Nattefrosten som aldri kom

28.04.2006 09:03

God morgon! Frosten kom ikkje inatt, men eg la uansett avstad kl 2. Gjennomslag også på Lesjavri-innsjøen og delvis litt overvatn. Bløtt føre, men det gjekk jo. Blaute sko og sokkar så det vart kjøleg på beina. Etter fem timar i veldig roleg tempo, var eg på andre sida av innsjøen. Ved ei hytte traff eg ei gruppe finske isfiskarar. Dei pakka for avreise og skulle nett dra ned. Då dei såg den store sekken, fekk eg tilbod om å få eit sklibrett, omtrent som ein pariserpulk. Denne er lett og eg har bare sekken rett oppå. Fekk også lov til å slappe av på hytta ei stund. Her har eg laga speglegg og hatt det ilag med brød til frokost. Takk til Ole Julius Eriksen frå Karasjokk. Det skal vera spor eit stykke vidare frå nyleg reinflytting, så då er det bare å satse på at desse går i rett retning

1 kommentar til “Nattefrosten som aldri kom”

  1. Steinar

    April 28th, 2006 11:59

    Føler med deg, Ragnar! Trur det blir kaldare netter framover, vermeldinga kunne tyde på det. Godt du fekk tilbod om sklibrett til sekken- og frukost inne i hytta. Du må halda varmen i beina på ein eller annan måte, men dette veit du. Måtte solauga fylgja deg over vidda. Ikkje langt igjen no….

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0333.JPG

Date: 16.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006