så uvanleg at slike må skiftast etter ei tid. Teltet er slått opp ved Furusjøen, ein kilometer frå Rondablikk. Det er fine løyper innover fjellet og véret skal visst fortsetta å vera godt, så det blir nok fine dagar over mot Folldal. Idag: 14km, 4,5 timar (600 høgdemeter oppover)

Video 4 og 5 etappe

20.02.2006 00:33

Ragnar har nok en gang mekka i sammen en video fra etappen sin. Det er også lagt ut noen nye bilder fra etappe 3 i bildegalleriet. Her er nok en video!

Video frå etappe4 og 5

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%). Et tips er å laste ned filmen (Du kan da se den i i noe større format, den er best i dobel størelse)

Lykke til videre Ragnar!! Thomas

Reisebrev fra Kvam

19.02.2006 22:08

Det vart ikkje lange stoppen i Tyinkrysset. Etter litt proviantering og henting av pakker på Tyinkrysset fjellstove, bar det vidare oppover vegen mot innsjøen Tyin.

Eg hadde fått ny dragdel til pulken, men samtidig røyk ein indre wire, så då var det fram med tauet for å reparere det midlertidig. Heldigvis visste eg at fjellstrøka mot Gudbrandsdalen ikkje var like kuppert som lenger sør, så det burde gå veldig fint med ein midlertidig løysning. Då eg stod utanfor fjellstova å bytta wire med tau, så kom det ein bil med to karar som nett hadde vore på tur i Jotunheimen. Dette var tydelegvis fjellfolk og etter kvart viste det seg at den eine hadde prøvd seg på ein Norge på langs tur i år 2000. Imiddlertid brakk han armen like ved Snåsa, så turen enda der. Han ga meg mange tips for turen vidare, spesielt i midt- og nord Norge, der han var godt kjent. Heldigvis var det snødekke på vegen oppover, så det var ingen problem å dra pulken. Eg var litt ivrig etter å koma meg avgårde sidan det var strålande sol og blå himmel. Det gjeld å utnytta finvèret når det

Mors kro i Kvam

19.02.2006 15:39

Fin skiløype nokre kilometer nordover frå Vinstra. Gjekk så langs vegen og det var stort sett nok snø, men enkelte bare parti. Då eg kom til Kvam litt over kl 13, gjekk eg inn på “Mors kro”. Her var det både god mat og eit utmerka rom til ein rimeleg penge. Slapper av og kjem til å skrive meir seinare. Idag: 10 km, 2,5 timar

Vinstra

18.02.2006 22:24

Betre føre idag og etter nokre kilometer var det brøyta. Kom i 15-tida til den idylliske bygda Skåbu. Har så holdt meg på rv 255. Stort sett snødekke og det gjekk utruleg fort langs vegen. Måtte nesten heilt ned til Vinstra for å finne ein grei teltplass. Ganske kaldt for tida, både igår og idag har eg vore kald på føtene. Idag var skoa ekstra stivfrosne og eg måtte jobba veldig med tærne før eg fekk litt varme. Har muligens fått ei lita blemme på venstre storetå, men trur ikkje det er noko særleg å bry seg med då det er overflatisk. Kjem kanskje til å bytte over til Varg Polar skoa ein periode, dei har innersko. Bare litt over ei mil til Kvam og der satsar eg på å ligge inne ein stad. Idag ca 38 km, 9,5 timar!

Austover

17.02.2006 21:46

Starta ikkje før i ellevetida idag. Det var fortsatt ein del skyer, men det såg ut til å lette. I løpet av natta hadde det kome endå meir snø i tillegg til alt som var frå før av. I all laussnøen vart det litt kav med pulken og det gjekk temmeleg seint framover. Heldigvis følg eg no ein nedsnødd veg, det hadde vore vanskeleg ute i skogen. På slike dagar som dette hadde forøvrig sekk vore å foretrekka. Kom meg ca 10 km avgårde i ganske flatt lende, men skal imorgon litt nedover. Trur eg kjem inn på brøyta veg eller iallefall snøscooterspor i løpet av morgondagen, så då går det nok raskare unna. Vèret er ganske bra og meldingane framover er også gode. Ikveld har eg fått med meg både dagsrevyen og OL-studio på mobil-tv, så eg får følgt med både på nyheter og OL i Torino. Viss nokon lurer på kva som var til middag idag, så var det Stroganofgryte og ris. Ganske bra middag det. Idag: nesten 10km, 6,5 timar

Sikkilsdalen

16.02.2006 21:20

Ja, no er eg like ved Prinsehytta i Sikkilsdalen. Ser ikkje ut til at nokon i kongefamilien er på hytta for tida, det er vel kanskje litt tidleg på vintaren endå. Det er iallefall her Kongen og resten av familien plar vera i påsken. Inatt kom det mykje snø, sikkert 30-40cm og det har snøa jamnt og trutt i heile dag. Dei første kilometerane var det spor og opp til Sikkildalsskaret var det kvista. Her var imiddlertid snøen relativ djup, så det tok tid å koma seg opp dit. Takk til to danske skiturister for tips om kor kvisteløypa mot skaret tok av (mange løyper og litt forvirrande skilting). Frå skaret og nedover gjekk det veldig greit, men her var det endå meir snø, over ein meter nysnø! Fulgte eit lite bekkefar nedover og det var uproblematisk. Vidare over Sikkildalsvatnet og fram til Sikkildalssetera vart det ganske tungt å tråkke spor, så det gjekk ikkje så raskt. Tendes til dårleg is der kvisteløypa er markert på kartet like før prinserhytta (utløp). Klokka var nesten blitt seks før eg satte opp teltet, eit par hundre meter frå

Gjendesheim

15.02.2006 22:05

No er eg på Gjendesheim turisthytte. Den er eigentleg ikkje open, men eg fekk overnatte likevel. Takk til vertskapet her på Gjendesheim, Bjørg og Olav Gaute Vole! Men no først litt om turen frå Tyin. Igår var vèret litt skiftande, stort sett overskya, men også glimt av sol innimellom. Det var gode snøscooterspor over Tyin og ned til Eidsbugarden og føret var bra, så det gjekk ganske raskt. Då eg nærma meg Fondsbu, så såg eg plutseleg ein grå skygge lågt over innsjøen Bygdin. Det viste seg å vera eit fly og eg trur det var ein av forsvarets Falcon jets. Iallefall så dreiv det nok med såkalla taktisk flygning, kanskje bare 150-200 meter over bakken og under det ganske låge skydekket. Nesten utan noko særleg lyd, så svinga det brått og forsvant innover truleg innover Koldedalen. Ganske tøft å sjå, men fekk ikkje tatt bilde fordi eg opna feil lomme. Vidare frå Fondsbu/Eidsbugarden var det kvista over Bygdin og opp Høystakka. Vidare innover var det lett å følga vardane, ikkje særleg mykje snø. Nedkjøringa ned Veodalen huska eg frå tidlegare at var ganske slak og fin. Det var den også no og mens det byrja å mørkne, så for eg nedover

Jotunheimen

14.02.2006 20:49

Kjempefore og spor over Tyin og Bygdin.Oppholdsver og lite vind.Kom fram til Gjendebu i skumringa kl 1830.Ikkje spor siste 8km.Idag 27km, 7,5t

Reisebrev fra Tyin

13.02.2006 23:06

Det var altså den 8.februar eg la ut frå Finse etter eit kjemegodt opphold der.

Vèret var ikkje kjempebra, grått og ein kald, frisk bris. Det var ikkje så mange som var ute på ski denne dagen, men eg traff på eit ektepar med ein unge i pulken. Dei gjekk den kvista rundløypa om Klemsbu. Eg gjekk også i denne kvista løypa, men motsatt veg fordi eg hadde tenkt meg mot Raggsteindalen over Kyrkjedøri. At eg nok heller burde ha gått via Omsbreen til Geiterygghytta og vidare derfrå er ein annan sak. Eg kom eg iallefall opp ei rotete fjellside med mange skrentar og litt nedover dalføret slik at eg var godt skjerma viss det skulle blåse opp. Dagen etterpå fortsatte eg mot Raggsteindalen og kunne med glede sjå at deler av ruta var merka med gamle trepålar. Dette gjorde det litt enklare fordi kartet eg hadde kun hadde ruta vagt innteikna. Det hjalp heller ikkje at målestokken var 1:100.000. Nedkjøringa i Raggsteindalen var fin og føret passa bra; 5 cm nysnø og lite vindblåste skavlar.

Over Strandavatnet gjekk eg delvis i snøscooterspor, men måtte etter

Flott dag

13.02.2006 21:46

I halv-ti tida gjekk eg frå Sulebu mot Tyinkrysset. Dei to andre npl-karane vart verande på hytta fordi Rolf Erik hadde ein stygg hoste. Får håpe det går fort over! Nedover mot Telnefjorden var det preparerte spor og det gjekk raskt unna. Etter ein ganske grå dag igår, var det flott med sol og blå himmel. Bra føre for å kjøre nedover for tida, så det gjekk greit ned dei relativt bratte bakkane ned til sjølve Tyinkrysset. På Tyinkrysset fjellstove fekk eg både tatt ein dusj og lada opp mobilbatteria. Pakken med reservedeler til pulken, samt meir mat, låg også å venta. Ein stor takk til Tyinkrysset fjellstove for utmerka service! Eg var også nede på Filefjell kjøpesenter, som kun har ein butikk, for å handle litt småting. Dessverre fekk eg ikkje tak i miljøbensin, så lampeolje (parafin) vart alternativet. Då eg skulle montere det nye staget på pulken, knakk wirefestet. Dette festet var litt bøyd etter den same hendinga som brast det eine staget. Dette førte til at eg måtte lage til tilsvarande opplegg med tau. Det

Sulebu

12.02.2006 21:17

Tenkte opptimistisk at eg kanskje kunne nå Tyinkrysset idag. Ruta frå breistølen var imiddlertid - som tidlegare - veldig drøy. Sukkersnø og sporbrøyting heile vegen. Men eg kom meg iallefall ned Suleskaret sjølv om det var veldig flatt lys. Det hadde nok vore betrakteleg raskare å ha gått via Eldravatnet istaden for Breistølen, men kom meg no greit fram likevel. Er glad for å ha kome over dette fjellområdet, men turen har vore kjempebra frå Finse.

Etter ei lita stund på Sulebu kom to karar brakande inn. Det var Rolf Erik Poppe og Magnus Frøysvik som også går Norge på langs (npl2.no). Dei hadde gått frå Bjordalsbu via Eldravatnet og kom i halvmørket altså fram til Sulebu. Ganske artig. Turen imorgon går ned til Tyinkrysset der eg skal proviantere og bytte ut det eine staget på pulken. Kanskje går eg vidare utpå dagen imorgon, eller så overnatter eg på fjellstova. Ferda vidare går gjennom Jotunheimen og eg endar nok opp på Kvam, sjølv om eg kanskje går ned til Vinstra først. Bildet er av Suløebu. Idag ca 18km, 8 timar

Toppunktet

11.02.2006 21:13

Kom idag opp på ca 1620 moh og det er nok det høgste punktet på heile turen mot Nordkapp. Sola skein og stort sett så holdt den kalde trekken seg unna. Jakken kunne ligge i sekken og eg kunne røska av fellane (som forøvrig satt dårlig). Føret var supert og blå swix satt godt samtidig som det var god glid. Det var også fine spor etter to andre NPL-farande, så det gjekk ganske radig unna. Hadde lunsj utanfor Bjordalsbu. Nedkjøringa til Breistølen på 1030 moh var skikkeleg bra! Kryssa over rv 52 litt før halv fem og gjekk så ein time oppover før eg slo opp teltet. Enda mindre snø her på denne sida, kanskje 20-40cm, men det er brukbart skiføre. Det har vore ganske kjøleg om kvelden og natta i det siste. Har ikkje målt temperaturen, men tipper på ned mot -20, kanskje lågare også. Imorgon går eg mot Sulebu og kanskje også heilt ned til Tyinkrysset. Idag: ca 21km, 7,5 timar

Sol og kaldt

10.02.2006 21:59

Sol og flott idag.men ganske kald trekk Er i Mjolgedalen 7km S for Bjordalsbu. 20km,8t

OL-konkurranse

10.02.2006 08:35

Kor mange medaljar tar norge under OL i Torino? Tipp svaret i kommentarfeltet under. Premien denne gong er ein flott kalendar frå Glittertind forlag med bilde frå Jotunheimen. Du kan svare fram til og med den 12.februar. Lykke til

Teltutsikt og måneskinn

09.02.2006 21:15

Kom eit stykke oppover bakken og er no på ca 1250 moh. Har kjempeutsikt ut over dalen og fjella eg nettopp gjekk gjennom frå Finse. Nede på Strandavatnet ser eg dansande små lys frå snøscooterane som raskt farer over vatnet. Måneskinnet kastar eit spesielt lys over fjella, det er bare utruleg flott. Minner meg om tidlegare måneskinnsturar, til dømes opp til Haugsvarden når eg gjekk på Nordfjord folkehøgskule. No stakk eg akkurat hovudet ut teltdøra bare for å sjå ut over dalen og fjella. Litt vanskeleg å få tatt bilde av, det må opplevast. Bildet som er lagt ved viser bakken eg er på veg opp. Er nesten 3/4 oppe, godt forbi høgspentmastene. Kan ta med at det er ulike småfeil på sjølve nettsidene for turen. Thomas har fiksa det litt, så no er iallefall kartet korrekt. For å sjå info om denne etappen, trykk på “Ruta” i menyen øvst på sida og finn fram til linken lengre nede. Forøvrig er det mobildekning i teltet her og eg tenkte eg skulle logga meg på MSM messenger ei stund ikveld. Idag: ca 20km, 8 timar

Strandavatnet

09.02.2006 15:22

Er på veg over Strandavatnet og krysser snart rv50 Hol-Aurland. 5cm nysnø og bra føre. Vekslande vér, betre her mot aust. Det klarnar opp, blir nok bra imorgon. Snart ventar ein bakke på 400 høgdemeter og eg slår sikkert leir på toppen. Legg ved litt bilde

Skarvheimen

08.02.2006 20:14

Er ved Kyrkjedorsvatnet.Ein del meter oppover fra Finse,var oppe pa 1575moh.Bedre ver no ikveld.9km,4t

Video 3 etappe

08.02.2006 18:17

En ny video fra fra Eteppe 3 Haukliseter - Finse er nå klar

Her er videoen ragnar har satt sammen:

Video frå etappe3

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%). Et tips er å laste ned filmen (Du kan da se den i i noe større format, den er best i dobel størelse)

Thomas

Mot Raggsteindalen

08.02.2006 14:04

Tok ein roleg formiddag på Finse og begynte å gå 13.15. Lett snøvér og lågt skyddeke, så eg går nok ikkje så langt. Følg ei kvisterute no i starten. Bedre vérmelding for torsdag og fredag

Reisebrev Haukeliseter-Finse

08.02.2006 02:32

No ligg eg her inne på eit flott rom på Finse1222. Beatles’ “Here comes the sun” strøymar på frå mp3 spelaren, mens eg sit og skriv på det trådlause tastaturet til mobiltelefonen. Ganske kontrastfullt til teltlivet kan du sei.

Ikveld har eg ete god middag og tatt badstu. Det er greit med litt luksus innimellom, men telt- og hytteliv er veldig bra. Ein annan grunn for å legge seg inn for ei god seng, er å få lada opp alle duppedingsane som treng straum. Både mobiltelefon, digitalkamera, videokamera og ikkje minst satelitt-telefonen må ladast innimellom. Å redigere og sende ein mobilvideo krev også mykje straum, så det er nesten ikkje aktuelt å gjera ute i felten.

Litt om turen over vidda. Starta frå Haukeliseter 1.februar i strålande sol. Bakkane oppover gjekk raskt unna på det gode føret. Innover mot Hellevassbu gjekk det litt treigare, men kunne følge snøscooterspor store delar av turen, det hjalp på. Det var likevel litt drygt inn dit, så eg var ikkje ved hytta før i skumringa. I hytteboka kunne eg lesa om nokre av dei andre NPL-turane som hadde passert. Her var det også mykje artige NPL-berettningar frå tidlegare

Ut av teltet og ned til Finse

07.02.2006 16:52

Vinden spakna utpå morgonkvisten idag, så då gjekk eg igang med å rive leiren; ingen enkel oppgåve når det har føyka snø i eit døgn. Det måtte gravast djupt ned, opptil 1,5 meter for å få fatt i pluggane. Sjølve teltet satt også godt fast, så det tok tid å få alt pakka ned i pulken, som forsåvidt også var nedsnødd, men som eg heldigvis hadde gravd fram kvelden før.

Det var ein kjøleg trekk på dei litt ver 9kilometerane fram til Finse, men sola var framme og det var flott utsikt mot Hardangerjøkulen. Det tok rett over 2,5 timar fram til den veglause bygda Finse. Turisthytta har ikkje opna for sessongen, så hotellet Finse1222 var einaste overnattingsstad. Men her er det veldig bra, sjølv om det koster litt, så er det verdt det etter mange dagar på tur. Skal snart bort på Finse post-i-butikk (Jernbanestasjonen) for å hente ein pakke med meir mat, så skal eg kjøpe diverse ting i Handlebua her på hotellet. Seinare ventar ein bedre middag. Ikveld skal eg gå over utstyret og fikse litt på det eine draget på pulken, skrive

Vind og mildt

06.02.2006 21:56

Vinden har tatt seg opp igjen.Har gravd opp teltet tre gonger idag,enormt med sno.Meldt bedre ver imorgon.Les boka Sorgenfri av Jo Nesbo.0km

Et møte på vidda

06.02.2006 21:43

Et turreferat av Thomas

Fredag formiddag dro jeg og Jon Ivar mot Dyranut med bilen full av utstyr; To pulker, ski, mat, telt, goderi,kako, soveposer osv… og en hund. Vi hadde planer om å gå innover mot Tinnhølen og fohåpentlighvis få kontakt med Ragnar over mobil. Dette greide vi og etter noe fomling over hvor vi skulle møtes, bestemte vi oss for å møtes ved Bjoreidalshytta.

Det var totalt hvit og mørke falt på før vi kom så lang. Med kompasset og gps stakka vi oss ut en kurs gjennom snøen og mørke. Vi dumpet og humpet litt ut små fonner av snø vi ikke så før det var for sent. En km fra hytta så vi singnaler fra en lykt og vi singnaliserte tilbake og etter 15 min kjapp gang møttes vi. Det ble et hygelig møtte og gjensyn med en god venn.

Utover kvelden satt vi oss i de ene telte og pratet inn i natten. Det ble en sen kveld før Ragnar gikk over i sitt eget telt. Vann smeltingen ble utsatt til morgnen. Så det sier seg selv at avreisen ble noe sen. Vi bestemte oss for å gå felles mot Halne da dette ble en fin rundtur for

Teltdag

06.02.2006 11:58

Det bles kuling og tung sno foyker seg veldig.Bygd levegg i 3t,vinden har dreid fra V til NV.Gaar vidare naar det letter.Grot og boklesing venter

Mot Finse

05.02.2006 20:16

Lavt skydekke,sno og varierande vind idag.Er rett nord for Midtnutvatnet.9km til Finse.16km,7t

Halne

04.02.2006 19:52

Har idag rusla opp til Halne ilag med Thomas, Jon Ivar og hunden Nala. Véret har vore litt surt, med frisk bris, snø og lågt skydekke. Skiføret er imiddlertid godt. No føyker snøen littegran rundt telta, som er satt opp like ved Rv7. Vi høyrer også brøytebilane som stadig kjører forbi. Går vidare mot Finse imorgon på ei litt anna rute enn oppsatt (Halne-Finse). Bildet viser Jon Ivar og Thomas i aksjon. Idag: ca 14km, 5 timar

Fjelltreff

03.02.2006 23:10

Det går unna på vidda, flatt og godt føre. Lunsj på Sandhaug turisthytte i tolvtida. Fortsatte nordover og kom litt over halv sju fram til Bjoreidalshytta, som forøvrig er stengt. I sjutida dukka det meir eller mindre tilfeldig opp to hovudlykter i mørket. Det var Thomas og Jon Ivar som var på helgetur i området (venner av meg). No sit vi her i teltet og fortell tur-historier. Veldig hyggeleg! Litt vekslande vér, skya med litt sol innimellom. No snør det lett. 25km, 8,5t

Snarveg

02.02.2006 20:31

Har tatt ei raskare rute via Hansbu.Er ved Lakadalsstrupen 9km S for Sandhaug.Greie forhold,frisk bris no ikveld.Ca 20km, 7,5t

Hardangervidda

01.02.2006 21:02

Flott dag innover vidda.Kom til Hellevassbu kl 18.Gar mot Litlos eller direkte mot Sandhaug imorgon.22km,7t

Bilde og video

01.02.2006 08:01

No er bildene frå Etappe2 Ljosland-Haukeliseter blitt lagt ut

Litt video har eg også satt saman

Bildegalleri, etappe2

Video frå etappe2

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%).

Reisebrev fra Haukeliseter

31.01.2006 23:55

No sit eg her framfor skjermen og skriv. Idag har eg bare slappa av og tatt det veldig med ro, veldig godt etter lange dagar i fjellet. Sola har stått på her heile dagen og det har rett og slett vore ganske idyllisk her. I solveggen slo eg meg til og kunne sjå ut på folkehøgskulegruppa som dreiv med kiteing ute på vatnet. Ei anna gruppe hadde skredkurs, så det mangla ikkje på aktive folk rundt hytta. Bildene frå turen er blitt lagt ut på internett gjennom ei heller smal linje ut på nettet, mobilvideoen blir også pressa gjennom den samme linja (EDGE, eller “internett via mobiltelefon” om du heller foretrekk ei slik forklaring)Så må eg fortelja litt om turen. Eg har jo lagt ut daglege oppdateringar i bloggen, men det blir gjerne små og faktaorienterte meldingar.

Alt i alt har det vore ein kjempebra tur sålangt. Mange fine minner, både frå solrike dagar og meir utfordrande situsjonar. Eg var relativt heldig med vèret på dei meste utsette rutene, så eg slapp å ligge å vente på betre vèr. Det å gå åleina har gått veldig bra, føler ikkje at det er noko problem. Litt uvandt

Haukeliseter

30.01.2006 22:10

Kom til Haukeliseter like før kl 16 idag. Det var herleg å traske dei siste kilometerane i eit roleg tempo inn til turisthytta. På vatnet dreiv ei gruppe på med kiteing, skyene letta og det var god stemning. Har slappa av og hatt ein betre tre-rettars middag etter først å ha tatt ein lang, varm dusj. I femtida kom mor og far opp hit (Astrid og Steinar) og vi har hatt ein flott kveld her på hytta.

No er planen å slappe av i morgon, for så å legge avgårde over Hardangervidda på onsdag. I løpet av morgondagen vil det koma ein lengre berettning om turen så langt, følg med!

Ellers er vinnaren av konkurransen kåra. Det var mange som prøvde seg, så kanskje ein ny konkurranse må til snart. (Sjå tidlegare innlegg)

Det var alt for idag frå idylliske Haukeliseter

Konkurranse (Vinnar utropt)

30.01.2006 21:45

(Innlegget første gong lagt ut 28.01.2006 14:10)

Idag tidleg var det 12 kuldegrader. Etter ein halv time med primusfyring i innerteltet, kva var temperaturen då? Svar ved å bruke kommentarfeltet. Premie til den som svarer rett

Rett svar: 27 plussgrader i skulderhøgde!

Konkurransens vinnar vart Knut Harald, som var nærast då han tippa +29 grader. Gratulasjonar og ein fin smørekniv i tre er snart på veg i posten til Varhaug Dette var ikkje eit lurespørsmål, sjølv om det kanskje kunne virke slik.

Det blir fort godt og varmt ved primusfyring inne i innerteltet. Primusen har ein effekt på ca 3000W og det kan jo samanliknas med å sette på ein stor vifteovn. Innerteltet er jo også ganske tett, slik at lufta blir verande der. Ved fyring i ytterteltet blir det ikkje heilt den samme effekten, sjølv om det hjelp godt på det også.

Jippi

30.01.2006 14:49

Ser over til Haukeliseter, bare 2-3km igjen. Har karra meg gjennom turistskaret på 1340moh. Vanskeleg nedkjøring, veldig jordmørkt. Siste biten har eg gått i snøscooterspor. Overnatta på Holmevasshytta etter ein lang dag igår, 20km 9t.Mykje opp og ned, 841 til 1010,ned til 700 og opp til 1140. Meir om turen kjem seinare idag. Bildet er tatt på toppen av skaret

På Holmvatn th.

29.01.2006 22:18

Ragnar sender sin hilsning fra Holmvashytta: (Han har prøvd å legge ut meldinger i går og i dag men noe her tydligvis vært feil med systemet så her er en viderformidlet sms)

Sms: Holvasshytta , 15 km til Haukliseter, kjem dit på ettermidagen i morgen.

Thomas

jojo-tur

29.01.2006 21:30

Opp og ned,gjennom skog og bekkefar.Fra 841 til 1010,ned til 700 og opp til 1120.Det merkes.Kom til Holmevasshytta under sternehimmelen.20km,9t

FORSINKA MELDING, LAGT UT I ETTERTID (31.01.2006) Meldinga nådde ikkje fram pga problem med å sende sms til Storbritania

Telt

28.01.2006 21:00

Har satt opp teltet nokre km fra Bleskestadmoen.Nedkjoringa var vanskeleg med pulk,hardt og avblaast.Forovrig ein kjempefin dag,m lange pausar.17km,8t

FORSINKA MELDING, LAGT UT I ETTERTID (31.01.2006) Meldinga nådde ikkje fram pga problem med å sende sms til Storbritania

1200 moh

28.01.2006 14:18

Er no ved Kaldvassleitet og ser ut over flotte fjell. Sola skin og det er nesten vindstille. Det er ikkje ein lyd å høyra. Bak meg troner Snønuten, ein flott topp som eg besøkte i høst. No skal eg nedover frå 1200moh til 800moh, så det går nok unna. Trur eg blir på turisthytta på Bleskestadmoen inatt

Fleire bilde

28.01.2006 14:05

Her er nokre fleire bilde. Utsiktsbildet viser Blåsjø, hytta er Vassdalstjern.

Finveret fortsett

27.01.2006 20:47

Ny flott dag i fjellet.Hadde fin utsikt over Blaasjo.Slo opp teltet 3km nord for Krossvatn ved Kringleaana.ca 20km,8t

Litt bilder

27.01.2006 10:42

Fint vér idag. Er på veg mot Krossvatn idag, går kanskje lenger. Haukeliseter på mandag tenker eg. Det går kjempebra, har ingen problem med å ta meg fram. Har gått lange dager og terrenget er kuppert. Var første gjest på Hovatn turisthytte på 3,5mnd, så den var ganske nedisa. Holdt meg foran peisen. Uansett godt å slappe av på hytte. Idag blir det nok telt

Fint i fjellet

26.01.2006 21:38

Strålande sol og lite vind idag.Flotte fjell og bra utsikt. Gjekk opp Steinbuskaret og er no på Hovatn.Kald hytte,sit foran peisen.18km,7,5t

Flott dag

25.01.2006 20:59

Sola skein og det var ein bra dag i fjellet.Over 900m var vinden sterk,liten kuling.Kom fram til Kringlevatn turisthytte i skumringa .18km,8t

Sol

25.01.2006 13:00

Men det blåser godt. Er ved Storevatn og skal til Kringlevatn turisthytte

Friskt på fjellet

24.01.2006 20:56

Kom meg til Taumevatn th idag.Nesten whiteout over 900m,vind og sno rett imot.Gpsen var flittig i bruk heile dagen.15km,ca 6t

Haaheller

23.01.2006 21:56

Etter ein avslappande ettermiddag og kveld på Gaukhei, kom eg meg avgårde 0930 idag. Litt snø i lufta og kald trekk. Føret var bra og kilmetrane gjekk unna. Ruta var også relativ flat, stort sett over vatn. Isen var grei, men det var opne inn og utosar. Tok det med ro på slutten og kom fram til Håheller turisthytte litt før kl 17 (hytta på bildet). Hytta er liten og koseleg, men litt trekkfull. Går imåra til Taumdvatn eller Storevatn. Idag: ca 18,5km, 7,5t

Ny bilder

23.01.2006 20:08

Har lagt ut bilder fra 1. etappe i bildegalleriet

Thomas

Bilder

23.01.2006 18:35

Her er nokre bilde frå dei siste dagane. Er no på Håheller turisthytte

Gaukhei

22.01.2006 20:22

Kom kl 14 til hytta.Bra føre,men tok tid opp langs elv.Går mot Håheller tidl imorgon.Idag 5,5km 3t, igar 5,5km 6t.Middag:Rondane viltgryte

Flott dag

21.01.2006 20:35

Strålande fint i dag med sol og vindstille.Tok tid opp gjennom bjørkeskog.Snøen har pakka seg sa det går enklare.Opne inos og ut osar pa vatna

Tungt!

20.01.2006 21:34

Det er tungt i nysnoen og det tar lang tid.4km 7t idag.Haper pa bedre forhold imorgon.Takk for alle sms og nettmeldinger

Med ski og pulk

19.01.2006 21:56

Tok det litt med ro idag tidleg. Først ein lang frukost, deretter god tid til å pakke. Omtrent kl 13.30 kunne eg spenne på skia og trekke pulken dei første metrane. Igår var eg litt usikker på om eg skulle gå idag, men etter god avslapping og oppvarting på Ljosland fjellstove, så var eg klar. Dei første 200 metarane kunne eg følge eit scooterspor. Etterpå var det å måke seg gjennom 50-60cm nysnø. Det er tungt under slike forhold og eg kom då ikkje meir enn 3km på vel 4 timar. Slo opp teltet like sør for Langevatnet i sjutida. Har hatt god middag og har det kjempebra i teltet. Imorgom går eg mot Gaukhei turisthytte

Film 1. etappe

19.01.2006 19:48

Ragnar ankom i går(18.01)Ljosland. Han skifter nå fra å gå til fots til og ta pulken fatt. Han sender i tilleg til sine vanlige oppdateringer en film fra den første etappen.

Thomas

For å se filmen fra første etappe må du ha itunes-quicktime7

Link til nedlasting av quicktime 7

Link til filmen

Ljosland

18.01.2006 23:50

18012006(008).jpg

18012006(014).jpg

Den siste marsjen opp til Ljosland vart lang. I firetida kom far (Steinar) kjørane og kunne ta med seg sekken opp til fjellstova. Den siste mila gjekk unna på to timar og eg kom til Ljosland ca kl 18.00. Middagen var bestilt og etter kort tid kunne eg nyta biff, råsteikte poteter, salat mm. Det smakte utsøkt, dei kan verkeleg lage mat her oppe.

Har fått dusja og slappa av ikveld her på denne koselege fjellstova. Driver nå å pakker pulken. Er litt i tvil om eg går imorgon, eller om eg tar ein kviledag her for å kvila føtene. Det har tatt på å gå på vegen og har eit plagsomt gnagsår under foten.

Viss eg får tid, så skal eg skriva meir om turen opp hit.

Det var alt for idag.

Det laver ned

18.01.2006 13:00

Det snør jamnt og trutt. Teltet var heilt dekka av snø og det kom nok 5-10cm i løpet av natta. No er eg i Kyrkjebygd i Åseral og har bare 22 km igjen til Ljosland fjellstove. Det tar nok ca 5 timar å gå opp dit

Kong vinter

17.01.2006 23:28

Vakna idag til lyden av snø som ramla ned på teltet. I løpet av natta hadde det kome 4-5cm snø, men på morgonkvisten steig temperaturen og det gjekk over i sludd og yr. Snøen som hadde samla seg på grantrea, ramla så ned på teltet. Gjekk avgårde litt over ti. På vegen var det slapseføre og etter nokre timar vart gore-tex skoa våte. På Byremo Landhandel åt eg lunsj. Dama i kassen meinte at eg burde få med meg noko og ga meg sjokolade og bananer. Takk. Vidare oppover vart det meir snø og litt kaldare. Dei siste timane var det på med refleksvest og lys for å gå ca ei mil til Kilsund. Gjekk så 3-4 km mot Åseral før eg slo opp teltet i ein skog ved vegen. Det var veldig godt å krypa ned i soveposen og få på tørt tøy. No har eg fyrt opp primusen, laga middag og fått god varme i teltet. Supert. Ruta: Ytre Øydavatn - Byremo - Sveindal - ca

Ragnar på tv

17.01.2006 21:52

Skal bare minne om at i en 6 dager fremover vil det ligge et nyhets klipp om ragnar på tv vest Sjekk ut nyhetene på tirsdag 17 jan. I sendingen er det et innslag om NPL ca 11.30 min ute i sendinga.

Trykk på tirsdagsnyhetene og i denne sendinga så er ragnar med!!

Thomas

Link til Tv vest

Audnedalen

16.01.2006 20:17

Som eg skreiv tidlegare, så går eg nordover rv 460 gjennom Audnedalen. Var innom i Konsmo og handla mat og godteri. Satte opp teltet ved ytre Øydavatn, 9km nord for Konsmo. Tar ein tidleg kveld for å kvila føtene, som er litt ømme etter all traskinga. Reknar med å vera på Ljosland på onsdag. Ruta idag: 3km nord for Vigeland - Konsmo - Ytre Øydavatn, ca 32km

Langr rv 460

16.01.2006 13:55

Starta å gå ca halv ti og er no på rv 460 rett på grensa til Audnedal kommune. Det er sludd i lufta, men greit ver å gå i. Litt stive bein etter gårsdagen. Å gå på asfalt med sekk tar på. Det ser ut til at bloggsidene er litt ustabile, skal få undersøkt kua som er problemet

Langs landevegen

15.01.2006 22:35

Vakna opp til flott utsikt ut over havet på Norges sørlegaste punkt. Hadde satt opp teltet på ein grasflekk like ved fyrtårnet - genial teltplass i le for den lette brisen. Etter ein runde oppe i tårnet, bar det ned til fyrvokter Rolf Dybvik for å skriva seg inn i gjesteboka. Dei fleste npl-farande vore innom den hyggelege fyrvoktaren. I den flotte npl-gjesteboka har alle fått eit bilde av seg og det var stas å sjå alle som har lagt ut på turen. Fyrmesteren tok også bilder til fyrets nettsider og det skulle koma ein liten sak om turen min der. Vanlegvis koster det ein liten slant for å gå opp i fyret, besøke tusenårsstedet og sjå film, men som fyrmesteren sa det -det er sjølvsagt gratis for alle som sykler, padler eller går Norge på langs! Etter å ha sendt eit par postkort og sett ein flott video om fyret, så gjekk eg dei første skritta nordover litt før klokka halv to. Det var greit å gå langs vegen, lite trafikk. I Spangereid kjøpte eg mat og tok på meg refleksvest og blinkande lys framme og bak. Bilistane såg meg iallefall for å

Ragnar på Lindesnes

15.01.2006 17:29

Ragnar forlott i formiddag Lindesnes etter et besøk på fyret. Fyrvokteren på lindesnes skriver dette på nettsiden sin: Fyrvokteren tok også noen bilder disse har lagt ut i bildegalleriet

Thomas

Les mer her

Lindesnes - turen er i gang!

14.01.2006 23:27

No er endeleg turen igang! Like utanfor teltet står fyret på Lindesnes og stråler ut kraftige lyskjegler, ut over det brusande havet. Verkeleg eit flott skue.

No ligg eg er i teltet og slapper av. Denne turen skal bli kanllbra!.

Med kurs for Lindesnes

14.01.2006 18:23

Det siste døgnet har gått med til pakking og siste førebuingar. Ganske forsenka satte vi avgårde sørover. Første stopp var Ljosland fjellstove, der pulk og skiutstyr vart lessa av. I resepsjonen traff eg på eit hyggeleg par som også går Norge på langs! Dei hadde nettopp komt fram etter sykkeletappen frå Lindesnes og anbefala sterkt å overnatte ute ved fyret. Så nå går turen ned til fyret på Lindesnes og eg blir nok der inatt. I morgon går eg til fots og ventar å nå Ljosland igjen seint tirsdag kveld.

Sidene oppdateres

13.01.2006 15:38

Turloggen er nesten på plass. Det ligger inne ein del testinformasjon her for å teste ut systemet. Sidene blir endeleg ferdige i løpet av kvelden

I morgon er det ut på tur!

Media

13.01.2006 00:23

Idag var TV VEST på besøk. Dei laga eit innslag om turen, som skal sendast i programmet “Panorama” mandag 16.januar. Dette programmet går rett etter dei lokale nyheitene, ca kl 17.40,18.40 og 23.15 Dei som ikkje får inn TV VEST, kan sjå innslaget på nettet: aftenbladet.no/tvvest/ (Sendingane ligg på nettet 1 veke etter sendedato)

Aftenbladet hadde idag, 12.01 2006, ein artikkel med bilde om Norge på langs turen min . Grei og fin framstilling av turen. Bildet er forøvrig frå ein tidlegare tur på Svalbard. Artikkelen finn du på sida “Jæren og Dalane”.

Jærbladet var å intervjua meg på onsdag, så fredag 13.01 2006 kjem det ein artikkel der også.

Litt uvant med slikt oppstuss , men det er jo litt artig også! Eg var nok ein smule spendt då teamet frå TV Vest kom for å laga innslag, men synes det gjekk overraskande bra. Reporteren og fotografen var veldig hyggelege og hadde ein avslappa tone. Dei kunne ikkje akkurat tenke seg å ta samme turen, men spøkte med at ” Norge på langs på moped” var ein meir passeleg tur for seg sjølve.

Posting via mobil og epost

11.01.2006 14:40

Bloggen er satt opp slik at eg kan oppdatere med bilder og tekst via mobil eller epost

Artikkel i Jærbladet

11.01.2006 12:07

Idag var ein journalist frå Jærbladet innom for å skrive ein sak om turen. I fredagsutgåva av Jærbladet blir det då sansynlegvis ein artikkel med bilde.

Internettsidene oppdateres idag

11.01.2006 10:58

I løpet av dagen blir “Norge på langs”-sidene oppdatert med blogg og turlogg. Det vil også koma eit bildegalleri som etter kvart skal innehalda bilde frå turen

Bloggen er snart klar

10.01.2006 21:36

Det er idag bare tre dagar igjen til Norge på langs turen. Undervegs kjem denne bloggen til å bli oppdatert med tekst og bilde.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0835.JPG

Date: 06.02.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006